NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

14 Museum og museumsfunksjonar i Oslo

14.1 Innleiing

Tidleg på hausten 1995 starta ein forvaltningsdiskusjon mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kulturdepartementet om plassering av statlege, nasjonale museumsinstitusjonar i Oslo. Medio oktober 1995 fekk Museumsutvalet førespurnad om å sjå nærare på dei ideane som hadde kome opp i samband med dei interdepartementale drøftingane. På det tidspunktet var utgreiingsarbeidet inne i ein sluttfase. For ikkje å seinka utgreiinga vart det bestemt at Museumsutvalet skulle avgrensa si vurdering til prinsipielle spørsmål som dei ulike ideane reiser.

Utgangspunktet for diskusjonen er den planlagde utbygginga på Tullinløkka i Oslo for Nasjonalgalleriet og Oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo. Statsbygg og dei to institusjonane har gjennomført ei arkitekttevling. Det er enno ikkje løyvt midlar til prosjektering og bygging, men institusjonane tek sikte på at prosjektering kan setjast i gang med tanke på å starta byggjeprosessen i 1998.

I dag held Oldsaksamlinga, Etnografisk museum og Myntkabinettet hus i ein bygning som går under namnet Historisk museum. I tillegg har Oldsaksamlinga også andre, mindre bygningar i kvartalet. I utgangspunktet er utbygginga på Tullinløkka for lita til å tilfredsstilla dei behova som Nasjonalgalleriet og Oldsaksamlinga har. Nybygget er planlagt med eit bruttoareal på 18 000 m2, som utgjer det største volumet Oslo kommune kan godkjenna på tomta. Av eit nettoareal på 12 000 m2 skal det vera eit fellesareal på 1 000 m2. Det gjev kvar institusjon 5 500 m2 til eige bruk. Begge institusjonane har måtta redusera arealbehovet for å koma fram til ei kompromissløysing som stettar dei viktigaste og mest akutte behova. Også etter utbygging kjem Oldsaksamlinga til å ha behov for noko areal i Historisk museum, som elles skal delast mellom Etnografisk museum og Myntkabinettet.

I den interdepartementale diskusjonen vart utbygginga på Tullinløkka sett i samanheng med ein del andre idear og planar som gjeld museumsetablering og -drift i Oslo.

  • Museet for samtidskunst er lokalisert i ein bygning som har vist seg å setja klare avgrensingar for aktiviteten. Det må gjerast eit omfattande utbetringsarbeid for å få tilfredsstillande klimaforhold. I tillegg har museet behov for større areal.

  • Nobelinstituttet har presentert planar om å skipa eit fredsprissenter/fredsprismuseum og er på leit etter høvelege lokale.

  • NOU 1991: 31 Oslo Middelaldermuseum konkluderer med at det bør byggjast eit mellomaldermuseum, basert på arkeologiske ruinar og funn i Gamlebyen. Desse planane er no ein del av prosjektet Miljøbyen Gamle Oslo.

  • Det er lagt til grunn ei framtidig samlokalisering av dei ulike avdelingane av Kunstfaghøgskolen i Oslo. Kvar og når dette blir realisert, er ikkje avgjort. Men det inneber at noverande Statens kunstakademi truleg skal ut av bygningane institusjonen har i dag.

  • Ei innstilling konkluderer med at det bør leggjast ei designhistorisk samling til Kunstindustrimuseet i Oslo. I dag er museet samlokalisert med Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS). Bygningen kan vera aktuell som del av eit lokaliseringsalternativ for Kunstfaghøgskolen, men det kan også henda at SHKS skal flytta ut.

  • Norsk Arkitekturmuseum har magasin utanfor hovudbygget og har dessutan for små lokale til å driva så aktivt som dei gjerne vil på formidlingssida. Dei ønskjer difor meir areal.

Norsk museumsutvikling vart engasjert av Museumsutvalet til å gjennomføra ein møteserie med dei partane som var eller kunne bli involverte i evt. planar. Desse møta vart haldne i perioden 12. desember 1995 til 4. januar 1996. Partane hadde også høve til å senda inn skriftlege merknader. På kvart møte var minst ein av medlemene frå Museumsutvalet til stades, og ein medlem var med på alle møta.

I møterekkefølgje vart desse partane høyrde i samband med denne saka: Internasjonalt Kultursenter og Museum (IKM), Norsk Arkitekturmuseum, Norsk Folkemuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo, Nasjonalgalleriet, Nobelinstituttet, Oslo kommune, Universitetet i Oslo og Museet for samtidskunst.

På førehand hadde alle partane fått tilsendt eit notat frå Museumsutvalet. I notatet vart det understreka at Museumsutvalets vurdering vil vera knytt til spørsmål som gjeld korleis institusjonane kan utføra basisfunksjonane: samla, forska og bevara, korleis dei kan vera tilgjengelege for publikum, og dessutan spørsmål som gjeld institusjonsadministrative funksjonar. Fleire av dei aktuelle musea er institusjonar som er sentrale på meir enn ein måte. Det er tale om viktige innsamlings-, forskings- og formidlingsmiljø i Oslo. Dei er samstundes sentrale institusjonar i nasjonal og internasjonal samanheng. På formidlingssida er fleire blant dei viktigaste kontaktpunkta både for norske og utanlandske Oslogjester som vil gjera seg kjende med norsk kunst og kulturhistorie.

Dei berørte partane skulle ta stilling til spørsmåla gjennom å vurdera ei rekkje teoretiske rokeringsalternativ. I notatet heiter det m. a.:

«Når ein først skal vurdera evt. nye lokaliseringsmønster, bør ein i startfasen kunna sjå på mange teoretiske alternativ, for om mogeleg å bli sitjande att med dei ideane som ein kan gå vidare med. Alternativa nedanfor uttrykkjer to hovudmønster:

  • samling av alle eller delar av museumsfunksjonane ved UiO

  • samling av sentrale kunstmuseum

Det er mogeleg å oppnå dette på fleire måtar, og alternativa nedanfor illustrerer ulike løysingar.

Mottakarane av dette notatet blir bedne om å vurdera følgjande teoretiske alternativ med tanke på føremonner og ulemper som gjeld museumsfagleg drift av institusjonane og kor tilgjengelege institusjonane blir for publikum. Rekkefølgja er ikkje uttrykk for noka prioritering.

  • Gjeldande planar for Tullinløkka, der Nasjonalgalleriet og Oldsaksamlinga deler nybygget; Etnografisk og Myntkabinettet deler noverande lokale til Oldsaksamlinga. Museet for samtidskunst blir verande i opprusta bygning. Nye lokalitetar må ordnast utanfor hovudbygget. Mellomaldermuseet blir realisert som eigen institusjon, anten av UiO, av Oslo kommune eller i eit samarbeid mellom dei to. Fredsprismuseet får ledig bygning i Oslo.

  • Rokeringsalternativ a 1): Oldsaksamlinga, Vikingskipshuset, Myntkabinettet og eit evt. nytt mellomaldermuseum blir samlokalisert i nybygg på Sørenga. Etnografisk museum blir også flytta dit, evt. saman med Internasjonalt kultursenter og museum (IKM). UiO får eit samla kulturhistorisk museum. Museet for samtidskunst blir flytta til Tullinløkka, deler saman med Nasjonalgalleriet både eksisterande og nye bygg, og ein får kimen til eit samla, nasjonalt kunstmuseum. Fredsprismuseet overtek noverande bygning til Museet for samtidskunst. Norsk Folkemuseum overtek bygget til Vikingskipshuset.

  • Rokeringsalternativ a 2): Vikingskipshuset blir verande på Bygdøy som utstilling. Oldsaksamlinga, Etnografisk museum (+ evt. IKM), Myntkabinettet og Mellomaldermuseet får nybygg på Sørenga og utgjer eit samla kulturhistorisk universitetsmuseum. Museet for samtidskunst og Fredsprismuseet som alternativ a 1).

  • Rokeringsalternativ b): Vikingskipshuset blir verande på Bygdøy som utstilling. Lokalisering av Oldsaksamlinga, Etnografisk museum (+ evt. IKM) og Myntkabinettet i nybygg på Tøyen. Det gjev eit samla universitetsmuseum ved UiO, i alle fall bygningsmessig, mogelegvis også organisatorisk. Mellomaldermuseet blir bygt som ei utstilling på Sørenga i regi av Oslo kommune, som inngår avtale med UiO om materiale til utstillinga. Museet for samtidskunst og Fredsprismuseet som alternativ a 1).

  • Rokeringsalternativ c 1): Oldsaksamlinga og Myntkabinettet blir flytta til nybygg på Bygdøy og utgjer saman med Vikingskipshuset eit samla kulturhistorisk universitetsmuseum for perioden fram til 1537. Etnografisk får nybygg på Tøyen, evt saman med IKM. Mellomaldermuseet som alternativ b); Museet for samtidskunst og Fredsprismuseet som alternativ a 1).

  • Rokeringsalternativ c 2): Oldsaksamlinga og Myntkabinettet blir flytta til nybygg på Bygdøy og utgjer saman med Vikingskipshuset eitt samla museum for perioden fram til 1537. Munchmuseet blir flytta til Historisk museum og Etnografisk til Munchmuseets noverande bygg. Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst deler nybygget på Tullinløkka. Dette alternativet markerer Tullinløkka som eit visuelt og intellektuelt kraftsenter innanfor norsk kunst. Mellomaldermuseet som b), Fredsprismuseet som a 1).

  • Rokeringsalternativ d):I tillegg til eksisterande og planlagde bygg på Tullinløkka, blir bygningane til Statens kunstakademi og dei gamle universitetsbygningane som juridisk fakultet no disponerer, tekne i bruk til museumsformål. Det blir lagt hovudvekt på publikums- og kontorfunksjonar, og målet er å fordela bygningane slik at noverande institusjonar får betre driftsforhold og at det blir mogeleg å flytta Museet for samtidskunst til Tullinløkka. I tillegg kan flytting av Kunstindustrimuseet og Norsk Arkitekturmuseum vurderast. Om naudsynleg får ein etablert eit stort, moderne fellesmagasin med konserveringsverkstader for dei aktuelle musea utanfor Tullinløkka, evt. i ledige bygningar på Fornebu, eller i annan ledig bygning som kan byggjast om. Mellomaldermuseet som alternativ b), Fredsprismuseet som alternativ a 1), Vikingskipshuset blir verande på Bygdøy som utstilling.»

14.2 Synspunkt frå partane

Internasjonalt kultursenter og museum (IKM) er ei stifting som leiger lokale av Oslo kommune i gamle Grønland politistasjon. Institusjonen er ny og har ingen ønskje eller planar om å finna andre lokale. Det er stor nok plass til aktiviteten i mange år framover. IKM har heller ingen ønskje om å samlokaliserast med andre institusjonar. Det er viktig å vera ei sjølvstendig eining for å markera det spesielle arbeidsfeltet med fleirkulturelle uttrykk både gjennom utøvande kunstformer og utstillingar. IKM har ein intensjonsavtale om samarbeid med Etnografisk museum, Norsk Folkemuseum og Oslo Bymuseum, og ser på samarbeid som eit viktigare og betre verkemiddel enn samlokalisering.

Norsk Arkitekturmuseum er ei stifting som har sprunge ut av Norske Arkitekters Landsforbund, og som i dag er driftsfinansiert over Kulturdepartementets budsjett. Museet er samlokalisert med Norsk Form og har i dag for lite areal til å driva den utstillingsaktiviteten dei ønskjer, dei har også magasinareal utanfor hovudbygningen. Ein har pr. dato ikkje planar for endring av noverande lokalisering. I utgangspunktet kan museet tenkja seg samlokalisering med andre institusjonar, men ikkje på ein måte som raderer ut Norsk Arkitekturmuseum som sjølvstendig driftseining. Samlokalisering eller nærleik til kunstmuseum blir sett på som positivt. Noverande lokale til Kunstakademiet blir nemnt som døme på attraktiv plassering.

Norsk Folkemuseum er som næraste granne indirekte berørt av utviklinga til Vikingskipshuset. Folkemuseets største arealproblem er knytt til manglande parkeringskapasitet og for liten plass til å setja opp dei 25 bygningane som ligg lagra. Disponibel utstillingsplass er heller ikkje stor nok til å kunna yta rettferd til dei omfattande gjenstandssamlingane. Museet finn interessante konsekvensar ved alternativa som gjeld Vikingskipshuset og Oldsaksamlinga. Ei flytting av vikingskipa til annan stad vil frigjera areal som Folkemuseet vil kunna ha bruk for. Museet har samstundes stor forståing for dei lokaliseringsmessige og tekniske innvendingane som kan reisast mot ei slik flytting. Ei samling av Oldsaksamlinga og vikingskipa på Bygdøy vil gje ei spennande samling av museum som samla kan presentera norsk, materiell kulturhistorie frå dei eldste tider til i dag. Utan omsyn til kva som hender med evt. omlokalisering, er Norsk Folkemuseum interessert i å utvikla eit nærare samarbeid med Universitetet i Oslo og Oldsaksamlinga/Vikingskipshuset.

Museet har i dag ein del magasinareal utanfor hovudbølet og er interessert i samarbeid med andre om evt. fellesløysingar når det gjeld magasin. Spesielt blir det nemnt eit fellesmagasin for gjenstandar frå 1900-talet, ei gjenstandsgruppe som i aukande grad er masseprodusert og som såleis skil seg ut frå mykje av det eldre materialet.

Kunstindustrimuseet i Oslo har i utgangspunktet eit godt bygg å vera i, men areala er altfor små for aktiviteten. I dag leiger museet lokale av Oslo kommune, og er samlokalisert med Statens handverks- og kunstindustriskole (SHKS). Museet ventar på avgjerd i saka om plassering av den nye kunstfaghøgskolen, der eitt av alternativa er å flytta SHKS til annan stad. I så fall vil museet få løyst problema sine og vil samstundes kunna gje rom til eit senter for design, evt. også Norsk Arkitekturmuseum. Museet har ei open og fleksibel haldning til evt. flytting og nærleik til kunstmusea og finn ei samling av kunstmusea og evt. Kunstindustrimuseet kring Tullinløkka interessant. Museet har ikkje ønskje om eit nybygg. Tilpassing og bruk av noverande eller andre bygningar i sentrum blir rekna som ei betre løysing. Museet kan t.d. tenkja seg å tilpassa kontor/forretningsbygg til museets behov. Museet er positiv til samarbeid om fellestenester innanfor konservering og til å plassera delar av gjenstandssamlingane i evt. fellesmagasin. I dag leiger museet eksternt magasin til delar av samlingane.

Nasjonalgalleriet har ei ideell plassering, men bygningen er for liten. Eigenleg ville museets behov fylla heile det planlagte nybygget på Tullinløkka. Kompromisset med lik deling med Oldsaksamlinga løyser likevel dei akutte problema. Museet understrekar sterkt at den planlagde byggjeprosessen ikkje må stoppa opp p.g.a. tankar om evt. å endra lokaliseringa av ein del museum. Skulle det likevel på lengre sikt vera aktuelt med nærleik til eller samlokalisering med annan institusjon, peikar Museet for samtidskunst seg ut. Då ville det vera aktuelt med større grad av samdrift innanfor konservering, foto, bibliotek og edb. Samanslåing av institusjonane er heilt uaktuelt. I eksisterande planar for nybygget er det berre rekna med felles bruk av publikumsareal saman med Oldsaksamlinga. Organisatorisk og fagleg er musea for ulike til at det er naturleg å tenkja større grad av samdrift. Museet er positiv til ein «kunstakse» med Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet og Norsk Arkitekturmuseum. Nasjonalgalleriet har ingen ønskje om å plassera gjenstandssamlinga utanfor hovudbygget i eit evt. fellesmagasin. Nærleik til samlingane er vesentleg i det daglege arbeidet.

Nobelinstituttet har ei tid hatt planar om å etablera eit Fredsprismuseum. Eigne lokale der instituttet held til, er for små til eit slikt museum. Dei er difor på leit etter eit bygg som dei kan få disponera til museumsformål. Dersom det blir ein bygning som høver til det, kan instituttet vurdera å flytta bibliotek og forskingsfunksjonen saman med Fredsprismuseet. Etter instituttets eiga vurdering er den første bygningen til Noregs Bank, Bankplassen 3, eit høveleg lokale. Men dei kan også gjerne tenkja seg noverande lokale til Museet for samtidskunst. Det viktige for dei er om dei kan få til ei avtale om ein bygning og kva hus det kan bli. Fredsprisutdelinga har 100-års jubileum i 2001. Det vil vera eit høveleg tidspunkt for opning dersom Fredsprismuseet skulle bli vanskeleg å få realisert tidlegare.

Oslo kommune er part i saka på fleire måtar. Oslo kommunes kunstsamlinger omfattar både Munch-museet, Vigelandsparken og -museet og Stenersenmuseet. Det er ikkje noko som talar for å flytta Munch-museet til Tullinløkka, til bygningar som i så fall må byggjast om for å få like gode lokalitetar som i dag. Museet har nye, moderne, skreddarsydde lokale og har ein sponsoravtale som ikkje utan vidare tillet omlokalisering. Det blir sett som ein klar føremonn at museet ligg på Tøyen. I den samanhengen blir det peika på at dersom Museet for samtidskunst skal flytta, vil nærleik til Munch-museet vera like interessant som at det blir flytta til Tullinløkka.

I byutviklingssamanheng ser kommunen positivt på utbygging/lokaliseringsalternativa på Sørenga og Tøyen, men er skeptiske til flytting av Oldsaksamlinga til Bygdøy. Prosjektet Miljøbyen Gamle Oslo har februar 1996 presentert eit revidert prosjekt for eit mellomaldermuseum på Sørenga. Planane har større omfang og høgare kostnadsramme enn det opphavlege prosjektet. Det er gjort framlegg om at det nye museet skal bli ein knutepunktinstitusjon, dvs. at staten skal stå for 60% av utgiftene og Oslo kommune 40%.

Museet for samtidskunst har sidan 1988 halde hus i den førre bygningen til Noregs Bank. Frå museets side blir det framheva at det er ei god og sentral plassering i byen. Men arealet er for lite, og den freda bygningen er vanskeleg å tilpassa til mange av aktivitetane. Det trengst m. a. klimatiltak som det truleg er uråd å gjennomføra p.g.a. for store inngrep i bygningen. For ein del funksjonar har museet dispensasjon frå arbeidsmiljølova og brannforskriftene.

Museet meiner at det ideelle ville vera eit nybygg, men også tilpassing av annan, eksisterande ledig bygning kan vera aktuelt. Ei lokalisering på Tøyen saman med universitetsmusea og Munch-museet vurderer museet som litt avsides, men avviser det ikkje. Samlokalisering med Nasjonalgalleriet blir sett på som interessant. Det ville vera naturleg med fellestenester når det gjeld publikumsfunksjonar, bibliotek, verkstader og atelier. Når det gjeld gjenstandar, har museet spesielle behov, fordi det ofte er tale om å handtera store, voluminøse gjenstandar. Dersom det skal bli aktuelt med flytting til Tullinløkka, vil Museet for samtidskunst ha behov for både Historisk museum og det nye arealet på 5 500 m2.

Universitetet i Oslo med musea Oldsaksamlinga/Vikingskipshuset, Etnografisk museum og Myntkabinettet vil bli mest berørte ved eventuell rokering av musea. I utgangspunktet er universitetet nøgd med lokaliseringa av dei aktuelle musea, sjølv om arealet i Historisk museum set grenser for funksjonane. Det planlagte nybygget saman med Nasjonalgalleriet vil hjelpa på ein del av plassproblema. Forhandlingar om å få disponera meir av nybygget har ikkje ført fram. Det gjer at Etnografisk museum ikkje kan disponera heile Historisk museum, slik planane var opphavleg. Bygningen må framleis delast mellom dei tre musea som er der i dag. Universitetet understrekar sterkt at byggjeprosjektet på Tullinløkka må gå slik som planlagt, det må ikkje utsetjast.

På sikt ser ein at det kan bli behov for større magasin- og verkstadkapasitet. Ei felles løysing for universitetsmusea kan vera aktuell, men det er ikkje noko ønskje om å kopla inn andre museum på ei slik fellesløysing. Universitetet har ikkje teke stilling til omfang eller lokalisering for eit slikt tiltak, det vil liggja eit stykke inn i framtida. Reint generelt er universitetet skeptisk til tiltak som inneber samlokalisering med andre museum, derimot er det interesse for samarbeid med institusjonar utanfor universitetsmusea når det er naturleg.

Vikingskipshuset har ei god plassering, nær dei andre musea som har sjøfart som tema. I dag er det for liten parkeringskapasitet og for dårlege publikumsfasilitetar med tanke på at Vikingskipshuset er det best besøkte museet i Noreg. Dette arbeider ein no med å finna ei løysing på. Fram til 1990 var det planar om å flytta Oldsaksamlinga ut til Bygdøy. Desse planane ser ikkje universitetet lenger som aktuelle. Det blir m. a. vist til at vikingskipa bør formidlast åleine, samankopling med resten av den førreformatoriske historia kan verka forstyrrande inn på den sterke formidlingsprofilen vikingskipa har fått opp gjennom åra. Flytting av vikingskipa ser universitetet på som heilt uaktuelt. Den tekniske tilstanden for skipa og dei andre samlingane er slik at alle forsøk på å flytta dei vil innebera risikoar som dei meiner det er uansvarleg å ta.

Når det gjeld eit eventuelt mellomaldermuseum på Sørenga, har ikkje universitetet teke stilling til om eller i kva grad dei skal involvera seg i eit slikt tiltak. Ei samlokalisering av Oldsaksamlinga og eit evt. mellomaldermuseum blir ikkje vurdert som ønskjeleg.

Dei eldste sentrumsbygningane til universitetet er heilt uaktuelle å bruka i museumssamanheng. Det er brukt store ressursar på å rehabilitera bygningane som undervisningslokale, som er den opphavlege bruken for desse bygningane.

14.3 Vurdering

Etter fleire omgangar med drøftingar og planarbeid nærmar det seg prosjektering og oppføring av eit nybygg på Tullinløkka11 som både Nasjonalgalleriet og Universitetet i Oslo har stor bruk for. Det er lett å skjøna at begge institusjonane er skeptiske til innspel og nye idear som kan skipla framdrifta i den planlagde utbygginga. Det må difor vera eit klart grunnlag for vidare vurdering at dersom det skal skje endringar, må det setjast i gang parallelle prosessar som gjer at alle partar kjem betre ut enn det dei vil gjera med noverande planar. Konkret betyr det at utbyggingsvolum og økonomisk ramme må aukast, dersom det skal endrast noko. Før det blir sett i gang konkret arbeid med evt. endringsalternativ, må det difor koma ei rask avklaring av om det er politisk vilje til ei utvida satsing.

Det er fleire grunnar som kan tala for å halda på det noverande konseptet med Oldsaksamlinga, Etnografisk museum og Myntkabinettet i ein bygning som dei har hatt sidan 1902. Det ligg ei historisk tyngd i at universitetsmusea har vore representerte i sentrum frå dei vart etablerte. Eit framhald av noverande lokalisering vil kunna markera at universitetet og musea er til stades der folk ferdast, nemleg i eit levande bysentrum. Ein kan også hevda at den variasjonen som musea kring Tullinløkka i dag presenterer, er ein positiv kvalitet for publikum, som på den måten kan møta ulike kulturelle uttrykksformer i museumssamanheng. Når Museumsutvalet likevel meiner det kan vera aktuelt å gå vidare med vurdering av andre alternativ, er det fordi dei noverande planane på Tullinløkka ikkje gjev tilstrekkeleg svar på det ein freistar løysa med utbyggingsprosjektet, nemleg plassproblema og dermed også funksjonaliteten for dei aktuelle musea.

Veikskapen med prosjektet på Tullinløkka slik det er i dag, er at for mange behov blir verande uløyste i dei berørte institusjonane. Ramma for alt ein vil og ideelt sett burde få til, er kort og godt ikkje romsleg nok. Prosjektet er prega av stor grad av kompromiss. Museumsutvalet meiner difor at det er rett å sjå på alternativ som totalt sett kan gje betre vilkår for dei aktuelle musea.

Det må understrekast at Museumsutvalets vurdering gjeld kva alternativ som det bør arbeidast vidare med.

I utgangspunktet meiner Museumsutvalet at det er rett å gå vidare med alternativ som kan gje betre samordning mellom institusjonar som er likearta og som har stort interessefellesskap. Samlokalisering vil gjera det lettare å oppnå slik samordning.

Utan omsyn til kva ein måtta meina om ulike rokeringsalternativ, er det grunn til å framheva det positive i å samlokalisera Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst på Tullinløkka, der dei to institusjonane kan disponera både Historisk museum og det planlagde nybygget. Det vil gje ei heilt anna form for fellesutnytting av viktige funksjonar i det nye arealet enn noverande planar legg opp til. Ser ein på dei arkitektoniske interiørkvalitetane som Historisk museum har som bygning, er det grunn til å tru at det er lettare å ta omsyn til dei med kunst som utstillingsobjekt enn det er med arkeologiske og etnografiske samlingar.

Samling av dei nasjonale kunstmusea vil gje eit tyngdepunkt som både kunstfagleg og sett frå publikums side vil kunna opplevast som spennande og positivt. Ei samlokalisering vil også opna for ei integrert organisering, dersom det skulle vera ønskjeleg i framtida.

Skal ein oppnå ei samlokalisering av kunstmusea, må det finnast anna løysing for Oldsaksamlinga, Etnografisk museum og Myntkabinettet. Av dei ulike rokeringsalternativa som er nemnde ovanfor, er flytting til Sørenga det minst aktuelle. Det vil berre vera å flytta det samordningsnivået som er i dag, til ein annan stad, rett nok supplert med ei mellomalderutstilling. Det vil vera eit forsøk på å byggja eit nytt museumstyngdepunkt i Oslo i tillegg til dei som er i sentrum, på Bygdøy og på Tøyen. Det vil likevel stå fram som ei litt isolert museumsøy, og den museumsfaglege samordningseffekten vil ikkje stå i forhold til dei store investeringane som vil måtta til, ikkje minst når det gjeld infrastruktur. Flytting av vikingskipa frå Bygdøy inneber store tekniske utfordringar, som sjølv om dei skulle la seg løysa, ber i seg så mange usikre moment at Museumsutvalet har vanskar med å gå god for ei slik løysing.

Heilt sidan 1912 og til 1990 har universitetet sjølv operert med flytting av Oldsaksamlinga/Myntkabinettet til Bygdøy som eit alternativ. Samordningseffekten er avgrensa til sjølve Oldsaksamlinga og til eit samarbeidspotensiale med Norsk Folkemuseum, noko som i og for seg kan vera positivt. Innanfor dette alternativet er flytting til Tøyen den mest aktuelle løysinga for Etnografisk museum.

Makeskifte med Munch-museet reknar Museumsutvalet som heilt uaktuelt. Bygningen på Tøyen er skreddarsydd til Munch-museet og vil vera for liten til Etnografisk museum. For universitetet vil Bygdøy-alternativet bety to omtrent like store museums-«landsbyar», den eine på Tøyen og den andre på Bygdøy. Ei slik løysing vil likevel ikkje vera fullgod, ho vil ha preg av å vera ein måte å rydda plass for kunstmusea, utan at universitetet får full utteljing på samordningsområdet.

Etter Museumsutvalets meining vil den beste løysinga for universitetsmusea liggja i det alternativet som inneber å byggja ut på Tøyen i tilknyting til dei naturhistoriske musea. Dette gjeld ikkje vikingskipa, som bør bli verande på Bygdøy som ei utstilling. Tøyen er det området som universitetet sjølv nemner for ei evt. utbygging av felles magasin og verkstader/laboratorium i framtida. Museumsutvalet meiner at denne tanken kan førast litt vidare og omfatta heile museumsverksemda til universitetet, med unntak av Vikingskipshuset. Det opnar fleire interessante utviklingsliner:

  • Det vil liggja til rette for stor grad av samordning av museumsfunksjonar, ikkje minst på det tekniske området.

  • Det vil liggja til rette for utviklingsprosjekt som sameiner natur- og kulturhistorie på ein måte som ein ikkje ser i dag.

  • Den nyetablerte utdanninga i teknisk konservering kan utvidast til å gjelda dei fleste former konserveringskompetanse både innanfor natur- og kulturhistorie.

  • Det vil liggja til rette for ein integrert organisasjon for universitetsmusea på same måten som ved dei andre universiteta.

I dag disponerer universitetsmusea i sentrum ca. 10 000 m2. I tillegg kjem planlagde 9 000 m2 brutto i nybygget. Med ein viss auke for å stetta uløyste behov, men også sjansar til større grad av sambruk, er det tale om ei utbygging på 22 000-25 000 m2. Med ein kvadratmeterpris på 15 000 kroner vil kostnadsramma liggja på ca. 330-375 mill. kroner. Det er elles grunn til å tru at Tøyen representerer eit kostnadsnivå på nybygg som er lågare enn noko anna alternativ.

Når det gjeld Kunstindustrimuseet, vil ei avgjerd for kunstfaghøgskulen leggja dei viktigaste føringane. Må museet ut av noverande bygning, bør flytting nær dei andre kunstmusea eller overtaking av annan ledig bygning i sentrum vurderast. Lokalisering nær kunstmusea vil vera ein føremonn, evt. i noverande lokale for Statens kunstakademi. Det vil gje ein ekstra dimensjon til eit samla kunstmuseumsmiljø.

Dersom Museet for samtidskunst flytter til Tullinløkka, vil begge dei to tidlegare bygningane til Noregs Bank vera aktuelle for Fredsprismuseet. Men klimaproblema i noverande bygning til Museet for samtidskunst vil sjølvsagt også gjelda for Fredsprismuseet, sjølv om det materialet vil ha litt annan karakter enn dei gjenstandane som Museet for samtidskunst handterer. Det må difor lagast ein grundig klima- og bygningsteknisk analyse av bygningen for å få klarlagt kva som er mogeleg å gjennomføra av klimatiltak utan å koma i konflikt med verneklausulane.

Det må også understrekast at dersom det ikkje blir endring av noverande planar på Tullinløkka, bør det raskt lagast ein tiltaksplan for korleis Museet for samtidskunst kan få løyst sine problem, evt. med flytting til anna lokale. Dersom noverande bygning korkje er aktuell for Museet for samtidskunst eller Fredsprismuseet, kan det vera ei løysing å gjera bygningen om til ein rein utstillingsbygning som kan brukast til ulike typar store utstillingar. Som døme kan nemnast internasjonale vandreutstillingar, der museumsramma ikkje er den mest aktuelle, og der krava til klimaforhold ikkje er like strenge som for museumsutstillingar. Eksperimentell utstillingsverksemd t.d. i regi av Riksutstillingar kan også vera ein funksjon.

Planane om eit mellomaldermuseum på Sørenga har enno ikkje fast grunn under føtene i den forstand at nokon har sagt eintydig ja til å vilja utvikla prosjektet. Dei ulike aktørane ventar på kvarandre og gjer eiga deltaking avhengig av at andre enn ein sjølv ber hovudtyngda av kostnadene. Dersom ideane skal utviklast vidare, vil det mest realistiske vera å etablera ei utstilling og ruinpark, litt etter same mønster som Vikingskipshuset.

Med ei evt. samling på Tøyen av universitetsmusea får ein tre markante museumstyngdepunkt i Oslo. Kunstmusea og Kunstindustrimuseet i sentrum, universitetsmusea og Munch-museet på Tøyen og dei eksisterande musea på Bygdøy. I forhold til publikum representerer det ei styrking av eit mønster som allereie er etablert og velkjent. Noko av det mest spennande og nyskapande i så måte er det formidlingspotensialet som universitetsmusea kan utvikla på Tøyen.

I samsvar med det som er sagt ovanfor, meiner Museumsutvalet at ein bør vurdera nærare dei alternativa som sikrar størst mogeleg samordningseffekt for dei musea som er berørte:

  • Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst overtek nybygget på Tullinløkka og dei andre bygningane som universitetsmusea i dag disponerer.

  • Oldsaksamlinga, Myntkabinettet og Etnografisk museum får nybygg på Tøyen i tilknyting til dei naturhistoriske musea.

  • Det blir laga ein analyse av kva bygningar i Oslo sentrum som kan vera aktuelle for Kunstindustrimuseet, Norsk Arkitekturmuseum og eit evt. Fredsprismuseum.

  • Dersom bygningen til Museet for samtidskunst ikkje er aktuell for museumsformål, bør ein vurdera å bruka bygningen som eit allment utstillingslokale for ulike typar utstillingar.

  • Det blir laga ein analyse av i kva grad fleire museum kan løysa problema med manglande magasinkapasitet med eit felles magasin for delar av gjenstandssamlingane.

Fotnoter

1.

Allereie i 1885 hadde arkeologen Ingvald Undset framlegg om å bruka den aktuelle tomta på Tullinløkka for «Kunst- og tegneskolen» p.g.a. nærleiken til kunstmusea og det planlagde Historisk Museum. Nemninga den gongen var Nedre Tullinløkka, medan Øvre Tullinløkka vart brukt om det området der Statens kunstakademi og Frederiks gate 3 ligg.

Til forsiden