Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 38 (2014–2015)

Open og opplyst— Allmennkringkasting og mediemangfald

Til innhaldsliste

18 Økonomiske og administrative konsekvensar

Innleiing

Kapittel 1 inneheld bakgrunn og samandrag. Kapittel 2 skildrar allmennkringkasting i historisk perspektiv og kva medium som har allmennkringkastingsoppdrag i dag. Kapittel 3 inneheld ein gjennomgang av sentrale endringstendensar på mediefeltet. Kapittel 4 skildrar dei rettslege rammevilkåra for allmennkringkasting. Ingen av desse kapitla inneheld forslag som har økonomiske eller administrative konsekvensar.

Forankring av NRKs allmennkringkastingsoppdrag

I kapittel 5 grunngjev departementet at NRK-plakaten blir oppheva og erstatta av ein ny og meir overordna plakat. NRKs vedtekter skal framleis innehalde eit uttømmande uttrykk for NRKs allmennkringkastingsoppdrag. Tiltaket har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

Tilsyn og eigarstyring

Kapittel 6 inneheld bl.a. ein gjennomgang av departementets oppfølging av NRKs årlege rapportar om kostnadseffektivitet. Tiltaka i kapitlet har ikkje i seg sjølve økonomiske eller administrative konsekvensar, men dette arbeidet har potensielt stor tyding for ressursbruken i NRK.

Distribusjon

Kapittel 7 inneheld ei rekkje tiltak for å syte for at NRK når breiast mogleg ut med tilbodet sitt. Framlegget om at NRKs faste radio- og TV-kanalar skal gjerast tilgjengelege for heile folket vil ikkje føre til auka kostnader for NRK fordi desse kanalane alt er tilgjengelege i dei digitale landsdekkjande bakkenetta for radio og TV. Når det gjeld presiseringa om at NRK-arkivet skal gjerast tilgjengeleg for vidarebruk så langt dette er praktisk, juridisk og presseetisk mogleg, viser departementet til at NRK kan fakturere for faktiske kostnader for utlevering av arkivinnhald til vidarebruk. Departementet viser elles til at NRK har digitalisert store delar av arkivet sitt. I skrivande stund er bortimot 100 pst. av NRKs historiske radiosendingar og rundt 75 pst. av NRKs historiske TV-sendingar digitaliserte. Departementet legg til grunn at også den resterande digitaliseringa av NRK-arkivet må dekkjast innanfor NRKs gjeldande økonomiske rammer.

Universell utforming

Kapittel 8 legg fram ei rekkje tiltak for å sikre at NRKs tilbod i størst mogleg grad er tilgjengeleg for folk med nedsett funksjonsevne. Det blir fastsett eit generelt prinsipp og ei målsetjing om at NRKs samla tilbod skal vere universelt utforma. Dette inneber ei tydeleggjering av ansvaret NRK har for å arbeide aktivt og målretta for å fremje universell utforming av sitt samla tilbod. Ettersom det dreiar seg om eit overordna prinsipp og ei målsetjing og NRK allereie har kome langt i arbeidet med universell utforming av tilbodet, vil dette truleg ikkje få større administrative eller økonomiske konsekvensar for selskapet.

Det blir vidare gjort framlegg om å utvide verkeområdet for kringkastingslova § 2-19 frå å vere ei føresegn om teksting til ei føresegn om universell utforming som også femner om audiovisuelle bestillingstenester. NRKs tilbod til funksjonshemma og tilbod om teksting er i dag meir omfattande enn det regelverket i kringkastingslova stiller krav om. NRK tilbyr allereie teiknspråk, lydtekst og synstolking. Kor omfattande krav som skal stillast, vil måtte fastsetjast i samband med ein komande revisjon av lova. Kostnadene vil difor vere bundne av kva krav som blir lagt fram når lova skal endrast.

Forslaget om plikt til at direkteteksting av program blir utvida til å gjelde heile døgnet og kravet om at program som har vore teksta på fjernsyn også skal vere tilgjengelege med teksting som audiovisuelle bestillingstenester vil truleg ikkje ha større administrative eller økonomiske følgjer for NRK.

Kravet om at NRKs distriktssendingar snarast mogleg skal gjerast tilgjengelege med teksting som audiovisuell bestillingsteneste, tyder at i alt 11 distriktssendingar må tekstast etter at direktesendingane er avvikla. Slik teksting førekjem ikkje i dag. Departementet reknar med at tekstinga kan skje sentralt. Ettersom det ikkje er lagt opp til direkteteksting av 11 parallelle program, men at teksting skjer i etterkant, vil eit slikt pålegg truleg berre føre til ein mindre auke i behovet for tekstarar. Forslaget vil dermed ha avgrensa økonomiske konsekvensar for NRK.

NRKs innhaldsforpliktingar

Kapittel 9 drøftar NRKs innhaldsforpliktingar. Departementet legg opp til at dagens innhaldsplikter for NRK i store trekk blir førte vidare. Det blir gjort framlegg om at mengda norsk musikk i radiotilbodet (P1, P2, og P3) aukar frå minst 35 pst. til minst 40 pst. Dette vil ikkje ha økonomiske eller administrative følgjer for NRK, men vil ha positive økonomiske konsekvenser for norske kunstnarar direkte gjennom vederlag og indirekte gjennom auka merksemd.

NRKs mandat – negativ avgrensing

I kapittel 10 blir det blant anna gjort framlegg om at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet. Departementet viser i samband med dette til at f. eks. NRKs regionkontor bør ta eit aktivt ansvar for å vise trafikk til lokalavisene. Dette kan auke trafikken på t.d. nettstadene til lokalavisene. I den grad dette skjer, kan det ha positive verknader for annonseinntektene til slike aktørar.

Finansiering av NRK

I kapittel 11 drøftar departementet ulike framtidige finansieringsmodellar for NRK. Departementet legg til grunn at dagens kringkastingsavgift framleis er formålstenleg, men at medieutviklinga på sikt kan gjere det naudsynt å endre finansieringsgrunnlaget. Departementet føreslår å greie ut dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ulike finansieringsmodellar for NRK og eventuelt kome tilbake til Stortinget med eit lovforslag om dette.

Ei utgreiing av konsekvensar og eit eventuelt lovforslag om overgang til ein annan finansieringsmodell vil føre til mindre økonomiske og administrative konsekvensar som vil bli dekte innanfor departementets eksisterande rammer. Utgreiinga vil gjere nærare greie for moglege økonomiske og administrative konsekvensar av ein eventuell overgang til ny finansieringsmodell.

Dei faktiske økonomiske rammene for NRK

Kapittel 12 drøftar dei faktiske økonomiske rammene til NRK og prinsipp som bør leggjast til grunn ved fastsetjing av nivået på kringkastingsavgifta. Departementet varslar at ein med jamne mellomrom vil vurdere kva ambisjonsnivå ein bør ha for allmennkringkastingstilbodet og korleis omfanget av NRKs verksemd verkar inn på kommersielle aktørar og det totale mediemangfaldet. Desse vurderingane vil ha visse kostnader som vil bli dekte innanfor departementets eksisterande rammar. Departementet varslar også at det vil stille auka krav til effektivisering av drifta i NRK. Alle tiltaka i kapitlet kan få konsekvensar for dei framtidige økonomiske ramane til NRK.

NRKs kommersielle verksemd

I kapittel 13 drøftar departementet NRKs kommersielle aktivitetar. Det blir slått fast at NRK framleis i hovudsak skal vere finansiert av kringkastingsavgifta. Løyvet til å ha reklame på nrk.no blir fjerna. NRK nyttar uansett ikkje dette løyvet, slik at tiltaket ikkje vil ha økonomiske følgjer for NRK. Departementet vil at NRK framleis skal kunne ha inntekter frå sponsorar, men det er ein føresetnad at omfanget skal vere avgrensa. Dette vil innebere at NRKs inntekter frå sponsing kan bli lågare. I 2014 hadde selskapet 42 mill. kroner i sponseinntekter. NRK skal fortsatt kunne ha andre kommersielle aktivitetar, men departementet føreset at slike skal ha tilknyting til den redaksjonelle verksemda. Dette vil blant anna innebere at NRK truleg må redusere noko på aktiviteten i eventmarknaden. I 2014 hadde selskapet 59 mill. kroner i inntekter frå slike aktivitetar.

NRKs kjøp frå eksterne produsentar

I kapittel 14 tek departementet til etterretning NRKs opplegg for å auke mengda eksterne produksjonar av det frie programbudsjettet for TV til gjennomsnittleg 35 pst. i 2016 og 2017 og føreset at opplegget blir gjennomført. Frå og med 2018 skal NRK i rullerande treårsperiodar leggje ut minst 40 pst. i gjennomsnitt av det frie programbudsjettet for TV til eksterne produksjonar. Med dagens programbudsjett svarar 40 pst. av det frie programbudsjettet til at NRK aukar eksterne kjøp med om lag 100 mill. kroner. Dette vil høgst sannsynleg ha ein positiv effekt på omsetninga til eksterne produsentar, samstundes som det kan gje grunnlag for ei viss nedbemanning i NRK. I kva grad tiltaket reduserer mannskapsbehovet i NRK avheng bl.a. av kva programkategoriar NRK vel å leggje ut til eksterne produsentar.

Beredskap

I kapittel 15 blir beredskapsansvaret til kringkastarane drøfta. Departementet føreslår her at NRKs overordna plikter om å sikre at informasjon frå regjeringa når heile befolkninga skal vere regulert i forskrift, og at dei meir detaljerte beredskapsmessige pliktene om å gje teknisk bistand til regjeringa skal vere regulerte i ei eiga avtale med departementet. NRKs beredskapsmessige plikter er svært kostnadskrevjande for selskapet, men forslaga som blir fremja i denne meldinga har ikkje i seg sjølve nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for NRK.

Kommersiell allmennkringkasting

I kapittel 16 blir føresetnadene for kommersiell allmennkringkasting drøfta. Dersom ingen ønskjer å slutte ny avtale med staten om status som formidlingspliktig kommersiell allmennkringkastar med same vilkår som dagens avtale, vil eit årleg tilskot på om lag 10 mill. kr til Norsk Filminstitutts støtteordning falle bort. Oppnemning av eit utval som skal vurdere korleis mediemangfaldet i Noreg kan haldast ved lag vil ha kostnader som vil bli dekte innanfor departementets eksisterande rammar.

Dersom reklamereglane for norske kringkastarar blir liberalisert, vil dette gje grunnlag for betre lønsnemnd for komersielle kringkastarar.

Ny NRK-plakat

Kapittel 17 inneheld ny NRK-plakat med overordna føringar for allmennkringkasting. Plakaten fører ikkje med seg større økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet