Meld. St. 38 (2014–2015)

Open og opplyst— Allmennkringkasting og mediemangfald

Til innhaldsliste

7 Distribusjon av NRKs innhald

7.1 Innleiing

Det er avgjerande for NRKs funksjon som allmennkringkastar at NRKs innhald er allment tilgjengeleg. Prinsippet om allmenn tilgjengelegheit kan sjåast i både teknisk og økonomisk perspektiv. Teknisk bør flest mogleg ha høve til å ta inn NRK-sendingar same kvar dei er. Økonomisk bør alle kunne ta i bruk NRKs tilbod, ubunde av privat økonomi.

Distribusjon av radio og TV har gjennomgått store endringar dei siste 10 åra. Endringane har totalt sett auka NRKs tilgjengelegheit. Tradisjonelt har NRK distribuert radio og TV lineært, dvs. utsendinga har vore til direkte og samtidig konsum. I dag er ikkje-lineær formidling av innhald ein etablert distribusjonsmetode. Ikkje-lineær formidling inneber at radio- og TV-program kan sjåast på det tidspunktet sjåaren sjølv vel. Dette har gjeve folk større valfridom i eige mediekonsum. Digitaliseringa av radiomediet har vidare auka mangfaldet av radiokanalar, både frå NRK og frå kommersielle aktørar. Også i tida som kjem vil teknologien utan tvil føre til større tilgjengeleggjering av NRKs innhald.

7.2 Distribusjon

7.2.1 NRK-plakaten

NRKs noverande distribusjonsplikter vart innførte med NRK-plakaten i 2007. Ifølgje NRK-plakaten skal NRK vere allment tilgjengeleg. Dette er konkretisert på følgjande vis i NRK-plakaten pkt. 2:

  1. NRKs tre hovedkanaler for hhv. radio og fjernsyn skal være tilgjengelige for hele befolkningen. NRK skal søke en bredest mulig distribusjon av sitt øvrige programtilbud.

  2. Det skal som utgangspunkt ikke kreves betaling for NRKs allmennkringkastingstilbud. NRKs tre hovedkanaler for hhv. radio og fjernsyn skal være gratis tilgjengelige for alle lisensbetalere på minst én distribusjonsplattform.

  3. Ved utformingen av NRKs tilbud må det tas hensyn til funksjonshemmede, bl.a. skal NRK ta sikte på at alle fjernsynsprogrammer blir tekstet.

  4. NRK skal være til stede på, og utvikle nye tjenester på alle viktige medieplattformer for å nå bredest mulig ut med sitt samlede programtilbud.

  5. NRK bør så langt som mulig benytte åpne standarder, så fremt ikke økonomiske eller kvalitative hensyn taler imot dette.

I tillegg til dei generelle føringane ovanfor er det gjeve meir spesifikke vedtekter om NRKs arkiv og tilgjengeleggjering av radio- og TV-innhald på Internett. Ifølgje NRK-plakaten pkt. 6 b skal NRK

Gjøre flest mulig av sine radio- og fjernsynsprogrammer tilgjengelig på Internett, både ved samtidig distribusjon og som arkivtjeneste for nedlasting og/eller individuell avspilling. NRK skal herunder minimum gjøre tilgjengelig hele sin egenproduserte sendeflate fra de siste sju dager som arkivtjeneste, forutsatt at dette ikke innebærer uforholdsmessig høye kostnader. NRK skal tilstrebe at også mest mulig av den øvrige sendeflaten fra siste sju dager gjøres tilgjengelig som arkivtjeneste.

7.2.2 TV-distribusjon

Ifølgje NRK-plakaten pkt. 2 skal NRKs tre hovudkanalar for høvesvis radio og TV vere tilgjengelege for heile befolkninga. Vidare skal dei vere gratis tilgjengelege for alle lisensbetalarar på minst ei plattform.

NRKs tre TV-kanalar1 når ut til heile befolkninga via det digitale bakkenettet2 og satellitt. Det digitale bakkenettet har 430 sendarar og dekkjer ca. 98 pst. av alle husstandar, om lag 90 pst. av alle fritidsbustader og det meste av kysten. Utanfor dekningsområdet for det digitale bakkenettet kan NRK normalt mottakast via satellitt eller via andre TV-mottak (for eksempel kabel-TV eller IPTV3). Husstandar som ikkje har dekning frå digitalt bakkenett, eller kan ta inn TV via parabol, kabel-TV eller har tilgang til andre former for TV-mottak, får dekning frå satellittskyggenettet i bakkenettet. Om lag 6000 husstandar på landsbasis ligg i satellittskyggeområde. NRKs fjernsynstilbod er tilgjengeleg ukryptert4 i det digitale bakkenettet. NRK har vidare gjort avtaler om at NRK skal liggje gratis tilgjengeleg over satellitt for alle5 husstandar i område som ikkje er dekte av bakkenettet.

NRKs tre hovudkanalar for TV er fullt tilgjengelege via NRKs nettspelar i sanntid. NRKs nettspelar inneheld i tillegg eit breitt tilbod av TV-program som audiovisuell bestillingsteneste. I tillegg tilbyr NRK ein nettspelar tilpassa born og unge i alderen 2 til 12 år (NRK Super). NRKs to nettspelarar er tilgjengelege via ei mengd plattformer, grovt oppsummert i:

  • Mobiltelefonar, via eigen applikasjon eller via nettlesar

  • Nettbrett, via eigen applikasjon eller nettlesar

  • Stasjonære datamaskiner, via nettlesar

  • Smart TV – via eigne applikasjonar

Innhaldstilbodet i NRKs nettspelarar er likt same kva plattform som blir nytta, men brukaropplevinga vil vere tilpassa plattformas eigenart (skjermstorleik, navigasjonsform osv.) Kor lenge NRKs TV-innhald er tilgjengeleg på bestilling i nettspelaren, er avhengig av om programma er innkjøpte eller eigenproduserte. Eigenproduserte program vil ifølgje NRK normalt vere tilgjengelege utan tidsavgrensing, medan innkjøpte program vanlegvis er tilgjengelege frå 7 til 30 dagar etter dei har vore kringkasta, avhengig av kva rettar NRK har fått.

7.2.3 Radiodistribusjon

NRKs tre hovudkanalar når heile landet både via FM-nettet og DAB-nettet. NRKs del av DAB-nettet (Regionblokka) er ferdig utbygd og sikrar at alle radiokanalar i NRK når heile landet med dekning tilsvarande P1 i FM-nettet6. I digitalradiomeldinga, Meld. St. 8 (2010–2011), vart det festsett kriterium for å digitalisere det riksdekkjande radionettet i 2017 eller 2019. Eit breitt stortingsfleirtal slutta seg i 2011 til kriteria og til opplegget for digitalisering av radiosektoren. Regjeringa har vedteke at kriteria for å digitalisere det riksdekkjande radionettet frå 2017 er oppfylte. Dette inneber at FM-sendingane frå dei riksdekkjande radioaktørane Radio Norge, P4 og NRK kan sløkkjast etter ein regionvis plan i 2017.

7.2.4 Status i andre land

7.2.4.1 Sverige

I Sverige spesifiserer sendeløyvet til allmennkringkastarane kva for distribusjonsformer dei tre allmennkringkastarane kan nytte:

  • Ifølgje SRs sendeløyve kan SR formidle sendingane sine ved hjelp av analoge og digitale signal. Det blir for tida arbeidd med overgang til digitalradio i Sverige. Ei særskilt utgreiing om digitalradio vart lagd fram 30. november 2014. Utgreiinga tilrår FM-sløkking i 2022 og satsing på DAB+ som framtidig hovudplattform for radio.

  • SVT skal i samsvar med sendeløyvet bruke digitalt bakkenett i formidlinga av sendingane sine. Sendingane kan også distribuerast på andre måtar, slik at det blir mogleg å ta imot dei i heile Sverige.

  • URs løyve definerer at UR kan sende både analog radio, digital TV, og at programma kan distribuerast også på andre måtar slik at det blir mogleg å ta imot dei i heile Sverige.

Det går samstundes klårt fram av dei tre allmennkringkastaranes «anslagsvillkor»7 at kringkastarane skal ta del i den teknologiske utviklinga av produksjons- og distribusjonsteknikken for radio og TV. Samtidig er det presisert at det er naudsynt å gjere kjerneverksemda tilgjengeleg på ulike plattformer for å nå alle sjåarane og lydarane. Teknikk som ikkje er utprøvd eller teknikk som ikkje alle sjåarar har tilgang til, bør SR, SVT og UR ifølgje «anslagsvillkoren» vere varsame med.

7.2.4.2 Danmark

Av DRs allmennkringkastingskontrakt går det fram at DR skal tilby allmennkringkastingsinnhald på eit teknologinøytralt grunnlag og støtte bruk av Internett. DR skal stille allmennkringkastingstilbodet sitt til rådvelde via Internett med tanke på mottak via ulike typar mottaksutstyr, for eksempel pc, flatskjermar, ulike portable og integrerte apparat. Kontrakten definerer vidare at DRs TV-kanalar skal distribuerast «free to air» via kanalane i det digitale bakkenettet. DRs kanalar kan i tillegg distribuerast via andre distribusjonsplattformer (satellitt, kabel, Internett m.m.) for å gjere dei så tilgjengelege som mogleg for den danske befolkninga. DR har tre landsdekkjande FM-kanalar, av dei blir to distribuerte på DAB. DR er vidare forplikta til å tilby ein radiokanal på AM.

7.2.4.3 Finland

I samsvar med Lov om Yleisradio Oy skal YLE distribuere radio og TV-tilbodet i offentlege kommunikasjonsnett, både nasjonalt og regionalt. Radio og TV er såleis dei primære plattformene i allmennkringkastingsoppdraget, men det blir opna for å bruke andre distribusjonsmåtar, m.a. Internett, for vidast mogleg formidling av allmennkringkastingstilbodet og tilknytte innhaldstenester.

7.2.4.4 Storbritannia

Ifølgje BBCs charter frå 2007 skal allmennkringkastingsinnhaldet sendast på TV, radio og nett, og dessutan gjennom andre tenester som aukar tilgjengelegheita av innhaldet. Det er uttrykt i BBCs formålsreglar at selskapet skal ha ei leiande rolle i overgangen til digital-TV, og syte for nye kommunikasjonsteknologiar og tenester til befolkninga. Avtala mellom kulturministeren og BBC spesifiserer nærare kva tenester BBC skal distribuere, m.a. ni nasjonale TV-kanalar, ni nasjonale radiokanalar, seks regionale radiokanalar og eit omfattande nett-tilbod med innhald som oppfyller heile rekkjevidda av BBCs formål i tillegg til ein interaktiv skuleportal.

7.2.5 Høyringa

NRKs distribusjon av TV- og radioinnhald via Internett vart ikkje teken opp som eige tema i høyringa av NRK-plakaten. Departementet bad likevel om innspel om kva slags implikasjonar den pågåande medieutviklinga kan tenkjast å ha for NRKs mandat, m.a. at folk i mindre grad er bundne av kanalanes sendeskjema og i større grad hentar enkeltprogram i NRKs nettspelar.

7.2.6 Høyringsinstansanes syn

Det synest vere ei allmenn oppfatning blant høyringsinstansane at NRK kan ta i bruk både tradisjonelle og nye distribusjonsteknikkar for å nå breiast mogleg ut med radio og fjernsynsinnhaldet. Dette synet blir halde fram av bl.a. Mediebedriftenes Landsforening, Schibsted, TV 2 og Amedia.

NRK meiner at allmenn tilgjengelegheit bør vere eit grunnleggjande prinsipp for definisjonen av NRK-oppdraget. NRKviser i samband med dette til at NRK i praksis har vore ein garantist for at store teknologiskifte har dekt heile Noregs befolkning, ikkje berre folk i område der det er lønsamt å byggje ut digitale nett. Eksempla på dette er først digitaliseringa av bakknettet for TV og no digitaliseringa av radio. NRK peikar også på at

allmenn tilgjengelighet er også en forutsetning for utførelsen av NRKs viktige beredskapsrolle. NRKs plikt til å dekke behovet for en nasjonal infrastruktur og til å være informasjonsformidler ved store nasjonale eller regionale kriser og ulykker, er av de fundamentale forpliktelser selskapet er pålagt.

Kabel Norge (inkluderer bl.a. Canal Digital og Get), Viasat og Altibox meiner at det er uheldig at NRKs audiovisuelle bestillingstilbod einast er tilgjengeleg via NRKs nettspelar. Desse aktørane meiner at NRK også må gjere tilbodet tilgjengeleg via TV-distributøranes plattformer. Kabel Norge meiner at NRK må gjevast føringar som presiserer at NRK skal gjere innhaldet sitt tilgjengeleg på alle relevante medieplattformer, mellom dei også TV-distributørane. Viasat meiner at NRK har ei for restriktiv haldning til å gje tredjepartar tilgang til NRKs ikkje-lineære innhald. Viasat viser blant anna til at NRK stiller krav om samarbeid for å fase inn ein open standard på dei norske TV-mottakarane.

7.2.7 Departementets vurdering

7.2.7.1 Dekning av NRKs radio- og fjernsynskanalar

I dag blir det stilt krav om at NRKs tre hovudkanalar for høvesvis radio og TV skal vere tilgjengelege for heile befolkninga. NRK skal dessutan søkje breiast mogleg distribusjon av det andre programtilbodet sitt. Når det gjeld NRKs lineære kringkastingstilbod for radio og TV, har heile befolkninga tilgang til NRKs tre TV-kanalar via det digitale bakkenettet eller satellitt. Når det gjeld NRKs radiotilbod, sikrar DAB-nettet at alle NRKs radiokanalar når ut til heile befolkninga.8 At NRK no når ut til heile befolkninga med radio- og TV-kanalane tilseier etter departementets syn at NRKs dekningsplikter ikkje lenger bør vere avgrensa til NRKs tre hovudkanalar for radio og TV. Departementet føreslår difor at NRK formelt blir pålagt å gjere alle radio- og TV-kanalar tilgjengelege for heile befolkninga. Ei slik endring av ordlyden i vedtektene vil ikkje innebere ei realitetsendring for NRK, ettersom desse kanalane alt er tilgjengelege i dei landsdekkjande bakkenetta for radio og TV. Departementet presiserer at endringa ikkje er meint å hindre at NRK kan tilby mellombelse eller internettbaserte radio- eller fjernsynskanalar som ikkje dekkjer heile befolkninga.

Boks 7.1 Departementets konklusjon om dekning av NRKs radio- og TV-kanalar

  • NRKs faste radio- og TV-kanalar skal vere tilgjengelege for heile befolkninga.

7.2.7.2 Betaling for NRKs allmennkringkastingstilbod

NRK er finansiert av kringkastingsavgifta. I samsvar med NRK-plakaten pkt. 2 b skal det «som utgangspunkt ikke kreves betaling for NRKs allmennkringkastingstilbud. NRKs tre hovedkanaler for hhv. radio og fjernsyn skal være gratis tilgjengelig for alle lisensbetalerne på minst én distribusjonsplattform.» NRKs fjernsynstilbod er som nemnt ovanfor tilgjengeleg ukryptert i det digitale bakkenettet. NRK har vidare gjort avtaler om at kanalane skal vere gratis tilgjengelege via satellitt for alle i område som ikkje er dekte av bakkenettet.

Når det gjeld NRK-plakatens føring om at tilbodet i hovudsak skal vere gratis, la departementet i St. meld. nr. 6 (2006–2007) til grunn at dette gjeld «individualiserte streaming- og nedlastningstjenester på Internett», og viste til at det i einskilde tilfelle vil vere bruksavhengige kostnader med slike tenester, for eksempel knytte til klarering av bruksrettar. NRK har så langt ikkje teke i bruk høvet til å ta betalt for strøymetenester. Det vil ikkje harmonere med prinsippet om at NRK skal vere allment tilgjengeleg dersom NRK skal kunne ta betalt for strøymetenester som ligg innanfor allmennkringkastingsoppdraget på Internett. Departementet meiner difor at NRK ikkje skal ta betalt for allmennkringkastingstilbodet utover kringkastingsavgifta. Sidan NRK hittil ikkje har nytta seg av høvet til å ta betalt for strøymetenester, vil dette einast vere ei kodifisering av gjeldande praksis.

Mange TV-sjåarar ser NRKs TV-kanalar via kabel-TV, satellitt eller andre distribusjonsnett der NRK ikkje er formidla ukryptert. Dei fleste dette gjeld har i praksis høve til å velje å sjå NRK ukryptert via det digitale bakkenettet. For folk i busamanslutningar vil likevel situasjonen kunne vere ein annan. I busamanslutningar vil kvar einskild ofte vere forplikta til å betale for grunnpakka til den TV-distributøren burettslaget har valt. Denne utgifta kjem i tillegg til kringkastingsavgifta. I slike situasjonar er forbrukaren i praksis tvinga til å betale to gonger for å sjå NRKs TV-tilbod. Departementet ser at dette kan opplevast som urimeleg. Mange busamanslutningar eig likevel eigne nett og vel sjølve kva TV-leverandørar dei vil ha gjennom demokratiske prosessar. Vidare er NRK fritt tilgjengeleg over Internett. Departementet legg til grunn at nettdekninga etter kvart er såpass god at dei fleste som bur i busamanslutningar kan dra nytte av NRKs nett-tilbod på ein tilfredsstillande måte. Departementet meiner likevel at det er eit viktig prinsipp at tilgang til NRKs TV-tilbod ikkje skal koste noko ekstra ut over kringkastingsavgifta, same kva slags teknisk plattform dei nyttar. Departementet vil difor vurdere om det bør setjast i verk tiltak som sikrar at NRK ikkje kostar noko ekstra ut over kringkastingsavgifta på alle TV-distribusjonsplattformer.

Boks 7.2 Departementets konklusjon om betaling for NRKs allmennkringkastingsinnhald

  • Det skal ikkje takast ekstra betaling for NRKs allmennkringkastingstilbod ut over kringkastingsavgifta.

  • Departementet vil vurdere om det skal setjast i verk tiltak som sikrar at NRK ikkje kostar noko ekstra ut over kringkastingsavgifta på alle TV-distribusjonsplattformar.

7.2.7.3 Eventuell omdisponering av 700 MHz-bandet i det digitale bakkenettet for fjernsyn

Bakkenettet er den einaste TV-distribusjonsplattforma som i dag oppfyller kravet om at NRK skal vere tilgjengeleg vederlagsfritt til alle husstandar, og blir dermed rekna som NRKs primære distribusjonsplattform for fjernsyn. Det går for tida ein internasjonal debatt om korleis delar av frekvensressursane som i dag blir nytta til digital-TV i bakkenettet, kan omdisponerast til mobil telekom.9

Ein stor del av frekvensspekteret under 1 GHz (området 470–790 MHz) blir nytta til distribusjon av digital-TV i bakkenettet (DTT). Frekvensar under 1 GHz er attraktive også til annan bruk enn fjernsyn, fordi ein kan få god dekning til låg kostnad ved å byggje ut eit mindre tal sendarar som strålar ut med høg effekt. Det er brei semje om at mobil datatrafikk vil auke monaleg i åra som kjem. Det vil føre til auka etterspurnad etter frekvenskapasitet til slik bruk. Globalt går det no føre seg fleire prosessar med sikte på å frigjere frekvensar til mobilt breiband.10 I Finland og Sverige har styremaktene alt vedteke at 700 MHz-bandet skal nyttast til breiband. I Noreg går 700 MHz-bandet i sin heilskap inn i Norges televisjons (NTV) frekvensløyve for DTT som gjeld ut 2021. Det er mest truleg at 700 MHz-bandet blir omdisponert til mobilt breiband frå 2021 når NTVs løyve går ut. Sidan 700 MHz-bandet utgjer om lag 30 pst. av frekvensbandet som er tildelt DTT, vil ei eventuell bruksendring få vidtrekkande konsekvensar for bakkenettet for fjernsyn.

Ein reduksjon av bandbreidda med ein tredjedel vil kunne gjere det vanskeleg å føre vidare eit attraktivt betalingsfjernsynstilbod på bakkenettet.11 For at bakkenettet skal kunne vidareførast som i dag, er det naudsynt med oppgraderingar av nettet. Truleg er det mest aktuelt å ta i bruk ny teknologi (DVB-T2) og ny komprimeringsstandard (HEVC/H.265) i den delen av frekvensbandet som i dag blir nytta til fjernsyn.

Alternativt kan bakkenettet for fjernsyn tilførast fleire frekvensar frå VHF-nettet.12 Dette vil kunne kompensere for at bakkenettet gjev frekvensar til mobilt breiband. Det vil likevel også innebere store investeringar i nettet og kostnader for den einskilde kunden, som må byte mottakar og truleg antenne dersom VHF-nettet blir teke i bruk.

Nkom (tidlegare Post- og teletilsynet) har med medverknad frå Norkring, NRK, NTV og RiksTV analysert konsekvensane for bakkenettet etter 2021 dersom 700 MHz-bandet blir omdisponert til mobilt breiband. Nexia har på oppdrag frå Nkom utarbeidd ein økonomisk analyse av kostnader bundne til ei slik omdisponering. Nkom reknar med at det vil ta om lag 4,5 år å omdisponere 700 MHz-bandet. Konsesjonæren i bakkenettet må difor ha ei avklaring seinast før utgangen av 2016 for å kunne gjennomføre naudsynte endringar innan 2021.

Det er uvisst om RiksTV (eller andre betal-TV-aktørar) vil finne det rekningssvarande å tilby betalingsfjernsyn i bakkenettet innanfor desse rammene. Dersom betalings-TV-tilbodet i bakkenettet fell bort, vil det innebere at NRK blir åleine i bakkenettet. Dersom NRK blir einaste leigetakar i eit (redusert) bakkenett for fjernsyn, er det sannsynleg at NRK vil måtte bere ein større del av kostnadene for drift av nettet. Dersom det ikkje er mogleg for bakkenettet å eksistere som konkurransedyktig plattform, minkar konkurransen i TV-marknaden. Det vil i praksis innebere at det på fleire stader vil bli svekt konkurranse om å tilby betalingsfjernsyn. I satellittskyggeområde vil tilbodet vere berre NRK-kanalar.

Boks 7.3 Departementets konklusjon om frekvenssituasjonen i det digitale bakkenettet for fjernsyn

  • Departementet vil samarbeide med frekvensstyremaktene med sikte på å finne løysingar som kan sikre at bakkenettet for fjernsyn også etter utgangen av noverande konsesjonsperiode i 2021 kan tilby eit breitt og attraktivt TV-tilbod, sjølv for det tilfelle at heile eller delar av 700 MHz-bandet skulle bli avsett til andre formål enn kringkasting.

7.2.7.4 Distribusjon av NRKs radio- og TV-innhald på tredjeparts plattformer

Ein sentral del av NRKs samfunnsoppdrag er å vere allment tilgjengeleg. I dette ligg bl.a. at NRK skal nå breiast mogleg ut med sitt samla programtilbod for radio og TV. Etter departementets syn bør denne delen av oppdraget vere teknologinøytralt. For ei moderne mediebedrift som NRK er det naudsynt å kunne tilpasse tilgjengeleggjeringa av innhaldet til teknologien og distribusjonsmetodane folk til kvar tid brukar eller har tilgang til.

Internettdistribusjon av NRKs radio- og TV-innhald skjer hovudsakleg på NRKs nettspelarar. Fleire TV-distributørar meiner at NRK er for restriktiv når det gjeld tilgjengeleggjering av NRKs nettspelar og NRKs program på TV-distributøranes eigne (proprietære) plattformer. Viasat meiner bl.a. det er uheldig at NRK føreset samarbeid om den opne standarden HBB-TV13 for at distributørane skal kunne ta i bruk NRKs nettspelar på sine plattformer (mottakarar).

NRK skal nå breiast mogleg ut med sitt tilbod. Dette inneber at NRK må være tilstede på dei plattformene publikum nyttar. Departementet legg derfor til grunn at NRK både tar omsyn til publikums etterspørsel, tilgang til og bruk av ulike distribusjonsplattformar, og publikums tilgang til relevant utstyr i sine vurderingar av korleis og kvar innhaldet skal distribuerast. Ut over dette meiner departementet at det ikkje er grunnlag for å leggje konkrete føringar for korleis NRKs nettspelarar og anna innhald skal distribuerast og gjerast tilgjengeleg på tredjeparts plattformer.

Det bør vere opp til NRK sjølv å avtale dette med TV-distributørar og andre aktørar i marknaden. Det same gjeld bruk av tekniske standardar som for eksempel HBB-TV. Departementet viser elles til at NRK i vedtektene sine er forplikta til å ta i bruk opne standardar så langt som råd, så sant ikkje økonomiske eller kvalitative omsyn talar imot det.

Boks 7.4 Departementets konklusjon om tilgjengeleggjering av NRKs radio og TV-innhald på tredjeparts plattformer

  • Det leggjast ikkje konkrete føringar for korleis NRKs innhald skal distribuerast og gjerast tilgjengeleg på tredjeparts plattformer.

7.3 NRKs arkiv

7.3.1 Status for digitalisering og tilgjengeleggjering av NRKs arkivmateriale

Store delar av NRKs arkiv er no digitalisert. Per april 2015 er 100 pst. av NRKs historiske radiosendingar og rundt 75 pst. av NRKs historiske TV-sendingar digitaliserte.

NRK har starta ei satsing for å gjere store delar av arkivet allment tilgjengeleg. Arkivpubliseringa er gjord mogleg gjennom ei avtale med rettigheitsorganisasjonen Norwaco som tredde i kraft 1. januar 2015. Hittil er ca. 5000 program frå arkivet publiserte. NRK har ambisjonar om å publisere 10 000 program til i 2015. NRK opplyser at program av nasjonal tyding eller som venteleg har høg kulturell verdi har vorte prioriterte først. Programma blir tilgjengelege i NRKs nettspelar, der folk kan søkje seg fram til titlar og seriar.

7.3.2 Vidarebruk av klipp frå NRK-arkiva

I det følgjande vurderer departementet i kva grad det bør opnast for vidarebruk av klipp frå NRK-arkiva. Per i dag er det ikkje gjeve bestemte føringar for vidarebruk av klipp frå NRK-arkiva korkje i NRK-plakaten eller i NRK-vedtektene. I følgje offentlegforskrifta § 1 bokstav j) gjeld ikkje offentleglova for dokument hos NRK AS som er knytte til redaksjons- og programverksemda i selskapet.

7.3.2.1 Høyringsinstansanes syn

I høyringa av NRK plakaten kommenterte fleire instansar at arkivinnhaldet til NRK i den grad det er råd bør gjerast gratis tilgjengeleg for kommersiell vidarebruk. TV 2 viser til at kostnadene for bruk av NRKs arkivmateriale er høge og at prosedyrane for utlevering er omstendelege og tungvinte. TV 2 meiner at NRKs arkiv er fellesskapets eigedom, og at tilgjengeleggjering av det bør skje i tråd med Difis prinsipp for vidarebruk av offentlege data, dvs. gratis eller til lågast mogleg kostnad. TV 2 og SBS Discovery meiner at NRKs kostnader til kommersiell vidarebruk av arkivet bør dekkjast av NRKs allmennkringkastingsinntekter. TV 2 føreslår vidare at åndsverklova § 32 blir utvida, slik at avtalelisens for klarering av tredjeparts rettar til NRKs arkivmateriale også er tilgjengeleg for andre aktørar enn NRK. TV 2 meiner at dette vil gjere det enklare for kommersielle aktørar å få klarert materiale som inneheld tredjeparts rettar.

7.3.2.2 NRKs praksis

NRK opplyser til departementet at selskapets arkivmateriale er opphavsrettsverna, og at NRK i utgangspunktet ikkje har rettar til å tilby materialet for kommersiell vidarebruk. NRK klarerer likevel rettar så langt det er mogleg mot vederlag. Vederlag for lisensiering (løyve til vidarebruk) blir ifølgje NRK fastsett på allment kommersielt grunnlag, slik at marknaden for andre innhaldsleverandørar, for eksempel nyheitsbyrå, ikkje blir forstyrra. Når det gjeld totalkostnadene med utlevering og lisensiering av arkivinnhald til kommersiell vidarebruk, viser NRK likevel til at dette i praksis skjer i samsvar med eit sjølvkostprinsipp. Ifølgje NRK er det eit nullsumspel når ein tek med kostnader selskapet har med leveransar og lisensieringar.

7.3.2.3 Departementets vurdering

NRK-arkivet er finansiert med offentlege midlar. Departementet meiner difor det skal vere høve til vidarebruk av klipp frå NRK-arkiv så langt dette er praktisk, juridisk og presseetisk mogleg. Vidarebruk av NRKs rikhaldige arkiv kan bidra til verdiskaping på fleire plan, for eksempel gjennom bruk i dokumentarfilm, nyheits- og aktualitetsmedia og tv-seriar. Sidan NRK-arkiva er finansierte med offentlege midlar, meiner departementet at NRK berre skal kunne ta betalt for dei kostnadene selskapet har med å hente ut og klargjere klipp for vidarebruk etter eit sjølvkostprinsipp. Den praktiske konsekvensen av dette for NRK vil vere avgrensa. Departementet legg til grunn at NRK bør gjere mest mogleg av arkivet tilgjengeleg for sjølvbetening.

Departementet understrekar at vidarebruk av klipp frå NRK skal skje i samsvar med opphavsrettar og presseetiske omsyn.

Vidarebruk av klipp frå NRK-arkiva føreset bl.a. at NRK har opphavsrett til det aktuelle arkivmaterialet som tillet dette. NRK har gjort avtale med Norwaco om tilgjengeliggjering av arkivprogram med eksterne rettigheitshavarar. Avtala gjev ikkje NRK rett til å overdra utnyttingsretten til tredjepart. Dette tyder at retten til vidarebruk av klipp frå NRK-arkiv må avgrensast mot produksjonar og innhald med eksterne rettigheitshavarar. Det kan også vere knytt avgrensingar i tilgangen til vidarebruk av NRKs eigne produksjonar utan eksterne rettigheitshavarar. NRKs rett til bruk av innhald ut over å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget er regulert i tariffavtala mellom NRK og dei tilsette i selskapet.14 Dei tilsette rettigheitshavarane har akseptert at NRK sjølv eller ved overdraging til andre kan bruke programinnhaldet også i kommersiell samanheng, men under visse vilkår. Vilkåra inneber bl.a. forbod mot bruk i kommersiell marknadsføringssamanheng, krav om varetaking av ideelle rettar og vedtekter om fordeling av vederlag i særskilte tilfelle. Vidarebruk av klipp frå NRK-arkiva må såleis skje i samsvar med dei rettar og vilkår som er knytte til det aktuelle innhaldet.

Når det gjeld presseetiske omsyn har NRK bl.a. gjeve uttrykk for at det er medias eiga presseetiske plikt å gjere greie for premissane for intervjuet eller deltakinga overfor alle medverkande. Når einkvan er med i NRK-program, er det ein føresetnad – anten den er eksplisitt uttrykt eller ikkje – om at produksjonen skal publiserast av NRK. Presseetikken inneheld også eit prinsipp om at media skal vere varsame med å publisere opptak i annan samanheng enn den opphavlege. Dersom NRK skulle misse høvet til å kontrollere korleis opptaka blir utnytta vidare, vil det vere risiko for auka skepsis til deltaking blant intervjuobjekt og andre medverkande, og for svekt tillit til NRK. Selskapet må difor kunne krevje opplyst og stille vilkår om i kva samanheng eit klipp eller eit utdrag skal brukast av andre aktørar, og følgje opp eventuell misbruk, slik at presseetiske omsyn blir varetekne.

Departementet vil vurdere om det skal fastsetjast meir konkrete føringar i NRK-vedtektene for vidarebruk av klipp og utdrag frå NRKs arkivmateriale.

Boks 7.5 Departementets konklusjon om vidarebruk av NRKs arkivmateriale

  • NRKs arkivmateriale skal gjerast tilgjengeleg for vidarebruk så langt det er praktisk og juridisk mogleg, og presseetisk forsvarleg.

  • Dersom NRK tek betalt for utlevering av arkivmateriale, skal dette skje til sjølvkost.

Fotnotar

1.

NRK 1, NRK 2 og NRK3/NRK Super (NRK3 og NRK Super sender på same kanal)

2.

Norges televisjon AS (NTV) har konsesjon for utbygging og drift av det digitale bakkenettet for TV og frekvensløyve for frekvensspektrumet 470–790 MHz. NTV leverer distribusjonskapasitet til kundane sine NRK og RiksTV. NTVs konsesjon fastset at NTV skal distribuere NRKs TV-kanalar og utvalde radiokanalar. Konsesjonen fastset vidare at NTVs nett skal dekkje minst 95 pst. av alle husstandar.

3.

TV-sendingar som blir overførte i breibandsnett med IP-teknikk. Infrastrukturen som blir nytta, er logisk separert frå vanleg Internett. Dermed krevst teknisk tilpassa utstyr i distribusjonsnettet og heime hjå TV-sjåarane. Blir også kalla breibands-TV.

4.

Digitale fjernsynsignal er normalt krypterte for å sikre at berre kundar som har betalt kan motta signalet, dvs at lyd, bilete og andre data er stokka om ved utsending, og at mottakaren må ha eit smartkort som inneheld verkty for å dekode (dekryptere) signalet i mottakarenden. Når eit signal blir sendt ukryptert, blir det sendt ut i ei form som ikkje krev dekoding.

5.

Dekningskravet gjeld vel å merke alle husstandar som var folkeregistrerte på tidspunktet for tildeling av NTV-konsesjonen. Dersom ein byggjer hus utanfor dekningsområdet, har NTV inga dekningsplikt.

6.

99,5 prosent.

7.

Eit brev den svenske regjeringa sender til dei tre allmennkringkastarane etter at Riksdagen har vedteke statsbudsjettet og som legg generelle føresetnader for drifta.

8.

I dag blir dei aller fleste kanalar sende i det opphavlege DAB-formatet. Det gjer at kanalane krev meir plass i sendarnetta, som igjen krev at kringkastarar gjer spesielle tilpassingar for å få plass til alle kanalar. NRK må i ein overgangsperiode låne kapasitet i den kommersielle delen av nettet for å få plass til alle kanalane sine. Kanalane som mellombels ligg i det kommersielle nettet vil ha ei rekkjevidde på 90 pst. av befolkninga. I tida etter FM-sløkkinga vil kanalane likevel ha dekning på linje med andre NRK-kanalar.

9.

Elektroniske kommunikasjonstenester som fjernsyn, radio, telefoni, breiband m.m. nyttar elektromagnetiske frekvensar i kommunikasjonen. Frekvensar er ein avgrensa ressurs. For å utnytte frekvensspekteret effektivt og unngå at tilgrensande bruk forstyrrar kvarandre, freistar styremaktene globalt å bli samde om kvar i frekvensspekteret ulike radiotenester skal plasserast.

10.

Ved den internasjonale radiokonferansen WRC-12 i 2012 vart digitalt fjernsyn i bakkenett og mobilt breiband sidestilte bruksområde i 700 MHz-bandet (694-790 MHZ). Den sidestilte bruken skal etter planen trå i kraft etter neste radiokonferanse WRC-15 i 2015.

11.

Dersom 700 MHz-bandet blir frigjort frå bakkenettet og alt elles blir uendra, vil ingen TV-kanalar lenger vere landsdekkjande. Gjennom omrokering av frekvensar mellom ulike MUX vil ein få berre 2 landsdekkjande signalpakker (dagens nett inneheld 5 signalpakker). For fleire enn 2 landsdekkjande MUX krevst replanlegging av frekvensbruken, forhandlingar om frekvensbruk med naboland og eit omfattande og kostbart gjennomføringslaup som til saman truleg vil ta rundt 5 år.

12.

Den såkalla DVB T-blokka i frekvensbandet 174–240 MHz).

13.

Hybrid Broadcast Broadband TV (HBB-TV) er ein industristandard for hybrid digital-TV for å harmonisere kringkasting, IPTV og breibandstenester levert til sluttbrukar gjennom brukarutstyr tilkopla internett, som smart-TV eller mottakarboksar.

14.

Fram til 1990-talet var verksemda til NRK stort sett avgrensa til radio- og TV-kringkasting. Til nær sagt alle radio- og TV-produksjonar knyter det seg opphavsrettar. Programma er ofte såkalla «fellesverk» i opphavsrettsleg forstand, der bl.a. programleiarar, journalistar, fotografar og redigerarar har gjeve tilskot til produksjonen. I kraft av tilsetjingsforholdet fekk NRK rett til å kringkaste radio- og TV-program som tilsette medarbeidarar hadde skapt. Dette var formålet med verksemda. Anna utnytting kravde særskilt avtale. I 1997 stifta NRK – med tilslutnad frå generalforsamlinga – dotterselskapet NRK Aktivum AS for kommersiell vidarebruk av programproduksjonen til NRK. Utover 90-talet etablerte NRK også det første internett-tilbodet sitt. Desse omstenda førte til at NRK og fagforeiningene i 1998 forhandla fram eit eige kapittel om opphavsrett i tariffavtala. Avtala galdt også for innhald skapt før 1998. Tilsvarande tariffavtaler vart gjorde i dei fleste andre mediehusa.

Til forsida