NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

6 Museumslandskapet i Noreg

6.1 Innleiing

Mangfald er det første kjennemerket som slår ein når ein ser på norske museum. Det er stor spennvidd frå det vesle bygdetunet som blir drive av frivillige eldsjeler, til Vitskapsmuseet, Trondheim og Norsk Folkemuseum, Oslo som kvar har over 100 utførte årsverk pr. år. Den store spennvidda på alle felt gjer at det generelle biletet på langt nær fortel alt om norske museum. Nokre allmenne trekk skal ein sjå på, før ein går nærmare inn på ulike grupper av museum.

6.2 Museumsstatistikken

Det statistiske materialet i utgreiinga byggjer på Statistisk sentralbyrås (SSB) materiale frå åra 1991, 1992, 1993 og 1994, med det siste årstalet som det vanlegaste referanseåret. Til og med 1993-statistikken var det Norsk museumsutvikling (NMU) som sende ut skjema og som stod for purringa. For 1994 hadde SSB ansvaret. SSB har stått for registreringa kvart år og utkøyring av ein del tabellar. Museumsutvalet har hatt tilgang til alle datafiler og til kopiar av registreringsskjema.

Det er gjort nokre mindre rettingar i høve til dei tala som er den offisielle statistikken til SSB for 1992, 1993 og 1994. Det skuldast registreringsfeil som ikkje vart oppdaga før SSB publiserte tala. Verknaden er ikkje så stor på nasjonsnivå, men gjev større utslag på fylkesnivå11.

Når det gjeld kvaliteten på statistikksvara, har det vore ei betring frå 1992 og fram til 1994. Spesielt er det grunn til å framheva ei positiv utvikling i 1994-svara. Det er likevel ein del som let vera å svara på nokre av spørsmåla, og det er somme som har ufullstendige svar. No har skjemaet vore omfattande, spesielt for 1993, då det vart spurt etter opplysningar som skulle brukast i denne utgreiinga. Skjemaet har også hatt lite rettleiing, slik at dei individuelle tolkingsalternativa kanskje har vore for mange. Dette vart retta på i skjemaet for 1994.

Tabell 6.1 illustrerer nokre av forholda:

Tabell  Tabell 6.1 Oversyn over institusjonar som manglar svar på ein del av statistikkspørsmåla

199219931994
(N = 413)(N = 478)(N = 571)
manglar opplysningar om gjenstandssamlingar95 (23%)126 (26%)121 (21%)
manglar opplysningar om katalogiserte gjenstandar159 (38%)216 (45%)210 (37%)
manglar opplysningar om utførte årsverk55 (13%)72 (15%)80 (14%)
manglar opplysningar om utgifter45 (11%)80 (17%)84 (15%)
manglar opplysningar om besøk52 (1%)183 (4%)214 (4%)

2 I tillegg var 22 institusjonar stengde for publikum p.g.a. bygging o.a.

3 I tillegg var 26 institusjonar stengde for publikum p.g.a. bygging o.a.

4 I tillegg var 34 institusjonar stengde for publikum. p.g.a. bygging o.a.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1992, 1993 og 1994

Utviklinga frå 1992 til 1993 viser ein auke for dei som ikkje svarer fullstendig. Dette betyr at auken i talet på svar ikkje alltid har ført til kvalitativt betre opplysningar. Svara frå 1994 betrar dette biletet litt. Manglande svar betyr at talfestingane på ein del felt vil vera for låge. Det er likevel grunn til å tru at hovudtendensane kjem fram i det føreliggjande materialet. Slik sett bør det vera brukande, sjølv om det ikkje er heilt fullgodt.

Eitt av problema som statistikken slit med, er at ulike institusjonar svarer kvart år. I 1993 var det 106 «nye» institusjonar som ikkje hadde svart i 1992. 50 av institusjonane i 1992 svarte ikkje i 1993. I 1994 var det 124 «nye», svarande institusjonar (21,7% av alle som svarte), medan 22 fall frå.

I den store samanhengen tel korkje dei «nye» eller «fråfalne» så mykje. Ser ein t.d. på dei økonomiske svarsverdiane i 1994, representerer dei «nye» 4-6%, med eitt viktig unntak: Dei «nye» står for 15% av gåvene og sponsormidlane. Dette heng saman med ein nyetablert institusjon med stort sponsortilskot. Dei som fall frå i 1994, representerer berre 0,4% av dei økonomiske verdiane i 1993. Dette betyr at dei fleste som svarer ujamt, høyrer med til dei minste institusjonane.

I mange år har statistikkmaterialet operert med fire museumstypar etter tematisk ansvarsområde:

  1. kunstmuseum som også omfattar kunstindustrimuseum

  2. kulturhistoriske museum som omfattar arkeologiske museum og dei som arbeider med etterreformatorisk historie, også tekniske museum

  3. naturhistoriske museum som i praksis vil seia dei naturhistoriske musea ved universiteta i Oslo og nokre få andre

  4. blanda kulturhistoriske og naturhistoriske museum, med Bergen Museum, Vitskapsmuseet, Tromsø Museum, Stavanger Museum, Arkeologisk museum i Stavanger og Norsk Skogbruksmuseum som dei viktigaste

Det er institusjonane sjølve som avgjer kva gruppe dei høyrer til. Ein tendens dei seinaste åra er at fleire og fleire registrerer seg i gruppe 4. Opphavleg var gruppa tenkt å fanga opp musea med aktivitet på både naturhistorisk og kulturhistorisk område. I 1986, då Statens museumsråd presenterte si strukturinnstilling, rekna dei med 8 institusjonar av denne typen. I 1993 var talet 77 og i 1994 62. Det verkar som om kulturhistoriske museum med ei eller anna form for naturhistoriske samlingar plasserer seg i denne gruppa, sjølv om dei korkje har fagkompetanse eller aktivitet på feltet.

Den norske museumsstatistikken har i alle år lagt vinn på å få med så mange institusjonar som mogeleg. I Sverige og Finland er ein mykje meir selektiv. Svensk statistikk byggjer på rapportering frå 210 institusjonar (totaltal er truleg 750). Finsk statistikk inneheld opplysningar frå ca. 200 (totaltal er ca. 800). Danmark har rapportar frå ca. 300 museum (totaltal ukjent) (Månsson 1994).

Som eit eksperiment kan ein sjå på dei 213 største musea i Noreg, rekna etter utførte årsverk, dvs. dei musea som rapporterte 3,5 årsverk eller meir. Det utgjer 37% av dei musea som sende inn opplysningar for 1994. Følgjande liste viser at dei 213 musea står for den viktigaste delen av dei rapporterte verdiane:

  • offentleg tilskot 95%

  • gjenstandsmengd 74-100%

  • årsverk faste stillingar 94%

  • elevar i underv.oppl. 84%

  • besøk 82%

  • årsverk frivillige 73%

  • kulturhistoriske bygningar52 67%

Lista viser noko som for så vidt er velkjent: Dei fleste norske musea er små einingar. Eit meir selektivt utval for statistikkformål ville difor vera fullt mogeleg for alle talverdiar på nasjonalt nivå. Men på fylkesnivå vil utslaga kunna vera større, fordi det i hovudsak vil vera dei mange kulturhistoriske musea av bygdemuseumstypen som vil falla utanfor.

På mange måtar utgjer desse samlingane ein vesentleg del av det totale norske museumslandskapet. Museumsutvalet meiner difor at ein også i framtida skal ta sikte på å laga ein så omfattande museumsstatistikk som råd er. Det bør heller satsast på tiltak som styrkjer forståinga av kor viktig det er å ha godt oversyn over dei felta som kan og skal kvantifiserast, og som skal kunna brukast som statistisk underlag for planarbeid både i einskildinstitusjonane og i dei offentlege, styrande organa.

Ein bør halda på den tematiske inndelinga også i komande museumsstatistikk. Men spørsmålet er om ein ikkje i framtida bør vurdera andre typekriterium i tillegg til dei tematiske. Til dømes vil det vera av interesse å få vita kva forvaltningsnivå som har hovudansvar for offentlege tilskot. Det vil gje ei inndeling som gjev betre oversyn over økonomiske tilhøve, og som dessutan vil vera til stor hjelp i planlegging av ulike tiltak for musea.

6.3 Desentralisert mangfald

I den generelle presentasjonen av musea skal ein sjå nærare på utbreiing, utførte årsverk og økonomi. Dette er faktorar som viser kva ramme- og ressursverk musea har for å utføra oppgåvene sine, kva utgangspunkt dei har for å vera aktive dialoginstitusjonar. Første del av presentasjonen blir gjort fylkesvis for å kunna visa likskapar og skilnader i eit regionalt perspektiv.

6.3.1 Utbreiing

Eit viktig trekk ved det samla museumssamfunnet er dei mange små, sjølvstendige einingane som er spreidde utover heile landet. Ein illustrasjon av dette får ein ved å sjå på dei 571 einskildeiningane i SSBs materiale for 1994 fordelte fylkesvis pr. 10 000 innbyggjarar (figur 6.1). Utbreiinga av museum er ingen spegel av kvar det bur mange menneske i dette landet. Det er heller ikkje eit uttrykk for kor sterkt museum står i den offentlege kulturpolitikken. Fleire av dei fylka som ligg på topp her, ligg i motsett ende av lista når det gjeld ressursbruk og besøk. Utbreiinga stadfester først og fremst ei sterk, lokal interesse for institusjonstypen museum.

Det er eit sjølvgrodd museumslandskap der private og lokale initiativ har vore ein mykje viktigare etableringsfaktor enn planlegging og styring frå styresmaktene. Den viktigaste oppgåva for det offentlege har vore løyving av driftsmidlar og etableringstilskot. Offentlege rammevilkår er i stor grad likelydande med økonomisk tilskot. Påbod, reguleringar eller samordnande planar har i liten grad prega museumsarbeidet, med unntak av dei delane som er integrerte i lovforvaltninga i samband med lov om kulturminne. Det seinaste tiåret har rett nok fylkeskommunane i aukande grad laga planar for dei musea som dei har økonomisk ansvar for.

Figur 6.1 Figur 6.1 Antal museum 1994 pr. 10 000 innbyggjarar. Fylkesvis

Figur 6.1 Figur 6.1 Antal museum 1994 pr. 10 000 innbyggjarar. Fylkesvis

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Dette mangfaldet med ca. 570 museum/samlingar63 blir rekna som ein kvalitet. Det er uttrykk for ei sterk, folkeleg interesse for informasjon og kunnskap som kan kasta lys over liv og levevilkår i tidlegare tider. Slik sett representerer norske museum eit mylder av kontaktpunkt der mange kan finna informasjon og oppleva alle bodskapane som kan liggja i materielle leivningar, anten dei er natur- eller menneskeskapte.

Den store mengda museum/samlingar viser at i Noreg har museumsomgrepet eit klart inkluderande preg. Den som vil, kan etablera ei samling og kalla det museum. Det er berre når samlinga søkjer om offentleg tilskot at ei viss form for vurdering kjem inn i biletet. Men her varierer praksis frå fylke til fylke og mellom stat og fylke, og det finst ingen klare og eintydige retningsliner for korleis eit offentleg tilskotsorgan skal eller kan vurdera ei ny samling som gjerne vil inn i den økonomiske varmen til det offentlege. Ser ein på dei mange institusjonane som har kome til, ikkje minst etter 1974, er det tydeleg at i dei fleste samanhengane er det nok å ha etablert ei permanent samling som er tilgjengeleg for publikum, for å bli rekna med som mu seum i tilskotssamanheng. I dei mange nyetableringane ligg det forventningar og voner om å kunna utvikla institusjonar som har aktivitet på alle funksjonsområda for eit museum: samla, forska i, og bevara materielle leivningar, og dessutan spreia kunnskap og opplevingar om kva materiell kultur betyr i samfunnet.

Utbreiinga av dei ulike museumstypane (tabell 6.2) viser at dei kulturhistoriske musea utgjer den desidert største museumsgruppa. Desse musea har også den jamnaste utbreiinga, der Hordaland og Rogaland har dei fleste einingane. Det er elles verd å merka seg at kunst- og kunstindustrimusea i hovudsak er eit sørnorsk fenomen, med 32 av 38 institusjonar lokaliserte i Sør-Noreg. Her skal ein likevel hugsa på at mange av dei kulturhistoriske musea også har kunstsamlingar av lokal og/eller regional interesse. I tillegg har ein fleire private galleri, og i 14 fylke er det kunstnarsenter som i utstillingssamanheng kan fungera som museum. Dessutan har det sidan 1950-åra vore eit tilbod om vandreutstillingar med emne frå biletkunst og kunsthandverk (jf. også avsnitt 8.3.9.).

Eit anna trekk er at naturhistoriske museum er konsentrerte til dei store byane. Det gjer at slike samlingar på langt nær er så lette å besøkja som dei andre musea. Ei viss supplering av dette biletet er at ein del institusjonar omfattar både kultur- og naturhistoriske emne, og kan såleis også formidla naturhistorisk kunnskap. Hovudmønsteret er likevel at det er eit avgrensa naturhistorisk museumstilbod.

Tabell  Tabell 6.2 Utbreiing av museumstypar i Noreg

Kunst- og kunstind.-museumKult.- hist. museumNatur- hist. museumKult.- hist./nat. hist. museumSum
Østfold22325
Akershus127129
Oslo9275445
Hedmark23528
Oppland218323
Buskerud327131
Vestfold219223
Telemark324229
Aust-Agder15419
Vest-Agder2221328
Rogaland3361747
Hordaland4472659
Sogn og Fjordane3101115
Møre og Romsdal223732
Sør-Trøndelag229233
Nord-Trøndelag122124
Nordland1291637
Troms123125
Finnmark14216
Svalbard1113
Sum384571462571

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Figur 6.2 Figur 6.2 Etableringsfrekvens av museum i Noreg etter år 1900 basert
 på 425 svar frå museum i 1993.

Figur 6.2 Figur 6.2 Etableringsfrekvens av museum i Noreg etter år 1900 basert på 425 svar frå museum i 1993.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

6.3.2 Etableringstidspunkt

I statistikkmaterialet for 1993 har ein opplysningar om etableringstidspunkt for 425 av dei 478 musea som har sendt inn svar. 196 av dei som svarte (46%), har blitt skipa etter 1974, etter at tilskotsordninga for halvoffentlege museum vart innført i 1975 (jf. avsnitt 10.4.1.). 80 av dei nye musea har rapportert at dei er under tilskotsordninga. Fleirtalet av dei nye institusjonane, 112, er likevel etablerte utanfor tilskotsordninga. Ni av dei nye institusjonane har staten som hovudansvarleg, og det betyr at kommunar, stiftingar og foreiningar i stor grad har handla uavhengig av tilskotsordninga for halvoffentlege museum.

13 av dei nye einingane er registrerte som kunst- og kunstindustrimuseum, 139 er kulturhistoriske, tre har naturhistorie som emne og 41 høyrer til gruppa av museum som integrerer kultur- og naturhistorie.

Figur 6.2 viser etableringsfrekvens for museum her i landet etter 1900. Det er nesten noko symbolsk i at det året etter at tilskotsordninga vart innført, 1976, kom 19 nye museum. Det kan vera at ein del av desse musea er eldre samlingar som har blitt meir formaliserte som institusjonar frå 1975 og utover.

Det er ein klar skilnad mellom fylka når det gjeld kor stor del av musea som er etablerte dei seinaste 20 åra. Figur 6.3 viser kor stor prosentvis del dei nye musea utgjer av det samla talet på museum som har svart på 1993-statistikken. Nordland, Rogaland, Troms, Hedmark og Finnmark har den yngste museumsparken, medan Sør-Trøndelag, Oppland, Østfold og Oslo har få nyetableringar i form av nye institusjonar.

Figur 6.3 Figur 6.3 Museumsetablering etter 1974. Prosent av totalt antal museum.
 Fylkesvis

Figur 6.3 Figur 6.3 Museumsetablering etter 1974. Prosent av totalt antal museum. Fylkesvis

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

Dei 196 musea som svarte at dei er etablerte etter 1974, utgjorde 41% av einskildinstitusjonane i 1993-statistikken, men representerte låge verdiar på viktige område: 28% av utførte årsverk, 25% av dei verneverdige bygningane, 26% av dei totale inntektene, 22% av eigeninntektene og 14% av besøket. Eit interessant trekk er at gruppa representerer 60% av dei frivillige årsverka. Det fortel at museumsetablering og drift den første tida framleis er ein arena for entusiastar og dugnadsarbeid.

Eit klart trekk i etableringsmønsteret for museum, spesielt dei mange kulturhistoriske musea, er at dei fleste institusjonane startar i det små med få stillingar og små ressursar. Dermed får kvar institusjon ein lang legitimeringsperiode, der ein- og to-personsinstitusjonane må kjempa for å overtyda omverda om at dei er verd støtte, og at dei fortener auka ressursar. Det kjennest slitande for mange, og det er ein tung utviklingsveg når ein stendig må kjempa for ein minimumseksistens og samstundes freista å skapa eit fagleg fundament for ei fullgod museumsdrift. Difor er det all grunn til å spørja om det langsame og slitsame utviklingsmønsteret er særleg rasjonelt, sett frå samfunnets synsstad.

Det finst nokre få døme på eit anna etablerings- og utviklingsmønster, m.a. hjå somme av dei såkalla etatsmusea. Norsk Vegmuseum og Norsk Telemuseum hadde ved etableringa i 1992 høvesvis 17 og 15 årsverk. Året etter var årsverksinnsatsen 20 og 25 årsverk. Museet for samtidskunst (1988) kan visa til liknande ressursnivå ved etablering. Det er heilt tydeleg at når eit departement eller eit statleg organ først bestemmer seg for å etablera eit museum, blir det gjennomført ein plan- og prosjektprosess som inneber ein analyse av kva som trengst for å nå dei viktigaste ambisjonane. No er det sjølvsagt tale om institusjonar som skal ha eit nasjonalt ansvar, og som difor bør ha eit visst nivå for å kunna utføra arbeidsoppgåvene. Men det er ingen ting i vegen for at institusjonar med lokalt eller regionalt ansvar kan etablerast etter same modellen, med eit betre utvikla ressursnivå i startfasen.

6.3.3 Årsverk

Ser ein på korleis musea kan grupperast etter utførteårsverk, får ein ein god illustrasjon av dei mange små museumseiningane. Ved 56% av institusjonane vart det utført mindre enn 3 årsverk totalt i 1994 (figur 6.4). 67 institusjonar (12%) utførte kvar 13 årsverk eller meir. Dei 29 institusjonane som i 1994 utførte 23 årsverk og meir kvar, fordeler seg slik fylkesvis, med ein klar dominans i Oslo: Østfold (1) Akershus (2) Oslo (12) Hedmark (1) Oppland (1) Buskerud (2) Rogaland (2) Hordaland (2) Sør-Trøndelag (4) Troms (2).

Sjølv om det er ei litt haltande samanlikning, kan det nemnast at ved dei 26 svenske «läns»- og regionmusea som får statstilskot, vart det utført 1 603 årsverk i 1993, i gjennomsnitt 61 årsverk pr. institusjon (SCB Museistatistik 1994). Det utgjorde 36% av rapporterte museumsårsverk ved 204 museum i Sverige i 1994.

Figur 6.4 Figur 6.4 Museum 1994 grupperte etter utførte årsverk

Figur 6.4 Figur 6.4 Museum 1994 grupperte etter utførte årsverk

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Årsverka ved dei 26 svenske institusjonane utgjer ca. 50% av alle rapporterte årsverk ved 478 norske institusjonar i 1993.

Biletet av dei mange små institusjonane blir endå tydelegare dersom ein ser på utførte årsverk ifaste stillingar, sjølv om det nok er grunn til å rekna med litt underrapportering på dette punktet74. Ved 77% av institusjonane vart det utført 3 årsverk eller mindre av fast personale. Berre 29 institusjonar (5%) hadde eit nivå som hadde 13 årsverk og meir av fast personale.

Det er stor skilnad fylka i mellom når det gjeld kor stor del årsverk i faste stillingar utgjer av den totale arbeidsinnsatsen (figur 6.5). I dei fylka som har lågast innslag av fast personale, er museumsdrifta basert på sesonghjelp, sysselsetjingstiltak, prosjekttilsette eller frivillig arbeidsinnsats. Innslaget av temporære arbeidstakarar er eit spegelbilete av at mange av institu sjonane, spesielt dei mange kulturhistoriske musea, er sesongbedrifter, der publikumsfunksjonane er avgrensa til sommarmånadene.

Landsgjennomsnittet på 50% arbeidsinnsats knytt til faste stillingar er ei klar melding om at museumsarbeid i stor grad er basert på temporær arbeidskraft. Det inneber m.a. at det totalt sett er liten kontinuitet i arbeidsstyrken, sjølv om dei som er i faste stillingar, blir lenge verande i stillingane (jf. avsnitt 9.6.1.). Det inneber også at det er problematisk med langtidsplanlegging for dei mange institusjonane som baserer arbeidet på temporær arbeidskraft. Eit tredje moment er at i eit system med stort innslag av temporær arbeidskraft, vil det faste personalet måtta bruka tid på å rettleia dei som kjem inn i tidsavgrensa engasjement.

Figur 6.5 Figur 6.5 Faste årsverk 1994. Prosent av årsverk totalt.
 Fylkesvis

Figur 6.5 Figur 6.5 Faste årsverk 1994. Prosent av årsverk totalt. Fylkesvis

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

6.3.4 Økonomiske forhold

Gruppering av musea etter utgifter er ein ny illustrasjon av dei mange små einingane (figur 6.6). 255 (45%) av institusjonane hadde mindre enn 500 000 kroner i totale utgifter i 1994. 54 institusjonar (10%) har meir enn 5 mill. kroner i totale utgifter. Med tanke på at museumsarbeid både er arbeidsintensivt og svært omfattande, er dette ein kraftig illustrasjon av det småbrotne og dermed også litt sårbare museumssamfunnet.

Utgiftene i 1994 viser ei fordeling som har vore relativt stabil dei seinaste åra (figur 6.7) Investeringsutgiftene var litt høgare både absolutt og relativt sett i 1992 og 1993.

Tek ein bort investeringsutgiftene, får ein ei fordeling på 57% lønsutgifter og 43% andre driftsutgifter. Vanleg, offentleg kontordrift har ei fordeling på 70-30 mellom lønsutgifter og drift. Med tanke på dei saman sette arbeidsoppgåvene - innsamling, bevaring av samlingar og formidling - og drift og vedlikehald av dei mange bygningskompleksa som musea forvaltar, viser denne fordelinga at det truleg er for liten del av ressursane som går til driftsrelaterte oppgåver. Det er mykje som tyder på at fordelinga i musea burde ha vore minst 50-50, eller helst 45% lønsutgifter og 55% driftsutgifter, slik situasjonen er ved dei musea som står seg best.

Av dei 270 musea som i 1994 hadde meir enn 100 000 kroner i lønsutgifter, var det 45 institusjonar (17%) som hadde eit forhold mellom løn og andre driftsutgifter på 45-55 eller betre. Det er grunn til å tru at institusjonar som har mindre enn 40% av budsjettet til drift, vil oppleva at dei har relativt lite armslag på dei fleste aktivitetsfelta. I 1994 var det 132 institusjonar (49%) som var i ein slik situasjon.

Figur 6.6 Figur 6.6 Museum 1994 grupperte etter utgifter

Figur 6.6 Figur 6.6 Museum 1994 grupperte etter utgifter

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Figur 6.7 Figur 6.7 Utgifter 1994. Prosentvis fordeling. Mill kroner

Figur 6.7 Figur 6.7 Utgifter 1994. Prosentvis fordeling. Mill kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Dette at så mange av musea har lite midlar til drift av institusjonane, kan tyda på at ein i samband med budsjettauke i stor grad prioriterer nye stillingar framfor auka driftsmidlar. Ei slik prioritering er forståeleg med tanke på at mange arbeidsoppgåver er arbeidsintensive. Det er likevel grunn til å peika på at det bør vera eit rimeleg forhold mellom personalkostnader og midlar til å utføra dei mange arbeidsoppgåvene.

Totale utgifter pr. årsverk fortel noko om korleis ressurssituasjonen er for institusjonane. I gjennomsnitt var utgiftene i 1994 pr. årsverk 288 000 kroner (investeringsutgifter frårekna). Det er eit lågt gjennomsnitt. I offentleg verksemd opererer ein med ein årsverkskostnad på ca. 370 000 kroner i budsjettsamanheng. Den låge kostnaden i musea kjem m.a. av at 50% av arbeidsinnsatsen er knytt til bruk av mellombels arbeidshjelp, arbeidskraft på sysselsetjingsmidlar og frivillige. Variasjonen mellom fylka er stor (figur 6.8). Oslo, Oppland, Akershus, Hedmark og Rogaland har fleirtalet av dei institusjonane som har best ressurssituasjon.

Figur 6.8 Figur 6.8 Utgifter 1994 pr. årsverk. Investeringsutgifter
 frårekna. Kroner

Figur 6.8 Figur 6.8 Utgifter 1994 pr. årsverk. Investeringsutgifter frårekna. Kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Ein vanleg måte å vurdera økonomisk innsats på, er å rekna kostnader pr. innbyggjar. Figur 6.9 viser dette, frårekna investeringsutgifter. I landsgjennomsnitt står det offentlege for 70-75% av alle utgiftene. Det betyr at den offentlege innsatsen til museum er ca. 158-170 kroner pr. innbyggjar. Med tanke på at denne innsatsen når over 8 mill. gjester kvart år, i tillegg til eit omfattande ansvar for samlingsforvaltning, er det på ingen måte avskrekkande at det offentlege har eit forbruk pr. innbyggjar på museumsoppgåver som tilsvarer utgiftene til fire-fem kinobillettar pr. år.

På ny kan ein sjå den store variasjonen som er mellom fylka. Oslo ligg i ein klasse for seg sjølv p.g.a. mange nasjonale institusjonar og universitetsmusea. Oppland og Hedmark blandar seg inn mellom universitetsmuseumsfylka Sør-Trøndelag og Troms. Vestfold, Aust-Agder, Østfold, Telemark, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Akershus har dei lågaste utgiftene pr. innbyggjar.

Samla disponerer norske museum årleg godt 1,1 milliard kroner til arbeidsoppgåvene sine. Inntektene i 1994 fordeler seg på ulike kjelder slik som vist på figur 6.10. Det offentlege er den viktigaste bidragsytaren. Eigeninntekter og gåver/sponsormidlar har samla halde seg på 28-29% dei seinaste åra.

Sponsormidlar/gåver var mykje høgare både i 1992 og 1993 enn i 1994. Det kom av nokre byggjeprosjekt som i stor grad var finansierte av sponsormidlar. 1994-nivået er truleg meir normalt med 4% av totalinntektene. Desse inntektene er i stor grad knytte til byggjeprosjekt, men også til utstillingar (jf. avsnitt 8.3.4.).

Figur 6.9 Figur 6.9 Utgifter 1994 pr. innbyggjar. Investeringsutgifter
 frårekna. Kroner

Figur 6.9 Figur 6.9 Utgifter 1994 pr. innbyggjar. Investeringsutgifter frårekna. Kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Figur 6.10 Figur 6.10 Inntektskjelder 1994. Mill. kroner

Figur 6.10 Figur 6.10 Inntektskjelder 1994. Mill. kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Eigeninntektene utgjorde både i 1992 og 1993 20% av det totale inntektsgrunnlaget og hadde i 1994 stige til 24%. I eigeninntektene ligg også sal av tenester til det offentlege, utan at det er mogeleg å talfesta det nærare. Dette gjer sjølvsagt at det offentlege står for noko meir av museumsfinansieringa enn det tala viser. Billettinntekter utgjer ein del av eigeninntektene, men ein veit ikkje kor mykje. Når det gjeld inntekter frå kommersiell drift, er det somme institusjonar som har fullt driftsansvar, og som difor rapporterer bruttotal. Andre leiger ut den kommersielle drifta og rapporterer følgjeleg berre leigeinntektene.

Sysselsetjingsmidlar har vore eit viktig innslag i museumsøkonomien dei seinaste åra. I 1992 utgjorde slike midlar 6,5% av det totale inntektsgrunnlaget, i 1993 7% og i 1994 6%. Den relative betydninga ser såleis ut til å vera konstant.

Det er stor skilnad mellom fylka når det gjeld den rolla eigeninntekter og gåver/sponsormidlar spelar for totaløkonomien i musea. Buskerud og Oppland skil seg ut med sterkt innslag av eigeninntekter, medan Troms, Aust-Agder, Vestfold og Østfold har det minste innslaget av slike inntekter (figur 6.11).

Figur 6.11 Figur 6.11 Eigeninntekter, sponsormidlar og gåver i prosent av
 totalinntektene 1994. Fylkesvis

Figur 6.11 Figur 6.11 Eigeninntekter, sponsormidlar og gåver i prosent av totalinntektene 1994. Fylkesvis

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Det generelle mønsteret som kjem fram på økonomisida, teiknar eit småbrote landskap der mange einingar deler ressursane. Det store fleirtalet er små einingar, og få, om nokon, står fram som store institusjonar. Mange har eit litt problematisk forhold mellom lønsutgifter og andre driftsutgifter i den forstand at det er relativt liten del av ressursane som er disponible for samlings-, drifts- og vedlikehaldsfunksjonane.

Det mønsteret som kjem fram ved å presentera alle museum som svarer på statistikkskjema, gjev berre ein del av biletet, fordi det kan vera etter måten stor skilnad mellom dei ulike museumstypane. Biletet må difor nyanserast ved å sjå på dei ulike museumstypane, der ein bruker kategoriane som SSB opererer med : kunst- og kunstindustrimuseum, kulturhistoriske museum, naturhistoriske museum og blanda kulturhistoriske/naturhistoriske museum. I tillegg skal ein også sjå litt på kategoriar som går på tvers av dei fire SSB-kategoriane: universitetsmuseum, bygningsmuseum/friluftsmuseum, samiske museum og spesialmuseum (inkludert etatsmuseum).

6.4 Kunst- og kunstindustrimuseum

Kunst- og kunstindustrimusea i Noreg høyrer med til dei eldste musea. Dei største vart i hovudsak etablerte før 1900. Totalt er dei er ikkje mange i talet. I 1992 svarte 27 institusjonar på statistikkskjema, i 1993 36 og i 1994 38 einingar. Av dei 36 institusjonane som svarte på statistikkskjema for 1993, var 14 etablerte etter 1974.

Tal på nokre område i 1993 og 1994 gjev visse kjenneteikn på gruppa:

  • Dei forvaltar 420 000 gjenstandar. 261 000 (62%) er katalogiserte. Norsk Arkitekturmuseum åleine har 200 000 teikningar og foto, og det er eit volum som er atypisk for kunstmusea.

  • Tilveksten var på godt 2 200 objekt (0,5%).

  • Besøket var på 1,255 mill., av dei var 423 000 (38%) betalande.

  • I snitt hadde kunst- og kunstindustrimusea ope 1 070 timar i året. I 1993 vart det rapportert at 36% av besøket kom i sommarmånadene.

  • Musea viste 195 skiftande utstillingar og 55 vandreutstillingar i 1994.

  • 57 000 elevar/studentar i 3 400 grupper fekk undervisning.

  • Det vart utført 313 årsverk; av dei var 248 (80%) i faste stillingar. Frivillige årsverk utgjorde 0,7% og sysselsetjingspersonale 6% av den totale årsverksinnsatsen.

  • 8 museum (21%) utførte kvar meir enn 13 årsverk totalt. Ved 17 einingar (45%) vart det utført mindre enn tre årsverk.

  • Totalinntektene var 184 mill. kroner, av dei var 137 mill. kroner (74%) offentlege tilskot.

  • Offentleg driftstilskot pr. årsverk var ca. 440 000 kroner.

Inntektene i 1994 viser at 25% av inntektene kjem frå eigeninntekter og sponsor/gåver (figur 6.12). Både i 1992 og 1993 var gåver/sponsormidlar noko høgare p.g.a. utbyggingsprosjekt. Samanlikna med dei andre museumstypane har kunst- og kunstindustrimusea det høgaste bidraget frå gåver/sponsormidlar, utan at det er særleg høgt med sine 6% av totalinntektene. Ein skal elles merka seg at innslaget av sysselsetjingsmidlar er lågt, mykje lågare enn i dei andre museumskategoriane.

Figur 6.12 Figur 6.12 Inntekter 1994. Kunst- og kunstindustrimuseum. Mill.
 kroner

Figur 6.12 Figur 6.12 Inntekter 1994. Kunst- og kunstindustrimuseum. Mill. kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Utgiftsfordelinga viser at investeringsutgiftene er litt mindre enn landsgjennomsnittet for alle museum samla (figur 6.13). Både i 1992 og 1993 låg investeringsutgiftene godt over landsgjennomsnittet. Forklaringa ligg i utbygginga av Munch-museet og Henie-Onstads kunstsenter dei to åra.

Figur 6.13 Figur 6.13 Utgifter 1994. Kunst- og kunstindustrimuseum. Mill. kroner

Figur 6.13 Figur 6.13 Utgifter 1994. Kunst- og kunstindustrimuseum. Mill. kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Reknar ein frå investeringsutgifter, får ein eit forhold mellom løns- og andre driftsutgifter på 41-59, og det gjer at kunst- og kunstindustrimusea har det beste forholdstalet av alle. Av dei 24 musea som har meir enn 100 000 kroner i lønsutgifter, har 18 eit forholdstal på 50-50 eller betre. Innanfor denne gruppa er det kunstmusea som har dei beste forholdstala. Utgiftene pr. årsverk, frårekna investeringsutgifter, er 512 000 kroner, og det er høgare enn i noka anna gruppe. Ei forklaring på dette forholdet er sjølvsagt at innkjøp til samlingane spelar ei mykje større rolle i kunst- og kunstindustrimusea enn i dei andre museumstypane.

6.5 Kulturhistoriske museum

Det er allereie nemnt at kulturhistoriske museum er den dominerande gruppa når det gjeld talet på einskildinstitusjonar. I 1992 svarte 299 museum på statistikkskjemaet, i 1993 var det 344 og i 1994 457 institusjonar. Mange av dei musea som er kategoriserte i gruppa for institusjonar som har både kulturhistoriske og naturhistoriske samlingar (sjå avsnitt 6.6.), er primært kulturhistoriske, men med visse innslag av naturhistorisk materiale.

Det store talet på einskildeiningar i denne gruppa pregar hovudmønsteret i all museumsstatistikk. Det er også denne gruppa som gjev biletet av dei mange små einingane.

Ein har tidlegare sett at denne museumstypen har dominert i etableringsbiletet heile 1900-talet. Opplysningar i 1993 om etableringstidspunkt viser ein stor vekst etter 1974 med 139 nye institusjonar. 74 av desse har driftsfinansiering innanfor tilskotsordninga for halvoffentlege museum.

Nokre tal for 1994 og 1993 gjev visse kjenneteikn ved gruppa:

  • Dei forvaltar 4 300 kulturhistoriske bygningar.

  • Musea rapporterte 16 500 kunstgjenstandar (43% katalogiserte); 2,9 mill kulturhistoriske gjenstandar (55% katalogiserte); 5 300 naturhistoriske gjenstandar (8% katalogiserte). Dei arkeologiske samlingane ved Oldsaksamlinga i Oslo utgjer 575 000 av dei rapporterte gjenstandane.

  • Tilveksten var 537 kunstgjenstandar, 62 500 kulturhistoriske (10 000 arkeologiske) og 300 naturhistoriske objekt.

  • Det vart rapportert fotosamlingar på 5,2 mill. einingar (48% katalogiserte). Tilvekst var 80 000 nye foto, inkludert eigne opptak.

  • Besøket var på 5,3 mill, dvs. 62% av totalbesøket ved norske museum. 3,2 mill (60%) var betalande gjester.

  • I snitt hadde kulturhistoriske museum ope 473 timar i året. Det låge gjennomsnittet kjem delvis av at mange av musea berre har opningstid på sommaren. I 1993 kom 67% av besøket i sommarmånadene.

  • Musea viste 427 skiftande utstillingar og 125 vandreutstillingar i 1994.

  • 376 000 elevar/studentar i 13 000 grupper fekk undervisning.

  • Det vart utført 2 320 årsverk, 968 (42%) i faste årsverk. Frivillige årsverk utgjorde 10% og sysselsetjingspersonale 24% av den totale årsverksinnsatsen.

  • 43 institusjonar (9%) utførte kvar meir enn 13 årsverk. Ved 340 museum (60%) vart det utført mindre enn tre årsverk.

  • Totalinntektene var 652 mill. kroner, av dei var 470 mill. kroner (72%) offentleg tilskot.

  • Offentleg driftstilskot pr. årsverk var i gjennomsnitt 202 000 kroner.

Inntektsfordelinga (figur 6.14) viser at gruppa har ei relativt høg eigeninntening, den nest høgaste samanlikna med dei andre museumsgruppene. Sponsor/gåver held derimot eit lågt nivå. Innslaget av sysselsetjingsmidlar er større enn i noka anna museumsgruppe.

Figur 6.14 Figur 6.14 Inntektsfordeling 1994. Kulturhistoriske museum. Mill.
 kroner

Figur 6.14 Figur 6.14 Inntektsfordeling 1994. Kulturhistoriske museum. Mill. kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Figur 6.15 Figur 6.15 Utgiftsfordeling 1994. Kulturhistoriske museum. Mill.
 kroner

Figur 6.15 Figur 6.15 Utgiftsfordeling 1994. Kulturhistoriske museum. Mill. kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Sidan denne museumsgruppa utgjer så stor del av det totale museumstalet, vil utgiftsfordelinga (figur 6.15) visa den same fordelinga som for det samla museumstalet.

Tek ein bort investeringsutgifter, får ein eit forhold mellom løns- og andre driftsutgifter på 59-41, eit tal som fortel at gruppa sett under eitt slit med litt problematiske driftsbudsjett. Av dei 209 musea som hadde meir enn 100 000 kroner i lønsutgifter, var det 45 institusjonar (22%) som hadde eit betre forholdstal mellom løn og driftsutgifter enn 50-50. Heile 110 museum (53%) har ein økonomi der andre driftsutgifter utgjer mindre enn 40% av totalkostnadene.

Utgifter pr. årsverk, frårekna investeringsutgifter, var 248 000 kroner. Ei viktig forklaring på dette låge talet er dei mange små einingane med låge totalutgifter og eit visst innslag av sysselsetjingsmidlar, som dreg gjennomsnittskostnaden pr. årsverk ned. Offentleg driftstilskot pr. årsverk var i snitt 202 000 kroner.

6.6 Naturhistoriske museum

I 1991 var det 23 institusjonar som svarte på skjema, i 1992 17, i 1993 20 og i 1994 14. I denne gruppa er det dei «reine» naturhistoriske musea som er med. Med verknad frå 1994 er det berre dei naturhistoriske musea ved Universitetet i Oslo som er med av universitetsmusea, dvs. Botanisk hage og museum, Mineralogisk-geologisk museum, Paleontologisk museum og Zoologisk museum. Dei naturhistoriske samlingane ved dei tre andre universiteta er registrerte i gruppa som omfattar institusjonar der kultur- og naturhistorie er integrerte (sjå avsnitt 6.7.).

Utanom universitetsmusea i Oslo er det Agder naturmuseum og botanisk hage, Akvariet i Bergen, Botanisk hage/Det norske arboret i Bergen og Norsk Bremuseum som er dei viktigaste institusjonane. Dei fleste i denne gruppa kan visa til etableringsår før 1950, berre tre institusjonar er skipa etter 1970. I denne samanhengen skal også nemnast at det sidan midten på 1980-talet har blitt etablert 26 naturinformasjonssentra. Dei har dels tilknyting til museum, t.d. Norsk Bremuseum, Norsk Fjellmuseum, Rørosmuseet, dels er dei sjølvstendige institusjonar. Det betyr at ein har mellom 40 og 50 institusjonar som arbeider med naturfaglege spørsmål og informasjon (jf. avsnitt 11.4.2.2.)

Med den sterke posisjonen dei naturhistoriske universitetsmusea i Oslo har, vil tal for 1994 i stor grad vera eit bilete av deira situasjon. Dei står for 53% av totalinntektene i gruppa, 62% av årsverka og 45% av besøket.

  • Gruppa er kjenneteikna av store samlingar, til saman 6,1 mill. objekt/inventarnummer (35% katalogiserte).

  • Tilveksten var 34 000 inventarnummer.

  • Besøket var 712 000 i 1994, i 1993 1,1 mill. Betalande gjester var 282 000 i 1994 og 292 000 i 1993.

  • Musea hadde i snitt ope 1 161 timar i året. Mange opningstimar i botaniske hagar dreg opp gjennomsnittet.

  • Det vart i 1994 vist 20 skiftande utstilling og to vandreutstillingar.

  • 40 000 elevar/studentar i 2 200 grupper fekk undervisning.

  • Det vart utført 166 årsverk, 114 (69%) i faste stillingar. Frivillig arbeidsinnsats utgjer 2%, medan personale på sysselsetjingsmidlar står for 9% av den totale årsverksinnsatsen.

  • Ved fire av musea vart det utført 13 årsverk og meir, og fire institusjonar utførte mindre enn tre årsverk.

  • Totalinntektene var godt 50 mill. kroner. Av det utgjorde eigeninntektene 32%. Dette kjem av at nokre få institusjonar har høg eigeninntening gjennom høge besøk eller oppdrag.

6.7 Integrerte kultur- og naturhistoriske museum

Kategorien er svært samansett og ueinsarta, og inneheldt i 1994 62 institusjonar som har ansvaret for både natur- og kulturhistorie. I 1992 var talet 68 og i 1993 77 institusjonar. Bergen Museum er ny i denne kategorien f.o.m. 1994. Det gjer at samanlikningar med tidlegare år er vanskelege.

Dei fleste er små institusjonar som har innslag av naturhistorisk materiale i samlingar som elles er kulturhistoriske. Tabell 6.2 avsnitt 6.3.1. viser eit interessant trekk: 20 (32%) av institusjonane er lokaliserte frå Møre og Romsdal og nordover. Det kan hanga saman med at mange av musea i desse fylka er frå seinare tid, og at dei legg opp til ein fagleg profil som integrerer natur- og kulturhistorie. Etableringsfrekvensen viser elles den same tendensen som dei kulturhistoriske musea, med eit klart tyngdepunkt etter 1970.

Tre store institusjonar skil seg sterkt ut, og det er Bergen Museum, Vitskapsmuseet og Tromsø Museum. Dei tre institusjonane har 99% av det naturhistoriske gjenstandsmaterialet i gruppa, 50% av årsverka, 56% av dei økonomiske ressursane og 17% av besøket. Andre større museum i gruppa er Kon-Tiki museet, Norsk Skogbruksmuseum, Norsk Bergverksmuseum, Arkeologisk museum i Stavanger, Stavanger Museum og Sør-Varanger Museum.

Nokre tal frå 1994 for den samla gruppa skal nemnast:

  • Gruppa rapporterte 357 kulturhistoriske bygningar.

  • Gruppa forvaltar 60 000 kunstgjenstandar (50% katalogiserte); 1,1 mill. kulturhistoriske objekt (45% katalogiserte) og 4,3 mill. naturhistoriske gjenstandar.

  • Tilveksten i 1994 var 50 kunstgjenstandar, 27 000 kulturhistoriske, (det meste er arkeologiske objekt) og 53 000 naturhistoriske objekt/inventarnummer.

  • Rapporterte fotosamlingar utgjorde 706 000 foto (55% katalogiserte).

  • Samla besøk var 1,35 mill., av dei var 1 mill. (74%) betalande.

  • Gjennomsnittleg opningstid er 370 timar i året. I 1993 var 56% av besøket på sommarstid.

  • I 1994 vart det vist 33 skiftande utstillingar og 26 vandreutstillingar.

  • 60 000 elevar/studentar i 3 400 grupper fekk undervisning.

  • Det vart utført 582 årsverk, av dei 351 (60%) i faste stillingar. Frivillige årsverk utgjorde 5% og sysselsetjingspersonale 9% av total årsverksinnsats.

  • Ved 8 institusjonar (13%) vart det utført 13 årsverk og meir. I 40 museum (65%) var innsatsen mindre enn tre årsverk.

  • Totalinntektene var 233 mill. kroner, av dei 163 mill. kroner (70%) offentlege tilskot.

  • Offentleg driftstilskot pr. årsverk var 280 000 kroner.

Inntektene i 1994 viser ein fordelingsprofil som er lik den som dei kulturhistoriske musea har (figur 6.16, jf. også figur 6.14). Gruppa har nokre institusjonar som har store eigeninntekter, men ikkje offentlege tilskot. Nokre av musea høyrer også til dei best besøkte med tilsvarande eigeninntekter. Det forklarer den høge eigeninnteninga. Innslaget av sysselsetjingsmidlar er lite, det same er gåver/sponsormidlar.

Figur 6.16 Figur 6.16 Inntekter 1994. Kulturhistoriske/naturhistoriske museum. Mill.
 kroner

Figur 6.16 Figur 6.16 Inntekter 1994. Kulturhistoriske/naturhistoriske museum. Mill. kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Utgiftsfordelinga (figur 6.17) viser omtrent same fordeling mellom utgiftstypane som dei kulturhistoriske musea. Tek ein frå investeringsutgifter, får gruppa eit forhold mellom løn og andre driftsutgifter på 66-34. Tilsynelatande gjev dette bod om svært dårleg driftsgrunnlag. Men dette kjem delvis av at dei tre store, tunge universitetsmusea ikkje har rapportert alle utgiftene som er relaterte til drift av bygningar. Dei er ein del av det samla driftsbudsjettet for universiteta.

Av dei 25 institusjonane som har meir enn 100 000 kroner i lønsutgifter, har 6 museum eit betre forholdstal mellom løn og drift enn 50-50. 11 institusjonar har eit dårlegare forhold mellom løns- og driftsutgifter enn 60-40. Utgifter pr. årsverk, frårekna investeringsutgifter, var 329 000 kroner. Offentleg driftstilskot pr. årsverk var i snitt 280 000 kroner.

Figur 6.17 Figur 6.17 Utgifter 1994. Kulturhistoriske/naturhistoriske museum. Mill.
 kroner

Figur 6.17 Figur 6.17 Utgifter 1994. Kulturhistoriske/naturhistoriske museum. Mill. kroner

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

6.8 Universitetsmusea

Alle dei viktigaste naturhistoriske samlingane er, som tidlegare nemnt, knytte til universiteta. I tillegg har universiteta kulturhistoriske samlingar med klar hovudvekt på arkeologi. Arkeologiske museum er såleis primært å finna innanfor universitetsstrukturen. Unntaka her er Arkeologisk museum i Stavanger som vart skilt ut frå Stavanger Museum i 1975, og som har same ansvar og arbeidsoppgåver som dei arkeologiske universitetsmusea.

Totalt sett utgjer universitetsmusea eit vesentleg innslag i det norske museumssamfunnet. Med utgangspunkt i 1994-statistikken kan ein sjå at universitetsmusea forvaltar 12% av rapporterte kunstgjenstandar, 43% av dei kulturhistoriske objekta, i all hovudsak arkeologisk materiale, og 99% av dei naturhistoriske objekta. Vidare stod universitetsmusea for 13% av rapporterte årsverk, 19% av dei faste årsverka og 14% av besøka.

På nokre område er det meiningsfullt med tal for 1994 og 1993:

  • Universitetsmusea forvaltar 60 000 kunstgjenstandar (50% katalogiserte), 1,7 mill. kulturhistoriske objekt (29% katalogiserte) og 10,2 mill. naturhistoriske objekt/inventarnummer (24% katalogiserte).

  • Tilveksten var 45 kunstobjekt, 36 000 kulturhistoriske gjenstandar og 85 000 naturhistoriske objekt/inventarnummer.

  • Besøket var på 1,274 mill., av dei var 593 000 betalande. Det var berre Vikingskipshuset, Vitskapsmuseet og Tromsø Museum som tok inngangsbillettar i 1994. Vikingskipshuset i Oslo står for 39% av totalbesøket i gruppa. I 1993 kom ca 30% av besøket i sommarmånadene.

  • 22 000 elevar i 1 400 grupper fekk undervisning/opplæring.

  • Det vart vist 45 temporære utstillingar og 12 vandreutstillingar.

  • Det vart rapportert 443 årsverk, 310 (70%) i faste stillingar. Sysselsetjingsårsverk utgjorde 4%, medan frivilliginnsats knapt finst.

  • Ved 10 av institusjonane vart det utført 13 årsverk og meir, fire rapporterte mindre enn tre årsverk.

Når det gjeld økonomiske tilhøve, er rapporteringa frå somme av institusjonane så mangelfull at det er vanskeleg å setja opp oversyn på same måten som for dei andre museumskategoriane. Dette kan skuldast fleire forhold. For det første er utgiftene som er relaterte til drift av bygningar og fellestenester for universiteta, vanskeleg identifiserbare på institusjonsnivå. Sjølve organisasjonsforma for nokre av institusjonane gjer at ein del av dei økonomiske opplysningane som SSBs statistikkskjema spør etter, er vanskelege å få oversyn over. Dette gjeld også i viss monn rapporteringa av årsverk, fordi ved ein del institusjonar er driftspersonale, vakt-, reinhalds- og tekniske fellesfunksjonar integrerte i dei sentrale fellestenestene for heile universitetet. Eit oversyn frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet for 1993 viser ei utgiftsramme på ca. 190 mill. kroner, og då er oppdragsinntekter inkluderte (jf. avsnitt 10.2.3.).

6.9 Bygningsmuseum/friluftsmuseum

Bygnings-/friluftsmuseum utgjer så stor del av det totale museumstalet at det er på sin plass med ein presentasjon av gruppa, som utgjer 329 einingar i 199485. Dei fleste, 298, er registrerte som kulturhistoriske museum, medan 30 er oppførte som blanda kulturhistorisk/naturhistoriske museum. Dette betyr at av alle museum som rapporterte til SSB i 1994, er 58% å rekna som friluftsmuseum/bygningsmuseum.

Totalt er det snakk om over 4 700 kulturhistoriske bygningar, og dei fordeler seg fylkesvis slik som vist på figur 6.18. Det indre Austlandet med Oppland, Hedmark og Buskerud dominerer klart. Vestfold har utan samanlikning færrast kulturhistoriske bygningar på museum.

Figur 6.18 Figur 6.18 Kulturhistoriske bygningar ved norske museum 1994.
 Fylkesvis

Figur 6.18 Figur 6.18 Kulturhistoriske bygningar ved norske museum 1994. Fylkesvis

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Av dei 289 institusjonane som var i denne gruppa i 1993, var minst 116 museum (40%) etablerte etter 1974. I 1993 hadde desse nye musea 25% av dei kulturhistoriske bygningane.

Nokre tal frå 1994 og 1993 gjev ein del kjennemerke ved gruppa:

  • 329 museum med 4 650 bygningar.

  • Tilvekst 1992: 138 bygningar, 1993: 100 bygningar og 1994: 125 bygningar.

  • Gruppa forvaltar 16 000 kunstgjenstandar (43% katalogiserte), 1,8 mill. kulturhistoriske gjenstandar ( 73% katalogiserte) og 30 000 naturhistoriske objekt (50% katalogiserte).

  • Tilveksten i 1994 var 530 kunstobjekt, 42 000 kulturhistoriske gjenstandar og 1 500 naturhistoriske objekt.

  • Besøket var på 3,8 mill. gjester, 2,2 mill. (58%) var betalande gjester. I 1993 kom 64% av besøket i sommarmånadene.

  • Det vart rapportert 354 skiftande utstillingar og 111 vandreutstillingar.

  • 273 000 elevar i 11 800 grupper fekk undervisning/omvising.

  • Det vart rapportert 2 055 årsverk. Faste årsverk utgjorde 40%. Frivillige årsverk representerte 9% og sysselsetjingsårsverk 25% av den totale årsverksinnsatsen.

  • 80% av alle sysselsetjingsårsverk var knytte til denne museumsgruppa.

  • Ved 42 (13%) av institusjonane vart det utført 13 årsverk og meir. 140 (43%) einingar rapporterte mindre enn tre årsverk.

  • Totalinntektene var 590 mill. kroner, av det var 421 mill. kroner (71%) offentleg tilskot

  • Offentleg driftstilskot pr. årsverk var 204 000 kroner.

Når det gjeld inntektsfordelinga, viser bygnings- og friluftsmusea same mønsteret som dei kulturhistoriske musea (jf. figur 6.14). Eigeninntekter på 144 mill. kroner utgjorde 24% av inntektsgrunnlaget. Gruppa har det største innslaget av sysselsetjingsmidlar, i alt 9%. I 1993 utgjorde sysselsetjingsmidlane 12% av totale inntekter.

Utgiftene har ei «normalfordeling» på 50% lønsutgifter, 36% andre driftsutgifter og 14% investeringsutgifter i 1994. Reknar ein frå investeringsutgifter, får ein eit forhold mellom løn og drift på 59-41. Av dei 183 institusjonane som hadde meir enn 100 000 kroner i lønsutgifter, hadde 37 (20%) eit forholdstal på 50-50 eller betre. I alt 98 einingar (54%) hadde eit forhold mellom løn og drift som var dårlegare enn 60-40. Utgifter, frårekna investeringsutgifter, var 252 000 kroner pr. årsverk. Offentleg driftstilskot pr. årsverk var i snitt 204 000 kroner.

Totalt sett er det gruppa med frilufts-/bygningsmuseum som utgjer hovudtyngda av dei mange små institusjonane. Av dei 255 institusjonane som i 1994 hadde mindre enn 500 000 kroner i utgifter, høyrde 159 (62%) til i gruppa for bygnings- og friluftsmuseum.

Av dei 116 bygnings- og friluftsmusea som har kome til etter 1974, er 68 (59%) under tilskotsordninga for offentlege museum. I 1993 var i alt 198 museum frå denne gruppa med i tilskotsordninga, og det var 83% av alle som var med i ordninga. Det er difor rett å hevda at tilskotsordninga i stor grad har fremja utviklinga av bygnings- og friluftsmusea.

6.10 Samiske museum

Alle kulturhistoriske museum i Noreg illustrerer ulike kulturtrekk. Dei aller fleste representerer kulturvariantar av det norske storsamfunnet. Dei samiske musea representerer både ein etnisk minoritet og ei urfolksgruppe. Slik sett utgjer dei ei eiga gruppe av museum i Noreg. Etnisitet er også grunnlaget for dei musea som arbeider med kvensk/finsk kulturhistorie i Noreg, det same kan seiast om dei etnografiske samlingane i universitetsmusea.

I alt er det tale om ni sjølvstendige, samiske institusjonar, i tillegg til to anlegg som er del av andre museum. Dei fleste, i alt seks museum, er lokaliserte i Finnmark, som såleis utgjer eit klart tyngdepunkt i det samiske museumsmiljøet. Dei fleste musea er små og unge einingar. Ein institusjon har kunst som sitt felt, nemleg Saviomuseet i Sør-Varanger. Dei andre er kulturhistoriske museum.

Det største samiske museet, Sámiid Vuorká-Dávvirat /De Samiske Samlinger finn ein i Karasjok. Museet er driftsfinansiert over Kulturdepartementets budsjett, og hadde i 1994 ca. 50% av inntektene og 42% av alle årsverk som vart rapporterte frå samiske museum. Eige museumsbygg vart teke i bruk i 1972.

Várjjat sámi musea/Varanger Samiske museum i Nesseby er eit kommunalt museum som har fått nybygg finansiert av Kulturdepartementets investeringstilskot til nasjonale kulturbygg. Samisk kulturminneråd har hovudadministrasjonen sin i museet.

I Tysfjord i Nordland vart Árran Julevsáme guovdásj/Lulesamisk senter opna i 1994. Det er eit fleirbruksanlegg, der museumsfunksjonar utgjer ein del, i tillegg til bibliotekarbeid, lulesamisk kulturhus med duodjeverkstad og barnehage. Dessutan er administrasjonen for Samisk kulturråd og Samisk utdanningsråd lokaliserte i anlegget.

Sørsamisk område har sitt museum i Saemien Sijte/De sørsamiske samlinger i Snåsa i Nord-Trøndelag med eige museumsbygg frå 1979.

I 1994 var det sju samiske institusjonar som svarte på SSBs statistikkskjema. Totalt vart det rapportert godt 22 årsverk, av dei var 14 i faste stillingar. Totalutgiftene, frårekna investeringar, var 5,5 mill. kroner. Offentlege tilskot utgjorde 85% av inntektene. Rapportert besøk var 25 600, med over halvparten ved Sámiid Vuorká-Dávvirat/De Samiske Samlinger. Gjennomsnittlege utgifter pr. årsverk er omtrent det same som for dei kulturhistoriske musea, ca. 245 000 kroner.

Dei største samiske gjenstandssamlingane er å finna i Norsk Folkemuseum, Tromsø Museum og Vitskapsmuseet. Dei samiske musea rapporterte i 1994 9 800 kulturhistoriske gjenstandar og 22 000 foto. I samband med utarbeiding av ei innstilling om samisk kunstmuseum vart det kartlagt ca. 600 samiske kunstverk i offentleg eige, fordelte på mange institusjonar (jf. avsnitt 10.3.).

6.11 Spesialmuseum eller temamuseum

Nemninga 'spesialmuseum' blir til vanleg brukt om museum som tek for seg avgrensa, definerte tema. Kanskje kan nemninga spesialmuseum bytast ut med 'temamuseum' for å markera at desse musea har eit avgrensa tema som sitt samlingsgrunnlag. 'Spesial'-institusjonar av ulikt slag gjev kanskje ikkje alltid dei rette assosiasjonane.

Eigenleg er alle museum temamuseum i den forstand at ingen er altdekkjande, korkje innanfor natur- eller kulturhistorie. Når museum som Norsk Teknisk Museum, Norsk Sjøfartsmuseum og Norsk Skogbruksmuseum frå første stund har blitt rekna som spesialmuseum, er det fordi dei har definert eit meir avgrensa, tematisk ansvarsområde. Det avgjerande ligg med andre ord i om musea har eit avgrensa, tematisk ansvar definert i vedtekter o.a., og ikkje i den faktiske representasjonen i samlingane. I praksis betyr det at museum med fleire enn eitt tematisk ansvarsområde blir rekna som allmenne, kulturhistoriske museum, medan institusjonar med definerte, avgrensa temaområde får merkelappen temamuseum.

Dei fleste temamusea er å finna i gruppa for kulturhistoriske museum, men dei er også eit vanleg innslag i gruppa for integrert kultur- og naturhistorie. På kunstområdet er museum for samtidskunst ei form for temamuseum, det same kan seiast om museum etter namngjevne kunstnarar.

Blant dei mest markante temamusea er dei såkalla etatsmusea: Forsvarsmuseet, Norsk Telemuseum, Norsk Vegmuseum, NSB - Jernbanemuseet og Postmuseet, for å nemna dei viktigaste. Felles for etatsmusea er at dei er mellom dei største musea, dei er også blant dei fremste når det gjeld disponible ressursar pr. årsverk. Gjennomsnittet er på ca. 440 000 kroner pr. årsverk, investeringsutgifter frårekna. Det er 200 000 kroner høgare enn gjennomsnittet elles for dei kulturhistoriske musea. Forholdet mellom løn og drift viser også at dei ligg i det øvre sjiktet. I tillegg har institusjonar som Forsvarsmuseet tilgang til gratis arbeidskraft frå Forsvaret. Slik sett kan ein med stor rett seia at etatsmusea er blant dei best stilte når det gjeld ressursar, samanlikna med dei fleste andre museum.

Framveksten av temamuseum har vore særleg stor dei seinaste tiåra. Av 196 museum som ein veit er etablerte etter 1974, kan minst 105 (54%) karakteriserast som temamuseum med klart avgrensa emneområde. Av 94 museum etablerte etter 1984 er 60 (64%) å rekna som temamuseum. I pressa kan ein med jamne mellomrom lesa om nye initiativ til temamuseum. Tendensen er såleis klar: Nyetablering av museum resulterer oftast i eit temamuseum.

Når det gjeld temamuseum som er etablerte etter 1974, er det nokre emne som går oftare att enn andre. Det er for det første industri og teknikk, med over 20 nye museum, m.a. Norsk Industriarbeidermuseum, Vestnorsk Industristadmuseum og andre teknisk-industrielle kulturminne (jf. avsnitt 11.2.2.4.). I tillegg er teknikk og industri også innslag i allmenne kulturhistoriske museum. I museumsstatistikken for 1991 var det 81 institusjonar som rapporterte samlingar og/eller aktivitet på dette feltet.

Det andre temaet som ofte er utgangspunkt for nye museum, er sjøfart og fiske, med minst 13 nye institusjonar dei seinaste 20 åra. Det gjeld t.d. Karmøy fiskerimuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Rissa kystmuseum og Gratangen båtsamling. I tillegg er det dei mange kulturhistoriske musea som har fiske- og kystkultur som innslag i samlingane sine. I 1991 var det 103 museum som svarte stadfestande på at dei hadde spesialområde som omfatta sjøfart og fiske. Det var den nest største gruppa, berre museum med landbrukssamlingar var større, 127 institusjonar.

Militærvesenet, spesielt med tilknyting til andre verdskrigen, har vore utgangspunkt for ein del nye temamuseum, t.d. Rogaland militærhistoriske museum og Arquebus krigshistorisk museum, (begge i Rogaland), Hærmuseet på Nordfjordeid og Nordland Røde Kors krigsminnemuseum.

Museumsjarnbanar har det kome fleire av dei seinaste åra, t.d. Setesdalsbanen, Aurskog-Høland banen, Krøderbanen, Lommedalsbanen og Gamle Vossebanen. Samferdselstema har blitt utvida med Norsk Luftfartsenter, Bodø og Flyhistorisk museum, Sola.

På kunstsida har det vore ein tendens til å laga museum med samlingar etter ein kunstnar, ei blanding av person- og kunstmuseum. Døme på dette er Astruptunet, Eikaasgalleriet, Saviomuseet og Dyre Vaa samlingane.

Heilt nye tema er fjell og utmark, t.d. Norsk Bremuseum, Norsk Fjellmuseum og Kittilbu Utmarksmuseum.

Ein del museum har teke 'Norsk' eller 'Norges' som del av namnet, og dei fleste kan karakteriserast som temamuseum. I Norsk museumsutviklings (NMU) adressebok for museum og samlingar er det registrert 46 slike institusjonar. Av dei er 14 finansierte over eit departementsbudsjett, resten har regional og/eller lokal finansiering. Minst 24 av dei er frå tida etter 1974.

Ikkje sjeldan tek nokon nemninga 'Norsk' når dei er først ute med eit tema eller trur at dei er åleine på området. Di smalare temaet er, di enklare er det å vera først eller åleine, og dermed også proklamera at det er eit 'Norsk' museum. Det er grunn til å tru at det bak fleire etableringar ligg ei førestelling om at nemninga 'Norsk' vil skapa status og gje høgare attraksjonsverdi. Dessutan ligg det også ei von om at det skal vera lettare å få statleg finansiering. Det heile er eit uttrykk for at ein lokalt og/eller regionalt definerer kva som skal vera nasjonalt ansvar. Så lenge ein på sentralt nivå har hatt få eller ingen planar for museumsutviklinga, har denne spiralen av nye 'Norske' temamuseum fått fleire omdreiingar.

Museumsutvalet meiner at ein normalt bør vera varsam med å bruka nemninga 'Norsk' i institusjonsnamn. Det å vera først ute på eit felt bør ikkje vera grunnlag nok til å proklamera eit 'Norsk' museum. Nemninga 'Norsk' bør reserverast institusjonar som også har eit nasjonalt ansvar å forvalta med støtte i statlege, nasjonale planar. Med det opplegget som no blir skissert for vurdering av nye museum som skal ha offentleg tilskot, bør det vera mogeleg å få innverknad på namnebruken (jf. avsnitt 10.5.3. og 10.9.1).

Det er også all grunn til å problematisera tendensen som går mot stendig smalare emne som grunnlag for museumsetablering. Dette er ein tendens som kan bety fleire ting. Det kan vera eit teikn på at dei etablerte musea ikkje maktar å spegla dei endringane som skjer i samfunnet ved å ta opp arbeidet med nye tema. Men det er samstundes eit signal om at mange ser på institusjonstypen museum som ein føremålstenleg reiskap for å markera spesielle tema som einskildpersonar og interessegrupper identifiserer seg med. Slik sett fortel dette om den markerings- og symbolkrafta som ligg i museum som institusjonstype.

6.12 Er museumslandskapet fullstendig?

Ideelt sett burde musea som aktive dialoginstitusjonar vera stader som dekkjer samfunnslivet på ein måte som gjer at alle, eller i alle fall dei fleste, kjenner seg heime der. Med det store talet på einskildmuseum og ein aukande tendens til å skipa temamuseum skulle ein i utgangspunktet tru at Noreg som heilskap var godt dekt med museum som reflekterer dei fleste samfunnsområda. Slik er det ikkje, og det er heller ikkje å venta, sidan museumsetablering og -drift i liten grad har vore samordna eller resultat av overordna planar. Museumsetablering har vore fri, og har dessutan ofte hatt i seg element av kopiering. Dette gjeld spesielt dei mange kulturhistoriske musea. Lenge var friluftsmuseum mønsteret, og primærnæringar, spesielt landbruk, var utgangspunkt for museumsetablering. Dette biletet har blitt nyansert først dei seinaste tiåra.

Som vist i avsnitt 6.11. har det kome mange nye temamuseum som ein konsekvens av at nye temafelt har blitt aktuelle i museumssamanheng. Med utgangspunkt i det store mangfaldet med mange einingar, er det ingen grunn til å hevda at det trengst fleire museum i Noreg. Det finst likevel samfunnsområde der det trengst museumsinnsats, utan at det dermed må bety etablering av nye museum. Det er meir tale om å finna fram til samordnande og stimulerande tiltak som gjer at det eksisterande mønsteret kan fungera betre.

I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden og i seinare budsjettproposisjonar frå Kulturdepartementet er det identifisert nokre område der ein utifrå kulturpolitisk synsstad meiner at det bør koma større aktivitet. Reint generelt blir det etterlyst større innsats for 1900-talets materielle kulturhistorie gjennom såkalla samtidsdokumentasjon. Det er ei markering av at innsamling og dokumentasjon av materiell kultur i museum er ein kontinuerleg prosess, som også skal spegla dei raske endringane som har skjedd i samtid og nær fortid. På dette feltet er det i gang eit samordningsprosjekt i regi av NMU (jf. avsnitt 7.2.3.).

Kystkultur blir peika ut som eit felt der aktiviteten bør styrkjast. Her har det kome mange institusjonar til i seinare år. Samordning av innsats vil difor vera eit betre grep her enn å etablera nye institusjonar.

Arbeidarkultur og industrihistorie er eit anna felt som er nemnt som satsingsområde. Også her har innsatsen skote fart dei seinaste fem åra, m.a. gjennom istandsetjingstilskot til teknisk-industrielle kulturminne (jf. avsnitt 11.2.2.4.). I tillegg har Norsk Teknisk Museum og Norsk Industriarbeidermuseum blitt nasjonale institusjonar med samordningsansvar.

To område meiner Museumsutvalet det er grunn til å sjå nærare på. På begge områda er det tale om å skapa forståing for samanhengar og prosessar i samfunnet og respekt og toleranse for biologisk og kulturelt mangfald. I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden blir det konstatert at spreiinga av det naturhistoriske tilbodet er for dårleg. På dette feltet har det ikkje skjedd så mykje sidan meldinga kom, og det er grunn til å sjå nærare på korleis dette tilhøvet kan endrast i positiv lei. Det andre feltet er det fleirkulturelle samfunnet og i kva grad den dimensjonen er godt nok representert i museums-Noreg, både i historisk og i dagsaktuelt perspektiv.

6.12.1 Tiltaksplan for spreiing av naturhistoriske museumstilbod

Etter kulturmeldinga vart det i dei påfølgjande budsjettproposisjonane frå Kulturdepartementet sett opp som eit satsingsområde å betra det naturhistoriske museumstilbodet. Så langt er det lite konkret som har hendt. Norsk museumsutvikling har starta eit utviklingsprosjekt, men dette er enno på eit førebuande stadium.

Sommaren 1995 gjennomførte SSB ei såkalla Omnibus-undersøking for å kartleggja museumsbesøk blant innbyggjarar i Noreg (jf. avsnitt 8.3.3.). Det var berre 16,5% av dei spurde som hadde besøkt eit naturhistorisk museum dei seinaste 12 månadene. Hovudårsaka er truleg at det er få stader der ein kan møta naturhistorie i museumssamanheng. På somme måtar er situasjonen for det naturhistoriske museumstilbodet like dårleg som den var for kunstutstillingar på 1950-talet, før Riksgalleriet vart etablert, og ein fekk samordna planar for spreiing av kunstutstillingar (jf. avsnitt 8.3.9.).

Museumsutvalet meiner at det bør lagast ein tiltaksplan for å styrkja tilbodet av naturhistorisk kunnskap i museumssamanheng. Rett utforma kan ein slik plan vera med på å gje innhald til og kunnskap om omgrep som 'biologisk mangfald', 'berekraftig utvikling' og 'økologisk samspel'. I botnen for handlingsplanen bør følgjande føresetnader liggja:

  • Dei naturhistoriske universitetsmusea må spela ei hovudrolle i tiltaksplanen. Det vil vera med på å revitalisera desse musea overfor samfunnet utanfor universitetsverda.

  • Det er i første omgang ikkje aktuelt å etablera nye, naturhistoriske museum. Styrking av det naturhistoriske museumstilbodet utanfor universitetsmusea må baserast på eksisterande institusjonar, i første rekkje eit utval av dei kulturhistoriske musea og dei musea som integrerer kultur- og naturhistorie.

  • Informasjonssentra for natur og kultur vil vera naturlege medspelarar i programmet (jf. avsnitt 11.4.2.2.).

  • Tiltaksplanen bør leggja vekt på tiltak og innhald som integrerer kulturhistorisk og naturhistorisk kunnskap.

  • Ein tiltaksplan må kombinerast med den innsatsen som musea og kulturminne- og naturforvaltninga gjer innanfor landskapsskjøtsel. På det feltet er det lett å illustrera samspel og konflikt mellom menneske og natur (jf. avsnitt 11.4.1.2.). På den måten kan naturhistorisk kunnskap få konkrete tilknytingspunkt til lokale og regionale forhold.

  • Det må søkjast samarbeid med skuleverket og den satsinga som er meint å koma der i samband med styrking av det naturfaglege innhaldet i undervisninga (oppfølging av Naturfagutredningen).

Initiering og gjennomføring av ein tiltaksplan for naturhistorisk basert museumstilbod må gjerast på sentralt nivå. Tre departement er involverte på ansvarssida: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet og Miljøverndepartementet. Det er naturleg at NMU i samarbeid med Nasjonalt utval for universitetsmusea (NUUM) og Riksantikvaren/Direktoratet for naturforvaltning tek initiativ for å setja i gang tiltaksplanen.

Sjølve planen kan tenkjast å bli gjennomført etter følgjande leist:

  1. Målet med programmet er å etablera ei fast ordning med integrering av kulturhistorisk og naturhistorisk kunnskap i museumsmiljøa. Innan år 2005 bør alle fylka ha eit fast organisert opplegg for eit naturhistorisk museumstilbod basert på samarbeid mellom eksisterande institusjonar.

  2. I ein første fase blir det sett i gang eit femårs utviklingsprogram, der museumsmiljøa kan søkja om tilskot til prosjekt som tek omsyn til og kombinerer dei elementa som er nemnde ovanfor.

  3. Som totalramme for det heile blir det gjort framlegg om 25 mill. kroner fordelte på dei tre departementa over fem år.

6.12.2 Tiltaksplan for museum og det fleirkulturelle samfunnet

Ovanfor, i avsnitt 5.4., blir det understreka det viktige i at museum skal vera ein stad der folk kan kjenna seg att, der folk kan oppleva og oppdaga kulturelle trekk som gjeld dei sjølve. Ser ein på dei tema som musea dekkjer, er det berrsynt at hovudtyngda representerer ulike sider ved det norske storsamfunnet. Med unntak av kunst- og kunstindustrimusea og dei naturhistoriske musea er det i stor grad næringsperspektivet som er med å definera innhaldet i musea: landbruk, sjøfart og kystkultur, teknikk og industri osv.

Etnisitet kjem inn som dimensjon i dei samiske musea, i musea som arbeider med kvensk og finsk kulturhistorie og i dei etnografiske museumseiningane ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Elles i norske museum er etnisitet lite synleg som premiss og formingsfaktor for kulturelle samanhengar og uttrykk. Det gjer at for ulike etniske grupper som representerer minoritetar i det norske samfunnet, er norske museum primært ein stad der dei lærer om dei andre, ikkje om seg sjølve.

Det finst etniske grupperingar som har lang historisk tradisjon i Noreg, men som i varierande grad er representerte i museums-Noreg. Det gjeld sigøynarar, jødar og kvenar/finnar. Dei to førstnemnde gruppene har lita territoriell tilknyting, og deira kultur er i svært liten grad å finna i museumssamlingar. Finnar/kvenar har tilknyting til skogsområda på Austlandet og Nord-Noreg. Finsk innvandring og kolonisasjon av dei austnorske skogsområda starta omkring 1590, medan kvenane i Nord-Noreg, med spreidd innflytting heilt sidan mellomalderen, etablerte eigne, konsoliderte busetjingar tidleg på 1700-talet. Den kvenske innvandringa skaut ny fart utover på 1800-talet, og i 1875 var ca. 25% av innbyggjarane i Finnmark kvenar.

I museumssamanheng er kven- og finnekulturen representert i kjerneområda for busetjingane, nemleg Finnmark og Hedmark. I den fylkeskommunale museumsplanen for Finnmark er Vadsø Museum definert som ansvarsmuseum for kvensk kultur. Også andre museum i Finnmark og Tromsø Museum har materiale med tilknyting til kvenkulturen. I Hedmark har Gruetunet markert seg som museum for finnekulturen, og Glomdalsmuseet og Norsk Skogbruksmuseum har også samlingar med slik tilknyting.

Slik desse musea har arbeidd med finsk/kvensk kultur, representerer det ein integrert modell, der fleirkulturell sameksistens er eit utgangspunkt. Det reflekterer kvardagen i område der ulik etnisitet og kultur møtest, der det oppstår kulturelle mistydingar og konfliktar både av økonomisk og kulturell art, der det skjer tilpassing og utviklar seg former for sameksistens. Den fleirkulturelle dimensjonen er på den måten integrert i musea. Det er ein kvalitet at museum speglar det fleirkulturelle samkvemmet i regionar der dette er eit vesentleg kjennemerke.

Dei seinaste tiåra har vore prega av at nye etniske minoritetar har kome til Noreg. Til no er deira kultur i liten grad å finna i museumssamanheng. I Oslo er det ein institusjon som arbeider med innvandrarkultur, Internasjonalt Kultursenter og Museum (IKM). IKM arbeider med eit treårs prosjekt, finansiert av Norsk kulturråd, Barne- og familiedepartementet, Sekretariatet for flyktninger og innvandrere og ein del andre instansar. Sentralt i senterets arbeid står samansmelting av utøvande kunstformer og utstillingar. Senteret skal vera ein arena der ulike innvandrargrupper kan eksponera si spesifikke historie, samstundes som senteret skal skapa kontakt mellom norsk kultur og historie og det som innvandrargrupper står for. På museumssida har IKM avtaler om samarbeid med Norsk Folkemuseum, Etnografisk museum og Oslo Bymuseum.

Integrering av innvandrarkultur i eksisterande museum er ein modell som er vanleg i andre land, der innsatsen på feltet har vore mykje større enn i Noreg. Nordiska museet i Sverige har sidan 1970-talet hatt dokumentasjons-, forskings- og utstillingsprosjekt i tilknyting til ulike innvandrargrupper. Fleire av prosjekta har vore integrerte i SAMDOK-arbeidet. I tillegg er det etablert Sveriges Invandrarinstitut och Museum, som i stor grad er finansiert gjennom oppdragsforsking (Pareli 1994). Eitt av dei mest vellukka utstillingsprosjekta i London dei seinaste åra var eit prosjekt der Museum of London i samarbeid med ei rekkje innvandrarorganisasjonar i eit historisk perspektiv viste fram det svært fargerike og mangearta fleirkulturelle samfunnet i millionbyen (Kahn 1994).

Å styrkja det fleirkulturelle innslaget i norske museum vil vera heilt i tråd med den overordna målsetjinga om at museum skal skapa respekt og toleranse for kulturelt mangfald. Eit grunnleggjande prinsipp bør vera at museum i dei områda der det fleirkulturelle kjem til uttrykk, har eit ansvar for å la denne dimensjonen koma fram i den faglege profilen for musea.

Det er eit nasjonalt, statleg ansvar å styrkja innsatsen på dette feltet. Museumsutvalet gjer difor framlegg om eit femårs program der musea blir inviterte til å gjennomføra prosjekt som skal utvikla den fleirkulturelle dimensjonen i musea. Hovudaktørar vil vera dei musea som allereie representerer etniske minoritetar i eit fleirkulturelt perspektiv. Konkret betyr det dei samiske musea, dei som arbeider med kvensk og finsk kultur og dei som arbeider med innvandrarkultur. Dessutan er det naturleg at museum i andre delar av landet med fleirkulturelle innslag vil vera med i programmet, som vil omfatta både dokumentasjons-/forskings- og formidlingsprosjekt.

Eit viktig element vil vera å sjå etniske og fleirkulturelle tilhøve i eit historisk perspektiv for å få fram korleis det i Noreg alltid har vore ulike former for fleirkulturelt samkvem. Eit godt gjennomført program kan vera ein god illustrasjon på korleis museum kan fungera som verkstader for kulturell toleransetrening.

Programmet vil omfatta kombinerte dokumentasjons-/forskings- og formidlingsprosjekt. Det er difor naturleg at Noregs forskingsråd administrerer det heile gjennom ei prosjektgruppe. Med ei totalramme på 15 mill. kroner vil det i snitt vera 3 mill. kroner pr. år til disposisjon for ulike tiltak i prosjektperioden.

6.13 Oppsummering

Hovudinntrykket frå ein detaljert gjennomgang av ulike typar museum kan karakteriserast med stikkorda desentralisert mangfald. Totalt er det registrert over 700 museum/samlingar. Det store fleirtalet er små, kulturhistoriske museum som ein kan finna over heile landet. Kunst- og kunstindustrimusea er i hovudsak er eit sørnorsk fenomen, og naturhistoriske museum er konsentrerte til dei store byane. Oslo er den viktige museumsbyen både når det gjeld tal på store institusjonar, og når det gjeld offentleg ressursbruk med staten som den største bidragsytaren.

I statistikkmaterialet for 1993 har ein opplysningar om etableringstidspunkt for 425 av dei 478 musea som har sendt inn svar. Dette viser 196 av dei som svarte (46%), har blitt skipa etter 1974. Det kan vera at ein del av desse musea er eldre samlingar som har blitt formaliserte som institusjonar frå 1974 og utover.

Landsgjennomsnittet viser at 50% av årsverksinnsatsen er knytt til temporær arbeidskraft, med litt skilnad mellom dei ulike fylka. Det inneber m.a. at det totalt sett er liten kontinuitet i arbeidsstyrken. Det betyr også at i eit system med stort innslag av temporær arbeidskraft, vil det faste personalet måtta bruka tid på å rettleia dei som kjem inn i tidsavgrensa engasjement.

Årleg har musea godt ein milliard kroner til disposisjon for oppgåvene sine. Det offentlege, med staten som den største bidragsytaren, står for mellom 72 og 75% av dei økonomiske ressursane. Dei offentlege tilskota representerer likevel ikkje meir enn ca. 158-170 kroner pr. innbyggjar, eller utgiftene til fire-fem kinobillettar. Eigeninntekter og gåver/sponsormidlar står for 24-28% av det totale ressursgrunnlaget.

I 1994 hadde 254 (45 %) av institusjonane mindre enn 500 000 kroner i totale utgifter. 54 institusjonar (10%) hadde meir enn 5 mill. kroner i totale utgifter.

Når det gjeld bruk av ressursar, har musea i snitt ei fordeling på 57% lønsutgifter og 43% andre driftsutgifter. Med tanke på dei samansette arbeidsoppgåvene - innsamling, bevaring av samlingar og formidling - og drift og vedlikehald av dei mange bygningskompleksa som musea forvaltar, viser fordelinga at det truleg er for liten del av ressursane som går til driftsrelaterte oppgåver. Det er mykje som tyder på at fordelinga i musea burde ha vore minst 50-50, eller helst 45% lønsutgifter og 55% driftsutgifter, slik situasjonen er ved dei musea som står seg best.

Sjølv om det finst mange museumseiningar som dekkjer eit omfattande felt når det gjeld innhald og emne, blir det peika på at museumslandskapet treng kompletterast på to område, utan at det dermed er naudsynleg å etablera nye institusjonar. Det blir gjort framlegg om to tiltaksplanar, begge over fem år. Den eine gjeld spreiing av naturhistorisk museumstilbod, der det blir viktig å utvikla samspel og samarbeid mellom dei naturhistoriske musea og eit utval kulturhistoriske museum. Den andre tiltaksplanen rettar perspektivet mot museum og det fleirkulturelle samfunnet.

Fotnoter

1.

Når det gjeld tal på institusjonar i 1993, har denne utgreiinga teke med tre institusjonar som leverte skjema for seint til å koma med i SSBs statistikk.

2.

I skjemaet stod «verneverdige bygningar».

3.

Ein opererer med det talet som kvart år svarer på SSBs statistikkskjema, sidan alle tal i utgreiinga i hovudsak byggjer på SSBs undersøkingar. NMU har registrert ca. 700 institusjonar som kvart år får tilsendt statistikkskjema. Det er liten grunn til å tru at dei ca. 250 som ikkje svarer, representerer ein særleg viktig del av norsk museumsrøyndom. I 1991 svarte 460 institusjonar, i 1992 413, i 1993 478 og i 1994 571 institusjonar.

4.

Ein del institusjonar fører berre opp talet for samla årsverk utan å spesifisera om dei er knytte til faste eller temporære stillingar.

5.

Frå SSBs materiale har ein rekna museum med 2 eller fleire verneverdige bygningar, som friluftsmuseum/bygningsmuseum. Bygningane er å rekna som museumsobjekt i seg sjølve, og blir også brukte slik. Bygningane kan stå på opphavleg stad eller vera flytta til eit museumsområde.

Til forsiden