NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

2 Innleiing

2.1 Oppnemning og mandat

I kongeleg resolusjon av 15. desember 1993 oppnemnde Regjeringa eit utval med oppgåve å utarbeida eit grunnlag for ein nasjonal museumspolitikk som set musea inn i ein heilskapleg samfunnsmessig samanheng.

Utvalet fekk følgjande medlemer:

Direktør Elin Fjellheim, Røros

Rådgjevar Tonte Hegard, Oslo

Førstekonservator Natascha Heintz, Oslo

Professor Arne B. Johansen, Trondheim

Amanuensis Ivar Kraglund, Oslo

Fylkeskultursjef Aasmund Mjeldheim, Bergen

Professor Einar Niemi, Tromsø

Førstearkivar Lisabet Risa, Hå

Avdelingsdirektør Jon Suul, Trondheim

Direktør Anniken Thue, Oslo

Rådgjevar Magne Velure, Lillehammer (leiar)

Direktør Ingvild Øye, Bergen

Magne Velure vart frå 1. januar 1994 engasjert på full tid for å arbeida med utgreiinga. Han har også ført utgreiinga i pennen. Frå 20. juni 1994 har cand. philol. Etty J. Levy vore engasjert som prosjektmedarbeidar. Norsk museumsutvikling (NMU) har hatt sekretariatsfunksjonar for utvalsarbeidet, og direktør Jon Birger Østby har møtt som observatør på 10 av møta. Utvalet har brukt namnet Museumsutvalet i utgreiinga.

I den kongelege resolusjonen der utvalet vart oppnemnt, er det sagt følgjande om bakgrunnen for oppnemninga:

«I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden er det uttala at ei viktig oppgåve i tida framover vil vera å få i stand ei overordna samordning av verksemda ved musea. I Innst. S. nr. 115 (1992-93) slutta komiteen seg til departementet si vurdering av at det er eit prioritert mål å utvikla ein plan for nasjonal samordning av innsamlinga av kulturhistorisk gjenstandsmateriale frå vårt eige hundreår. Komiteen gav dessutan uttrykk for at ein i større grad laut arbeida fram eit samarbeid og samordning mellom arkiv, bibliotek og museum.

I St.prp. nr. 1 (1993-94) har Kulturdepartementet vist til Innst. S. nr. 115 (1992-93), og varsla at det i samråd med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil verta sett ned eit utval til å vurdera ein slik nasjonal museumsplan, der ein mellom anna må vurdera nærare både arbeidsdelinga mellom musea og funksjonsdelinga mellom forvaltningsnivåa.»

Med utgangspunkt i dette vart det formulert følgjande mandat:

«Musea skal ha til oppgåve å vera samfunnsminne som skapar forståing for samanhengar i kultur- og naturhistoria vår. I dette ligg og å skapa vyrdnad og toleranse for kulturelt mangfald, innsyn i og ansvarskjensle for økologisk samspel. Utvalet skal med dette utgangspunktet utarbeida eit grunnlag for ein nasjonal museumspolitikk som set musea inn i ein heilskapleg samfunnsmessig samanheng. I dette arbeidet skal utvalet m.a.:

  • Analysera mål og hovudoppgåver for musea og drøfta korleis dette samsvarar med kulturpolitiske mål trekte opp i kulturmeldinga og andre aktuelle dokument. I denne samanhengen skal det gjerast greie for museumsomgrepet og bruken av det i Noreg samanlikna med andre land.

  • Gje eit oversyn over museumsstrukturen i dag og sterke og veike sider ved denne.

  • Gjera greie for mogelege alternative struktur- og styringsmodellar med sikte på betre heilskapsplanlegging og betra samarbeid på tvers av fag- og institusjonsgrenser.

  • Analysera og vurdera verknadene av dei offentlege tilskotsordningane for musea.

  • Drøfta ei ordning med klart definerte resultatmål som vilkår for statlege tilskot til museum.

  • Analysera og vurdera korleis musea ivaretek innsamling, bevaring, forsking og formidling og gjera framlegg om tiltak som kan klargjera og betra ansvar, styring, samarbeid, arbeidsdeling og kompetanse med sikte på best mogeleg ressursutnytting.

  • Skissera organisatoriske løysingar for korleis utdanninga og etterutdanninga av museumspersonale, evt. med eit nordisk perspektiv, kan vera eit verkemiddel i kompetanseoppbygging.

  • Vurdera trongen for fellestenester og samordningsfunksjonar for musea.

  • Drøfta kva for rolle musea bør spela i kulturminnevernet og miljøvernet.»

Det har vore eit viktig utgangspunkt for Museumsutvalet å sjå på museum som samfunnsinstitusjonar i eit heilskapsperspektiv. Då det er over 25 år sidan det vart laga ei offentleg utgreiing om museum i Noreg, har Museumsutvalet lagt vekt på å gjera detaljert greie for ulike sider ved museumsarbeidet. Detaljeringsnivået har også vore naudsynleg fordi det er første gongen ein har laga ei samla framstilling som gjeld heile museumsfeltet og som samstundes tek for seg koplinga mellom museum og kulturminne- og naturforvaltning.

Utvalet har lagt mest vekt på prinsipp og modellar for korleis samhandling mellom institusjonar og mellom institusjonar og forvaltningsnivå kan ordnast. På ein del felt har Museumsutvalet kome med konkrete framlegg. I den samanhengen vil utvalet understreka at utgreiinga har karakter av å vera eit prosessdokument, der eitt av måla er å setja i gang utvikling og endring med utgangspunkt i dei vurderingane og framlegga som ligg i utgreiingsarbeidet.

Opphavleg hadde utvalet i oppgåve å levera ferdig utgreiing i desember 1995. Dette vart seinare endra til mars 1996, m.a. for å få med statistisk materiale frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for året 1994. Dessutan fekk Museumsutvalet i oktober 1995 i oppgåve å sjå nærare på nokre idear som hadde kome fram i ein forvaltningsdiskusjon mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kulturdepartementet om plassering av statlege, nasjonale museumsinstitusjonar i Oslo. Dette punktet har fått eit eige kapittel i utgreiinga.

2.2 Arbeidsgangen

Utvalet har hatt 13 møte: 11 møte over to dagar, eitt over tre dagar og eitt eindagsmøte. Delar av utvalet har gjort studiereiser til Canada, Nederland og Storbritannia for å sjå nærare på korleis museumssektoren er organisert der. På eitt av møta fekk utvalet orientering av representantar frå Statens kulturråd i Sverige og Statens Museumsnævn i Danmark om museumsarbeid i desse to landa.

Utvalsleiaren har, delvis saman med utvalsmedlemer, hatt møte med representantar for kulturadministrasjonane i alle fylkeskommunane og med administrasjon og leiing for dei fire universiteta. Leiar og utvalsmedlemer har også hatt møte med representantar for Sametinget, Samisk kulturminneråd og Samisk kulturråd.

Museumsutvalet har hatt tilgang til ei rekkje plandokument frå fylkeskommunane, universiteta, samiske arbeidsgrupper og miljøforvaltninga. I samband med statistikkspørjinga for 1993 vart musea bedne om å senda inn plandokument. I tillegg har ein del einskildinstitusjonar på eige initiativ sendt inn dokument, der dei prinsipielle sidene har vore til nytte i utgreiingsarbeidet. Styret i Norske Kunst- og Kulturhistoriske Museer (NKKM) har på eige initiativ kome med innspel til utgreiingsarbeidet.

I samband med vurdering av plassering av museum og museumsfunksjonar i Oslo gjennomførte Norsk museumsutvikling, på oppdrag av Museumsutvalet, ein møteserie med dei berørte partane. Ein medlem frå utvalet var med på alle møta, og referat og andre dokument frå institusjonane/partane dannar grunnlaget for behandlinga i utvalet.

I samband med utgreiingsarbeidet vart det laga ein del ekstra spørsmål som følgde med det vanlege statistikkskjemaet frå Statistisk sentralbyrå til musea for rapporteringsåret 1993. På oppdrag av Norsk museumsutvikling og Museumsutvalet gjennomførte Statistisk sentralbyrå sommaren 1995 ei lita undersøking for å kartleggja i kva samanhengar folk gjestar museum og dessutan for å finna ut noko om kvifor folk ikkje går på museum. Utvalet gjennomførte sjølv to spørjeundersøkingar, ei blant fast tilsette ved musea og ei blant styremedlemer ved eit utval museum. Norsk museumsutvikling og Museumsutvalet har gjeve økonomisk støtte til den såkalla Trøndelagsundersøkinga, der det vart gjennomført ei detaljert kartlegging av tilstanden når det gjeld gjenstandsregistrering og førebyggjande konservering ved museum i Trøndelagsfylka.

Innstillinga er samrøystes på alle punkt.

Til forsiden