NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

5 Museum som samfunnsinstitusjon

«Museum har spela ei viktig rolle når det gjeld å definera ulike meiningar av 'kultur' ved å skapa medvitne og umedvitne oppfatningar av kva som er 'viktig'. Sjølv om museum til vanleg fungerer som myteskapar, har dei også eit stort potensiale når det gjeld å analysera og stilla spørsmål ved tvilsame tradisjonar, tendensiøse mytar og konvensjonelle verdiar» (omsett og sitert frå Cuéllarkommisjonens rapport om kultur og utvikling Our Creative Diversity 1995)

5.1 Innleiing

Etter ein gjennomgang av museumshistoria, både internasjonalt og nasjonalt, kan ein nærma seg ei problemstilling der ein ser på museum som samfunnsinstitusjon. Det er få som i dag set spørsmålsteikn ved at museum er viktige institusjonar i kulturlivet i eit kvart land. Dei spelar ei sentral rolle når det gjeld å skapa medvit om mangfald og eigenart både når det gjeld naturtilhøve og kultur- og samfunnsliv. Musea er både bevarande og skapande institusjonar. Det kan likevel vera interessant å sjå på spørsmålet: Kvifor har vi museum? Svara vil variera alt etter kven som svarer og kva utgangspunkt ein tek for svara. I den føregåande presentasjonen av museumshistoria har ein indirekte kome inn på delsvar i tilknyting til spørsmålet. Dette heng sjølvsagt saman med at når noko blir etablert, blir det samstundes utvikla ein legitimeringsretorikk som skal forklara og overtyda om kor viktig den aktuelle konstruksjonen er, anten det medvite er tenkt som del av ein større samfunnssamanheng eller ikkje.

5.2 «Eit museum er...»: definisjonseksersis

Når museumssamfunnet sjølv skal svara på spørsmålet om kvifor ein har museum, får svaret ofte form av ein definisjon som karakteriserer musea gjennom det dei utfører. Det er difor naudsynleg å sjå litt nærare på kva element som til vanleg er med i museumsdefinisjonar.

Som utgangspunkt er det naturleg å bruka den museumsdefinisjonen som International Council of Museums (ICOM) har presentert. Han tener som utgangspunkt for definisjonar i mange land, både i offentlege dokument og i museumsorganisasjonar. Her i landet finn ein mange nedslag av ICOMs definisjon i dei fylkeskommunale museumsplanane. Originalversjonen er på engelsk og lyder slik:

«A museum is a non-profitmaking, permanent institution in the service of society and of its development, and open to the public, which acquires, conserves, researches, communicates, and exhibits, for purposes of study, education and enjoyment, material evidence of man and his environment» (ICOMs Statutes).

I norsk omsetjing kan definisjonen formulerast på følgjande måte:

«Eit museum er ein ikkje-kommersiell, permanent institusjon som skal tena samfunnet og samfunnsutviklinga. Institusjonen skal vera open for publikum. Eit museum skal samla inn, bevara og sikra, forska i, formidla og stilla ut materielle vitnemål om menneska og omgjevnadene deira. Formålet er å gje høve til studiar, opplæring og oppleving».

Einskildelementa kan presenterast og kommenterast på følgjande måte:

  • Tilhøvet til samfunnet blir beskrive slik at alle aktivitetane på museet skal tena samfunnet. Til vanleg ble dette punktet omtala i generelle vendingar. Men i definisjonen som den svenske museumsutgreiinga frå 1994 presenterer, blir det sagt noko meir spesifikt om kva samfunnsfunksjonen for musea bør vera: «Museets syfte är bildning för medborgarna» (SOU 1994: 51 Minne och bildning). Utgreiinga målber eit folkeopplysningsperspektiv der museum blir sett på som samfunnets kollektive minne. Museum skal vera eit instrument i arbeidet for å styrkja folks kunnskap om og forståing for samanhengar i tid og rom.

  • Ei anna presisering som legg meir vekt på den aktive handlingsfunksjonen museum kan ha, finn ein i programskriftet Excellence and Equity (1992) som den amerikanske museumsorganisasjonen American Association of Museums (AAM) har gjeve ut. Der blir det framheva at «musea oppfyller sin samfunnsfunksjon best når dei gjev opplæringsbaserte opplevingar i vidaste forstand: ved å nøra opp under evna til å leva aktivt og rikt i eit pluralistisk samfunn og ved å gje bidrag til løysingar på dei utfordringane vi møter som globale medborgarar» (omsett og sitert frå Excellence and Equity 1992).

  • Hovudelementet i alle definisjonar er at eit museum arbeidar med materielle leivningar, anten dei kjem frå naturen eller er resultat av menneskeleg aktivitet. Forholdet til den materielle omverda er aktivt i den forstand at museum byggjer opp samlingar som også skal gjera nytte i ei framtid. Dette har vore eit hovudkjennemerke på museum gjennom alle tider.

  • Alle definisjonane har utfyllande beskrivingar av aktiviteten eller funksjonane ved eit museum. Aktiviteten blir karakterisert med verba «samla inn», «forska i», «bevara», «sikra», «stilla ut», «formidla kunnskap om». Her er ikkje musea åleine på nokon måte. Mange samfunnsinstitusjonar utfører det same: arkiv, bibliotek, universitet, opplæringsinstitusjonar, forlagsbransjen osv., men som oftast på andre område og dels med andre verkemiddel. Beskriving av desse funksjonane får stort rom i dei fleste museumsdefinisjonane, og mange av dei som arbeider på musea, ser på aktivitetane eller prosessane som det viktigaste kjennemerket.

  • I somme definisjonar blir det framheva at museum er ikkje-kommersielle institusjonar i den forstand at dei ikkje har som hovudmål å skapa økonomisk overskot. Det forhindrar sjølvsagt ikkje at museum kan driva eller vera engasjert i forretningsverksemd for å skaffa midlar som i sin tur går til museumsaktivitetar.

  • Eit anna punkt som ofte blir framheva, er at museum skal vera permanente institusjonar på den måten at dei blir skipa med det siktemålet at dei skal vara lenge, i prinsippet evig. Dette punktet er ein naturleg konsekvens av at samlingane skal takast vare på, prinsipielt sett for all framtid.

ICOMs definisjon blir rekna for å vera den mest samfunnsrelaterte i den forstand at han seier at samfunnet skal ha nytte av museum. Dette punktet har resultert i kritiske merknader frå ulike perspektiv. Somme i museumsverda vil hevda at å tena samfunnet og samfunnsutviklinga betyr å innordna seg rådande, politiske samfunnssyn til ei kvar tid. Det vil vera det same som å gje avkall på den frie stillinga museum har hatt og skal ha. Interessa og perspektiva skal rettast mot å bevara materiell kultur etter museumsfaglege kriterium. Korleis materialet og informasjonen blir brukt elles i samfunnet, ligg utanfor det som musea skal befatta seg med. I alle fall skal ein halda seg borte frå spørsmål som grensar inn på politiske problemstillingar, blir det hevda.

Eit heilt motsett perspektiv har dei som hevdar at musea i for liten grad er opptekne av kvifor dei eksisterer og korleis dei kan vera aktive medspelarar i samfunnet. Dei sterkaste advokatane for ei meir aktiv og direkte samfunnsrolle har vore talsmenn frå dei såkalla økomusea (sjå boks 5.1). Hovudbodskapen deira, som stundom går under nemninga «ny museologi», er å skapa museum som er aktive i utforminga av livsvilkår i lokalsamfunna.

Tilhengjarane av økomuseumstanken oppfattar seg i opposisjon til etablerte og meir tradisjonelle museum. Det som skil, er at økomusea primært er opptekne av kva dei oppnår i samfunnet, mindre av kva dei utfører. Slikt sett har økomusea revitalisert debat

Boks 5.1 Boks 5.1 Økomuseum

Karakteristisk nok har to av føregangsmennene vore generalsekretærar i ICOM, nemleg Georges Henri Rivière og Hugues de Varines. Økomuseumstanken vart lansert tidleg på 1970-talet, og har utvikla seg både som prinsipp og som praksis fram mot våre dagar. Spesielt Frankrike og franskspråkleg Canada, men også Portugal, Spania og somme søramerikanske land har hatt dei førande miljøa. I Noreg har eit 40-tal institusjonar slutta seg til ideane, i alle fall prinsipielt (Gjestrum og Maure 1988).Økomuseumstanken tek utgangspunkt i at menneske har ei primær, sosial referanseramme. Det er nærmiljøet og lokalsamfunnet, anten det er eit by- eller bygdemiljø. I dette nærmiljøet blir det skapt førestellingar om og kjensler av å høyra til i geografiske, i sosiale og kulturelle samanhenger. I samspelet mellom einskildindivida og mellom menneske og natur utkrystalliserer det seg ein kunnskap og kompetanse som utgjer eit slag kollektiv ressurs, som i større grad enn tilfellet er i dag kan nyttast for å få til ei positiv utvikling av lokalsamfunna. I ei slik referanseramme er materielle leivningar eitt av fleire element i den kollektive kunnskapskompetansen.Gjenstandar i seg sjølve er ikkje verneverdige, dei blir ikkje nødvendigvis samla i ein museumsbygning, men skal vera på den plassen dei alltid har vore. Heile lokalsamfunnet er i grunnen museet, ikkje ein spesiell bygning. Økomusea blir drivne av innbyggjarane i lokalsamfunnet, ikkje av tenestemenn. Det er ei form for kulturhistorisk laboratorium, der det gjeld å søkja etter kunnskap som har verdi for utviklinga av det aktuelle lokalsamfunnet. Museumsspesialistar skal få denne prosessen inn på rett spor, men folk sjølve er hovudaktørane. Folk skal arbeida seg fram til ei positiv sjølvforståing og kulturell identitet. Fleire av dei konkrete prosjekta har teke utgangspunkt i lokalsamfunn som p.g.a. store strukturendringar i næringslivet har opplevd stor arbeidsløyse og andre oppløysingstendensar som følgje av økonomisk krise. Med utgangspunkt i historia til lokalsamfunnet freistar ein då å fokusera på positive sider, som i neste omgang skal få til ein ny giv, både økonomisk, sosialt og kulturelt. Perspektivet er sterkt innovervendt, dvs. mot medlemene av lokalsamfunnet. Samstundes skal det positive presenterast utover mot andre grupperingar, evt. i samband med reiseliv ( jf. Stam 1993, Poulot 1994, Ågren 1994).Økomusea er i hovudsak museum som tematisk omfattar nyare kulturhistorie, sjølv om både arkeologiske tema og naturhistoriske forhold kan integrerast i arbeidet. Det er ingen tvil om at økomuseumsrørsla har mange tilknytingspunkt til framveksten av lokalhistoriske museum og lokalhistorierørsla her i landet i førstninga på 1900-talet. Rivière sjølv held fram friluftsmusea som eitt av førebileta for økomuseumstanken.

ten om kva museum skal vera som samfunnsinstitusjon. Dette er kanskje den største verdien ved økomusea, viktigare enn dei konkrete løysingane som dei har funne fram til.

Sett i forhold til museumsdefinisjonen som var utgangspunkt for dette avsnittet, representerer både økomusea og kritikarar som Stephen E. Weil (sjå boks 5.2) eit synspunkt der dei vil få musea til å vera like opptekne av samfunnsnytten som av dei faglege funksjonane. Det er forståeleg at museumspersonalet i det daglege arbeidet er opptekne av kva ein skal gjera og korleis ein kan løysa oppgåvene. Men skulle samfunnsbetydninga berre vera knytt til det musea gjer, vil aktivitetane lett bli mål i seg sjølve. At det skjer noko, blir viktigare enn kva nytte einskildindivid og samfunnet har av aktiviteten. Dermed kan det bli slik at museum eksisterer som svar utan spørsmål, slik kritiske røyster stundom hevdar overfor musea.

Spørsmålet om samfunnsnytte vil aldri ha eit fasitsvar eller vera noko som er fastsett for all framtid. Nytte i forhold til museum kan vanskeleg målast, teljast eller vegast. Besøkstal er i beste fall ein av fleire faktorar som fortel om ein institusjon klarer å kommunisera med omverda. Nytte er ikkje knytt til kor stor prosentvis del eigeninntekter utgjer av totale ressursar. Det fortel heller noko om korleis ein institusjon maktar å ta seg fram i eit økonomisk landskap. Nytte er heller ikkje utan vidare knytt til faktaopplysningar eller talet på objekt i samlingane. Samfunnsnytten for museum ligg først og fremst i evna til å skapa nyfikne og forståing, evna til å stimulera undringa, til å stilla spørsmål, til å overraska og utfordra einskildmenneske emosjonelt og intellektuelt.

To døme kan illustrera ein flik av kva som kan liggja i omgrepet samfunnsnytte når det skal knytast til museum.

Nytten ved kunstmusea ligg i at dei gjennom historiske og tematiske presentasjonsformer kan visa korleis menneska bruker visuelle former og verkemiddel for å formidla tankar og opplevingar. Kunstmusea arbeider med eit materiale som stendig flyttar grenser og som utfordrar haldningane våre, fordi dei orienterer seg meir mot intellektuelle prosessar og emosjonelle opplevingar enn mot rein faktakunnskap. Kunstmusea avspeglar og er deltakarar i ein kontinuerleg debatt om estetikk og kvalitet og ikkje minst om kunstomgrepet sjølv.

I samband med 50-års markeringa av slutten på andre verdskrigen la National Air and Space Museum ved Smithsonian Institution i Washington fram planar om å laga utstilling om og med delar av det flyet (Enola Gay) som sleppte atombomba over Hiroshima. Utstillinga la opp til å belysa spørsmål som mange meinte inneheldt kritikk mot grunnlaget for og sjølve avgjerda om å sleppa atombomber over Japan for å framskunda freden. Det reiste seg fleire protestar mot utstillingsplanane, og presset mot museumsleiinga var stort for å få endra planane. Kritikarane fekk til slutt gjennomslag slik at dei opphavlege utstillingsplanane vart heilt endra (Wallace 1995).

I denne samanhengen er det mindre viktig om det var rett eller feil å endra planane p.g.a. politisk press utanfrå. Heile hendinga er eit døme på korleis museum gjennom bruk av originale, symbolfylte gjenstandar kan røra ved førestellingar, oppfatningar og haldningar som betyr noko for folk. Denne evna til å engasjera og, i dette tilfellet provosera, er eitt av mange element i det som kan kallast samfunnsnytten av museum. I dette tilfellet ville samfunnsnytten ha vore endå større om utstillingsplanane ikkje hadde blitt stoppa.

Boks 5.2 Boks 5.2 Eit nasjonalt tannpirkarmuseum?

Stephen E. Weil er mellom dei innanfor museumsverda som set kritisk lys på korleis museum fungerer i samfunnet. Han hevdar at når musea blir mest opptekne av sjølve oppgåvene og arbeidsaktivitetane, misser ein lett sansen og synet for kvifor ein verkar innanfor museumsramma. Han tek utgangspunkt i gjeldande definisjonar av museum og demonstrerer korleis han kan etablera eit nasjonalt tannpirkarmuseum utan å koma i konflikt med definisjonane. Sidan det berre blir spurt etter om ein samlar inn, forskar i, tek forsvarleg vare på gjenstandane og stiller ut materialet for eit publikum i ein institusjon som har permanent karakter, vil eit tannpirkarmuseum kunna gjera like stort krav på å vera med i selskapet som eitkvart anna museum. Dette kan skje fordi musea i for liten grad er opptekne av kva dei oppnår i samfunnet, kva «nytte» dei kan bidra med for fellesskapet. Musea må i større grad problematisera aktivitetane sine, gjera det klart både overfor seg sjølve og omverda kvifor dei arbeider som dei gjer. For Weil er det eit spørsmål om å vera meir oppteken av dei ideane som den materielle kulturen representerer og illustrerer, enn dei materielle leivningane i seg sjølve (Weil 1989).Ei vidareføring av hans synspunkt gjer det naturleg å stilla spørsmålsteikn ved den aukande mengda nye spesialmuseum, der det tematiske grunnlaget blir smalare og smalare. Dersom det vart stilt større krav til samfunnsmessig legitimering, ville det ikkje vera like sjølvsagt at samfunnet er tent med at eitkvart tema skal ha eige museum.

5.3 Museum i kulturpolitisk samanheng

Det som har prega dei seinaste 30 åra, er eit aukande offentleg engasjement i kulturarbeid generelt, signalisert og sett i verk med den såkalla nye kulturpolitikken frå 1975. Museum kom relativt sterkt med i denne satsinga, i første rekkje ved at dei såkalla halvoffentlege musea fekk ei ny finansieringsordning f.o.m. 1975 (jf. avsnitt 10.4.1.). Korleis krav og forventningar til musea har vore formulerte i kulturpolitikken, er det næraste ein kan koma når det gjeld svar på spørsmålet om kvifor ein har museum, sett frå samfunnets side.

Ein viktig detalj skal ein merka seg når det er tale om museum i offentlege dokument, t.d. kulturmeldingane og budsjettproposisjonane. Heilt sidan Hove-komiteens innstilling frå 1970 (sjå nedanfor) er det først og fremst dei kunst- og kulturhistoriske musea som har vore omtala. Sidan naturhistoriske og arkeologiske museum i hovudsak er integrerte i universiteta, har omtalen av deira stilling berre kome med i den grad dei har vore aktuelle i offentlege dokument som gjeld høgare undervisning og forsking. Som konsekvens av delinga av Kultur- og vitskapsdepartementet i 1989 i eit Kyrkje- og kulturdepartement (seinare Kulturdepartementet) og eit Utdannings- og forskingsdepartement (seinare Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet), har universitetsmusea og dei andre musea kome under ulike departement. Sidan 1973 har det lovregulerte arbeidet med kulturminne- og naturforvaltning sortert under Miljøverndepartementet, medan dei musea som har oppgåver i forhold til lovverket, sorterer dels under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og dels under Kulturdepartementet. Heller ikkje omtalen av kunst- og kulturhistoriske museum under Kulturdepartementet har vore samordna. Både i kulturmeldingane og budsjettproposisjonane har dei blitt behandla separat: kunstmusea som del av biletkunsten, kulturhistoriske museum som del av kulturvern, saman med bibliotek og arkiv.

Som utgangspunkt for den nye kultur- og museumspolitikken på 1970-talet låg ei innstilling frå museumskomiteen av 1967 (Hove-komiteen), Innstilling om de halvoffentlige museers virksomhet og drift. Komiteen var oppnemnd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og innstillinga vart lagd fram 10. februar 1970. Som innstillingstittelen indikerer, er hovudinteressa retta mot finansierings- og organiseringsspørsmål. Der det blir sagt noko om funksjonen til musea, byggjer ein på den funksjonsbeskrivinga som musea sjølve har etablert.

Målet med museumsarbeidet blir generelt uttrykt i formuleringar om at «museene hører til vårt samfunns eldste kulturbevarere og kulturformidlere». Det blir lagt stor vekt på bevaringsaspektet i museumsarbeidet, med ei understreking av dei dårlege forholda mange museum hadde på det feltet. Det er likevel formidlingssida som blir grundigast behandla, med ei sterk framheving av samspelet mellom musea og omverda i form av utstillingar, aktivitetar og, ikkje minst, pedagogiske opplegg for skulane. Innstillinga vart følgd opp med St.meld. nr. 93 (1971-72) Om museumssaken. Meldinga slutta seg i hovudsak til forslaga i innstillinga.

Nokre av innvendingane mot innstillinga, m.a. frå Norsk kulturråd, var at ho baserte seg på ei tradisjonell, statisk oppfatning av museum som verneinstitusjonar, der vernearbeid vart behandla lausrive frå annan kulturaktivitet. Det vart etterlyst eit vidare perspektiv, der museum i større grad gjekk inn som ein integrert del av kulturlivet.

Til ein viss grad finn ein denne perspektivutvidinga i St.meld. nr. 52 (1973-74) Ny kulturpolitikk. Der blir det slått fast at kulturpolitikk er samfunnsomforming. Hovudmålet med den statlege kulturpolitikken er å «byggje eit kvalitativt betre samfunn med jamstelling mellom grupper og enkeltmenneske, eit samfunn der kvar enkelt kan utvikle evner og anlegg, eit rikt og godt miljø». Ein skal arbeida mot ei kulturell demokratisering med organisatorisk desentralisering og økonomiske stimuleringstiltak frå statleg hald som viktigaste verkemiddel. For museumsfeltet utgjorde den nye kulturpolitikken ei generell, legitimerande referanseramme for innføring av tilskotsordninga for halvoffentlege museum (jf. avsnitt 10.4.1.).

Både i innstillinga av 1970, i seinare kulturmeldingar og i budsjettproposisjonar er det tydeleg at vernefunksjonen står svært sterkt. Ikkje sjeldan er museum omtala under kapitteloverskrifta «Kulturvern». Det står derimot så godt som ingenting om kva ein vil oppnå med vernearbeidet, og dermed heller ikkje noko om kvifor ein skal ha museum.

Medan 1970-talet var ekspansjonstiåret med desentralisering og eigenaktivitet som kjennemerke, var 1980-åra ein konsolideringsperiode, som i museumssamanheng ikkje kom med noko prinsipielt nytt. Tilskotsordninga for halvoffentlege museum var det viktigaste verkemiddelet for å styrkja den desentraliserte strukturen, trass i at det vart slutt på den prosentbundne refusjonsautomatikken frå statens side i 1983 (jf. avsnitt 10.4.1.).

Først i St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden kan ein finna nye formuleringar som grunngjev museumsarbeidet. Kulturvernarbeid i arkiv og museum blir framstilt som instrument for å nå det ein kan kalla eit kunnskapsmål og eit formidlingsmål.

«For det første utgjør overleveringene et kilde- og dokumentasjonsmateriale som må samles og systematiseres for å danne grunnlaget for vitenskapelig basert kunnskap om det historiske forløp. I denne kunnskapsbasen ligger et potensiale for ny og revidert viten, samtidig som den gir en nødvendig referanseramme for den fremtidige samfunnsutvikling på alle områder. I dette perspektivet er praktisk kulturvern et redskap for å ta vare på og legge til rette det kilde- og dokumentasjonsmaterialet som forskningen trenger.

For det andre er kulturvern også et spørsmål om formidling på bred basis. Målet er å gjøre kulturarven til en naturlig og levende del av samtiden, i folks tankeverden og i våre fysiske omgivelser. Slik kan fortiden bidra til større opplevelsesrikdom og sterkere identitetsfølelse og skape innsikt i noen av sammenhengene i tilværelsen. Derved er kulturvern også verdiformidling.»

Same tankegangen er ført vidare i St.prp. nr. 1 (1994-95) for Kulturdepartementet. Der er museumskapitlet for første gong formulert etter prinsippet for målstyring. I samsvar med det metodiske opplegget for målstyring blir det formulert ei overordna, grunnleggjande målsetjing for museum:

«Generelt formulert bør det i dag vere eit overordna mål for musea å vere møteplassar for kunnskapsopplevingar som skaper forståing for samanhengar i tilværet, innsyn i og ansvarskjensle for økologisk samspel og respekt og toleranse for kulturelt mangfald».

Samfunnseffekten er uttrykt i følgjande formuleringar:

  • «forståing for samanhengar i tilværet»

  • «innsyn i og ansvarskjensle for økologisk samspel»

  • «respekt og toleranse for kulturelt mangfald».

Sjølv om formuleringane er allmenne, er dei likevel så spesifikke at dei som kulturpolitisk referanseramme gjev føringar for korleis museum kan og bør fungera i forhold til og i samspel med omverda. I mandatet for denne utgreiinga utgjer formuleringane det kulturpolitiske grunnlaget for vurderinga av museum som samfunnsinstitusjon.

Endringa av det kulturpolitiske perspektivet frå å sjå på museum som verneinstitusjonar til å framheva musea som aktørar i den generelle utviklinga av samfunnet, er ein tendens som kan finnast i mange europeiske land. På ein måte er det eit uttrykk for at politiske styresmakter i større grad gjer forsøk på å definera kva innverknad museum bør ha på samfunnsutviklinga. Det representerer eit syn på museum der sjølve museumsoppgåvene - samla, forska, bevara og formidla - blir reiskapar som skal tena til å oppnå den samfunnseffekten ein definerer i dei kulturpolitiske målsetjingane. Sett i forhold til ICOMs museumsdefinisjon ovanfor, er det forsøk på å kvalifisera kva som ligg i uttrykket «tena samfunnet og samfunnsutviklinga».

I Cuéllarkommisjonens rapport om kultur og utvikling blir den samfunnspåverkande rolla for musea understreka. Samstundes framhevar rapporten det potensialet musea kan ha når det gjeld utvikling av politikk og strategiar for informasjonssamfunnet. I den samanhengen blir det peika på utfordringa i å kombinera det materielle kjeldematerialet og kunnskapen i musea med bruk av ny informasjonsteknologi.

Samspelet med samfunnet inneber at museum og samfunn har gjensidige forventningar og krav til kvarandre. I dette ligg både fridom og ansvar for musea: fridom til å vera samfunnsnyttige, ikkje berre på ein stadfestande måte, men også gjennom kritiske og spørjande holdningar; ansvar for å vera synlege medspelarar i samfunnsutviklinga, også ved å arbeida ut frå perspektiv til ulike minoritetar og samfunnslag og ved å ta utgangspunkt i samfunnsspørsmål som kan vera kontroversielle.

5.4 Museum i samfunnet: dialoginstitusjonar

I botnen for dei fleste offentlege dokumenta på museumsfeltet ligg ei grunnfesta oppfatning av museum som folkeopplysningsinstitusjonar (Vestheim 1994). Det er knapt mogeleg å tenkja seg ei museumsverd som ikkje på ein eller annan måte er aktør på ein arena der informasjon, kunnskap og oppleving utgjer vesentlege ressursar både for einskildindivid og kollektivet. Det betyr ikkje at folkeopplysningsbehov og -strategiar er dei same ved tusenårsskiftet som dei var for 100-150 år sidan.

Den tradisjonelle folkeopplysningstanken kan lett resultera i ei form for leksikalsk einvegs-kommunikasjon, der den «uvitande» skal få tilgang til faktakunnskap frå den «lærde». Både museum og andre folkeopplysningsinstitusjonar var baserte på ei førestelling om at nokon forvaltar kunnskap som det er nyttig og naudsynleg for andre å ta del i. Dette kan tolkast og vurderast frå to til dels motsette synsvinklar.

Tilhengjarar av tradisjonell folkeopplysning vil peika på at allmenn tilgang til kunnskap og innsikt er ein naudsynleg føresetnad for eit levande demokrati. I eit slikt perspektiv er folkeopplysning eit verkemiddel for å setja einskildindivid i stand til å vera aktive medspelarar i utvikling og omforming av samfunnet. Folkeopplysning er såleis eit demokratiseringsinstrument på line med og som eit supplement til allmenn skulerett og -plikt, det er ein reiskap som gjev meining til prinsippet om livslang læring. Innanfor ei slik tolkingsramme er museum stader der folk skal kunna få vita om forhold i naturen, om samspelet mellom menneske og natur, om livsvilkår i eldre tider, om kunstnarleg kvalitet. Alt blir rekna som naudsynleg bakgrunnskunnskap for den som skal bevega seg i eit samfunn som blir stendig meir komplisert.

Med ei meir kritisk vinkling på folkeopplysning vil somme hevda at det er tale om ei form for kanonisering av synspunkt og verdiar hjå ein styrande samfunnselite. Deira kunnskap får status som norm og standard. Andre må tilpassa seg dersom dei skal kunna vera med på leiken. Kommunikasjonen går einsidig frå sentrum til periferi, både i geografisk og kulturell meining. Det utviklar seg lett førestellingar om «den rette læra» som blir distribuert i monologform med heva peikefinger, blir det hevda.

Det kulturkritiske synet på folkeopplysning festar seg ved ein fare som ligg innebygd i folkeopplysningstanken, nemleg når kunnskap blir formidla i ei fundamentalistisk og stadfestande form, og når tolkingar og vurderingar blir presenterte som leksikalske fakta.

Forfattaren og kommunikasjonsforskaren Neil Postman vil utfordra musea på dette feltet, og ser gjerne at dei i større grad fungerer som dialoginstitusjonar, dvs. møtestader der den leksikalske monologen blir supplert med den søkjande og spørjande dialogen. Han aksepterer utan problem at museum må vera stader der ein kan stilla spørsmål og få svar. Men han peikar samstundes på det fruktbare i at spesialisten på museet bruker kunnskapen til å stilla spørsmål, gjerne kritiske spørsmål, som i sin tur skaper reflekterande undring hjå den som gjestar museet. I den samanhengen viser Postman til André Gides påstand om at «undervisning/opplæring er best når ho seier deg imot» (Postman 1990).

Boks 5.3 Boks 5.3 Dialog med samfunnet

Canadian Museum of Nature har sidan 1990 gjennomført ein relativt omfattande revisjon både av målsetjingar og intern organisasjon. Museet er eitt av tre nasjonale/føderale museum med eit hovudansvar for taksonomisk-systematisk naturvitskap. Museet formulerer det overordna målet slik: «Målet for Canadian Museum of Nature er, både i Canada og internasjonalt, å auka interesse for, kunnskap om, respekt for og verdsetjing av naturen».I alt planarbeid er det tydeleg at museet tek utgangspunkt i spørsmål og problemstillingar som samfunnet er opptekne av, anten det no er politiske organ eller folk flest. Det var heilt sjølvsagt at museet etablerte Biodiversity Centre for å følgja opp konvensjonen om biodiversitet, som Canada underteikna i 1992. Også internasjonalt markerer museet seg i fremste line på dette feltet. Som utgangspunkt for forskingsprogram hender det at museet utfører ei form for meiningsmålingar for å kartleggja kva folk er opptekne av når det gjeld tilhøve i naturen. Forskingsgruppene spør så i neste omgang om dei «folkelege» problemstillingane kan svarast på av forskarane og om dei dannar eit fornuftig utgangspunkt for ein forskingsprosess som skal få fram ny kunnskap. Det er ingen tvil om at den nye profilen er omstridd, både internt og i museumsverda elles. Samstundes er prosessen ved Canadian Museum of Nature eit døme på korleis ein etablert og etter måten stor institusjon prøver å orientera seg på nytt i samfunnet (The Future of the Canadian Museum of Nature 1993).

Førestellinga om museum som dialoginstitusjonar tek opp i seg noko grunnleggjande ved musea som institusjonar. Dei er aktørar på vegner av og for samfunnet samstundes. Musea representerer fellesskapet samstundes som dei skal verka for fellesskapet. Dialog inneber i den samanhengen eit gjensidig forhold mellom museum og samfunn, der både spørsmål og svar skal kunna gå begge vegar. Dialog inneber også ein vekselverknad mellom spørsmål og svar, ein prosess som heile tida fører til motspørsmål og nye svar. Sentralt i ein slik prosess står kunnskapsgenerering eller forsking, som vil vera den viktigaste reiskapen museumssamfunnet rår over i tillegg til føremålstenlege formidlingsmetodar. I vår tid er samfunnsdialog eit sterkt og meiningsfullt funksjonsgrunnlag for eit museum. Nokre døme på korleis museum kan vera dialoginstitusjonar skal nemnast.

Vi lever i eit informasjonssamfunn der mengda av informasjon ofte kan verka overveldande og nesten skremmande. Eit kjennemerke ved det moderne informasjonssamfunnet er at både innhald og medium blir meir og meir spesialiserte. Resultatet er det fragmentariserte informasjonssamfunnet, der ein druknar i informasjonsbrokkar frå fjern og nær. Tolkande filter blir meir og meir viktige for å kunna handtera denne informasjonsmengda på ein fornuftig måte, slik at ein kan skilja ut relevant informasjon til ei kvar tid.

I dette mylderet trengst det institusjonar som ser det som si oppgåve å vera filter, som kan peika på heilskapar og samanhengar både i tid og rom, som kan gje langsiktige perspektiv på samspelet mellom menneske og natur og som kan visa at endring og kontinuitet er innebygde, dynamiske element i alle former for kulturell utvikling. Det er tale om å skapa forståing for at vi som menneske og som samfunnskollektiv står i ein større samanheng, at vi byggjer på og er resultat av det som er gjort i tidlegare tider. I dette ligg også forståing for at samanhengar inneheld både tradisjon og endring, kontinuitet og brot, mangfald og konformitet, det stadfestande og det grensesprengjande. Her bør musea kunna spela ei rolle.

Museum som står for kunnskapsutvikling og -formidling på tvers av sektorar og faglege skiljeliner, kan tena som ei motvekt mot spesialisering og fragmentarisering. I ei slik referanseramme kan det bli meiningsfylt å sikta mot kunnskap som skaper «forståing for samanhengar i tilværet, innsyn i og ansvar for økologisk samspel...». Det berande kunnskapsgrunnlaget vil heile tida vera materielle leivningar og ulike generasjonars tolking og forståing av det materielle. Kunnskaps- og opplevingspotensialet er det avgjerande, ikkje haldningar og handlingar som er baserte på eit mekanisk «verna-fordi-det-er-gamalt»-syn.

I mange samanhengar blir det framheva at museum har og skal ha ein identitetsskapande funksjon i samfunnet. Ikkje minst økomusea står for eit slikt syn. Med alle sine konkrete og sterkt visuelle leivningar frå naturen eller av menneskeleg aktivitet framstår museum i denne samanhengen som reine symbolsamlingar som understrekar og stadfestar fellesskap. Vilkåret for å kunna skapa kulturell identitet er at musea kan stå fram som stader der folk kan kjenna seg heime, der dei finn assosiasjonspunkt og der dei opplever at bodskapane har noko å gje dei som individ. Eit vesentleg element i dette er om musea maktar å representera ulike gruppers kulturelle sjølvforståing, eller om det berre er nokre grupper som kjenner seg att, medan andre grupper opplever at museumsbesøk først og fremst understrekar at dei står utanfor fellesskapet. Evna til å spegla det kulturelle mangfaldet vil vera ei av mange utfordringar for museum, dersom dei skal gje innhald til målsetjinga om «å skapa respekt og toleranse for kulturelt mangfald».

Til vanleg blir kulturell identitet oppfatta og omtala som ein positiv faktor i samfunnslivet. Kulturell sjølvforståing kan vera både nødvendig og eit godt grunnlag for eit aktivt og skapande samfunnsliv. Men positive oppfatningar om kulturell eigenverdi må balanserast med respekt og toleranse for andre kulturelle former og uttrykk. Oppfatningar av kulturell eigenverdi som er baserte på nedvurdering av andre, er baksida av den kulturelle identitetsmedaljen. Det er lett å peika på kva som kan skje når kulturell sjølvforståing og sjølvhevding blir brukt til å bekjempa andre folkeslag eller kulturgrupper fordi dei ikkje høyrer til «vår» gruppe. Tragiske hendingar både i nær fortid og vår eiga samtid står som avskrekkande eksempel på korleis kulturell identitet kan bli brukt både som premiss og instrument i krig og politisk forfølging. På dette feltet er det viktig at museum stiller spørsmål ved korleis eit samfunn skaper og held ved like kulturell sjølvforståing, og dei farane som ukritisk dyrking av kulturell identitet representerer. Kulturell toleransetrening er minst like viktig som å skapa og stadfesta kulturell identitet.

Som samfunnets symbolsamlingar bør musea ha føresetnader for å vera arenaer for samfunnsdebatt, der det blir stilt spørsmål ved dei evige «kultursanningane», der alternative synspunkt kan presenterast og debatterast, ein arena for «alternative visjonar» (Postman 1990). Då vil musea kunna leva opp til forventninga om at dei kan vera dialoginstitusjonar. Då blir det meiningsfullt i museumssamanheng å sikta mot «respekt og toleranse for kulturelt mangfald».

5.5 Museumsfunksjonar: samfunnsminne og møtestad

Sett i eit perspektiv der museum er ein arena for samfunnsdialog i vid meining, er det indre livet i museet, sjølve arbeidsfunksjonane å rekna som verkemiddel i ein kontinuerleg prosess mot samfunnsmålet. Det reduserer ikkje betydninga av funksjonane samla, forska, bevara og formidla. Tvert imot, innordninga av funksjonane i ein vidare samanheng sett klare krav til profesjonalitet, krev godt utvikla evne til å sjå samanhengar mellom samfunnsmål og arbeidsoppgåver. Samstundes utgjer samfunnsmålet ei referanseramme for prioritering mellom viktige og mindre viktige element i utføringa av funksjonane. Manglar ei slik referanseramme, har alt ein tendens til å bli oppfatta som like viktig. Dermed er det i utgangspunktet vanskeleg, for ikkje å seia umogeleg, å prioritera.

Skal museum kunna fungera godt som dialoginstitusjonar, må to føresetnader vera oppfylte. For det første: Skal ein kunna setja i gang og føra ein dialog, må musea ha kunnskap, dei må kunna byggja opp, fornya og halda ved like ei form for samfunnsminne med materielle leivningar som kjernepunkt i dette minnet. Fleire av arbeidsoppgåvene ved musea er relaterte til minnefunksjonen. Innsamlinga, saman med dei problemstillingane eller spørsmåla som formar utgangspunkt for innsamlingar, utgjer det viktigaste grunnlaget for all museumsverksemd. I ein tolkings- og forståingsprosess som siktar mot ny kunnskap, går forsking inn som eit avgjerande element. Kreativ nyfikne, evne til å stilla spørsmål som opnar for nye, stundom uventa svar, er like avgjerande for museumsforsking som for all annan forskingsaktivitet.

Viktige element er også tilrettelegging og vedlikehald av opplysningar som følgjer dei materielle leivningane. Ein kan tala om livshistoria til gjenstandane, som er utgangspunkt for kunnskapspotensialet i ein kvar gjenstand. Endeleg omfattar dei kunnskapsgenererande funksjonane sikring og bevaring av gjenstandane i seg sjølve, dei konkrete, tredimensjonale vitnemåla som tener som konkrete informasjonsberarar og dermed som assosiasjonspunkt for kunnskapsopplevingar. Arbeidsoppgåvene som er relaterte til kunnskapsutvikling blir omtala nærare i kapittel 7.

For det andre: Skal musea kunna skapa ein god dialog, må musea vera møtestad i vid meining av ordet for alle dei som søkjer kunnskap, opplevingar, intellektuelle og kjenslemessige utfordringar på det mangslungne feltet som omfattar materielle leivningar av alle slag. Det gjeld evne til og metodar for å nå fram med kunnskapsbaserte bodskapar og opplevingar som betyr noko både for den einskilde og for fellesskapet. Musea møter samfunnet på mange måtar, med utstillingar og aktivitetar i eigne bygningar eller andre stader der folk ferdast. Musea møter publikum gjennom bøker, tidsskrift og andre publikasjonar, i radio, fjernsyn og dagspresse. Eigenleg kan musea møta samfunnet i dei same kanalane som alle andre informasjons- og kunnskapsbodberarar bruker. Men eitt verkemiddel er unikt for musea, og det er når dei spelar på kvalitetane som ligg i materialitet: det magisk-autentiske, det nære, opplevingspirrande, det konkrete og visuelle. Arbeidsoppgåvene som gjeld musea som møtestad for kunnskaps- og opplevingsformidling får nærare omtale i kapittel 8.

5.6 Oppsummering

For å finna svar på spørsmålet om kvifor ein har museum, kan ein ta utgangspunkt i ICOMs museumsdefinisjon, i formuleringa at museum skal «tena samfunnet og utviklinga av samfunnet». Heilt allment kan ein seia at samfunnsnytten for museum ikkje berre ligg i det å skapa og formidla kunnskap. Det ligg særleg i evna til å skapa nyfikne og forståing, evna til å stimulera undringa, til å stilla spørsmål, til å overraska og utfordra einskildmenneske emosjonelt og intellektuelt.

I kulturpolitiske dokument og i mandatet for utgreiingsarbeidet er samfunnsnytten skissert meir konkret. Samfunnseffekten er i kortformat formulert slik at museum gjennom arbeidsoppgåvene sine skal skapa:

  • forståing for samanhengar i tilværet

  • innsyn i og ansvarskjensle for biologisk mangfald og økologisk samspel

  • respekt og toleranse for kulturelt mangfald.

For å vera aktive medspelarar i ein slik forståingsprosess bør musea leggja vekt på å vera dialoginstitusjonar, stader der dialog inneber ein vekselverknad mellom spørsmål og svar, ein prosess som heile tida fører til motspørsmål og nye svar.

Som døme på korleis museum kan vera dialoginstitusjonar blir det peika på tre område:

  • I eit samfunn der informasjonsmengda er i ferd med å skapa eit fragmentarisert informasjonssamfunn, kan museum vera ein av aktørane som har til oppgåve å visa dei store samanhengane i tid og rom, og som kan vera med å skapa forståing av at det finst større samanhengar enn dei dagsaktuelle.

  • Det ligg ei utfordring og plikt i å spegla kulturell sjølvforståing for mange grupper.

  • Å skapa og stadfesta kulturell identitet er ei oppgåve for musea, men like viktig er å vera kritisk til kulturell sjølvforståing og sjølvhevding som er basert på nedvurdering av andre gruppers kulturelle eigenart.

I eit dialogperspektiv er museumsfunksjonane - samla, forska, bevara og formidla - reiskapar som er knytte til rolla som samfunnsinstitusjon.

Skal museum kunna fungera godt som dialoginstitusjonar, må to føresetnader vera oppfylte. For det første: Skal ein kunna setja i gang og føra ein dialog, må musea ha kunnskap, dei må kunna byggja opp, fornya og halda ved like ei form for samfunnsminne med materielle leivningar som kjernepunkt i dette minnet. Funksjonane samla, forska og bevara er knytte til rolla som samfunnsminne.

For det andre: Skal musea kunna skapa ein god dialog, må musea vera møtestad i vid meining av ordet for alle dei som søkjer kunnskap, opplevingar, intellektuelle og kjenslemessige utfordringar på det mangslungne feltet som omfattar materielle leivningar av alle slag. Det gjeld evne til og metodar for å nå fram med kunnskapsbaserte bodskapar og opplevingar som betyr noko både for den einskilde og for fellesskapet.

Til forsiden