NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

11 Musea og miljøforvaltninga

11.1 Innleiing

Museumsarbeid har hatt ei kopling til miljøvernet like lenge som miljøvern har eksistert som samfunnsfaktor. Fagmiljø og einskildpersonar i museumsverda har vore svært viktige for utviklinga av miljøvernet her i landet. Særleg gjeld det innanfor kulturminneforvaltninga, men også i naturforvaltninga. Den kombinerte samle- og verneideologien i museumsverda har alltid hatt mykje til felles med verneideologien i miljøvernet. Dessutan har miljøvern og museum eit interessefellesskap gjennom det å forhalda seg til den materielle omverda.

Miljøvernpolitikken slik han kjem til uttrykk i 1990-åra, byggjer vidare på dei hovudlinene ein kan finna frå pionertida på 1800-talet og som går inn i vår eiga tid. Berande element i 1990-åra er vidareføring og utvikling av tilrådingane i FNs Verdskommisjon for miljø og utvikling (Brundtlandkommisjonen). I stikkordsform er prinsippa uttrykte som berekraftig utvikling/tolegrenseprinsippet, miljøvern som sektorovergripande prinsipp, sektoransvarsprinsippet, føre-vâr-prinsippet m. fl. Offentleg miljøvernforvaltning har dei seinare åra utvikla seg mot eit meir heilskapleg miljøvern som samlar alle delar av feltet, og som inneber aukande kontakt mellom etatar og nivå i forvaltningssystemet. Likeins inneber miljøvernet større kontakt med andre viktige samfunnssektorar, der ein møter spørsmål om areal, objekt og/eller ressursar som miljøverdi.

I 1972 fekk Noreg som det første landet i verda eit eige Miljøverndepartement. Etableringa var spesielt motivert utifrå eit ønskje om å samla forvaltninga av areal og ressursar. I 1970 kom det ei ny lov om naturvern, og same året var det eit europeisk naturvernår. I 1972 vart den første FN-konferansen i miljøvern avvikla i Stockholm. Desse hendingane og andre tendensar i samtida gjorde at Miljøverndepartementet vart til i ei tid som skapte voner og forventningar til miljøvernarbeid.

Fleire andre departement vart berørte av nyorganiseringa ved at institusjonar og ansvarsområde vart overførte til Miljøverndepartementet. Frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet kom Riksantikvaren og kulturminnevernet, frå Kommunal- og arbeidsdepartementet kom naturvern og friluftsliv, og frå Landbruksdepartementet kom dåverande Direktoratet for jakt, viltstell og ferksvassfiske.

Historia til det offentlege miljøvernet i eige departement er kort, men røtene går lengre attende. Som samfunnssektor er feltet prega av ei utvikling der startfasen og initiativa låg i frivillige organisasjonar. Seinare kom utvikling av lovgrunnlag og etablering av etatar. Gjennom den siste 20-års perioden har miljøvernet vore i ein konstant oppbyggings- og omorganiseringssituasjon. Arbeidsfeltet har hatt stor vekst samanlikna med startfasen. Grunnlaget for den offentlege innsatsen har blitt til i ein kontinuerleg prosess med lovgrunnlag/odelstingsproposisjonar, NOU-ar, stortingsmeldingar, handlingsplanar, internasjonale konvensjonar m.m. Hovudgrunnlaget for norsk miljøpolitikk er framleis St.meld. nr. 46 (1988-89) Miljø og utvikling, saman med Innstilling S. nr. 273.

Ansvarsområdet for den statlege miljøforvaltninga har stendig auka i omfang. I dag omfattar det m.a. institusjonane Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning (RA), Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens kartverk (SK), Statens forureiningstilsyn (SFT), og Norsk polarinstitutt (NP). I tillegg kjem miljøvernavdelingar hjå fylkesmennene.

Mellom anna for å styrkja den forvaltningsrelaterte bruksforskinga innanfor miljøvernet vart dei såkalla NI-institutta Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Norsk institutt for luftforsking (NILU) og Norsk institutt for by- og regionalplanlegging (NIBR) skipa som eigne miljøforskingsinstitutt i 1986. Dei hadde då ei forhistorie frå 1950- og -60-talet under Noregs Allmennvitskaplege Forskingsråd (NAVF) og Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Forskingsråd (NTNF).

I St.meld. nr. 49 (1986-87) Om miljøvernforskning vart det lagt til grunn eit prinsipp om å skilja forvaltning og forsking. Etableringa av dei første NI-institutta i 1986 var i tråd med dette prinsippet. I 1988 vart forskingsavdelinga i DN skild ut og slått saman med Økoforskprogrammet og oppdragsforskingsorganet Vassforsk og nyetablert som Norsk institutt for naturforsking (NINA). Siste skot på stamma er Norsk institutt for kulturminnevernforsking (NIKU) som vart etablert i 1994 ved å skilja ut frå Riksantikvaren konserverings- og restaureringsverksemda, arkeologisk kulturminnevernforsking, registrering av kulturminne og bygningsantikvarisk forsking. Samstundes vart instituttet samorganisert med NINA i ei felles forskingsstifting, NINA-NIKU. NI-institutta har etablert eit formelt samarbeid og har i varierande grad samarbeidskontakt med universitet, høgskular og delar av museumsverda.

Både kulturminneforvaltninga og naturforvaltninga baserer arbeidet sitt på eigne lover. På mange måtar er likevel den generelle plan- og bygningslova det viktigaste lovgrunnlaget for miljøvernet. I ny bygningslov frå 1965 fekk ein eit gjennombrot for miljøvernsynspunkt, i det bygningsstyresmaktene vart pålagde å verna om kultur- og naturverdiar utan omsyn til om dei var freda. Det vart også høve til å regulera område til bevaring med tilvising til historisk, arkitektonisk eller annan kulturell verdi. Desse prinsippa vart vidareutvikla i plan- og bygningslova av 1985. Der er planlegging som verkemiddel sterkt understreka. Gjennom planarbeid blir arealdisponering avgjort med bindande verknad. Utbyggingsinteresser og vern av ressursgrunnlaget blir likestilte i lova.

I eit overordna miljøvernperspektiv er og kan musea vera instrument for å nå ein del av dei miljøpolitiske måla. Når Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som dei viktigaste museumsdepartementa skal gjera greie for sektorinnsatsen på miljøområdet i Miljøverndepartementets årlege «Grønn bok», er museumsfeltet ein viktig bidragsytar. Det er i hovudsak to område innanfor miljøvernforvaltninga som har kontaktflater mot museumsverda, og det er kulturminneforvaltninga og naturforvaltninga. Museas bidrag kjem på felt som gjeld ansvar for informasjon og kunnskap som er relatert til samlingar, det gjeld grunnforsking og oppdragsforsking som kunnskapsgrunnlag for forvaltning. Eit ikkje mindre viktig bidrag er ulike former for formidling til eit breitt publikum om idear og haldningar som ligg til grunn for miljøvern som samfunnsformande faktor.

11.2 Kulturminneforvaltning

11.2.1 Aktørar, lovgrunnlag og organisering

I miljøvernet er kulturminneomgrepet i hovudsak knytt til faste kulturminne, dvs. den delen av kulturarven som fysisk er knytt til landskapet. Kulturminnelova definerer kulturminne som alle spor etter menneskeleg aktivitet i det fysiske miljøet. Inkludert i dette er lokalitetar som det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til. Med kulturmiljø blir det meint område der kulturminne er ein del av ein større heilskap eller samanheng.

Kva materielle leivningar som har blitt oppfatta som kulturminne, har variert over tid. Dels har det vore avhengig av faglege vurderingar, som på si side har avspegla generelle haldningar i tida. Dels har oppfatninga av kulturminne vore prega av politiske avgjerder og av sjølve lovgjevinga. Endeleg har det også vore avhengig av kva kulturar eller landsdelar ein arbeider innanfor. Ei grunnleggjande oppfatning i kulturminnevernet har vore at di eldre eit kulturobjekt er, di viktigare er det både som informasjonsberar og som symbol.

Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring (Fortidsminneforeningen) var den første norske organisasjonen som engasjerte seg i kulturminnevern. Han vart stifta i 1844, og frå 1860 fekk organisasjonen årleg statstilskot for å kunna gje løn til ein person som skulle arbeida med «Rigets Fortidslevninger». Fortidsminneforeningen definerte sjølv ansvarsområde og omfang for stillinga, og organisasjonens syn og metodar kom til å prega kulturminnevernet framover.

Arbeidsinnsatsen til Fortidsminneforeningen var grovt sett tredelt: arkeologiske utgravingar, bevarings- og restaureringsarbeid på einskildbygningar, i tillegg til oppmålingsdokumentasjon av bygningar, bygningsdetaljar og arkeologiske funn. Innsatsen galdt med andre ord kulturminne frå alle tidsperiodar.

I 1905 vart ansvaret for førreformatoriske kulturminne regulert i den første særlova på området, og forvaltningsmyndet vart i 1906 lagt til musea i Kristiania, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø. Dei arkeologiske samlingane vart spesialiserte, og forskarane vart også forvaltarar. Arbeidsfeltet til Fortidsminneforeningen vart avgrensa til bygningsvern.

Riksantikvaren vart skipa som statleg organ i 1912 etter initiativ og påtrykk frå Fortidsminneforeningen. Fagpersonane var også henta frå dette miljøet. Forvaltningsansvaret for bygningsarven vart då eit statleg ansvar. Den første tida var det ikkje noko formelt verkemiddel, med unntak av kyrkjelova av 1897 som inneheldt visse vernereguleringar for kyrkjer og inventar. Bygningsfredingslova av 1920 gjorde det mogeleg å verna også etterreformatoriske bygningar. Det vart kravd kvalitetsvurdering og einskildvedtak for kvart einaste objekt som skulle sikrast formelt vern. Kriteria var at husa skulle vera over 100 år gamle og ha spesiell «kunstverd eller historisk verd». I særlege tilfelle kunne ein også freda yngre bygningar eller bygningar med spesiell lokalhistorisk interesse.

Alle faste kulturminne er integrerte i eit kringliggjande landskap. Ønskjet om å sikra samanhengen mellom kulturminnet og landskapet omkring, har stått sentralt i den overordna bevaringstankegangen opp gjennom 1900-talet. Likevel har dei praktiske verkemidla og små ressursar gjort at fram til dei seinaste tiåra var dei fleste vernevedtaka punktfreding av einskildobjekt.

Lovreguleringa delte kulturminnevernet i dei to spesialretningane arkeologi og bygningsvern, knytt til førreformatoriske og etterreformatoriske kulturminne. Denne todelinga har vore karakteristisk for fagmiljø og forvaltningsinstitusjonane fram til omorganiseringa av kulturminneforvaltninga på slutten av 1980-talet. Som start på omorganiseringa vart Riksantikvaren frå 1. juli 1988 endra frå fagetat til direktorat med det overordna faglege ansvaret for alle felt innanfor kulturminneforvaltninga. Frå januar 1990 vart det delegert mynde og overført ei rekkje oppgåver etter kulturminnelova frå sentralforvaltninga til fylkeskommunane og frå september 1994 til Samisk kulturminneråd. Omorganiseringa gjorde at saksbehandling i første instans av både før- og etterreformatoriske kulturminne er samla på regionalt nivå.

Oppbygginga av fagkompetanse i fylka skjedde ved at det f.o.m. 1962 vart skipa fylkeskonservatorstillingar med to stillingar pr. år fram t.o.m. 1970. I 1981 hadde alle fylkeskommunane eigne fylkeskonservatorstillingar. Ideen om slike stillingar vart lansert allereie i 1918, då Norske Museers Landsforbund (seinare Norske Kunst- og Kulturhistoriske Museer, NKKM) vart skipa. I førstninga var fylkeskonservatorstillingane reine museumsstillingar, i den forstand at dei skulle rettleia dei mange små musea utan fast fagleg hjelp. Heilt frå starten utgjorde stillingane også viktige samarbeidspartar for Riksantikvaren og delvis også for landsdelsmusea.

Då fylkeskommunen i 1975-76 vart organisert som eiga politisk eining med tilhøyrande administrasjon, vart fylkeskonservatorstillingane i endå sterkare grad kopla inn i kulturminnevernet med meldingsteneste overfor forvaltninga. I tillegg hadde dei ei særs viktig oppgåve i å følgja opp fylkeskommunens ansvar med rettleiing og fråsegner i tilknyting til arealplanlegging. Med verknad frå 1975 fekk også fylkeskonservatorane ansvaret for gjennomføringa på kommunenivå av den omfattande SEFRAK-registreringa (Sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Noreg).

I samband med omorganiseringa av kulturminneforvaltninga i 1990 fekk kvar fylkeskommune overført statlege midlar til to stillingar, ei for før- og ei for etterreformatoriske kulturminne. Oslo skipa eiga byantikvarstilling i 1955, fordi bystyret fann det naudsynleg med eigen fagleg instans i konkrete vernespørsmål. Etter omorganiseringa fungerer byantikvaren i Oslo som regional instans på line med fylkeskommunane. Ved sida av Oslo har fem byar/kommunar skipa eigne stillingar som by-/kommuneantikvar/kulturminneforvaltar, men dei har ikkje forvaltningsansvar slik som kulturminneforvaltninga på fylkesnivå. I samband med omorganiseringsarbeid i fylkeskommunane har kulturadministrasjonen med kulturminneforvaltninga somme stader blitt integrerte i avdelingar/seksjonar som bl.a. omfattar samferdsel, utbyggings- og næringsspørsmål.

Fram til 1990-åra har Fortidsminneforeningen vore den viktigaste frittståande og landsdekkjande interesseorganisasjonen innanfor kulturminnevernet. Organisasjonen har sekretariat i Oslo med lokalforeiningar i dei fleste fylka. Fortidsminneforeningen eig fleire historiske bygningar, bl.a. nokre av stavkyrkjene. Drifta blir finansiert med offentlege tilskot, medlemsavgifter og inntekter frå dei som gjestar bygningane deira.

I dei seinare åra har Norsk Kulturarv etablert seg som organisasjon for private eigarar av freda bygningar. I tillegg til å vera interesseorganisasjon for eigarane har Norsk Kulturarv også intensjonar om å utvikla rådgjevar- og handverkartenester. Dessutan vil dei engasjera seg i den kommersielle bruken av freda bygningar og miljø i reiselivssamanheng. Førebels er organisasjonen i ein etableringsfase med Kommunaldepartementet som den viktigaste økonomiske bidragsytaren. Blant dei frivillige organisasjonane skal også nemnast Norsk forening for fartøyvern og Forbundet Kysten som begge har pådrivarroller i arbeidet med fartøyvern.

Det nyaste innslaget når det gjeld frivillige organisasjonar på kulturminneområdet, er Kulturvernets fellesorganisasjon (KORG). Den er ein paraplyorganisasjon som vart stifta i oktober 1994 og som omfattar alle typar frivillige kulturvernorganisasjonar som er knytte til kulturminnevern, arkiv, museum og lokalhistorie. Målet er å styrkja og samordna det frivillige arbeidet.

For å kunna velja kulturminne som skal vernast, krevst det kunnskap om kva som utgjer eit kulturminne, kunnskap om dei ulike kategoriane og korleis dei har utvikla seg, og korleis synet på kulturminne har endra seg over tid. Registrering av objekt har difor vore ei sentral oppgåve for mange aktørar heilt frå starten av. Blant dei første registreringane med landsdekkjande siktemål var Norsk Folkemuseums arbeid som starta i 1910 for å dokumentera byggjeskikk og tradisjonelt inventar i lokale variantar. Seinare har systematiske registreringar vore organiserte av dei arkeologiske landsdelsmusea, kunstindustrimuseum og kulturhistoriske museum i tillegg til Riksantikvaren, fylkeskommunane og Norsk kulturråd. Auka kunnskap har heile tida lagt fundamentet for vernearbeidet.

Utviklinga av registreringsverksemda illustrerer korleis kulturminnevernet har endra seg frå opphavleg konsentrasjon om einskildobjekt med høg estetisk eigenverdi til interesse for breidde og heilskap. Dermed har det også blitt eit betre grunnlag for å markera kulturminneinteressene i samfunnsplanlegginga. Dei to nyaste registreringsopplegga, ØK (Økonomisk kartverk) og SEFRAK, er begge landsdekkjande og vart sette i verk for å gje datagrunnlag for fysisk planlegging.

Ei hovudgrunngjeving for å skipa eige miljøverndepartement i 1972 var å få eit overordna organ som skulle arbeida for best mogeleg balanse mellom utnytting av ressursane for å gje auka vekst og forsvarleg vern av naturressursane. Etter at kulturminneforvaltninga hadde vore knytt til Kyrkje- og undervisningsdepartementet, vart forvaltninga overført til det nye Miljøverndepartementet. Hovudårsaka låg i erkjenninga av eit stigande behov for å sjå kulturminne som del av miljøet vårt, og at det difor var ønskjeleg å få desse sakene med i all vurdering og planlegging som gjeld arealdisponering.

Dei formelle verkemidla tidleg på 1970-talet var ikkje heilt veleigna i forhold til nye krav og eit visst utbyggingspress i etterkrigstida. Ny fornminnelov hadde kome i 1951. I 1967 vart det sett i gang revisjonsarbeid av både fornminne- og bygningsfredingslova. I påvente av ferdigbehandling vart fleire mindre revisjonar gjennomførte på 1960- og 1970-talet. Høvet til områdefreding vart utvida, tekniske kulturminne kunne fredast utan omsyn til alder, og skipsfunn kom også inn under lovverket. Resultatet vart at Miljøverndepartementet laga ei felles lov som vart vedteken i 1978. Den nye kulturminnelova har likevel preg av å vera sett saman av to separate lover.

Den største nyorienteringa skjedde i forhold til bygningsfreding og samisk kulturminneforvaltning (jf. avsnitt 11.2.3.). Verdikriteriet vart endra slik at det omfatta nye grupper av kulturminne, m. a. opna det for freding av anonyme byggverk med typologisk og miljømessig verdi. Likeins vart det høve til å freda området rundt freda einskildobjekt. I den seinaste revisjonen av lova frå 1992 blir det opna for freding av heile kulturmiljø, dvs. område der kulturminne er ein del av ein større samanheng. Det er heilskapen som er viktig, kulturminnet i seg sjølv treng ikkje vera fredingsverdig.

Særlovene på kulturminneområdet må også sjåast i forhold til den generelle bygningslovgjevinga. Då dei to kulturminnelovene vart vedtekne i 1905 og 1920, var det inga nasjonal bygningslov. Slik lov kom først i 1924, men ho omfatta ikkje landsbygda. Dei kulturminna som vart freda under den store fredingsaksjonen i 1920-åra, var i all hovudsak gardsbygningar, som oftast ein eller høgst to bygningar i kvart tun. Manglande krav til arealplanlegging gjorde at kulturminnevernstyresmaktene berre sjeldan fekk kjennskap til byggje- og inngrepsplanar som kunne verka øydeleggjande på omgjevnadene for freda objekt. Dette er med på å forklara det store innslaget av punktbevaring.

Gjennomføring av skiljet mellom forvaltning og forsking har resultert i ei vesentleg endring av Riksantikvarens organisasjon. Forskings- og konserveringsfunksjonane og utgravingspersonalet vart overførte til NIKU (jf. avsnitt 11.1.).

Som det sentrale organet for kulturminneforvaltninga har Riksantikvaren formulert følgjande hovudmål i St prp nr 1 (1995-96):

  • «Verne om kulturminner, kulturmiljøer og kulturlandskap med deres egenart og variasjon

  • Sikre, framheve og formidle kunnskap om bredest mulig utvalg av kulturminner knyttet til ulike tidsepoker, kulturer, etniske grupper, lokalsamfunn og forskjellige sosiale gruppers historie

  • Sørge for at hensynet til langsiktig disponering av kulturminneressursene legges til grunn for arealplanlegging og planer om fysiske inngrep i verneverdige kulturminner, herunder konsekvensutredninger i forbindelse med plan og bygningsloven

  • Konkretisere vernepolitikken, sørge for sikring av de nasjonale verneinteressene

  • Styrke bevisstheten om og forståelse for kulturminnevernets betydning som ledd i det sektorovergripende miljøvernarbeidet ved effektiv kunnskapsformidling, bedret kommunikasjon i forvaltningen og en synliggjøring av kulturminnevernet i samfunnet»

11.2.2 Kulturminneforvaltninga og musea

Heilt frå første stund har kulturminneforvaltninga og ein del av musea hatt eit samspel i den forstand at begge partar skal forhalda seg til noko som blir definert som kulturminne eller kulturarv. Dei arkeologiske musea har sidan 1906 hatt formelle funksjonar i forhold til automatisk freda kulturminne. Sjøfartsmusea har kome inn som partnerar når det gjeld skipsfunn og marinarkeologi. Bygnings- og friluftsmusea har i hovudsak vore medspelarar og supplement til Riksantikvaren når det gjeld bygningsvern. Endeleg har fleire museum hatt ansvar for å behandla søknader om utførsel av kulturhistorisk gjenstandsmateriale.

11.2.2.1 Automatisk freda kulturminne

Då forskriftene til fornminnelova av 1905 peika ut Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo, Stavanger Museum, Bergens Museum, Det Kgl. Norske Videnskabers Selskabs Museum i Trondheim og Tromsø Museum som forvaltningsmuseum, innebar det at desse institusjonane skulle forvalta lova og ha ansvaret for det førreformatoriske materialet. I samsvar med ein praksis som Fortidsminneforeningen i si tid innførte og som departementet følgde opp i forskriftene av 1906, har musea delt landet mellom seg i geografiske område. Difor har nemninga landsdelsmuseum blitt brukt. I 1975 vart Arkeologisk museum skilt ut frå Stavanger Museum med eit forvaltningsansvar tilsvarande det som universitetsmusea har. I praksis betyr det at musea tek avgjerder i dei sakene der ein offentleg eller privat instans har utbyggingsplanar som inneber inngrep i automatisk freda kulturminne.

Fornminnelova av 1951 fekk inn dei første reguleringane i tilknyting til skipsfunn ved ei endring i 1963. Amatørdykking etter skipsvrak auka likevel i omfang på 1960-talet, noko som først og fremst kom av betre tekniske hjelpemiddel for dykking. Dette gjorde det naudsynleg med tiltak som kunne verna denne forma for kulturminne på lik line med kulturminnefunn på land. Lova vart difor endra i 1974 slik at staten også fekk eigedomsretten til vraklasta, dersom det ikkje var mogeleg å finna eigaren. Vidare vart det kravd offentleg løyve for å kunna grava ut og undersøkja eventuelle funn. Eit tillegg i kulturminnelova frå 1978 gjev høve til freding av område rundt eit skipsfunn, både på land og i sjøen.

Funn på land frå oldtid og mellomalder sorterer under landsdelsmusea på same måten som anna arkeologisk materiale. Andre skipsfunn sorterer under sjøfartsmusea i Oslo, Stavanger og Bergen, i tillegg til Vitskapsmuseet i Trondheim og Tromsø Museum. I 1993 vart det peika ut 405 prioriterte område. Arbeidet med registrering og undersøking skal konsentrera seg om desse områda. Riksantikvaren overfører kvart år midlar til dei marinarkeologiske forvaltningsmusea og kjøper på den måten tenester der.

Landsdelsmusea og sjøfartsmusea har stått både for forvaltninga av lovverket og undersøkings-, utgravings- og forskingsprosjekt i tilknyting til frigjeving av automatisk freda kulturminne. Nye forskrifter til kulturminnelova, seinast frå 1993, har endra prosedyrane ved at kulturminneforvaltninga i fylkeskommunane er førsteleddet ved at meldingar om potensielle inngrep i kulturminne skal gå dit. I praksis betyr det behandling av arealplanar med omsyn på eventuelle konfliktar med automatisk freda kulturminne. Sjølve frigjevingsmyndet er enno hjå landsdelsmusea og sjøfartsmusea.

I fleire dokument, m.a. i Miljøverndepartementets Handlingsplan for kulturminneforvaltning, blir det argumentert for ei ordning der forvaltninga av lovverket skal overtakast heilt og fullt av Riksantikvaren for å sikra lik behandling i heile landet. Nordland og Vest-Agder har sidan 1992 hatt eit prøveprosjekt der frigjevingsmyndet er overteke av Riksantikvaren. Eit av argumenta for denne omlegginga er at det bør skiljast mellom forvaltningsutøving og forsking, slik det er på dei fleste andre samfunnsområda. Det blir sett på som uheldig at det organet/institusjonen som kan tenkjast å ha fordel av eit vedtak, også skal gjera vedtaket. Denne endringa er enno ikkje effektuert, men står omtala i St prp nr 1 (1995-96) for Miljøverndepartementet.

11.2.2.1.1 Tilrådingar

Museumsutvalet konstaterer at prinsippet om å skilja forvaltning og forsking er vedteke innanfor miljøforvaltninga. Samstundes vil Museumsutvalet sterkt understreka nokre forhold som gjeld kunnskapsproduksjon og samlingshandtering i tilknyting til materialet som blir resultat av inngrep i automatisk freda kulturminne.

Kunnskapsverdien av arkeologiske samlingar er avhengig av problemstillingar for og den metodiske gjennomføringa av sjølve utgravingane. Det er tale om ein kunnskapsgenererande prosess der utviklinga av problemstillingar, gjennomføring av graving, analysar, konklusjonar og formidling av ny, modifiserande eller stadfestande kunnskap utgjer ein heilskap. Det er ein prosess der einskildelementa er sterkt innbyrdes avhengige. Spesielt vil Museumsutvalet understreka det viktige i at landsdelsmusea og sjøfartsmusea som ansvarlege for forsking, mottak av materiale, vedlikehald og handtering av arkeologiske samlingar og dokumentasjonsmateriale bør ha hovudansvaret for alt som verkar inn på tilstand og dermed også på kunnskapspotensialet til samlingane.

Arkeologiske graveoppdrag må innordnast prinsipp og prosedyrar som landsdelsmusea og sjøfartsmusea utarbeider i samarbeid med Riksantikvaren. I dette ligg også ei fast ordning med avlevering av funn og dokumentasjonsmateriale frå gravingar til landsdelsmusea og sjøfartsmusea.

Dersom funksjonane blir delte på fleire partar, er det avgjerande å fastsetja retningsliner og prosedyrar for dei ulike aktørane, slik at ein sikrar at kunnskapspotensialet i det arkeologiske materialet som er resultatet av frigjeving av kulturminne, blir teke vare på fullt ut. Dette omsynet må vega like tungt som omsynet til rasjonell saksbehandling i eit forvaltningsperspektiv. Utan klare og eintydige prosedyrar kan ein stå i fare for å laga opphopingar av samlingar som berre tener som tom staffasje. Museumsutvalet vil vidare framheva det ansvaret det offentlege bør ha for å dra nytte av dei investeringane som utbyggjar etter kulturminnelova er pålagd for å sikra arkeologisk kjeldemateriale.

Museumsutvalet vil også peika på eit anna moment i denne samanhengen. Dei fleste utgravingane i Noreg er resultat av at ein tiltakshavar i samband med eit utbyggingsprosjekt blir pålagd å kosta ei undersøking. Slike utgravingsprosjekt er eit svært viktig grunnlag for den praktiske utdanninga av arkeologar. Det understrekar kor avgjerande det er at landsdelsmusea, sjøfartsmusea og universiteta har ein hovudfunksjon når det gjeld all handtering av arkeologiske samlingar og dokumentasjonsmateriale som er resultat av frigjeving av kulturminne. I den samanhengen vil Museumsutvalet gjera framlegg om at Riksantikvaren og Universitetsrådet set i gang ei evaluering av omlegginga av kulturminneforvaltninga med tanke på dei konsekvensar det har fått for arkeologifaget.

Når forvaltning og forsking blir skilde, vil det vera svært viktig at forvaltninga blir kontinuerleg tilført nye forskingsresultat slik at forvaltningsutøving blir basert på oppdatert kunnskap og ikkje på sanningane frå i går. Her ligg det utfordringar for både kulturminneforvaltninga og musea å finna fram til samarbeid som sikrar optimal utnytting av kunnskapsressursane.

Med det desentraliserte opplegget kulturminneforvaltninga no har fått, vil Museumsutvalet understreka kor viktig det er at landsdelsmuseas faglege støtte til fylkeskommunane blir styrkt. Det er difor naudsynleg at sentrale kulturminnestyresmakter lagar ordningar som gjer det mogeleg å kjøpa tenester hjå musea til det regionale forvaltningsarbeidet.

Ordninga med regionalt ansvar for dei fem landsdelsmusea har fungert sidan 1906. Dermed har ein sikra at musea har kunna utvikla grundig sakkunnskap innanfor geografisk avgrensa område.11 Det er viktig at denne ordninga held fram for å kunna ta vare på materialet for forsking i framtida. Det hindrar likevel ikkje at dei aktuelle musea kan utvikla spesialkompetanse som går på tema og metodar i tillegg til geografisk område. Det ville vera meir i tråd med Noregs-nett-tanken innanfor universitets- og høgskulesystemet. Over tid kan dei fem musea utvikla spesialitetar som dei står til teneste med over heile landet.

Eit argument for å skilja forsking og forvaltning på kulturminneområdet er at den som kan tenkjast å ha føremonn av eit vedtak, ikkje skal gjera vedtaket. I den samanhengen vil Museumsutvalet peika på den situasjonen som har oppstått i ein del fylkeskommunar der omorganisering har ført til at kulturminneforvaltninga er integrert i nærings-, utbyggings- eller samferdselsavdelingar. Sjansen for dobbeltrolle og bukk- og havresekk-situasjonar er så absolutt til stades når utbyggings- og verneinteresser skal vurderast, og Museumsutvalet vil rå til at Miljøverndepartementet ser nærare på dette tilhøvet.

11.2.2.2 Utførsel av kulturminne

Etter kulturminnelova § 23 er det utan skriftleg samtykke forbod mot å føra ut av landet automatisk freda kulturminne, bygningar av alle slag, sjeldne trykk, arkivsaker og gjenstandar av kunst-, kultur- og personhistorisk interesse som er eldre enn 100 år. For samiske kulturminne gjeld inga aldersgrense, heller ikkje for gjenstandar som er minne om framståande personar. Forskriftene til denne paragrafen inneheld ei detaljert liste over gjenstandar som blir omfatta av lova.

Samtykke til utførsel kan gjevast etter skriftleg søknad. Museum innanfor ulike fagområde i Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø kan gje samtykke til utførsel av gjenstandar som kjem inn under lova. For bøker og arkivsaker er dei sentrale biblioteka og Arkivverket ansvarlege institusjonar.

Det blir arbeidd med nye forskrifter til § 23. Musea er den naturlege ansvarsparten når det gjeld å avgjera i kva grad gjenstandsmateriale skal kunna førast ut av landet. Dei vil sitja med den naudsynlege detaljkunnskapen som trengst for å kunna avgjera om einskildobjekt bør bli verande i landet eller ikkje. I den samanhengen er det viktig å peika på ein del forhold som det bør gjerast noko med:

  • Det er tydeleg at lovparagrafen er lite kjend mellom dei som fører ut gjenstandar anten i privat samanheng eller som del av forretningsdrift. Betre informasjon er difor naudsynleg.

  • Oppfølginga av regelverket er førebels litt mangelfull. Det bør koma faste rutinar for kontakt med tollvesen og politi.

  • Sjølv om det truleg berre blir søkt om utførselsløyve for ein del av gjenstandane som blir førte ut av landet, er det ein sterk auke i søknadsmengda. I samband med vurderinga av dei nye forskriftene bør det vurderast å skipa ein sekretariatsfunksjon som kan samordna dei juridiske og formelle sidene ved søknadsvurderinga for å sikra lik behandling. Dei aktuelle musea kan då stå for den faglege vurderinga av sjølve gjenstandsmaterialet. Det bør også vurderast eit fast honoreringssystem for behandling av søknader.

I samband med arbeidet med ei museumslov bør det vurderast om det er føremålstenleg å overføra denne paragrafen til museumslova (jf. avsnitt 10.8.).

11.2.2.3 Bygningsvern

I hovudsak har Riksantikvaren og bygnings- og friluftsmusea hatt eit klart interessefellesskap i å skapa ei generell forståing for bygningar som vesentlege vitnemål om liv og levemåtar i eldre tider. Men som nemnt i avsnitt 4.4.3.2. har det opp gjennom åra også vore usemje mellom kulturminneforvaltninga og musea i spørsmålet om flytting av verneverdige bygningar.

I tillegg til haldningsskapande opplysningsarbeid har lovverket vore det viktigaste verkemiddelet for Riksantikvaren. Totalt er det i medhald av kulturminnelova freda ca. 2 650 profane bygningar og anlegg frå tida etter 1536.

Med sine 4 700 kulturhistoriske bygningar har musea vore supplerande aktør på feltet. Musea har brukt folkeopplysande tiltak gjennom å møta eit publikum på ulike måtar med informasjon om byggjeskikk og arbeidsliv. Musea har også fungert som eit supplement til dei freda bygningane ved at dei har teke vare på andre typar bygningar enn dei som til ei kvar tid har vore omfatta av Riksantikvarens fredingar. Musea har kunna ta fleire regionale og lokale omsyn i si utveljing av bygningar enn Riksantikvaren, som naturleg nok har eit nasjonalt perspektiv på sin fredingspolitikk. Den samla innsatsen må kunne seiast å ha gjeve brukande resultat i den forstand at medvitet om og forståinga for bygningsvern er på eit heilt anna nivå enn då Riksantikvaren vart etablert i 1912.

På nasjonalt nivå er det etablert eit samarbeid mellom Riksantikvaren og Norsk museumsutvikling (NMU) når det gjeld sikringstiltak i kulturhistoriske bygningar ved musea og spesielt verdifulle freda/verneverdige anlegg. Bruken av dei ekstraordinære statlege midlane blir vurderte i samanheng med tildeling frå stiftelsen UNI til sikringstiltak.

Når det gjeld bygningsvern, har ingen av musea formelt forvaltningsansvar etter lova. Interesse- og arbeidsfellesskap mellom kulturminneforvaltninga og museum har likevel konkretisert seg på fleire måtar:

  • I gjennomføringa av SEFRAK-registreringar sidan 1975 har fleire museum vore samarbeidspartar for kulturminneforvaltninga på fylkesplan.

  • I vekslande grad er det eit samarbeid mellom kulturminneforvaltninga på fylkesplan og einskildmuseum når det gjeld kartlegging og vurdering av potensielle verneobjekt. Med dei mange og spreidde musea har kulturminneforvaltninga eit informasjons- og kunnskapsnett som ofte kan letta arbeidet.

  • Det hender at museum på eige initiativ utarbeider fråsegner til planar i tilknyting til plan- og bygningslova. I viss grad er det personleg interesse hjå personar i musea som avgjer om musea er aktive på feltet. Det hender også at kommunar brukar museum som fråsegnspart i slike saker.

  • I somme fylke blir det rekna som sjølvsagt at musea skal utføra oppgåver i tilknyting til konkrete vernesaker. Det vanlegaste er handverkarhjelp i utbetringsprosjekt.

På somme måtar kan det seiast å vera litt påfallande at det ikkje er ei sterkare samordning og formalisering av museas og fylkeskommunanes arbeid på området, så mykje meir som ansvaret for begge felt er samla i same avdeling eller seksjon hjå fylkeskommunane. Så langt er det berre Hedmark fylkeskommune som i plansamanheng ser på museum og kulturminneforvaltning i eit samla perspektiv. Det vanlege elles er separate planar for felta.

11.2.2.3.1 Tilrådingar

Museumsutvalet meiner at det ligg til rette for ei sterkare samordning av innsatsen innanfor bygningsvern på fylkesnivå. Ei samordning på dette feltet vil gje ei betre utnytting av det kunnskaps- og rådgjevingspotensialet som ligg i musea. I den grad musea i eit fylke skal ha oppgåver innanfor den delen av bygningsvernet som ligg under kulturminneforvaltninga på fylkesplan, må det formaliserast i dei avtalene som skal lagast mellom institusjonane og fylkeskommunen (jf. avsnitt 10.9.1.). Spørsmålet om kompensasjon til musea for oppdrag for kulturminneforvaltninga må m.a. vera omfatta av desse avtalene.

På handverkarsida vil både kulturminneforvaltninga og musea samla sett stå sterkare dersom dei i fellesskap bygde opp ein del museum som kompetansesentra innanfor handverk, t.d. med eigne oppdragsstillingar knytte til musea. Innanfor bygningsvedlikehald vil ein slik modell vera god. Då kan ein også sikra seg at regionale særdrag i handverket blir førte vidare. Her sit fylkeskommunane med nøkkelen til ei fornuftig samordning.

På nasjonalt nivå bør Riksantikvaren, Norsk museumsutvikling og aktuelle statlege ansvarsmuseum laga ein handlingsplan for oppbygging av regionale kompetansesentra for bygningshandverk, knytte til museum. Tiltaket må sjåast i samanheng med ei meir systematisk oppbygging av handlingsboren kunnskap, der bygningshandverk vil utgjera eit vesentleg innslag fordi det har det største volumet (jf. avsnitt 11.4.1.1..).

11.2.2.4 Teknisk-industrielle kulturminne

Sjølv om teknisk-industrielle kulturminne er ein del av bygningsvernet, er det naturleg å handsama desse anlegga separat av to grunnar. For det første aktualiserer teknisk-industrielle kulturminne i sterk grad spørsmål som gjeld korleis slike kulturminne kan eller bør drivast i framtida. For det andre illustrerer dei eit etableringsmønster som kanskje bør endrast litt.

I 1984 skipa Norsk kulturråd eit utval for teknisk og industrielt kulturvern. I 1988 presenterte utvalet ei innstilling med framlegg om prioriteringar for å sikra eit utval kulturminne frå industrialiseringa i Noreg. Frå 1991 fekk Riksantikvaren det overordna ansvaret for vern av tekniske og industrielle kulturminne. I 1994 kom Verneplan for tekniske og industrielle kulturminner, som er retningsgjevande for Riksantikvarens arbeid på feltet.

Norsk kulturråd og Riksantikvaren har fordelt ansvaret mellom seg slik: Norsk kulturråd gjev tilskot til dokumentasjon, innsamling og tilrettelegging av kunnskap, dessutan til førebuande arbeid for museumsdrift og formidling. Riksantikvaren gjev tilskot til sikring og istandsetjing av bygningar/anlegg og produksjonsutstyr «på rot».

Verneplanen peikar ut seks anlegg som bør prioriterast: Fetsund lenser/Fetsund lensemuseum, Klevfos Cellulose & Papirfabrik/Klevfos Industrimuseum, Nes Jernverk/Næs Jernverksmuseum,A/S Sjølingsstad Uldvarefabrik/Stiftelsen Sjølingsstad Uldvarefabrik, Industristaden Tyssedal/Vestnorsk Industristadmuseum og Neptun Sildoljefabrikk/Norsk Fiskeindustrimuseum.

I perioden 1991-94 hadde Riksantikvaren gjeve tilskot/tilsegn om 18,7 mill. kroner, Norsk kulturråd 11,9 mill. kroner. Saman med sysselsetjingsmidlar og regionale/lokale tilskot er det investert ca. 52 mill. kroner i desse seks anlegga pr. 1994. Det er berekna 45 mill. kroner i tillegg før tilretteleggingsarbeida er ferdige.

Alle seks anlegga blir drivne som eigne museum eller som del av eksisterande museum. Ingen av anlegga har fått avklart korleis drifta skal sikrast i framtida når det gjeld offentleg driftstilskot. Potensialet for eigeninntening er i alle fall ikkje større enn for dei fleste andre museum. Samarbeidsgruppa for bevaring av tekniske og industrielle kulturminne har teke opp med Riksantikvaren og Norsk kulturråd behovet for å få plassert ansvaret for drifta etter at alle investeringane er ferdige. I forhold til berekna driftstilskotsbehov på ca. 11 mill. kroner pr. år, manglar det ca. 8,3 mill. kroner.

I ettertid er det lett å sjå at etableringsprosessen har hatt for dårleg avklaring av driftsforholda ved anlegga etter rehabiliteringsperioden. Både Norsk kulturråd og Riksantikvaren er dels pådrivarar og dels tilskotspartar i sakene, men dei har ikkje ansvar for drift i framtida. Ansvarleg forvaltningsnivå for driftstilskot, fylkeskommunane og/eller Kulturdepartementet, kunne med fordel ha vore kopla inn på ein meir forpliktande måte før prosessen vart sett i gang. No er alle anlegga i ein situasjon der dei må gå med tiggarstav for å sikra at den store offentlege investeringsinnsatsen kan få eit framhald som står i rimeleg forhold til investeringane.

11.2.2.4.1 Tilrådingar

Når det gjeld dei seks aktuelle anlegga, meiner Museumsutvalet at det bør skjerast gjennom og sikrast forsvarleg drift i framtida gjennom offentlege tilskot. Det er to modellar for slikt driftstilskot. Den eine gjer anlegga/musea til eit statleg ansvar som institusjonar i eit konsern med Norsk Teknisk Museum som det faglege og administrative ansvarsmuseet. Det gjev god statleg samordning og styring av drifta. Ulempen med ei slik ordning er at det lokale/regionale engasjementet lett kan bli avgrensa til innsats for å løysa ut statsmidlar til anlegga. Den lokale/regionale forankringa kan difor litt etter litt forsvinna.

Museumsutvalet vil i staden tilrå ein annan modell, der det regionale og lokale engasjementet etter kvart blir kopla opp mot regionalt, økonomisk ansvar. Det kan løysast ved at staten ved Kulturdepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og energidepartementet og Fiskeridepartement med verknad frå budsjettåret 1997 overfører auka driftsmidlar til dei aktuelle fylka for å sikra drifta. Ein samla aksjon frå desse departementa vil markera det sektoransvaret som departementa har og bør ha på museumsfeltet. Dei øyremerkte, statlege midlane blir avgrensa til fire år etter ein fordelingsmodell der staten står for 60% av utgiftene og det regionale nivået ber 40%. Etter fire år går det statlege tilskotet inn i dei generelle rammeoverføringane til fylkeskommunane.

Norsk Teknisk Museum bør fungera som eit fagleg ansvarsmuseum for dei aktuelle institusjonane, men utan administrativt konsernansvar.

Når det gjeld nye anlegg som skal sikrast i framtida, vil Museumsutvalet gjera framlegg om at ein bør vurdera å bruka eit nordisk perspektiv. Teknisk-industrielle kulturminne er eit felt der dei kulturgeografiske skilnadene ikkje kan samanliknast med det ein kan finna t.d. når det gjeld trebygningar. Med tanke på dei store økonomiske utteljingane som må til, både når det gjeld istandsetjing og drift, kan det vera rett å få til eit nordisk utval som samla sett dekkjer den kulturhistoriske variasjonen ein vil visa.

For alle nye anlegg vil Museumsutvalet gjera framlegg om at eit bindande opplegg for driftsfinansieringa skal vera på plass før arbeidet med istandsetjing blir sett i gang. I praksis vil det seia same vurderingsprosedyre som for investeringstilskot til nye institusjonar (jf. avsnitt 10.5.3.).

11.2.2.5 Fartøyvern og kystkultur

Fartøyvernet er ikkje inkludert i kulturminnelovgjevinga. Tiltaka er i hovudsak tilskot til istandsetjing av fartøy. I 1978 la Norsk kulturråd fram ei innstilling om bevaring og bruk av gamle fartøy og la dermed grunnlaget for eit offentleg engasjement i fartøyvernarbeidet. Miljøverndepartementet og seinare Riksantikvaren fekk overført ansvaret for fartøyvernarbeidet. I hovudsak har innsatsen konsentrert seg om tiltak for dei 21 fartøya som med utgangspunkt i Kulturrådets innstilling utgjer den såkalla nasjonale grunnstamma. Også andre fartøy har fått tilskot, slik at pr. 1995 har 144 fartøy fått vernestatus.

Dei tre største verna fartøya i landet, dei tidlegare skuleskipa «Statsraad Lehmkuhl, »Sørlandet« og »Christian Radich«, sorterer direkte under Kulturdepartementet og er ikkje omfatta av det vernearbeidet som Riksantikvaren no har ansvar for. Med verknad frå 1996 blir Kulturdepartementets budsjettansvar for desse skipa forvalta av NMU.

Fartøy med vernestatus betyr at dei er tilkjende status som »verneverdig skip« anten av Riksantikvaren eller Sjøfartsdirektoratet, eventuelt av Fiskeridirektoratet gjennom avtale om unntak frå kondemnering. Fartøya er underlagde bevaringsforskrifter og er sikra istandsetjing/vedlikehald etter antikvariske prinsipp med tinglyst verne- og vedlikehaldsavtale.

Fartøy med vernestatus omfattar følgjande kategoriar: fiske- og fangstfartøy (63), fraktfartøy (25), fritidsbåtar (9), passasjerfartøy (23) og spesialfartøy (24).

Eigarskap og drift av dei aktuelle fartøya utgjer eit blanda landskap. Av dei 144 fartøya med vernestatus er 45% eigde av lag (organisasjon, stifting, foreining), 38% var i museumseige, medan 16% var i privat eige. Godt over halvparten av fiske- og fangstfartøya (65%) er i museumseige. Dei mest kostnadskrevjande objekta når det gjeld både istandsetjing og drift, er i hovudsak drivne av foreiningar og stiftingar.

Felles for alt fartøyvern er at det er ressurskrevjande både når det gjeld økonomi og personalkompetanse. Ikkje minst har utøvande handverkskunnskap vist seg å vera mangelvare. Eit anna trekk er at frivillig innsats utgjer ein betydeleg del av driftsgrunnlaget. Norsk forening for fartøyvern organiserer dei mange frivillige organisasjonane på feltet.

I Femårs handlingsplan for fartøyvernet (1996-2000) frå Riksantikvaren er hovudkonklusjonane følgjande:

  • Målsetjinga om å bevara eit «utvalg fartøyer som er representative for Norge som sjøfartsnasjon - både i utenriks-, kyst- og innlandsfart» er ikkje nådd. Geografisk spreiing av fartøya er til dels lite representativ, og det er vesentlege manglar i den kulturhistoriske dokumentasjonen.

  • Realisering av målsetjinga vil krevja at ein må supplera flåten av verna fartøy og at ein må auka kvaliteten på det faglege/praktiske vernearbeidet i åra som kjem.

  • Det vil krevja auka økonomiske rammer dersom arbeidet skal koma vidare.

  • Det vil vera viktig å halda ved like og helst auka den frivillige innsatsen på feltet.

  • Det blir gjort framlegg om å byggja vidare på innsatsen og kompetansen i tre fartøyvernsenter: Veteranskipsverftet Bredalsholmen for arbeid på stålskip, Hardanger fartøyvernsenter og Gratangen båtsamling for trefartøy.

  • Arbeid på prioriterte bevaringsprosjekt skal i hovudsak «styrast» til dei tre fartøyvernsentra for på den måten å gje dei eit driftsgrunnlag. Samstundes vil ein sikra at dei held ved like og kan styrkja kompetansen.

  • Lokale og private slippar vil framleis spela ei stor rolle.

I tillegg til dei fartøya som blir omfatta av Riksantikvarens tiltak, har Marinemuseet i Horten ansvar for fleire tidlegare marinefartøy, delvis i samarbeid med Forbundet Kysten.

Det offentlege fartøyvernet omfattar ikkje opne, tradisjonelle båttypar. Der er musea dei viktigaste aktørane, men dei arbeider ikkje etter nokon samla plan eller strategi. NMU, Riksantikvaren, Norsk kulturråd og Handverksregisteret har sett i gang eit prosjekt der ein med båtar som utgangspunkt har som mål å laga ein verneplan for kystkultur. Det er ein freistnad på å skapa ei heilskapleg tilnærming til eit felt der driftskunnskap er like viktig som dei konkrete objekta (jf. Godal 1994). Kystkultur er elles nemnt som eit satsingsområde når det gjeld museumsarbeid i St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden.

I 1995 la Riksantikvaren i samarbeid med Kystdirektoratet fram ein verneplan for fyrstasjonar. Førebels er åtte fyrstasjonar freda. Målet er 89 freda anlegg innan år 2000. Det er ikkje avgjort korleis desse anlegga skal drivast, men museumsdrift vil vera aktuelt for ein del av anlegga.

11.2.2.5.1 Tilrådingar

Som for dei teknisk-industrielle kulturminna er den offentlege innsatsen i fartøyvernet først og fremst retta mot istandsetjing, medan driftsdelen har eit klart dårlegare fundament. Økonomiske driftskonsekvensar ved vern av fartøy varierer sterkt. Storleiken på fartøya spelar inn, det same gjeld i kva grad fartøya skal drivast som fullverdige båtar eller ikkje. Dei største prosjekta er svært kostnadskrevjande når det gjeld drift og kan tevla med teknisk-industrielle kulturminne i så måte.

Når det gjeld kompetanse på vedlikehaldssida, bør det vurderast eit nærare samarbeid mellom det som kjem inn under Riksantikvarens ansvarsområde, og den militære delen av fartøyvernet.

Museumsutvalet vil gjera framlegg om at ein i arbeidet med fartøyvern i større grad enn i dag ser på realismen i driftsopplegga før vernestatus blir avgjord. Dei einingane som siktar seg inn på museumsdrift, bør gå gjennom dei same evalueringsprosedyrane som andre nye museum (jf. avsnitt 10.5.3. og 10.9.1).

11.2.3 Samisk kulturminneforvaltning

Samiske kulturminne fekk eit særskilt vern i kulturminnelova av 1978, der samiske kulturminne eldre enn 100 år automatisk er freda. I tidsrommet 1988-94 var det skiftande ordningar når det galdt ansvar for samisk kulturminneforvaltning. Men med verknad frå 1. september 1994 vart Samisk kulturminneråd etablert og overtok ansvaret for samisk kulturminneforvaltning. Dette var i samsvar med St.meld. nr. 52 (1992-93) Om norsk samepolitikk og med vedtak i Sametinget. Sametinget har politisk styring og arbeidsgjevaransvar for Samisk kulturminneråd, medan Riksantikvaren har det overordna fag- og forvaltningsansvaret.

Samisk kulturminneråd er eit politisk organ med fem medlemer oppnemnde av Sametinget. Rådet har ansvar for forvaltning av samiske kulturminne i alle kommunar som høyrer til det tradisjonelle samiske bruks- og busetnadsmønsteret, dvs. heile Nord-Noreg, Trøndelag og delar av Hedmark.

Hovudadministrasjonen er f.o.m. 1995 lokalisert i Nesseby kommune, Finnmark. I tillegg er det tre regionkontor som skal dekkja ulike geografiske område. Regionkontoret for Finnmark er samlokalisert med hovudadministrasjonen i Nesseby. Regionkontoret for Troms/nordre Nordland er ved Tromsø Museum, medan regionkontoret ved Saemien Sijte/De sørsamiske samlinger i Snåsa har ansvar for sørsamisk område.

Samisk kulturminneforvaltning representerer ein heilskapleg tilnærmingsmåte til kulturminnevern i den forstand at det er meir tale om vern av ein heil kultur med språk, livsformer og levemåtar, enn om einskildobjekt eller utvalde kulturlandskap og -miljø. Det gjer det i endå sterkare grad naturleg med samordning mellom forvaltning og museumsarbeid. Det ligg det klart til rette for i dag. Hovudadministrasjon og regionkontor for Finnmark er samlokalisert med Varanger samiske museum. Samlokalisering med museum er det også i Tromsø og på Snåsa.

Dei siste nordiske og nordisk-russiske nasjonalstatsgrensene i samisk busetnadsområde er frå 1700- og 1800-talet. No er nasjonalstatsgrenser svært ofte kunstige i forhold til kulturgrenser. Men på det samiske området var følgjene større enn det som er vanleg mange andre stader. Grensene braut tvers over dei gamle samiske områda og næringssystema med sesongvise flyttingar. Med det heilskapssynet samisk kulturminneforvaltning byggjer på, er det naturleg at ein søkjer over landegrenser i fleire samanhengar. Det vil difor vera viktig dei næraste åra å leggja til rette for nært samarbeid mellom dei samiske gruppene på tvers av nasjonalstatsgrenser.

11.3 Naturforvaltning

11.3.1 Aktørar, lovgrunnlag og organisering

Freding av einskildelement i naturen har ein kunna finna lenge før nokon formulerte grunnlaget for det klassiske naturvernet (naturfreding). Freding av arter mot jakt og regulering av fangst finn ein langt tilbake i tida, t.d. i kongelege forordningar på 1600- og 1700-talet. I 1842 fekk ein lov om freding av egg- og dunvær, og jaktlova frå 1899 freda m.a. bever og songsvane.

Idegrunnlaget for det moderne naturfredingsarbeidet finn ein både i opplysningstida og i naturromantikken på 1700- og 1800-talet. Koplingar til arbeid med å legitimera nasjonalstatar og å skapa nasjonal identitet vil ein også finna. Naturfredingstanken vart tidleg formulert og følgt opp med handling i USA. Geografen George Perkins Marsh (1801-82) publiserte i 1864 boka Man and Nature, som på fleire måtar var eit pionerarbeid med problematisering av den påverknad menneskeleg aktivitet har på naturomgjevnadene. USA fekk den første eigenlege nasjonalparken i 1872 med Yellowstone nasjonalpark.

Det første naturfredingstiltaket i Noreg var sikring av bøkeskogen i Larvik i 1884. I 1905 sette Kyrkjedepartementet i verk freding av «de sjeldne Plantearter ved Fjeldstuerne paa Dovrefjeld». Same året innførte Landbruksdepartementet ei administrativ freding av eit 40 dekar stort urskogsområde i Korgen statsskog, Nordland.

Den første lova om naturfreding vart utarbeidd av Kyrkjedepartementet og kom i 1910, fem år etter at den første kulturminnelova var eit faktum. Det var ei rein fredingslov i den forstand at ho gav høve til å freda naturførekomstar «hvis bevarelse vil være av vitenskapelig eller historisk betydning». Eit offentleg, administrativt organ, slik som kulturminneområdet fekk med Riksantikvaren i 1912, vart aktualisert langt seinare. Noko av årsaka låg truleg i at naturen generelt sett ikkje vart sett på som truga på same måten som kulturminne. Som interesseorganisasjon vart Norges naturfredningsforening etablert i 1914.

Etter andre verdskrigen vart følgjene av inngrep i naturmiljøet tekne meir på alvor, og Noreg fekk ei ny lov om naturvern i 1954. Der vart det gjeve utvida høve til områdefreding med utgangspunkt i eigenart og estetisk eigenverdi. Den største gevinsten var skipinga av Statens naturvernråd (SNR) i 1955, det første offentlege organet innanfor naturvern.

I 1957 kom friluftslova som stadfesta den gamle allemannsretten med høve til fri ferdsel i utmark. Lova resulterte i etableringa av Statens friluftsråd (SFR), ein parallell til SNR.

Arbeidet med naturvern og friluftsliv var forankra i Kyrkje- og undervisningsdepartementet heilt til 1965. Då vart det skipa Avdeling for naturvern og friluftsliv i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Bakgrunnen for dette låg m.a. i den klare koplinga til arealplanlegging. Same året vart det under Landbruksdepartementet etablert eit Direktorat for jakt, viltstell og ferskvassfiske (DVF), dvs. ein annan del av naturforvaltninga enn friluftsliv.

Som nemnt ovanfor vart all offentleg aktivitet på naturområdet overført til Miljøverndepartementet i 1972. I 1985 vart DVF inkorporert i eit nytt direktorat, Direktoratet for naturforvaltning (DN). Arbeidsoppgåvene gjeld områdevern, artsforvaltning, naturinngreps- og plansaker, friluftsliv, i tillegg til samfunnsinformasjon om ansvarsområda og internasjonal kontakt.

Gjeldande hovudmål for DN er formulerte slik i St prp nr 1 (1995-96) for Miljøverndepartementet:

  • «sikre variasjonsbredden og produksjonsevnen i norsk natur og norsk landskaps egenart

  • sørge for at hensynet til langsiktig disponering av naturressursene legges til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planer om naturinngrep

  • fremme mulighetene for å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og høsting

  • framskaffe og formidle ny kunnskap som grunnlag for en aktiv og forebyggende naturforvaltning»

11.3.2 Naturforvaltninga og musea

Dei naturhistoriske musea har normalt ikkje hatt direkte forvaltningsansvar innanfor naturforvaltning slik som landsdelsmusea har hatt det på kulturminnesida sidan lovgrunnlaget vart etablert i 1905. Det finst likevel nokre døme på at museum har hatt forvaltarrolle på 1970- og 1980-talet. Vitskapsmuseet var tidlegare med i forvaltninga av Austråttlunden landskapsvernområde og Sølendet naturreservat. Skiljet mellom forsking og forvaltning har ført til at Vitskapsmuseet ikkje har dette ansvaret lenger.

Som universitetsmuseum har dei naturhistoriske musea primært hatt funksjon som kunnskapsleverandørar til både styresmakter og interesseorganisasjonar innanfor natur- og miljøvern. I grenseområdet mellom grunnforsking og bruksforsking utfører naturhistoriske museum oppdrag både for DN og dei ulike forskingsstiftingane som NINA, NILU og NIVA. I 1993 og 1994 kan ein sjå i årsrapportane frå dei aktuelle universitetsmusea at fleire prosjekt er initierte av desse forskingsinstitutta. Vitskapsmuseet har langt den største delen av slik oppdragsforsking.

11.3.2.1 Tilrådingar

En god del av prosjekta i NI-institutta skaper materiale og samlingar som stundom kjem inn i museumssamlingar, og som stundom ikkje gjer det, sjølv om det burde vera der. Det same gjeld også museumsrelevant materiale frå registreringsprosjekt ved miljøvernavdelingane til fylkesmennene og frå ulike prosjekt i regi av Oljedirektoratet. Det eksisterer ikkje faste rutinar eller avtaler for korleis slike prosjektsamlingar skal handterast. Dette fører stundom til at grunnlagsmaterialet blir øydelagt, og ein sit att med data utan referansemateriale. Her burde det vera mogeleg å få til betre ordningar som koplar prosjekt som skaper museumsrelevant materiale, med ein mottakande museumsinstitusjon i ein tidleg fase av prosjektet. På den måten kan ein sikra at dokumentasjonsarbeidet blir gjort på ein måte som kan gje nytte i ettertid i museumssamanheng. Museumsutvalet tilrår at universitetsmusea i samarbeid med DN, Oljedirektoratet og aktuelle NI-institutt lagar opplegg og prosedyrar som sikrar ei betre utnytting av samlingar og datagrunnlag frå registrerings- og forskingsprosjekt.

På eitt felt ligg det klart til rette for auka innsats frå dei naturhistoriske musea overfor både miljøvernstyresmakter og Noregs forskingsråd (NFR). I oppfølginga av FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro 1992 er biologisk mangfald det viktigaste området. Dette er m.a. omtala i St.meld. nr. 13 (1992-1993) Om FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro. Eit viktig grunnlag for det konkrete vernearbeidet retta mot biologisk mangfald er at ein kan identifisera artar, økosystem og biologiske prosessar. NAVFs nasjonale komite for miljøvernforsking konkluderte i si innstilling frå september 1992 med at dokumentasjon av biologisk mangfald burde vera eitt av tre satsingsområde i åra framover. Det same er framheva i NFRs Nasjonal handlingsplan for biologisk mangfold (1994).

Frå fleire hald blir det peika på at kompetanse innanfor taksonomi er for dårleg utbygd for å kunna gjera den store innsatsen som biodiversitetssatsinga eigenleg legg opp til. I den samanhengen meiner Museumsutvalet at systematisk-taksonomisk kompetanse i dei naturhistoriske musea bør styrkjast, eventuelt med eit eige rekrutteringsprogram som sikrar at ein som nasjon utviklar meir omfattande systematisk-taksonomisk kunnskap og får fleire forskingsmedarbeidarar. Universiteta og NFR bør i fellesskap finna fram til kva tiltak som skal til for å betra situasjonen. Det er viktig å sjå landet under eitt, slik at ein samla sett har den naudsynlege kompetansen på alle felt. I den samanhengen bør universitetsmusea vurdera om dei i sterkare grad skal utvikla ulik spesialkompetanse.

11.4 Felles arena: kunnskapsoppbygging og formidling

Ovanfor har ein konsentrert seg om dei meir formelle kontaktpunkta mellom miljøforvaltninga og musea. Innebygt i det føregåande går det igjen moment som til saman formar kanskje den viktigaste fellesarenaen for miljøforvaltninga og musea. Det gjeld kompetanseoppbygging som relaterer seg til kunnskap som både musea og forvaltninga treng for å utføra oppgåvene sine. I tillegg gjeld det den ikkje mindre viktige formidlingsinnsatsen til samfunnet.

Det organisatoriske skiljet miljøforvaltninga har gjort mellom forvaltning og forsking, har m. a. ført til at den forskinga som ein tidlegare kunne finna t.d. hjå Riksantikvaren, no blir utført i NIKU eller av andre instansar. NI-institutta har ein klar profil mot oppdrags- og bruksforsking, der behov og ønskjemål frå forvaltninga i stor grad styrer dei einskilde prosjekta. Det betyr at grunnforsking eller den reint kunnskapsorienterte forskinga, som ikkje har direkte relevans for forvaltningsutøvinga, vil måtta utførast av andre aktørar.

Generelt sett må det vera ei oppgåve for miljøforvaltninga og musea sjølve å avgjera kvar kunnskapsbehovet er størst og korleis dei kvar for seg eller i fellesskap ordnar seg for å sikra ei kontinuerleg kunnskapsutvikling. På den andre sida meiner Museumsutvalet det kan vera grunn for å peika på det ønskjelege i at museum og forvaltning meir systematisk og målretta gjer felles innsats for å styrkja kunnskapsgrunnlaget. Eit nærliggjande døme er bygningsvernet, der det burde vera naturleg at opplysningar om dei kulturhistoriske bygningane i museumseige vart samordna med Riksantikvarens register over freda bygningar, slik at ein kunne få eit samla oversyn over den bygningsmassen som utgjer ein vesentleg del av kjeldematerialet for bygningshistorisk forsking (jf. avsnitt 7.2.5.1.). Det er også eit behov for meir samordna forskingsinnsats på det empirisk-typologiske området, rett og slett for å ha ein betre reiskap for å forstå bygningar som objekt utifrå ulike perspektiv.

På eitt felt vil Museumsutvalet understreka behovet for ein samordna innsats. Det er eit område der ein så vidt har starta med meir målretta arbeid. Feltet heng delvis saman med behov innanfor praktisk bygnings- og fartøyvern, men det er også ein konsekvens av den framveksande interessa for landskapsvern. I alle tilfella trengst det handlingsboren kunnskap for å utføra det praktiske arbeidet.

11.4.1 Handlingsboren kunnskap

Miljøvernarbeid, anten det er lovregulert freding av einskildbygningar og kulturmiljø, eller det gjeld innsamling og bevaring av bygningar og gjenstandar i museum, er retta mot konkrete produkt/einingar. Det kan vera eit landskap som ber i seg vitnemål om menneskeleg aktivitet, det kan vera ein bygning eller ein bruksgjenstand. Kunnskapen som ein gong låg bak produksjonen av objekta, arbeidsprosessar som ein gong var avgjerande for bruken av ein gjenstand eller drifta i tilknyting til landskapet, har det vore lagt lite vekt på. Det gjeld både innanfor kulturminneforvaltninga og i museumsarbeidet. Innsats og perspektiv har vore konsentrert om sluttprodukta av arbeidsprosessar og driftsformer. Det gjer at ein i forvaltninga og på musea har kunnskap omkring det konkrete resultatet av handlingar. I svært liten grad har ein systematisk kunnskap i utøving av handlingar som fører fram til eit produkt. Heiderlege unntak med tidleg bruk av film for å dokumentera arbeidsprosessar, t.d. ved Norsk Folkemuseum, endrar ikkje hovudinntrykket.

Det er ikkje vanskeleg å forstå grunnen til dette. Handlingsboren kunnskap er ikkje konkret. Han eksisterer eigenleg berre når han blir aktualisert i skapings- og produksjonssituasjonar. Forsøk på å verbalisera handlingar, å forklara med ord korleis ein utfører arbeidsoperasjonar, vil alltid vera substitutt. Rett nok vil det ha informasjonsverdi, men det vil aldri kunne vera likeverdig med sjølve handlingane. Det same gjeld også bruk av film og video, sjølv om det prosessuelle kjem betre fram der. Den einaste effektive måten å halda ved like handlingsboren kunnskap på, er å gjera det mogeleg for personar å læra seg både den teoretiske og den praktiske kunnskapen. Vidare må desse personane få høve til å praktisera og læra opp nye personar.

11.4.1.1 Handverk

I NOU 1986: 15 Dokumentasjon, vern, vidareføring og atterreising av gamle handverk blir det peika på behovet for å halda ved like handverkskunnskap. I mykje av det praktiske verne- og vedlikehaldsarbeidet, både i kulturminneforvaltninga og i musea, representerer mangelen på praktisk handverks- og vedlikehaldskunnskap eit stort problem. Det gjeld særleg bygnings- og fartøyvern. Nokre tiltak som førebels har blitt utvikla kvar for seg, kan danna utgangspunkt for ein meir systematisk og samordna innsats på området.

I tilknyting til dei omfattande restaureringsarbeida på Nidaros domkyrkje og Erkebispegården er det etablert eit steinrestaureringsmiljø, Nidaros Domkyrkjes restaureringsarbeid (NDR), og det bør kunne utviklast til eit fagmiljø for heile landet.

Riksantikvaren har sidan 1991 gjennomført eit kombinert opplærings- og vedlikehaldsprosjekt på mellomalderbygningar der utvikling av handverkskunnskap har vore sentral. Utgangspunktet var behovet for vedlikehaldsarbeid basert på antikvariske prinsipp. Planen er å ha gjennomført arbeid på ca. 270 mellomalderbygningar når prosjektet blir avslutta i 1997. Ei tverrfagleg prosjektgruppe hjå Riksantikvaren har koordineringsfunksjonen. Gjennom kurs og ikkje minst gjennom praktisk arbeid på konkrete bygningar har ein freista å revitalisera og rekonstruera kunnskap som trengst om produksjon av materialar med rett kvalitet, bruk og vedlikehald av reiskap, laging av ny reiskap, i tillegg til bygningshandverket. Det er bygt opp «materialbankar» som kan brukast i seinare prosjekt. I alt 130 handverkarar har fått opplæring og praktisk erfaring. Ei kjernegruppe på 40 handverkarar fungerer som instruktørar og utprøvarar av material, teknikkar og verktøy.

Eit viktig element i prosjektet er å skapa kunnskap som får konsekvens for haldningane til vedlikehaldsarbeid på antikvariske, verdifulle bygningar. Det same gjeld evna til å lesa spor etter produksjons- og arbeidsteknikkar i originale bygnings- og materialdelar. Prosjektet har også hatt nært samarbeid med representantar for skogbruk og ikkje minst med smedar som produserer bygningsreiskap.

Som ei oppfølging av NOU 1986: 15 Dokumentasjon, vern, vidareføring og atterreising av gamle handverk vart Handverksregisteret på Maihaugen etablert i 1987 med oppgåve å skapa eit edb-basert register over personar og bedrifter som har kunnskap og praktisk kompetanse innanfor tradisjonelle handverksfag og arbeidsteknikkar. Sidan 1989 har Handverksregisteret i tillegg drive eit omfattande dokumentasjons- og opplæringsarbeid med ekstramidlar frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF). Det er gjennomført eit 40-tal prosjekt etter ein modell der ein i tillegg til eit tradisjonelt dokumentasjonsmateriale (foto, video, intervju), sikrar at ein eller fleire personar lærer det konkrete handverket i prosjektperioden. Dei aktuelle personane vidarefører handverket/arbeidsteknikken som leveveg, og/eller dei er kompetansepersonar for vidare opplæring.

Med verknad frå 1995 har Handverksregisteret fått midlar frå KUF til handverksstipendiatar. I første omgang er det midlar til tre stipendiatar, ein i tømrarfaget, ein i målarfaget og ein i muringsarbeid. Dei skal spesialisera og fordjupa seg på fagfelta sine. Stipendperioden inneheld både teoretisk skulering og praktisk prosjektarbeid. Første prøveperioden har gått over eitt år. Med verknad frå 1996 skal stipendperioden vera tre år for kvar utøvar.

11.4.1.1.1 Tilråding

Med tilvising til dei prosjekta Riksantikvaren og Handverksregisteret har i gang, vil Museumsutvalet tilrå at Norsk museumsutvikling, Riksantikvaren, Handverksregisteret og aktuelle ansvarsmuseum i fellesskap set i gang ein prosess der utvikling av handlingsboren kunnskap får eit samordna opplegg for kulturminneforvaltninga og musea. Det er ofte tale om kunnskapar som det er bruk for i ein nasjonal samanheng. Bygningshandverk vil vera sentralt (jf. avsnitt 11.2.2.3.), men ein vil også peika på behovet for kunnskapsutvikling på ein del andre handverksfelt, m.a. dei faga som gjeld fartøyvern (jf. avsnitt 11.2.2.5.). Stipendordninga som Handverksregisteret administrerer, kan vera eit godt instrument for utvikling av spesialkompetanse. Utvikling av eit nettverk av personar og institusjonar som samla dekkjer dei viktigaste kunnskapsområda, vil vera ein av fleire mogelege vegar å gå. På dette feltet bør det også vera mogeleg å ha eit nordisk perspektiv på arbeidet vidare.

Eit viktig kontaktpunkt i utviklingsarbeidet vil Tromsø Museum og Universitetet i Tromsø kunna vera. Der har ein vist interesse for ei meir teoretisk tilnærming til feltet i form av forskingsprosjekt som prøver å fanga det spesifikke ved læring og vidareføring av prosessuell kunnskap. Universitetet har m.a. tilsett ein båtbyggjar som skal arbeida med slike spørsmål.

11.4.1.2 Landskapsskjøtsel

I samband med revisjonen av kulturminnelova vart det peika på behovet for å bevara eller freda eit representativt utval av større fysiske samanhengar og heilskaplege miljø som kulturlandskap og kulturmiljø (jf. St.meld. nr. 39 (1986-87) Bygnings- og fornminnevernet og Ot.prp. nr. 51 (1991-92) Om endringer i kulturminneloven). Vidare har det blitt understreka kor viktig det er å sikra variasjonsrikdomen og det kulturhistoriske og økologiske perspektivet i jordbrukets kulturlandskap (jf. St.meld. nr. 45 (1988-89) Miljø og utvikling og St.meld. nr. 8 (1992-93) Landbruk i utvikling). Kulturmiljø og landskap er område som viser korleis menneske har utnytta naturressursar og tilpassa verksemda si til landskapet.

I prosjektet Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap er det gjort ei kartlegging og registrering av kulturlandskap i 18 av dei 19 fylka i landet. Det er prioritert 264 landskap. Av desse er 104 område sette på ei nasjonal liste som representerer eit utval av verdifulle landskap. Det er sett i gang utarbeiding av forvaltningsplanar i fem modellområde. Dette arbeidet skal gjerast ferdig i 1996 og vil danna mønster for forvaltningsplanar for andre verna landskap. I Nord-Trøndelag har det i perioden 1992-95 vore eit forsøksprosjekt med ein fylkesvis verneplan for kulturmiljø.

Både naturvernlova og kulturminnelova inneheld heimel for å freda større landskap. Ein har lang røynsle med å freda etter naturvernlova, medan arbeidet med dei første kulturmiljøfredingane etter kulturminnelova etter planen skal avsluttast i 1996.

I Noregs forskingsråds program for kulturminnevern Kulturminner og miljø (KOM) (1995-99) spelar landskapsrelaterte prosjekt stor rolle i den første fasen. Slik sett kan ein seia at ein er på god veg til å etablera ei meir teoretisk plattform og forståingsramme for landskapsvern. Ei kombinert teoretisk og praktisk tilnærming til delar av arbeidet finn ein i ei handbok i skjøtsel av kulturmark, eit prosjekt som blir gjennomført i samarbeid mellom Norsk museumsutvikling, Direktoratet for naturforvaltning og Landbruksdepartementet, og som skal vera ferdig i 1996.

Skal landskapsområda kunna drivast på ein måte som gjev det resultatet som freding og bevaring siktar mot, krevst det både praktisk kunnskap og personar som kan gå inn i slike arbeidsoppgåver. I mange tilfelle kan ein nok rekna med at eigarane av slike område gjer arbeidet. Men det kan også tenkjast ei ordning der museum går inn med råd og rettleiing i tillegg til praktisk arbeid. På den måten kan også museum vera med på å revitalisera og setja den praktiske kunnskapen i system.

Ein del bygnings- og friluftsmuseum er i gang med arbeid på feltet. Arbeidet rettar seg mot landskap som er i museumseige, og har ofte eit formidlande siktemål i å visa korleis driftsformer kunne vera på den tida det budde og arbeidde folk i dei bygningane som er på musea. Dei aktuelle musea har dessutan ofte kjeldemateriale som intervju, foto, stundom også gamle filmar som kan vera til hjelp i revitalisering av gamle driftsformer. Tabell 11.1 gjev eit oversyn over kor mange institusjonar som hadde sett i gang med arbeidsaktivitetar i 1993. I dei fleste tilfella er det nok mindre forsøk, berre nokre få institusjonar har særleg volum på aktiviteten. Men det ligg ein kime i dette som kan utviklast til aktiv deltaking i landskapsvernarbeid.

Fleire av musea med gamle husdyrrasar er med i eit nasjonalt samarbeid om genbevaring av husdyr. Norsk Landbruksmuseum spelar ei sentral rolle på feltet.

Tabell  Tabell 11.1 Institusjonar med arbeidsaktivitetar 1993

Gamle vekstarGamle husdyrrasarTradisjonelle driftsformer
Kult.hist. museum (= 345)361152
Nat.hist. museum (= 20)102
Kult.hist./nat.hist. museum (= 78)11111

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

11.4.1.2.1 Tilråding

Museumsutvalet oppmodar miljøforvaltninga til å vurdera ei nettverksorganisering av forvaltning, landbruksstyresmakter og museum for å få ei rasjonell ordning for det praktiske arbeidet som skal utførast i dei landskapa som skal bevarast eller fredast. Eit viktig punkt er å fastsetja kva kunnskap som trengst for å kunna halda i hevd og driva ulike landskapstypar. Dette arbeidet bør gå parallelt med sjølve fredingsarbeidet, slik at ein har eit apparat og aktørar som kan gjennomføra dei praktiske arbeidsoppgåvene når eit fredingsvedtak er eit faktum. Arbeidet med landskapsskjøtsel har klare kontaktpunkt med eit av satsingsområda som Museumsutvalet gjer framlegg om, nemleg tiltaksplanen for spreiing av naturhistorisk museumstilbod. Landskapskjøtsel kan vera eitt av fleire felt der ein på ein konkret og illustrerande måte kan formidla kunnskap om samspelet mellom menneske og natur (jf. avsnitt 6.12.1.).

Tabell  Tabell 11.2 Informasjon om kulturminneforvaltning 1993

TotaltMiljøv.dept.Riks- antikvarenFylkeskom./Samisk kult.m.forvKommunarFriv. org.
Kult.hist. mus. (=190)652334492623
Nat.hist. mus.(=20)1510101555
Kult.hist./nat.hist. museum (= 42)482938332914

Institusjonar med meir enn eitt årsverk.

Alle tal i prosent

(Tabellane skal lesast slik: 65% av dei kulturhistoriske musea får informasjon om kulturminneforvaltning. 23% får frå Miljøverndepartementet , 34% frå Riksantikvaren osv.)

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

11.4.2 Informasjon og formidling

11.4.2.1 Generell informasjon

Miljøforvaltninga har ei klar målsetjing om å informera om grunnlaget for og innhaldet i den miljøvernpolitikken som til ei kvar tid blir ført.

For å få greie på korleis informasjon frå forvaltninga når ut til musea, vart det i museumsstatistikken for 1993 spurt om musea årleg fekk informasjon frå kulturminneforvaltninga. 215 (45%) svarte positivt på spørsmålet. Oversynet i tabell 11.2 gjeld institusjonar med meir enn eitt årsverk og viser at fleirtalet av dei kulturhistoriske musea får slik informasjon, medan snautt halvparten av institusjonane i gruppa for kulturhistoriske og naturhistoriske museum får informasjon.

På same måten som for kulturminneforvaltninga vart det i statistikken for 1993 spurt om musea fekk årleg informasjon om naturforvaltning. 137 (29%) svarte positivt på spørsmålet. Også oversynet i tabell 11.3 er avgrensa til institusjonar med meir enn eitt årsverk. Det viser at fleirtalet av dei naturhistoriske musea får slik informasjon. Det er også ei stor gruppe av dei andre musea som får slik informasjon.

Tabell  Tabell 11.3 Informasjon om naturforvaltning 1993

TotaltMiljøv.dept.Direkt. f. nat.forv.Fylkesm. miljøv.avdKommunarFriv. org.
Kult.hist. mus. (= 190)371711192311
Nat.hist. mus.(= 20)605025503015
Kult.hist./nat.hist. museum (= 42)382114192412

Institusjonar med meir enn eitt årsverk.

Alle tal i prosent

(Tabellane skal lesast slik: 37% av dei kulturhistoriske musea får informasjon om naturforvaltning. 17% får frå Miljøverndepartementet , 11% frå Direktoratet for naturforvaltning osv.)

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

11.4.2.1.1 Tilråding

Med tanke på at det finst mange felles interessepunkt, meiner Museumsutvalet det bør vera rom for ei styrking av informasjonen frå forvaltninga til musea. Ovanfor (tabell 8.1, avsnitt 8.2.) vart det konstatert at både kommunar og frivillige organisasjonar bruker musea som rådgjevingsinstansar i spørsmål som ofte vedkjem miljøforvaltninga. Det er i og for seg naturleg, sidan det ofte vil vera enklare å kontakta museum enn å gå til representantar for forvaltninga. Museumsutvalet meiner det burde liggja til rette for ein meir systematisk bruk av museum som informasjonsaktør for forvaltninga. Utsending av informasjonsmateriell er berre ein bit i eit slikt opplegg. Like viktig kunne bli opplæring av museumspersonale med tanke på å vera bodberarar om miljøforvaltning.

I forlenginga av ein meir målretta bruk av museum som informasjonsaktørar for miljøforvaltninga, kan ein også tenkja seg at forvaltninga i større grad enn i dag spelar på det forholdet at musea når mange personar kvart år gjennom sin ordinære formidlingsaktivitet. Miljøforvaltninga kan også her leggja opp til formidlingstiltak som utnyttar den naturlege møtestadfunksjonen som musea har. På dette feltet er det heller ikkje naudsynleg med store omfattande tiltak, det er meir tale om å samordna tiltak og å aktivisera det møtestadnettverket som ligg der.

11.4.2.2 Informasjonssentra for natur og kultur

På eitt felt har miljøforvaltninga arbeidd meir konkret med spesielle formidlingstiltak. Arbeidet med dei såkalla naturinformasjonssentra vart aktualisert tidleg i 1980-åra. Utgangspunktet var eit behov for å informera eit breiare publikum om bakgrunn for og årsaker til konkrete vedtak i tilknyting til ulike verneområde (jf. DN-notat nr. 6 1989 Naturinformasjonssentra. Retningslinjer og strategi). Miljøverndepartementet oppnemnde eit koordineringsutval som skulle vurdera initiativ og søknader om å etablera naturinformasjonssentra. Frå 1988 og til det vart avvikla i 1995, var sekretariats- og leiingsfunksjonen i Direktoratet for naturforvaltning. I dag er arbeidet ein del av det vanlege saksbehandlingsfeltet.

Målet med sentra er å driva kunnskaps- og haldningsformidling om økologisk basert natur- og ressursforvaltning. Informasjonsgrunnlaget er det lokale verneområdet for kvart senter, samstundes som det blir trekt liner som viser samanhengane i naturen. Informasjonssentra skal spela ei viktig rolle i samband med oppsyn og forvaltning av dei aktuelle verneområda. Som grunnlag for informasjonssentra ligg også eit ønskje om å informera om den offentlege miljøvernpolitikken med tanke på å skapa forståing for dei tiltaka som styresmaktene til ei kvar tid finn naudsynlege. I tillegg er det eit sentralt tema å informera om samanhengen mellom menneskeleg aktivitet og landskapet. Slik sett kjem også kulturhistoria inn som eit vesentleg innslag, og gjer m. a. at dei aktuelle sentra no blir kalla informasjonssentra for natur og kultur.

Etablering av naturinformasjonssentra er omtala i DN-rapport 1991-3 Friluftsliv mot år 2000. Forslag til handlingsplan, der det er eit mål at minst 18 naturinformasjonssentra skal vera etablerte innan år 2000. Frå statlege miljøvernstyresmakter er det i perioden 1984-94 ytt i overkant av 20 mill. kroner til slike tiltak. DN har registrert i alt 110 prosjekt og/eller idear, og mange av dei er reine næringslivsprosjekt. Innhaldet i sentra er i hovudsak basert på utstillingar, delvis også aktivitetar som kurs, seminar, film, undervisningsopplegg for skular, dessutan turar i aktuelle verneområde.

Nokre av sentra, i alt ni, er drivne som museum eller er integrerte i eksisterande museum. Det gjeld Fetsund lenser (Fet), Norsk Skogbruksmuseum (Elverum), Norsk Fjellmuseum (Lom), Rørosmuseet (Røros), Drammens museum (Drammen), Norsk Bremuseum (Balestrand), Stiklestad museum (Verdal), Alta Museum (Alta) og Stabbursnes naturhus og museum (Porsanger). Samordning med museum er meir resultat av initiativ frå etablerarmiljøa enn av sentrale planar.

Ein viktig føresetnad for engasjementet frå miljøvernstyresmaktene har heile tida vore at dei skal hjelpa til med etablering, men ikkje ha ansvar for drift. I prinsippnotatet frå 1989 vart det peika på at drift av slike sentra ville bli for kostnadskrevjande for det offentlege. Tilrådinga var difor at dei skulle etablerast som frittståande stiftingar med mange interessentar på etablerarsida. Fleire av sentra har basert delar av drifta på eigeninntening, m. a. gjennom billettinntekter. Med få unntak har dei fleste hatt for sterke forventingar om eigeninnteningskapasiteten. Både i ein tiårsrapport (1994) og i ein evalueringsrapport for utvalde sentra (1995) blir det peika på at det svake økonomiske driftsgrunnlaget må betrast dersom sentra skal kunna utvikla seg i samsvar med intensjonane. I rapportane blir det også understreka at samarbeid sentra imellom bør styrkjast, samstundes som samarbeid med museum bør vurderast nærare.

11.4.2.2.1 Tilrådingar

På same måten som dei teknisk-industrielle kulturminna må informasjonssentra for natur og kultur få ei avklaring på driftssituasjonen. Sidan miljøvernstyresmaktene har den største interessa av at tenestene til dei aktuelle sentra når flest mogeleg, vil Museumsutvalet hevda at dei same styresmaktene bør ha ei meir aktiv og klarare definert rolle når det gjeld drifta av institusjonane. Slike signal har det kome i tilknyting til dei 13 sentra som no er prioriterte, nemleg nasjonalparksentra (jf. St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge). For dei andre aktuelle sentra bør det lagast ein plan som viser kva institusjonar miljøvernstyresmaktene vil satsa på.

Når det gjeld eventuelle nye sentra vil Museumsutvalet understreka at det i forprosjektfasen må gjerast analysar av føremonner og ulemper med samordning, eventuelt samlokalisering med eksisterande museum. Samordning og samarbeid er sjølvsagt ikkje noko mål i seg sjølv. Men med dei små institusjonseiningane det er tale om, både på museumssida og når det gjeld informasjonssentra, vil det vera store sjansar for at samordning gjennom alliansar eller partnerskap vil kunne gje positive effektar for alle partar. På same måten som for nye museum bør det setjast klare krav til at driftssituasjonen har eit realistisk fundament med forpliktande fråsegner frå bidragspartar før prosjekta blir sette i gang.

På eitt felt står informasjonssentra for natur og kultur fram med eit klart potensiale. I St. meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det peika på den dårlege spreiinga av naturhistorisk museumstilbod. I avsnitt 6.12.1. gjer Museumsutvalet framlegg om ein tiltaksplan som skal betra spreiing av naturhistorisk museumstilbod. I ein slik tiltaksplan vil både kulturhistoriske museum og informasjonssentra kunna spela ei stor rolle.

11.5 Oppsummering

Når det gjeld automatisk freda kulturminne, blir det understreka det viktige i at landsdelsmusea og sjøfartsmusea som ansvarlege for forsking, mottak av materiale, vedlikehald og handtering av arkeologiske funn og dokumentasjonsmateriale, bør ha hovudansvaret for alt som verkar inn på tilstand og dermed også på kunnskapspotensialet til samlingane. Arkeologiske graveoppdrag må innordnast prinsipp og prosedyrar som landsdelsmusea og sjøfartsmusea utarbeider i samarbeid med Riksantikvaren. I dette ligg også ei fast ordning med avlevering av funn og dokumentasjonsmateriale frå gravingar til landsdelsmusea og sjøfartsmusea.

I samband med vurderinga av nye forskrifter for § 23 i lov om kulturminne ( forbod mot utførsel av kulturminne) bør det vurderast å skipa ein sekretariatsfunksjon som kan samordna dei juridiske og formelle sidene ved søknadsvurderinga for å sikra lik behandling. Dei aktuelle musea kan då stå for den faglege vurderinga av sjølve gjenstandsmaterialet. Det bør også vurderast eit fast honoreringssystem for behandling av søknader. I tilknyting til arbeidet med ei museumslov bør det vurderast om det kan vera føremålstenleg å overføra denne paragrafen til denne lova.

Når det gjeld bygningsvernet, meiner Museumsutvalet at det ligg til rette for ei sterkare samordning av innsatsen innanfor bygningsvern på fylkesnivå. I den grad musea i eit fylke skal ha oppgåver innanfor den delen av bygningsvernet som ligg under kulturminneforvaltninga på fylkesplan, må det formaliserast i dei avtalene som skal lagast mellom institusjonane og fylkeskommunen.

Det er peika ut seks prioriterte teknisk-industrielle kulturminne. Førebels er desse anlegga ikkje sikra skikkeleg driftsfinansiering. Museumsutvalet tilrår at staten ved Kulturdepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og energidepartementet og Fiskeridepartement med verknad frå budsjettåret 1997 overfører auka driftsmidlar til dei aktuelle fylka for å sikra drifta. Dei øyremerkte, statlege midlane blir avgrensa til fire år etter ein fordelingsmodell der staten står for 60% av utgiftene og det regionale nivået ber 40%. Etter fire år går det statlege tilskotet inn i dei generelle rammeoverføringane til fylkeskommunane. For alle nye anlegg vil Museumsutvalet gjera framlegg om at eit bindande opplegg for driftsfinansieringa skal vera på plass før istandsetjingsarbeidet blir sett i gang. I praksis vil det seia same vurderingsprosedyre som for investeringstilskot til nye institusjonar.

Museumsutvalet vil gjera framlegg om at fartøyvern i større grad enn i dag ser på realismen i driftsopplegga før vernestatus blir avgjord.

Fleire av forskingsinstitutta i tilknyting til naturforvaltninga, dei såkalla NI-institutta, skaper materiale og samlingar som stundom kjem inn i museumssamlingar, og som stundom ikkje gjer det, men burde vera der. Museumsutvalet tilrår at universitetsmusea i samarbeid med DN, Oljedirektoratet og aktuelle NI-institutt lagar ei avleveringsordning med prosedyrar som sikrar ei betre utnytting av museumsrelevante samlingar og datagrunnlag frå registrerings- og forskingsprosjekt.

I oppfølginga av FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro 1992 er biologisk mangfald eit viktig område. For å kunne gjera den store innsatsen som biodiversitetssatsinga legg opp til, meiner Museumsutvalet at systematisk-taksonomisk kompetanse ved dei naturhistoriske musea bør styrkjast, eventuelt med eit eige rekrutteringsprogram som sikrar at ein som nasjon får utvikla meir omfattande systematisk-taksonomisk kunnskap og fleire forskingsmedarbeidarar. Universitetsmusea og Noregs forskingsråd bør i fellesskap finna fram til kva tiltak som skal til for å betra situasjonen.

For å stetta felles behov som kulturminneforvaltning og museum har når det gjeld handlingsboren kunnskap, vil Museumsutvalet tilrå at Norsk museumsutvikling, Riksantikvaren, Handverksregisteret og aktuelle ansvarsmuseum i fellesskap set i gang ein prosess der utvikling av handlingsboren kunnskap får eit samordna opplegg for kulturminneforvaltninga og musea. Det er ofte tale om kunnskapar som det er bruk for i ein nasjonal samanheng. Bygningshandverk vil vera sentralt i denne samanhengen, men ein vil også peika på behovet for kunnskapsutvikling på ein del andre handverksfelt, m. a. fag som er naudsynlege i fartøyvernet. Eit liknande behov for handlingsboren kunnskap finn ein også innanfor arbeidet med landskapsvern og -skjøtsel. Det blir gjort framlegg om at miljøforvaltninga vurderer ei nettverksorganisering av forvaltning, landbruksstyresmakter og museum for å få ei rasjonell ordning for det praktiske arbeidet som skal utførast i dei landskapa som skal bevarast eller fredast.

Med tanke på at det finst mange felles interessepunkt mellom miljøforvaltning og museum, meiner Museumsutvalet at det bør vera rom for ei styrking av informasjonen frå miljøforvaltninga til musea. Mange av musea blir allereie nytta som rådgjevingsinstansar i spørsmål som har med kulturminne- og naturforvaltning å gjera. Det burde liggja til rette for ein meir samordna bruk av museum som informasjonsaktør for forvaltninga. Miljøforvaltninga kan også meir systematisk leggja opp til formidlingstiltak som utnyttar den naturlege møtestadfunksjonen som musea har.

På same måten som for dei teknisk-industrielle kulturminna må informasjonssentra for natur og kultur få ei avklaring på driftssituasjonen. Sidan miljøvernstyresmaktene har den største interessa av at tenestene til dei aktuelle sentra når flest mogeleg, vil Museumsutvalet hevda at dei same styresmaktene bør ha ei meir aktiv og klarare definert rolle når det gjeld drifta av institusjonane. Slike signal har det kome i tilknyting til dei 13 sentra som no er prioriterte, nemleg nasjonalparksentra. For dei andre aktuelle sentra bør det lagast ein plan som viser kva institusjonar miljøvernstyresmaktene vil satsa på.

Når det gjeld eventuelle nye sentra, vil Museumsutvalet understreka at det i forprosjektfasen må gjerast analysar av føremonner og ulemper med samordning, eventuelt samlokalisering med eksisterande museum. På same måten som for nye museum bør det setjast klare krav til at driftssituasjonen har eit realistisk fundament med forpliktande fråsegner frå bidragspartar før prosjekta blir sette i gang.

Fotnoter

1.

Det er eit unntak for osteologisk materiale. Anatomisk institutt, Universitetet i Oslo har nasjonalt samlingsansvar for humanosteologisk materiale, medan Bergen Museum har tilsvarande funksjon for animalosteologisk materiale. Dette vart bestemt på 1920-talet, utan at det er bindande avtale for avlevering av slikt materiale til dei to mottakarinstitusjonane. Vitskapsmuseet i Trondheim har t.d. ikkje deponert det store skjelettmaterialet frå mellomaldergravingane i Trondheim.

Til forsiden