NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

13 Norske museum i internasjonalt perspektiv

13.1 Innleiing

Eit gjennomgåande trekk for det norske museumslandskapet er det store mangfaldet og dei mange små einingane med lokalhistorisk tilknyting. Dette er ikkje eineståande for Noreg. Mangfald og små einingar finn ein også i mange andre land i den vestlege verda. Det er mogeleg at framveksten av lokale museum tidleg på 1900-talet er karakteristisk for Norden. I Tyskland og Storbritannia blir den store veksten av desse musea framstilt som ein «boom» som starta på 1960- og 1970-talet (Korff og Roth 1990, Walsh 1992). Men som det er gjort greie for i kapittel 6, har det også i Noreg kome til mange nye museum sidan 1970.

Organisering og strukturering av dette museumsmangfaldet varierer frå land til land. Graden av offentleg engasjement og tilrettelegging er i siste instans ein funksjon av den generelle kulturpolitikken som blir ført i det einskilde landet. Som eit samanlikningsgrunnlag for tilhøva i Noreg skal det gjevast eit kort oversyn over korleis andre land ordnar rammevilkår for sine museum. Direkte samanlikning når det gjeld ressurstilhøve, er vanskeleg fordi statistisk underlagsmateriale frå ulike land er ueinsarta. Samanlikninga må difor avgrensa seg til organisering, struktur og hovudprinsipp.

I eit slikt oversyn er det naturleg å ta med tilhøva i dei nordiske landa. I tillegg blir det gjort greie for nokre trekk i Canada, Nederland og Storbritannia. Medlemer av Museumsutvalet gjorde studieturar dit i samband med utgreiingsarbeidet, fordi sider ved museumssektoren i desse landa på fleire måtar er relevante i norsk og nordisk perspektiv.

13.2 Museum i andre land

13.2.1 Sverige

Den svenske museumsstrukturen er noko meir hierarkisk og sentralisert enn det ein kan finna i Noreg. Det blir rekna at ca. 45% av museumspersonalet er knytt til museum i Stockholm. Nokre av musea er store arbeidsplassar, slik som Naturhistoriska riksmuseet (308 årsverk i 1993), Nordiska museet (245 årsverk i 1993) og Statens konstmuseer (194 årsverk i 1993). Utanfor Stockholm står Göteborgs museer i ei særstilling. Der er ni institusjonar organiserte i eit konsern, som i 1993 utførte 254 årsverk.

Kulturdepartementet har driftsansvar for 19 såkalla «centralmuseer». Dei fleste av desse er lokaliserte i Stockholm. Fleire av dei aktuelle musea er spesialmuseum, t.d. innanfor sjøfart, musikk, dans og teater. Tre museum er organiserte under Statens konstmuseer. Tre sjølvstendige einingar som omfattar arkeologiske og numismatiske samlingar, er organiserte under Statens historiska museer. Større arkeologimiljø i museumssamanheng finst elles i Lund og Göteborg.

Naturhistoriska riksmuseet er hovudmuseet innanfor naturhistoriske fag og er det største einskildmuseet i Sverige med ein omfattande forskingsaktivitet av høg, internasjonal standard. Elles er det eigne, naturhistoriske museum både i Malmö og Göteborg.

Fem av sentralmusea har status som ansvarsmuseum: Statens historiska museer for eldre kulturhistorie, Nordiska museet for yngre kulturhistorie, Statens konstmuseer for kunstområdet, Folkens museum - etnografiska for framande folkeslag (etnografi) og Naturhistoriska riksmuseet for naturhistorie. Ansvarsmuseumsrolla vart innført i 1987 og gjev dei aktuelle musea i oppgåve å ha samordnande ansvar for metodeutvikling, ekspertkunnskap og utstillingar innanfor sine ansvarsfelt. I seinare tid er det gjort framlegg om at Röhsska Konstslöjdmuseet i Göteborg skal vera ansvarsmuseum innanfor kunstindustri.

Statens historiska museer er organisert som ein sjølvstendig del av Riksantikvarieämbetet. På same måten som i Noreg har Riksantikvarien ansvar for kulturminneforvaltninga eller «kulturmiljövården», som namnet er sidan 1989. Namneendringa var eit signal om eit meir heilskapleg syn på vernearbeid. Sidan 1976 er delar av forvaltningsmyndet delegert til «länsstyrelserna», som har eigne «länsantikvarier» med tilhøyrande stab. I tillegg skal «läns»-musea utføra oppdrag for den regionale kulturminneforvaltninga, og Riksantikvarieämbetet er samarbeidande fråsegnspart når det gjeld Statens kulturråds fordeling av «grundbelopp» til dei regionale musea (sjå nedanfor).

Universitetsmuseum med like omfattande samlingar som i Noreg, finst ikkje. Sju naturhistoriske universitetssamlingar har lite personal og elles ein litt problematisk situasjon. Mellom dei viktigaste universitetsmusea er det nye Bildmuseet i Umeå og Lunds universitets historiska museum. På same måten som i Noreg høyrer universitetsmusea under Utbildningsdepartementet.

Statens försvarshistoriska museer (Armémuseum, Marinmuseum og Flygvapenmuseum) høyrer under Försvarsdepartementet. I tillegg er det såkalla «verks»-museum i tilknyting til posten, jarnbanen o.l.

Utanom eit 40-tal statlege museum er det 26 regionale museum. Dei omfattar 23 «länsmuseum», dessutan musea i Malmö (5) og Göteborg (9) som alle i utgangspunktet er eit kommunalt ansvar, og Kulturen i Lund. Fleirtalet av «läns»-musea er sjølvstendige stiftingar. Staten yter driftstilskot til dei regionale musea gjennom ei tilskotsordning med såkalla «grundbelopp». Det er tilskot til stillingar, tilsvarande ca. 55% av lønskostnadene. Det er Statens kulturråd som administrerer ordninga. For budsjettåret 1993-94 vart det delt ut 729 «grundbelopp» til ein verdi av SEK 80 mill. Minstetildeling er 20 «grundbelopp», og dei fleste av regionmusea får kvar mellom 20 og 30 «grundbelopp». Göteborgs museer har den største tildelinga med 102 «grundbelopp». I nokre «län» fordeler «länsmuseum» «grundbelopp» vidare til andre museum.

Oversyn over svenske museum baserer seg som oftast på tal frå Statistiska Centralbyrån (SCB). Dei opererer med ein relativt streng definisjon av kva museum som skal reknast med i statistikksamanheng. Det gjeld institusjonar som har fagutdanna personale i minst eitt årsverk, i tillegg til at samlingane skal vera opne størstedelen av året. Det gjer at svensk museumsstatistikk berre omfattar tal frå ca. 210 institusjonar. Ein stor del av dei lokale og kommunale musea fell utanfor, det same gjeld alle «hembygdsgårdarna». Dersom ein reknar med dei også, ville den svenske museumsverda vera meir lik den norske, med ca. 750 einingar (jf. Gjestrum 1993).

Riksutställningar vart skipa som prøveprosjekt i 1966 og etablert som statleg stifting i 1975. Formålet er å produsera og formidla utstillingar, vera rådgjevar om utstillingsproduksjon og utvikla utstilling som kunnskaps- og opplevingsformidlande medium. Ein stor del av verksemda har vore knytt til eigne utstillingsproduksjonar. Riksutställningar var pr. 1995 ein omfattande organisasjon med eit totalbudsjett på ca. SEK 36 mill.

Nordiska museet er vertsmuseum for to viktige samordningsfunksjonar i svensk museumsverd. Det eine er SAMDOK-sekretariatet, som har til oppgåve å samordna innsamlings- og dokumentasjonsarbeid som gjeld samtid og nær fortid. SAMDOK står for samordning, samarbeid og samtid. Dei ulike musea samarbeider i tematiske grupper ( i alt 13 «poolar») og fordeler oppgåver mellom seg for å unngå dobbeltarbeid. I stor grad er SAMDOK-organisasjonen også eit forum for utvikling av innsamlings- og dokumentasjonsmetodikk, og ein har også utvikla eit eige forskingsprogram. SAMDOK har stått bak større nasjonale forskingsprosjekt med ekstern finansiering.

Det andre organet ved Nordiska museet med samordnande funksjon er INSAM (Informationssystem i samverkan vid svenska museer). Eit hundretal institusjonar er med i samarbeidet. Det viktigaste produktet så langt er utarbeiding av ein svensk standard for edb-registrering av gjenstandar, SWETERM.

Svenska museiföreningen er den sentrale museumsorganisasjonen som omfattar både personlege medlemer og institusjonsmedlemer. Organisasjonen har fleire arbeids- og interessegrupper. «Läns»-musea har etablert eit samarbeidsråd som har markert seg sterkt dei seinaste åra. Det er m. a. skipa eit forsøksprosjekt for opplæring og etterutdanning, Länsmuseernas publik- och profilprojekt. Også dei kommunale musea har etablert eit samarbeidsråd.

Som nemnt tidlegare vart det lagt fram ei svensk museumsutgreiing våren 1994, SOU 1994: 51 Minne och bildning. Mandatet var m. a. å sjå nærare på korleis dei svenske sentralmusea og museum med statstilskot kunne organiserast. Utgreiinga tek m. a. tak i det avgrensa utvalet som utgjer svensk museumsstatistikk. Det blir gjort framlegg om at ein i statistikksamanheng bør vera meir inkluderande for å få eit betre oversyn over svensk museumsrøyndom. Dette blir gjort med tilvising til at ICOMs definisjon av museum er vidare og omfattar meir enn den gjeldande svenske definisjonen.

Museumsutgreiinga kom med relativt vidtgåande endringsframlegg når det galdt organisering av dei statlege musea. Ein ville m. a. at sentralmusea skulle samorganiserast i fire konsern, der museum med tilnærma same tema skulle gå saman. I høyringsrunden kom det sterke protestar mot framlegget. I utgreiinga vart det argumentert for at Statens historiska museer og Riksantikvarieämbetet bør skiljast. Det vart vidare gjort framlegg om at Riksutställningar skal endra karakter frå å vera utstillingsprodusent til å bli eit formidlingsorgan for vandreutstillingar i Sverige og i utlandet. For å styrkja produksjonen av vandreutstillingar skal Riksutställningar fordela fondsmidlar til produksjon av vandreutstillingar ved musea. I tillegg skal institusjonen leggja vekt på å vera eit rådgjevingsorgan.

Det mest konkrete resultatet av den svenske museumsutgreiinga så langt er SESAM-programmet for registrering og førebyggjande konservering av museumssamlingane. Etter modell frå den nederlandske Deltaplanen er det løyvd SEK 235 mill. til omfattande tiltak for museum og arkiv (jf. avsnitt 7.3.3.).

Museumsutgreiinga var ei av fleire delutgreiingar som var grunnlag for ei samla utgreiing på kulturområdet, SOU 1995: 84 Kulturpolitikens inriktning. Der blir fleire av framlegga frå museumsutgreiinga støtta, men ikkje konsernorganiseringa av dei statlege musea. I staden vil ein vidareutvikla prinsippet med ansvarsmuseum. Det blir også gjort framlegg om at Statens kulturråd skal få større sektoransvar for museumsfeltet, m. a. ved å skipa eit museumsråd. Det blir definert to nasjonale hovudmål for musea: a) å dokumentera tida 1920-70 og b) utvikla museum som reiskap i undervisningssamanheng. I kulturutgreiinga blir det dessutan gjort framlegg om at ein på regionalt nivå («län») skal utarbeida samla planar for museumsverksemda.

Etter ein omfattande høyringsrunde reknar regjeringa med å presentera ein proposisjon om svensk kulturpolitikk hausten 1996.

13.2.2 Finland

Også Finland har ei meir sentralistisk museumsverd enn Noreg. Det sentrale organet er Museovirasto/Museiverket i Helsinki. Det har ansvar for kulturminneforvaltning («kulturmiljövård») med fornminne, marinarkeologi og bygningsvern. Suomen kansallismuseo/ Finlands nationalmuseum sorterer også under Museiverket og omfattar arkeologiske samlingar, nyare kulturhistorie, etnografika og mynt- og medaljesamlingar. Museet har også ansvaret for eit 10-tal slott og herregardar og ei konserveringseining. Slik sett er museet det kulturhistoriske sentralmuseet i landet. Totalt utførte Museiverket over 370 årsverk i 1994, då er 133 årsverk frå sysselsetjingsmidlar medrekna.

Dei nasjonale kunstmusea i Helsinki er samorganiserte under Valtion taidemuseo/Statens konstmuseum, med eit museum for finsk kunst, eit for utanlandsk kunst og eit for samtidskunst. I Helsinki er det dessutan eit statleg kunstindustrimuseum. Kunstmuseum finn ein elles fleire stader i Finland, både som kommunale institusjonar og som stiftingar.

Naturhistoriske museum finn ein ved universitetet i Helsinki, der eit botanisk, eit zoologisk og eit geologisk museum er samorganiserte under Luonnontieteellinen keskusmuseo/Naturhistoriska centralmuseet. Universitetet i Uleåborg har også tre naturhistoriske museum, medan universitetet i Åbo har eit zoologisk museum. Nokre mindre naturhistoriske museum finn ein dessutan i Kuopio, Forssa og Tampere.

Eit lovverk regulerer statstilskot til fem riksdekkjande spesialmuseum, 20 «landskapsmuseum»11 (kulturhistoriske museum) og 15 regionale kunstmuseum. Dei har då ansvar for ein del oppgåver på regionalt nivå, også knytt til kulturminneforvaltninga. Nokre lokale museum med personale på heiltid får også statstilskot. Statstilskota er knytte til talet på årsverk ved institusjonane. Tilskota går frå departementet via Museiverket til museumseigarane (kommunar, byar, stiftingar). Museiverket forvaltar også prosjektpengar til ekstraordinære tiltak i musea.

Totalt reknar ein med at det finst ca. 800 museum og samlingar i Finland. 40% av dei er i kommunal eige, 4% er i statleg eige (men omfattar dei største institusjonane) og 56% er å rekna som private (stiftingar o.l.). Det statlege bidraget til museumsverksemd er ca. 20% av dei totale kostnadene, medan kommunane står for 70%. Undervisningsministeriet er ansvarleg departement for alle musea.

Den sentrale museumsorganisasjonen er Suomen museoliitto/Finlands museiförbund. Organisasjonen har i hovudsak institusjonsmedlemer, i mindre grad personlege medlemskap. Drifta er dels finansiert med statstilskot dels med medlemskontingent.

13.2.3 Danmark

Som nemnt i avsnitt 10.8. er Danmark kanskje det einaste landet som har ei tilnærma generell museumslov. Lova stammar frå 1976 med revisjonar i 1984 og 1989. Lova omfattar dei musea som får statstilskot frå Kulturministeriet. Det gjeld sju statlege museum og 143 museum med statsstøtte. Av dei statlege musea er Nationalmuseet og Statens Museum for Kunst utpeika som sentralmuseum innanfor sine felt. Dei har plikt til å yta museumsfagleg hjelp til dei andre musea, i tillegg til at dei har ansvar for to sentrale register, Det Kulturhistoriske Centralregister (DKC) og Kunstindex Danmark (KID). Endeleg skal dei to musea utføra spesielle konserveringsoppgåver for dei andre musea.

Dei fem andre statsmusea er eit våpenhistorisk museum, to kunstsamlingar og to kulturhistoriske spesialmuseum.

Dei 143 musea som får statsstøtte i medhald av museumslova, fordeler seg på følgjande fagområde: 95 museum er kulturhistoriske, 32 er kunstmuseum, eitt er kunstindustrimuseum og tre institusjonar er naturhistoriske. I tillegg er det 12 såkalla «§13-museum», dvs. at dei får statstilskot på spesielle vilkår.

Museumslova set opp detaljerte reglar for kva krav som må oppfyllast for å få statstilskot til museumsdrifta (jf. avsnitt 10.8.). Fram til 1989 var statstilskotet fastsett til 40% av dei utgiftene som var godkjende som tilskotsgrunnlag. Automatikken vart oppheva frå og med 1990, slik at statstilskotsprosenten gradvis har gått ned. I 1990 utgjorde statstilskotet i snitt 30% av dei totale tilskota til dei musea som fekk statstilskot etter museumslova. Kommunale tilskot utgjer 40-45% av det totale museumstilskotet.

Eit sentralt punkt i museumslova er at alle museum som får tilskot skal forplikta seg å leggja fram fireårs planar med prioriterte aktivitetar. Det dannar grunnlag for vurdering av statstilskot frå år til år.

Den danske museumsstatistikken opererer med 282 museum eller museumsliknande institusjonar. Det betyr at over 150 museum som ikkje får statstilskot, heller ikkje er omfatta av den danske museumslova. Det gjeld mellom anna universitetsmusea ved Universitetet i København: Zoologisk museum, Botanisk museum, Geologisk museum og Medicinhistorisk museum. Det finst også tre såkalla etatsmuseum: Jernbanemuseet i Odense, Post- og Telegrafmuseet og Toldmuseet i København. Dei sorterer under ulike departement.

Nationalmuseet er ein svært sentral institusjon både når det gjeld museumsarbeid i Danmark og for delar av arkeologifeltet innanfor kulturminneforvaltninga. Resten av kulturminneforvaltninga ligg under Skov- og naturstyrelsen, som også har forvaltningsansvar for Naturbeskyttelsesloven. Rigsantikvar-embetet er lokalisert til Nationalmuseet, og Rigsantikvaren er øvste leiar for Nationalmuseet. Han er dessutan formann i Det Arkæologiske Nævn og leiar av eit arkeologisk sekretariat som skal administrera alle oppgåvene etter kapittel seks i museumslova, dvs. mellombels freding av fortidsminne som kjem fram i samband med jorddyrking og ulike former for anleggsarbeid. Arkeologiske utgravingar blir i stor grad utførte av dei lokale/regionale musea som har kompetanse på feltet. I alt er det 47 institusjonar som etter avtale med Rigsantikvaren kan påta seg graveoppdrag i medhald av museumslova. Nationalmuseet sjølv har ansvar for dei arkeologiske undersøkingane som ikkje kan overdragast til andre museum.

Nationalmuseet har m. a. store avdelingar innanfor »oldtid og midelalder« og nyare kulturhistorie. Museet har dessutan dei største etnografiske samlingane i landet. Det har også ansvaret for Dansk folkemuseum på Brede, som m. a. omfattar det største friluftsmuseet i Danmark og Museet for Danmarks Frihedskamp 194045.

Statens Museumsnævn er det sentrale organet for samordning av museumsaktiviteten under museumslova. Organet er rådgjevar for departementet og andre offentlege styresmakter. Statens Museumsnævn er eit kollegialt, fagleg organ med 12 medlemer. Fram til 1989 var det Museumsnævnet som skulle godkjenna vedtekter, budsjett, rekneskap og arbeidsplanar for dei musea som fekk statsstøtte. Etter den tid er dette ansvaret overteke av kommunar og amtskommunar. Eit sentralt ansvar i Museumsnævnet er å godkjenna nye museum, evt. underkjenna museum som allereie har fått statstilskot. Det er få nye museum som har kome med i ordninga med statstilskot, sidan 1990 er 10 nye museum godkjende.

Dei naturhistoriske musea utgjer ei lita gruppe av statlege og statsstøtta museum. I alt er det sju institusjonar. I tillegg til dei som er nemnde ovanfor under universitetet i København, er det eit naturhistorisk museum i Århus, eit zoologisk museum i Svendeborg og to andre mindre museum. Naturhistorisk museum i Århus har eit sektoransvarsområde på line med det som Nationalmuseet og Statens Museum for Kunst har.

Sjølv om Statens Museum for Kunst er det største kunstmuseet, finn ein mange mellomstore og små museum i kommunal eller privat eige over heile Danmark.

I tillegg til dei fellestenestene som er nemnde ovanfor under Nationalmuseet og Statens Museum for Kunst, har ein i Danmark Museumshøjskolen med ansvar for å samordna kurs og etterutdanning ved musea. Av andre fellestenester skal også nemnast Museumstjenesten, som er eit felles serviceorgan for alle danske museum og dei lokalhistoriske arkiva. Institusjonen fungerer som ein felles innkjøpssentral og tek også hand om distribusjon av museumstidsskrift. Det er også etablert ei felles forsikringsordning for medlemsmuseum.

I Danmark er det tre museumsorganisasjonar, Dansk Kulturhistorisk Museumsforening, Foreningen af Danske Kunstmuseer og Foreningen af Danske Naturvidenskabelige Museer.

Danmark har for så vidt den same desentraliserte strukturen som ein kan finna i Noreg. Det sentrale verkemidlet er museumslova for ein del av musea. 1994 vart det teke initiativ til ein revisjon av museumslova. Dette arbeidet er ikkje fullført pr. mars 1996.

13.2.4 Island

På Island er det tre sentrale statlege museum i Reykjavík: Listasafn Ìslands (Islands kunstmuseum), Nátturufræðistofnun Ìslands (Islands naturhistoriske institusjon) og Þjóðminjasafn Ìslands (Nasjonalmuseet). Det sistnemnde omfattar arkeologiske samlingar, nyare kulturhistorie og fotosamlingar, og er det største museet på Island. I Reykjavík ligg også Árbæjarsafn, som er bymuseum for Reykjavík med arkeologiske samlingar og ei bygningsavdeling. Rundt om på Island er mange lokale museum og samlingar, både kunstmuseum, naturhistoriske museum og lokalhistoriske samlingar. Ein del av musea er såkalla egnsmuseum, dvs. at dei har rett til statsstøtte og skal ha oppgåver i høve til kulturminneforvaltninga.

Kulturminneforvaltninga ligg som i Noreg under Rigsantikvaren, som samstundes er forstandar for Þjóðminjasafn Ìslands.

13.2.5 Nederland

I Nederland reknar ein med at det finst ca. 850 museum og samlingar. Til liks med Noreg er det stor skilnad mellom dei ulike musea, og dei aller fleste er små samlingar.

Med verknad frå august 1994 vart ansvaret for museum overført frå Ministerie van Welzijn, Volksgezondheid en Cultuur (Ministry of Health, Welfare and Cultural Affairs) til Ministerie van Ondervijs, Cultuur en Wetenschappen (Ministry of Education, Cultural Affairs and Science). Kulturdirektoratet, som er ansvarleg for museumsspørsmål, vart overført til det nye departementet.

På nasjonalt nivå har departementet ansvaret for 17 såkalla nasjonalmuseum og fire fellestenester. På same måten som i Noreg har også andre departement museumsansvar, spesielt skal nemnast museum som har tilknyting til militærvesenet. Med den nye departementsorganiseringa høyrer universitetsmusea no til det same departementet som andre museum.

Dei nasjonale musea omfattar vanlege museumstema som kunst, arkeologi, nyare kulturhistorie, naturhistorie og etnologi (etnografi). Det største og mest kjende er Rijksmuseum i Amsterdam, som inneheld rike samlingar av kunst, kunsthandverk og nyare kulturhistorie. Nemnast skal også Nationaal Natuurhistorisch Museum i Leiden, der også Rijksmuseum voor Volkenkunde (etnografi) ligg.

I 1991 vart det bestemt at dei nasjonale musea gradvis skulle frigjerast frå departementet og omgjerast til frittståande stiftingar. Dette er enno ikkje gjennomført, men ein reknar med at innan utgangen av 1996 vil dei aktuelle musea vera eigne stiftingar.

I tillegg til dei nasjonale musea finansierer departementet ei rekkje andre museum som har ei lausare tilknyting til statsadministrasjonen. Det gjeld mellom anna det store friluftsmuseet i Arnhem. Dei aller fleste musea elles blir drivne av provinsar og/eller kommunar.

Dei felles museumstenestene omfattar følgjande institusjonar : Rijksbureau Kunsthistorische Documentatie (RKD), sentralarkivet for biletkunst i Nederland; Centraal Laboratorium (CL), eit utviklingsinstitutt for konservering og restaurering og Rijksdienst Beeldende Kunst (RBK), som er ansvarleg for dei delane av kulturarven som er i statleg eige og som ikkje er i dei nasjonale musea. Denne institusjonen er også ansvarleg for forvaltning av lova som hindrar private samlarar å selja verdifulle gjenstandar ut av Nederland. Dette organet har også ansvar for utstillingar i utlandet. I tillegg omfattar fellestenestene eit opplæringsinstitutt i teknisk konservering.

Den nederlandske museumsorganisasjonen De Nederlands Museumvereniging arbeider blant anna for å betra den profesjonelle standarden i musea. I tillegg er mykje av aktiviteten retta mot informasjonsarbeid og påverknad av styresmaktene. Organisasjonen har delvis støtte frå det offentlege, men hovuddelen av driftsmidlane kjem frå medlemene. Den nederlandske museumsorganisasjonen har nyleg inngått ei intensjonsavtale om samarbeid med MuseumsAssociation (MA) i Storbritannia. Det er eitt av døma på formalisering av internasjonalt samarbeid mellom museumsorganisasjonar.

Den store satsinga dei seinaste åra har vore den såkalla Deltaplan voor het Cultuurbehoud (Delta Plan for the Preservation of Cultural Heritage; jf. avsnitt 7.3.3.). Dette programmet har gjort det mogeleg for mange nederlandske museum å ordna samlingane sine, registrera dei skikkeleg ved hjelp av informasjonsteknologi og å få betre magasinforhold. Planen har tent som føredøme for mange liknande aksjonar i andre land, anten i einskildinstitusjonar eller som nasjonale tiltak. Deltaplanen skulle i utgangspunktet vera eit tiltak for dei nasjonale musea, slik at dei skulle få orden på samlingane sine. I den seinaste fasen har ordninga også omfatta regionale og lokale museum. Men dei har måtta skaffa 60% av kostnadene til prosjekta på eiga hand.

Dei nye museumspolitiske dokumenta tyder på at tyngdepunktet på nytt blir retta mot publikumstiltak. Spørsmålet er korleis ein kan få stendig nye brukargrupper i tale, korleis flest mogeleg av innbyggjarane skal kjenna seg att i musea, korleis dei kan oppleva at musea betyr noko for dei, at musea reflekterer noko av den kulturelle bakgrunnen som ulike grupper representerer.

Det som tilsvarer kulturminneforvaltninga i Noreg, er heimla i Monumentenwet (The Monuments and Historic Buildings Act) frå 1988. Det sentrale organet er Rijksdienst voor de Monumentenzorg. Lova omfattar også arkeologiske monument, og det sentrale organet er De Rijksdienst Oudheidkundig Bodemonderzoek (ROB). Det sentrale museet på området er Rijksmuseum voor Oudheden i Leiden. Ansvaret for kulturminneforvaltninga ligg i same departement som musea.

13.2.6 Storbritannia

I den vanlege presentasjonen av britiske museum blir det rekna med at landet har mellom 2 000 og 2 500 museum, alt etter kor strengt ein definerer museum. På nasjonalt nivå er ansvaret samla i Department of National Heritage, eit departement som vart skipa i 1992. Fleire andre departement har også museumsansvar, spesielt skal nemnast Ministry of Defence for alle dei om lag 200 militærmusea og Department of Education som indirekte har ansvaret for alle universitetsmusea, omkring 300 einingar, som omfattar alt frå store institusjonar til små studiesamlingar.

Formelt sett er det ikkje noko som heiter nasjonalmuseum, sjølv om det i omtalen av britiske museum blir rekna at Storbritannia har 19 institusjonar av den typen. Desse har ein del ting felles: Samlingane deira er av nasjonal interesse, dei blir drivne heilt eller delvis for statlege midlar og dei har ei fri stilling i forhold til styresmaktene, sjølv om regjeringa har rett til å bruka ekspertar ved musea når dei har behov for det. 13 av dei 19 nasjonale institusjonane ligg i London. Eldst og størst er British Museum. Nemnast skal også Victoria and Albert Museum, det første kunstindustrimuseet i verda, National Gallery, Tate Gallery, Science Museum og National History Museum, som alle høyrer med til dei seks største musea i London.

Skottland, Wales og Nord-Irland har eigne nasjonale museum som sorterer under styresmaktene «Offices» i dei landa. Det gjeld National Museums of Scotland og National Galleries of Scotland, som begge omfattar sjølvstendige museum, dei fleste i Edinburgh. Samorganisering av museum under ein paraply finn ein også i Wales, der National Museum of Wales har hovudsete i Cardiff. I Belfast finn ein Ulster Museum som omfattar både kunst, arkeologi, nyare kulturhistorie og naturhistorie. Dei såkalla nasjonale musea har om lag 6 000 tilsette, dvs. ca. 1/3 av personalet innanfor museumssektoren i Storbritannia.

Det finst omlag 800 museum som er integrerte i kommunal forvaltning, såkalla Local Authority Museums. Eit vanleg prinsipp er at museum innanfor ein og same kommune/by er samorganiserte og ofte integrerte i den generelle kulturadministrasjonen. Det kan også vera samorganisering med bibliotek og utdanningssektoren, stundom også med reiseliv og næringsverksemd på kommunalt nivå.

Den største gruppa museum er såkalla uavhengige museum, ca. 1 100. Dei fleste av dei er stiftingar eller andre former for ideelle organisasjonar. Til vanleg får ikkje dei overføringar frå sentralt eller lokalt forvaltningsnivå. Dei er avhengige av inntekter frå gjester og anna forretningsdrift for å kunna eksistera. I tillegg spelar innsats frå frivillige ei avgjerande rolle. Denne delen av museumssektoren har vore i rask vekst, samstundes som desse musea er svært sårbare overfor endringar i nasjonaløkonomien og andre generelle økonomiske tendensar. Nyetableringar har kulminert dei seinaste åra. Dei seinaste åra har eit aukande antal uavhengige museum blitt tvinga til å stengja.

I Storbritannia finn ein fleire døme på samordningstiltak og fellestenester. I 60 år har Museums and Galleries Commission (MGC) vore den fremste rådgjevaren for styresmaktene når det gjeld museumssaker. MGC får løyvingane frå departementet, men har ei uavhengig og fri stilling. Som på så mange andre område i britisk kulturpolitikk gjeld prinsippet om ei «armlengds avstand» mellom styresmakter og utøvande organ. Formannen og 14 kommisjonsmedlemer blir oppnemnde av regjeringa. MGC skal ha eit strategisk overblikk over heile museumssektoren og vera eit rådgjevingsorgan for alle typar museum i heile Storbritannia. Eitt av dei viktigaste områda der MGC har gjort ein stor innsats dei seinaste åra, er utarbeiding av registreringsordning og standardar for museum. Også på bevaringsområdet har MGC gjort ein stor rådgjevingsinnsats. MGC forvaltar ein del prosjektmidlar som i prinsippet alle museum kan søkja om.

På regionalt nivå i England har ein ni AreaMuseum Councils (AMCs) som fungerer som samordnande organ. I si tid vart desse AMCs skipa av musea sjølve, og kontakten mellom AMC og einskildmuseet er basert på medlemskap. AMCs har fagfolk i staben som driv med rågjevingstenester overfor musea og yter eksperthjelp, t.d. i samband med konservering og vandreutstillingar. Dei er også aktive på kurs- og opplæringsfeltet. AMCs får økonomisk støtte av MGC og samarbeider nært, spesielt når det gjeld statistikk/ registrering og behandling av søknader om ekstra tilskot. Skottland, Wales og Nord-Irland har sine Museum Councils som fungerer på same måten som AMCs, m. a. med prosjektstøtte frå MGC.

Eit anna viktig fellestiltak er The Museum Training Institute (MTI) som vart etablert i 1989, som ein direkte konsekvens av ein rapport om opplæring og karrierestruktur i musea. MTI får midlar direkte frå Department of National Heritage og har som oppgåve å utvikla etterutdanningstilbod for dei tilsette i musea.

National Lottery er den seinaste tilveksten av ekstraordinære midlar som også museum kan nyta godt av. Overskotet av eit spel skal delast likt mellom tiltak innanfor kunst, idrett, kulturminnevern/museum og markering av tusenårsskiftet. På kulturvernområdet er det The National Heritage Memorial Fund som innstiller dei søknadene som får tilskot.

Museums Association (MA) er den eldste museumsorganisasjonen i verda. Organisasjonen er heilt uavhengig av styresmaktene og blir driven heilt og fullt med medlemskontingent og eigeninntekter gjennom sal av ulike tenester. Arbeidsoppgåvene har endra seg dei seinaste åra frå interne, museumsfaglege oppgåver til spørsmål som gjeld generell museumspolitikk, med politiske og administrative organ som den viktigaste målgruppa.

Ansvaret for det som tilsvarer kulturminneforvaltninga i Noreg, er å finna i Department of National Heritage. Fleire lover regulerer feltet, og på sentralt nivå er det fleire aktørar som har oppgåver. Det organisatoriske mønsteret er relativt komplisert. Samanlikna med norske forhold er det tre organ som har interesse. English Heritage er eit frittståande organ som med ca. 85% finansiering frå departementet har til oppgåve å forvalta og driva den bygningshistoriske og arkeologiske kulturarven. The Royal Commission on the Historical Monuments of England har ansvar for eit sentralregister over alt som kjem inn under den aktuelle lovgjevinga, både bygningar og arkeologisk viktige område. The National Heritage Memorial Fund har midlar til å kjøpa og halda ved like landområde, bygningar, kunstverk og andre objekt som ein meiner er viktige delar av britisk kulturarv.

National Trust for Places of Historic Interests or Natural Beauty (National Trust) er ein frittståande privat organisasjon som har ansvar for 365 historiske bygningar og landskapsområde. Organisasjonen, som er frå 1895 og har over 2,2 mill. medlemer, er ein privat parallell til English Heritage og liknar for så vidt på den norske Fortidsminneforeningen.

13.2.7 Canada

Department of Canadian Heritage vart skipa i juni 1993. Det var fleire motiv for dette. Det viktigaste var å redusera talet på føderale departement og dermed også føderale kostnader. Dessutan var det eit ønskje å føra saman aktivitetsfelt som tematisk høyrer saman. Det nye departementet vart sett saman av delar frå andre departement. I denne samanhengen er dei viktigaste delane ansvaret for museum og kunst, som saman med kringkastingsspørsmål vart overførte frå Department of Communication. Frå Department of Environment kom Parks Canada. I tillegg har departementet ansvar for språk og språkpolitikk, fleirkulturelle spørsmål, sport og idrett.

Department of Canadian Heritage har ansvar for fire store, nasjonale museum og National Archives og National Library. Alle er sjølvstendige einingar som rapporterer til ministeren gjennom eit styre. I perioden 1968 til 1990 var dei fire nasjonale musea organiserte i eit konsern. Ei evaluering av ordninga hadde som konsekvens at dei vart splitta opp i sjølvstendige einingar på ny. I lovs form (The Museums Act 1990) blir det gjeve detaljerte reglar for korleis musea skal drivast som sjølvstendige driftseiningar.

Det største av dei fire statlege, sjølvstendige musea er Canadian Museum of Civilization, som i sin tur har ansvaret for Canadian War Museum, National Postal Museum og Children's Museum. Med sine ca. 660 tilsette er museet stort også i internasjonal samanheng. Det er eit kulturhistorisk museum med sterkt innslag av antropologisk fagprofil.

National Museum of Science and Technology er det nasjonale hovudmuseet for teknologihistorie, samstundes som det har ansvaret for National Aviation Museum. Canadian Museum of Nature er hovudmuseet for det naturhistoriske fagfeltet. Museet fungerer også som nasjonalt hovudsekretariat for den canadiske innsatsen for det internasjonale biodiversitetsprogrammet. Det føderale hovudmuseet for kunst, National Gallery of Canada, har også ansvaret for Canadian Museum for Contemporary Photography.Den føderale innsatsen på museumsområdet har i mange år lagt stor vekt på serviceinstitusjonar og -ordningar for museum over heile Canada. Med unntak av dei fire føderale musea er alle museum elles knytt til provinsnivået eller til byar og kommunar. Den føderale museumspolitikken har difor vore å satsa på tenester som kan styrkja dei delane av museumsarbeidet der det er naturleg med eit føderalt ansvar. Dette har vore ein medviten politikk sidan tidleg i 1970-åra.

Canadian Conservation Institute (CCI) er eit forskingsinstitutt med over 80 tilsette. Instituttet utfører utviklingsarbeid og eksperimentell forsking innanfor teknisk konservering. Det blir også utført konkrete konserveringsoppdrag på felt der det er liten kompetanse frå før. Ofte er det tale om internasjonale oppdrag. CCI fekk i 1993 overført eit rådgjevingssekretariat frå departementet, Heritage Services, som er eit organ som hjelper museum med planlegging, gjennomføring og vedlikehald av tekniske tryggingstiltak. Etableringa av CCI i 1972 var resultat av eit føderalt ønskje om å byggja opp eigen kompetanse på eit felt som tidleg i 1970-åra var nesten blankt. I dag er CCI eit av dei leiande internasjonale konserveringsmiljøa, og dei har mange rådgjevingsoppdrag m. a. i Aust-Europa og i den tredje verda.

Canadian Heritage Information Network (CHIN) vart også etablert tidleg i 1970-åra. Det er eit samordnande organ for bruk av informasjonsteknologi for canadiske museum. CHIN administrerer nasjonale databasar innanfor naturhistorie og kulturhistorie, dei organiserer opplæring for alle brukarane, og dei prøver ut ny teknologi for musea. Etter kvart som dei einskilde institusjonane har fått meir kompetanse på feltet, har CHIN endra arbeidsoppgåvene frå drift av sentrale databasar til å vera ein samordnande bindelekk mellom institusjonane. På same måten som CCI har CHIN dei seinaste åra satsa internasjonalt med til dels omfattande rådgjevingstenester.

Det tiltaket som ved sida av CHIN har hatt mest å seia for mange av dei 2 000 musea og museumsliknande institusjonane, er Museums Assistance Program (MAP). Det vart etablert for å styrkja den faglege aktiviteten i musea. Midlane blir administrerte av departementet. Musea kan søkja om støtte til opprusting av bygningsfasilitetar og til kompetanseoppbygging innanfor alle museumsfunksjonane. Normal tilskotsprosent frå MAP er 50, men det er noko variasjon avhengig av prosjekttype. I perioden 1989-94 har MAP i snitt teke ca. 80% av kostnadene til dei føderale fellestenestene.

Parks Canada er organisert som eiga avdeling i det nye departementet. Institusjonen forvaltar den føderale lovgjevinga på miljøvernfeltet og har ansvaret for 36 nasjonalparkar og 129 historiske bygningar og bygningsmiljø. Samanlikna med norske tilhøve representerer Parks Canada ei samanslåing av delar av Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren. For ein del av dei aktuelle områda og bygningsmiljøa har Parks Canada fullt drifts- og vedlikehaldsansvar. Parks Canada har eiga konserveringseining (Conservation Laboratory for Parks) som utfører konserveringsoppdrag på samlingane (ca. 400 000 objekt) i dei 129 historiske bygningsmiljøa.

Department of Canadian Heritage har eigne provinskontor, i alt 6, som representerer dei føderale styresmaktene på provins/regionnivå.

Som allereie nemnt er dei fleste musea i Canada knytte til provinsane eller andre regionale/lokale forvaltningsnivå. Det same gjeld miljøforvaltninga, som både har eiga lovgjeving og eigne forvaltningsorgan på provinsnivå. Hovuddelen av kulturminne- og naturforvaltninga er såleis eit ansvar for provinsar eller lokale styresmakter.

13.3 Oppsummering

Samanlikna med dei landa som er nemnde ovanfor, er norsk museumspolitikk prega av ei sterkare statleg satsing på mangfaldet i museumslandskapet. Mangfaldet er det same også i andre land. Men det er ikkje vanleg at det statlege forvaltningsnivået har direkte eller indirekte tilskotsansvar for ca. 340 museumseiningar slik tilfellet er i Noreg. Museumsmangfaldet er først og fremst eit regionalt og lokalt ansvar, medan staten konsentrerer innsatsen sin til dei sentrale institusjonane. Dette gjer at dei fleste landa har eit meir sentralisert og hierarkisk oppbygd museumssystem enn det ein kan finna her i landet.

Det er også større satsing på utbygde service- og rådgjevingstenester på statleg nivå enn det ein kan finna i Noreg. Sterkast i så måte står Canada. Det statlege nivået har elles eit klart ansvar for stimulerande tiltak som ei oppfølging av rådgjevingsfunksjonane.

Når det gjeld einskildinstitusjonar, kan norske museum utan tvil hevda seg i internasjonalt selskap. Eit vitnemål om det er at to norske museum har fått European Museum of the Year Award dei seinaste 20 åra. Det var Bryggens Museum i 1978 og Alta Museum i 1993.

Fotnoter

1.

Landskap omfattar geografisk område som kan gå på tvers av administrative forvaltningsgrenser.

Til forsiden