Naustdal kommune

Innleiing

Vi viser til brev frå Stiftelsestilsynet datert 27. mai 2013 der klage på Stiftelsestilsynet sitt vedtak av 11. april 2013 om avslag på krav om dekning av sakskostnader vart send til Justis-­ og beredskapsdepartementet. Saka er overført til Nærings- og fiskeridepartementet som rett klageinstans då vi frå 1. januar 2014 tok over ansvaret for stiftelseslova og dermed også ansvaret for klager på Stiftelsestilsynets vedtak. Vi seier oss leie for den lange sakshand­samings­tida.

Om saka

Klagaren søkte 2. november 2010 om sletting av urådigklausul på gnr. 82, bnr. 9 i Naustdal kommune. Den 7. januar 2011 avslo Stiftelsestilsynet søknaden fordi det ikkje var dokumentert at nokre av vilkåra for å slette urådigklausulen etter stiftelseslova § 46 første ledd var oppfylt.

Klagaren klaga på Stiftelsestilsynets vedtak i brev av 31. januar 2011 og kom med utfyllande grunngjeving og nye opplysningar. På denne bakgrunnen vedtok Stiftelsestilsynet den 1. september 2011 å gjere om vedtaket av 7. januar 2011 slik at søknaden vart innvilga.

Klagar søkte den 18. oktober 2011 om å få dekt sakskostnadene i samband med klagesaka. Stiftelsestilsynet avviste kravet i brev av 24. oktober 2011 fordi det var sett fram for seint. Den 14. mars 2012 vart kravet sendt til Justis- og beredskapsdepartementet, og den 13. november 2012 stadfesta Justis- og beredskapsdepartementet vedtaket til Stiftelsestilsynet.

Vedtaket til Justis- og beredskapsdepartementet vart likevel omgjort i nytt vedtak datert 17. januar 2013 etter klage der det mellom anna vart lagt fram ei fråsegn frå Sivilombodsmannen i ei liknande sak. Stiftelsestilsynet gjorde etter det 11. april 2013 nytt vedtak i saka og kom til at kravet om dekning av sakskostnader ikkje kunne føre fram. Det vart då klaga på dette vedtaket i brev av 30. april 2013. Etter å ha vurdert saka på nytt, kom Stiftelsestilsynet til at vedtaket av 11. april 2013 om avslag på krav om dekning av sakskostnader måtte oppretthaldast, og saka vart send til Justis- og beredskapsdepartementet den 27. mai 2013.

I klagen står det at Stiftelsestilsynet ikkje har oppfylt plikta si etter forvaltningslova § 17 og at Stiftelsestilsynet har tolka forvaltningslova feil. I klagen står det også mellom anna ”at stiftelsesloven § 46 ikkje gir søkjar noko[n] konkret peikepinn på kva som skal vere med i ein søknad”. Vidare går det fram ”[A]t søkjar fekk ideen om å leggje ved taksten i andre omgang direkte på bakgrunn av avslagsvedtaket og ikkje på grunn av nye omstende, talar for at Stiftelsestilsynet kunne bedt om denne type dokumentasjon allereie under handsaming av første søknad.” Stiftelsestilsynet seier på si side at dei ikkje fekk tilstrekkeleg informasjon i søknaden om omgjering, og at dei ikkje vart oppmoda til å undersøkje saka nærare før dei fatta vedtak i saka.

Gjeldande rett

Etter forvaltningslova § 36, har ein part rett til å få dekt vesentlege kostnader som har vore naudsynte for å få endra vedtaket, med mindre endringa kjem av partens eige forhold eller forhold utanfor parten eller forvaltninga sin kontroll.

Retten til dekning av sakskostnader kan etter forholda nektast i saker der endringa kjem av at det er kome fram nye faktiske opplysningar. Det kan til dømes vere at parten har gjeve første­instansen ufullstendige opplysningar. Er det klart at førsteinstansen har oppfylt krava i forvaltningslova § 17 om å hente inn opplysningar til bruk for sakshandsaminga, kan forholda ligge utanfor forvaltninga sin kontroll.

Når ein søkjer om omdanning i medhald av stiftelseslova, er utgangspunktet at parten sjølv tek initiativet. Det er mogeleg å få rettleiing av Stiftelsestilsynet per telefon og på Stiftelses­tilsynet sine heimesider. Parten må grunngje at vilkåra i lova er oppfylt. Tilsynet har likevel rettleiings- og undersøkingsplikt i medhald av forvaltningslova § 17. Kor langt plikta går, vil mellom anna vere avhengig av kor viktig saka er, hasteelementet og om parten er representert ved advokat. 

Heimelen for å slette ein tinglyst klausul om uråderett er stiftelseslova § 55. Det følgjer av denne føresegna at reglane i stiftelseslova kapitel 6 gjeld tilsvarande for formuesgode som ved gåve, testament, gåvebrev eller ein annan privatrettsleg disposisjon er overført til ei stifting som står ved lag eller eit anna rettssubjekt. Dei materielle vilkåra for å slette ein klausul om uråderett følgjer dermed av stiftelseslova § 46 første ledd.

Vilkåra for sletting («omdanning») av klausul om uråderett står i stiftelseslova § 46 første ledd. Vurderingstemaet etter lova baserer seg på ei konkret vurdering av om vilkåra i § 46 første ledd er oppfylt. Søknaden om sletting av klausulen om uråderett er grunngjeven med at dette var ei proformaregistrering og at ho derfor måtte kunne slettast.

Vurdering

I den opphavlege søknaden vart det argumentert for ein annan omdanningsgrunn enn den som vart godkjend i klageomgangen. I søknaden vart det argumentert med at forkjøpsretten og uråderetten berre var proforma for å hindre kreditorpågang. Stiftelsestilsynet konkluderte i det første vedtaket sitt med at dei ikkje kan ”se at uråderetten … fremstår som proforma”.

Først i klageomgangen vart Stiftelsestilsynet gjort merksam på at tilstanden til eigedomen gjorde han ueigna for funksjonshemma. Det var med andre ord først i klageomgangen, då det vart lagt fram nye opplysningar, mellom anna takst og fråsegn frå takstmann, at Stiftelsestilsynet vart gjort merksam på dei tilhøva som førte til at vedtaket vart omgjort.

I det andre vedtaket sitt uttalte Stiftelsestilsynet at det ikkje var naudsynt for dei å ta stilling til om uråderetten hadde bakgrunn i proformatransaksjonar. Dei la vekt på den nye dokumentasjonen og uttalte at ”Klausulen fremstår på denne bakgrunn som åpenbart unyttig eller åpenbart uheldig”.

Etter departementet sitt syn har førsteinstansen oppfylt dei krava som etter denne føresegna må stillast med omsyn til å hente inn opplysningar til bruk for sakshandsaminga. Etter vårt syn er det ikkje naturleg å be om takst i saka når ein argumenterer for at uråderetten vart hefta på ved proformatransaksjonar. Vi legg til grunn at ein advokat med oppgåve å selje ein eigedom kjenner til eigedomens tilstand. Advokaten burde ha skjønt at eigedomen var ueigna for funksjons­hemma og at dette var relevante opplysningar som han burde ha ført vidare. Vi kan ikkje sjå at Stiftelsestilsynet fekk noka oppmoding om å undersøkje om eigedomen var eigna for funksjonshemma.

Departementet har etter dette kome til at endringa av vedtaket til Stiftelsestilsynet av 7. januar 2011 ikkje gjev klagar krav på dekning av sakskostnader etter forvaltningslova § 36. 

Departementet har vurdert om kravet på sakskostnader likevel bør dekkjast ut frå ei vurdering av kva som er rimeleg. Tilleggskravet er samla på 8 750 kroner. Klagen på vedtaket til Justis- og beredskaps­departementet datert 13. november 2012 er eit brev på to sider og eit purreskriv på to linjer. Vi meiner i utgangspunktet at kravet er høgt for arbeidet med klagen.

Det er på det reine at sakshandsamingstida i departementa har vore særs lang. Dette kjem av forhold som ligg utanfor klagar sin kontroll. Vi meiner at den lange sakshandsamings­tida kan ha vore ei ulempe for klagar. Etter ei samla vurdering har vi kome til at det ligg føre rimelege grunnar som tilseier at klagar tilkjennast dekning for sakskostnadene sine, samla 8 750 kroner.

Vedtak

Dekning av sakskostnader på 8 750 kroner  inkl. mva. tilkjennast av rimelege grunnar. Justis- og beredskaps­departementet må betale 8 750 -åttetusensjuhundreogfemti- kroner i erstatning for sakskostnader for å få endra departementet sitt vedtak. Vi ber om at kontonummer vert sendt til postmottak@jd.dep.no slik at beløpet kan overførast så snart som mogleg.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd.

Vi publiserer rutinemessig alle vedtak på www.nfd.dep.no. Vi ber om at eventuelle synspunkt på dette vert sende til oss innan 14 dagar.