Migrasjon og integrering 2020–2021

Rapport frå Noreg til OECD

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten Migration and Integration 2020–2021 – Report for Norway to the OECD er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2020 og i nokon grad 2021, særleg med omsyn til ny politikk. Rapporten inneheld bidrag frå åtte departement: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Rapporten inneheld statistikk for inn- og utvandring, for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre og for indikatorar på integrering som i all hovudsak byggjer på data frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken. Rapporten omhandlar ulike former for migrasjon, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, bustadspørsmål, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap, offentleg ordskifte og haldningar, og politikk som gjeld migrasjon og utvikling. Også i år er det eit særskilt kapittel om Covid-19, innvandrarar og informasjon, i hovudsak bygd på statistikk og analysar frå Folkehelseinstituttet.

Rapporten for Noreg og liknande rapportar om dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon

Rapport