NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

7 Samfunnsminnet

«Menneskeskapte ting ... er utsette for endring og nedbryting, ikkje berre i fysisk forstand, men også når det gjeld meiningsinnhald. Sjølv om den [fysiske] eksistensen er sikra, vil objekta stå i konstant fare for å missa meininga. Røyndomen deira er symbolsk ... og slik røyndom vil alltid krevja tolking og stadig nytolking» (omsett og sitert frå Cassirer 1962).

7.1 Innleiing

Grunnlaget for alt museumsarbeid er at noko blir samla inn for å danna utgangspunkt for tolking, forståing og i neste omgang formidling av kunnskap og oppleving. Når noko først har kome inn i eit museum, følgjer det med ei rekkje arbeidsoppgåver som skal oppfyllast, slik at samfunnet i lang tid framover kan ha glede og nytte av det som er innsamla. Det gjeld å ha orden og oversyn over både objekta og tilhøyrande opplysningar. Det som er innsamla, skal også oppbevarast på ein måte som gjer at nedbrytingsprosessane i prinsippet kan kontrollerast, sjølv om dei ikkje kan stoppast. Alle funksjonar som knyter seg til innsamling, tolking og bevaring av dei meiningsberande samlingane, gjer museet til eit samfunnsminne.

7.2 Innsamling og forsking

7.2.1 Innsamlingsstrategiar

Ein internasjonal museumskonferanse ved Department of Museum Studies, University of Leicester i 1996 hadde tittelen «Skal vi halda fram med å samla?». Tittelen er ikkje berre eit retorisk grep for å verka provoserande. Spørsmålet avspeglar ein situasjon der stendig fleire i musea kjenner seg usikre på kva ein skal ta inn til museumssamlingane og kva strategiar som bør følgjast. Det at ein stiller spørsmålet slik om innsamlingsarbeidet, er eit signal om at innsamling har blitt for sjølvsagd, kanskje ein vane (jf. avsnitt 7.2.3.).

Bak ei kvar objektsamling (objekta kan vera gjenstandar, foto, bøker m.m.) ligg det idear, førestellingar og motiv som styrer etableringa og suppleringa av samlinga. I hovudsak kan ein sirkla inn tre generelle kjenneteikn ved det å skapa ei samling, anten det er innanfor ramma for eit offentleg museum eller det er ei privat samling:

  1. Alle objektsamlingar er resultat av ein seleksjon frå ei mengd som er mange gonger større enn samlingane.

  2. Seleksjon er basert på førestellingar som tillegg objekta ei form for verdi som går utover gjenstandane sjølve. Det kan vera verdi som informasjonsberar, estetisk og symbolsk verdi, kjensleverdi og økonomisk verdi. Som oftast vil det vera eit sett av verdiførestellingar som knyter seg til objekta.

  3. Å etablera objektsamlingar representerer eit forsøk på å ordna den materielle omverda, å skapa oversyn og orden og å skapa meiningspunkt for forståing og attkjenning. Slik sett er objektsamlingar bokstavleg tala handgripelege instrument i ein kommunikasjonsprosess mellom menneske og det materielle, og mellom menneska i sosial samhandling.

Alt etter kva ein vil oppnå med samlinga, bruker ein ulike strategiar og kriterium for å velja ut. Ulike innsamlingsstrategiar kan illustrerast med konstruerte samlartypar: samlaren, vernaren og kunnskapssøkjaren. Dei eksisterer knapt i rein form, men står for ulike haldningar til det å skapa objektsamlingar.

Samlaren

Den reine samlaren har stor personleg glede av å samla gjenstandar som av ulike årsaker har fanga interessa. Han bruker mykje tid, pengar og omtanke på å skaffa stendig fleire eksemplar, anten det er kunstverk, frimerke, jakttrofé, myntar, mineralar, pins osv. Den reine samlaren er dyktig til å finna fram til det han ønskjer seg, anten det gjeld å stå først i køane på auksjonar, gjera dei største kuppa, ha dei eldste, sjeldnaste, mest unike eksemplara, osv. Det er vidare ei sterk investering av personlege kjensler til objektsamlingane. Den reine samlaren strevar gjerne mot det avslutta, det fullkomne, det eineståande. Han utviklar stor detaljkunnskap om det feltet som han er interessert i. På kunstområdet har samlaren ofte hatt ei rolle som mesen.

Fleire museum har blitt skapte på grunnlag av private samlarar, eller samlingane utgjer viktige innslag i etablerte, viktige museum i internasjonal samanheng (Pearce 1992).

For den reine samlaren er samlinga eit mål i seg sjølv. Å sjå samlinga auka både i omfang og verdi representerer ei maksimal måloppnåing. Samstundes kan samlinga vera eit middel for mellommenneskeleg posisjonering, det gjev prestisje og sosial aksept.

Vernaren

Vernaren samlar objekt for å bevara dei for ettertida. For vernaren er objektets representasjonsverdi sentral, dvs. objekt som representant for og informasjonsberar om verdiar av eit eller anna slag. Vernaren spelar med vite på at seleksjon er eit kvalitetsstempel i seg sjølv, objekta blir dei utvalde/utkåra, som hevar seg frå massane. Objektets representasjons- og illustrasjonsverdi er ofte knytt til alder som ein kvalitet i seg sjølv (Johansen 1989).

Vernaren i den klassiske utgåva hadde ofte eit devolusjonistisk kultursyn, dvs. dei utvalde objekta frå fortida stod fram som representantar frå ein tidlegare gullalder. Endringane etter denne gullalderen var i prinsippet negative og øydeleggjande. Difor fekk vernearbeid tidlegare ofte preg av redningsaksjonar, det galdt å redda restane før det var for seint.

For vernaren er samlingane både mål og middel. Objektet har ein klar eigenverdi, men ikkje heilt uavhengig av det tolkande mennesket. Vern er likevel det primære. Vernaren har vanskeleg for å seia nei til gåver, det kan jo koma godt med i framtida.

Kunnskapssøkjaren

Han, eller ho, tek utgangspunkt i problemstillingar, der det materielle, naturskapt eller menneskeskapt, tener som informasjonsdokument for ein intellektuell tolkingsprosess. Han er oppteken av alle samanhengar som det materielle går inn i, og han legg stor vekt på all dokumentasjon som belyser relasjonen mellom einskildobjekt og samanheng. Kjenneteikn ved kunnskapssøkjaren er ei systematisk samlingsetablering, der taksonomi, klassifikasjon og kategorisering er viktige metodiske hjelpemiddel. Idealsamlingar for kunnskapssøkjaren er baserte på problemstillingar, objektet er samla inn for å gje svar på spørsmål. Han representerer innsamlingsstrategien «spørja først - samla etterpå». Han har forståing for verdien av å verna objekt for ettertida, men det er ikkje avgjerande.

Både samlaren, vernaren og kunnskapssøkjaren er i slekt med folkeopplysaren i den forstand at dei gjerne vil dela kunnskapen og opplevingane som er knytte til gjenstandane, med andre. Men vernaren kan ha ein skepsis mot for sterkt innslag av folkeopplysande tiltak, fordi verneperspektivet og folkeopplysningsperspektivet på visse punkt er direkte motstridande. Ønskjet om å bevara «for all framtid», under optimale forhold, står prinsipielt sett i motsetnad til folkeopplysarens ideelle ønskje om friast mogeleg tilgang for flest mogeleg til mest mogeleg av materialet som er i ei samling. Medan gode og sikre magasin er vernarens viktigaste hjelpemiddel for å sikra den materielle kulturarven tilnærma evig liv, kan folkeopplysaren oppfatta det å ha samlingar i magasin som ei fornærming mot publikum og samfunnet utanfor museumsgjerdet. Dette er ein innebygd motsetnad i alt museumsarbeid.

I dag er den reine samlaren meir og meir sjeldan innanfor det organiserte museumssamfunnet. Derimot kan mange av museumspionerane visa til utprega trekk av den reine samlaren. Kanskje er det først og fremst eit gründertrekk i museumssamanheng. Samlaren er å finna på det private samlarområdet med mange spesialiserte samlarar. Somme tider kjem materialet deira inn i museumssamanheng. Betydninga av slikt materiale kan stundom liggja på område som den opphavlege samlaren knapt kunne førestilla seg. I 1995 fekk Naturhistoriska Riksmuseet i Stockholm ei stor samling med fugleegg. Samlinga spenner over ein lang tidsperiode, og kan dermed tena som referansesamling for bl.a. måling av tungmetallrestar i egga.

Når det gjeld kunst, har den private samlaren alltid spela ei viktig rolle. Samlarens fridom til å kunna konsentrera seg har i ettertid ofte vist seg viktig for både kunst- og kunstindustrimuseum. Fleire viktige privatsamlingar har danna utgangspunkt for museum eller står fram som monumentsamlingar i museum både i utlandet og i Noreg.

Vernaren er lettare å observera i norske museum. På somme måtar er dei arkeologiske samlingane eit resultat av vernarens måte å arbeida på. Lov om kulturminne slår fast at førreformatoriske kulturminne primært skal liggja urørt i jorda. Når tiltak krev det og kravet blir godkjent, skal fornminne gravast ut og takast vare på i landsdelsmusea. Etter andre verdskrigen har utbyggingstiltaka vore så mange og så store at dei har styrt det meste av veksten i dei arkeologiske museumssamlingane. Slik sett styrer verneomsyn i viss monn innsamlinga i dei arkeologiske musea.

Også i musea som arbeider med nyare kulturhistorie, er innsamling for å verna ein vanleg framgangsmåte. Det er institusjonane sjølve og einskildmedarbeidarar som bestemmer kva som er verd å ta vare på for framtida. Det er stort spelerom for personleg skjønn. Det er difor vanskeleg å få fram noko mønster i verne- og dermed også innsamlingskriteria. Det er likevel tydeleg at alder i seg sjølv er ein viktig kvalitetsfaktor for desse musea. Det kan i viss monn forklara den etter måten sterke interessa for det førindustrielle samfunnet på 1700- og 1800-talet.

Kunnskapssøkjarens arbeidsmåte er typisk for dei naturhistoriske musea. Samlingane deira er ikkje primært verneobjekt i seg sjølve, slik dei kulturhistoriske objekta er. Samlingsverdien ligg i informasjonsinnhald som referansedata for kunnskap om forhold i naturen, anten det er geologisk, zoologisk eller botanisk materiale. Verneperspektivet er først og fremst retta mot naturen sjølv, og museumssamlingane skal ideelt sett tena som utgangspunkt for kunnskap som kan gje substans til dei konkrete vernetiltaka.

Kunst- og kunstindustrimusea har ein innsamlingspraksis som balanserer samlarens og kunnskapssøkjarens arbeidsmåtar. Det er tale om å samla markante gjenstandar med høg kvalitet og som uttrykkjer estetiske verdiar. Samstundes skal gjenstandane avspegla tendensar i kunstverda og kunsthistoria. Dette dannar eit utgangspunkt som gjer samlingsarbeidet systematisk og målretta. Bruk av innkjøpskomitear styrkjer denne profilen. Samstundes er det rom for stor grad av personleg-intuitivt skjønn.

Den systematiske, problem- og prosjektorienterte innsamlingsstrategien finn ein døme på i dei større musea for nyare kulturhistorie. Som døme kan nemnast samarbeidsprosjektet mellom ei rekkje museum om temaet Menneske og bomiljø (jf. avsnitt 7.2.6.2.). Ikkje sjeldan er det tilbod om gåver som utgjer innsamlingsgrunnlaget. Det er ein konsekvens av at eit fåtal museum, om nokon, har særlege ressursar til å kjøpa inn nytt materiale. Det finst også ein tendens til å la utstillingsprosjekt vera utgangspunkt for innsamling. Objekt som manglar i dei eksisterande samlingane, blir tekne inn til utstillingsprosjektet, og når utstillinga er ferdig, går objekta inn i samlingane.

7.2.2 Samlingsomfang

Det er stor skilnad mellom museumstypane når det gjeld omfanget på samlingane (sjå tabell 7.1). Kunstmusea har gjennomgåande små samlingar, der berre dei største kjem over 10 000 gjenstandsnummer. I 1994 var det 9 museum som hadde samlingar med meir enn 10 000 objekt. Dei tre kunstindustrimusea høyrer med her. I alt 20 samlingar hadde mindre enn 1 000 objekt. Norsk Arkitekturmuseum har 200 000 inventarnummer, og det er eit uvanleg høgt tal i kunstmuseumssamanheng. Bak det høge talet ligg det privatarkiv som inneheld teikningar og/eller fotomateriale frå arkitektar.

Blant dei kulturhistoriske musea har dei arkeologiske universitetsmusea i Oslo og Bergen over 500 000 inventarnummer kvar. Ofte er det tale om gjenstandsfragment og ikkje heile gjenstandar. Musea for nyare kulturhistorie høyrer ikkje til dei som har dei store samlingane. Norsk Folkemuseum skil seg sterkt ut med 230 000 gjenstandar. Elles har fire institusjonar rapportert meir enn 50 000 gjenstandar, medan 300 (66%) har mindre enn 10 000 gjenstandar. Ein skal elles merka seg eit visst innslag av kunstgjenstandar og naturhistoriske objekt i denne museumsgruppa. I alt 91 museum (20%) har ikkje rapportert tal for gjenstandssamlingane i 1994.

Tabell  Tabell 7.1 Oversyn over rapporterte gjenstandsmengder i 1994

MuseumskategoriKunsthist gjenst.Prosent katalog.Kult.hist. gjenst.Prosent katalog.Nathist. gjenst.Prosent katalog.Sum gjenstandar
Kunst- og kunstind.mus.420 663162----420 663
Kult.hist. mus.16 351442 932 473545 297982 954 121
Nat.hist. mus.----6 096 305356 096 305
Kult.hist/nat. hist. mus60 213501 073 730464 296 53275 430 475
Sum497 2274 006 20310 398 13414 901 564

1 Norsk Arkitekturmuseum har åleine 200 000 inventarnummer.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Naturhistoriske museum reknar inventarnummer i millionar. Zoologisk museum (2,3 mill.), Paleontologisk museum (2,0 mill.) og Botanisk museum (1,7 mill.), alle Universitetet i Oslo, har dei klart mest omfattande samlingane. Bak dei store tala ligg konkrete eksemplar frå dyre- og planteriket i tillegg til ei stor mengd prøvar og preparat av ulikt slag.

I museumsgruppa som kombinerer kultur- og naturhistorie, dominerer Bergen Museum, Vitskapsmuseet i Trondheim og Tromsø Museum med høvesvis 2,0 mill., 2,2 mill. og 1 mill. inventarnummer. Alle tre stadene utgjer naturhistorisk materiale brorparten av samlingane. Elles har 29 institusjonar (47%) mindre enn 10 000 objekt, medan fire museum har rapportert mellom 10 000 og 40 000 inventarnummer. I alt 24 einingar (39%) har ikkje gjeve opplysningar om samlingsomfanget i 1994.

Sjølv om gjenstandar utgjer hovudmengda og det viktigaste materialet i musea, skal det også nemnast at musea har store samlingar foto av alle slag, dessutan privatarkivmateriale i dokumentform og som innspelingar på lydband. Fotografia utgjer dels dokumentasjonsfoto av gjenstandsmaterialet, dels foto frå registreringar av hus og gjenstandar utanfor musea og dels meir reportasjeliknande foto frå kvardags- og festliv frå ulike stader i landet. Ein ikkje uvesentleg del av tilfanget er delar av eller komplette negativarkiv i form av glasplater eller nitratfilm. Ein del av dei kulturhistoriske musea har vore aktive som innsamlarar av eldre fotomateriale i samsvar med dei tankane som kom fram i Norsk kulturråds innstilling frå 1976 om fotobevaringsarbeid. I SSBs museumsstatistikk for 1991 vart det rapportert følgjande omfang på fotografisk materiale:

Fotopositiv 882 000 Negativ 2 300 000 Nitratfilm 91 700 Lysbilete 430 000 Film 8 800 Videoband 1 700

I 1994 vart det rapportert følgjande samletal for fotografisk materiale som også inkluderer eigne opptak ved musea:

Kunst- og kunstind.museum 75 000 Kulturhist. museum 5 238 000 Naturhist. museum 4 000 Kult.hist./nat.hist. museum 706 000

På fotofeltet har Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana (NBR) etablert både gode magasinforhold for og kompetanse på å behandla fotografisk originalmateriale. Dei tilbyd no tenester m.a. overfor musea. Norsk Folkemuseum har, som eitt av dei første musea, deponert sin del av negativarkivet etter Anders Beer Wilse (1865-1945) ved NBR, og fått laga eit nytt negativsett til bruksformål.

Ved mange museum finn ein også privatarkiv, dvs. arkiv etter organisasjonar, bedrifter og einskildpersonar. Eit viktig materiale er skriftfesta registrerings- og intervjumateriale frå ulike former for feltarbeid. I 1991 var det rapportert 21 000 hyllemeter med arkivmateriale. På lydbandsida var talet over 15 000 band/kassettar.

7.2.3 Tilvekst, plan og prioritering

Tilvekst til museumssamlingane skal tilføra musea grunnlag for ny kunnskap eller modifisering/endring av kunnskap som er utvikla tidlegare. Dei seinaste åra har rapportert tilvekst variert ein del i forhold til den totale gjenstandsmassen i kvar museumskategori, med størst årleg variasjon i dei naturhistoriske musea (tabell 7.2). Kunst- og kunstindustrimusea har klart den minste tilveksten rekna av totalmengda av gjenstandar. I dei kulturhistoriske musea utgjer arkeologisk materiale meir enn 30% av rapportert tilvekst. Ulike utbyggingsprosjekt er den direkte årsaka til mange av dei arkeologiske graveprosjekta. Tilveksten i dei naturhistoriske musea er resultat av forskingsprosjekt, komplettering av eksisterande samlingar og arbeid med hovudoppgåver. Dessutan spelar prosjekt i samband med store inngrep i naturen, t.d. vassdragsutbygging, ei ikkje uvesentleg rolle.

Tabell  Tabell 7.2 Tilvekst av gjenstandar. Prosent av total gjenstandsmengd i kursiv

Museumskategoriar19911992199319942
Kunst- og kunstind.museum2 128 1,02 085 0,81 0863 0,41 7144 0,8
Kultur.hist. museum34 852 1,540 702 1,457 872 1,863 407 2,1
Nat.hist. museum128 586 4,290 366 1,2176 264 2,334 492 0,6
Kult.hist./nat.hist. museum72 029 2,668 846 2,391 846 3,081 403 1,5

2 I 1994 vart gjenstandsmaterialet delt på kunst-, kultur- og naturhistoriske gjenstandar. Her er samla tal.

3 Norsk Arkitekturmuseet og Barnekunstmuseet er ikkje rekna med. Dei har volum på samlingane som er heilt atypiske for kunstmusea.

4 Norsk Arkitekturmuseum er ikkje rekna med.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1991, 1992, 1993 og 1994

Med i tilvekstbiletet høyrer også kulturhistoriske bygningar som anten blir flytta til eller blir innlemma «på rot» i museumssamlingar. I 1991 vart det rapportert 105 nye bygningar (2,6% av totalmengda), i 1992 139 (3,3%), i 1993 100 (2,3%) og i 1994 127 (2,7%) nye bygningar.

Med tanke på at innsamling utgjer ein av hjørnesteinane i museumsarbeidet, legg ein merke til at for 1993 var det berre 11 (2%) av 478 institusjonar som rapporterte at dei hadde innsamlingsplanar som grunnlag for tilveksten. Vonlegvis er realitetane noko betre enn det rapporteringa kan tyda på. Det kan henda at somme institusjonar har innsamlingsplanar innbakte i langtidsplanane sine. Slike langtidsplanar er det fleire som har, i alt 121 museum. Truleg er også innsamlingsopplegg å finna i årsplanane, som i alt 145 museum hadde for 1993. Ei anna forklaring kan vera at innsamlingsprosjekt i stor monn blir initierte og gjennomførde av einskildmedarbeidarar utan at det gjev seg uttrykk i institusjonsplanar. Endå ei forklaring er at for kunst- og kunstindustrimusea og mange av spesial musea er den tematiske avgrensinga ei ramme, som på visse måtar fungerer som ein innsamlingsplan. Den svake rapporteringa kan likevel vera eit signal om at planstyrt innsamling ikkje står så sterkt i musea.

Med ein viss rett kan ein sjå på drøftingane om og arbeidet med samtidsdokumentasjon (SAMDOK) ved dei musea som arbeider med nyare kulturhistorie, som ein kime til meir planstyrt innsamlingsarbeid. Sjølve omgrepet kom opp i samband med Nordiska museets 100-års jubileum i 1972. Ein analyse av samlingane viste at 1900-talet var dårleg representert. Tyngda av gjenstandsmaterialet var frå 1700- og 1800-talet. For å få eit betre grep på gjenstandsmaterialet frå samtid og nær fortid, vart SAMDOK først organisert som eit prosjekt, seinare som ei fast samarbeidsordning mellom svenske museum. Sekretariatsfunksjonen ligg ved Nordiska museet i Stockholm.

På dette feltet har svenske museum fått til ei organisering som styrkjer samordning og fordeling av oppgåver musea i mellom. Dei konkrete prosjekta har i stor grad vore etnologiske/antropologiske intervju- og dokumentasjonsprosjekt. Relativt sjeldan har prosjekta resultert i innsamling av gjenstandar. På den andre sida har det gjenstandsmaterialet som er innsamla, ein svært høg informasjonsverdi. Totalt sett representerer SAMDOK-prosjekta i Sverige ein omfattande kunnskap omkring og i tilknyting til materiell kultur. Dei konkrete gjenstandane er å finna ute i samfunnet, ikkje i museumssamlingane (Silvén-Garnert 1992).

I Noreg manglar den samordnande organiseringa på feltet. Norske Kunst- og Kulturhistoriske Museer (NKKM) har hatt fleire utval som har arbeidt med samtidsdokumentasjon, bl.a. i form av konkrete prosjekt. Det seinaste prosjektet ber tittelen «Bare plast», og har i første omgang resultert i ei vandreutstilling om temaet. I Kulturmeldinga og i seinare budsjettproposisjonar er samtidsdokumentasjon omtala som satsingsområde. Norsk museumsutvikling (NMU) har i 1995 følgt opp dette med eit prosjekt som tek sikte på å etablera eit nasjonalt sekretariat for forsking og samtidsdokumentasjon. Slik sett er utviklinga i Noreg på veg mot noko som kan likna SAMDOK-organiseringa i Sverige.

Uavhengig av kva som måtte koma ut av dette prosjektet vil det vera naudsynleg for museum som arbeider med nyare kulturhistorie å samarbeida og fordela oppgåver når dei skal arbeida med 1900-talets materielle kultur. Som modell for eit slikt samarbeid kan ein sjå på SAMDOK-organiseringa i Sverige, men også samarbeidsordninga som dei tre kunstindustrimusea har når det gjeld innsamling, kan tena som føredøme.

I personalundersøkinga blant museumstilsette vart det bede om at dei skulle gjera ei sjølvevaluering av dei ulike funksjonane i musea. Spørsmåla var følgjande: «Kva er den svakaste/sterkaste sida ved »ditt« museum?» Innsamling/katalogisering var eitt av fem alternativ som kunne kryssast for, og berre eitt av alternativa kunne veljast.

Tabell  Tabell 7.3 Rangering av funksjonen innsamling/katalogisering. Tal i kursiv viser rangering blant fem alternativ

MuseumskategoriarSterkaste sideSvakaste side
Kunst- og kunstind.museum (n=121)22% 28% 5
Kult.hist. museum (n=501)17% 314% 4
Nat.hist. museum (n=86)17% 316% 4
Kult.hist./nat.hist. museum (n=203)12% 420% 2

Kilde: Museumsutvalets personalundersøking 1994

Dei tilsette på kunst- og kunstindustrimusea er mest nøgde med innsamling og katalogisering, medan dei som arbeider ved dei blanda kultur- og naturhistoriske musea er meir misnøgde med denne funksjonen. Totalt sett blir funksjonen vurdert til å vera midt på skalaen (tabell 7.3; jf. også figur 9.7 og 9.8 i avsnitt 9.6.3.).

Som ei oppfølging av evalueringsspørsmåla vart det spurt om korleis dei tilsette ville prioritera dei ulike museumsfunksjonane dersom ressursane vart auka med 1/3. Prioriteringane var frå ein til fem. Dei tilsette ved kunst- og kunstindustrimusea sette innsamling/katalogisering på femteplass, i og for seg logisk sidan dei er relativt nøgde med situasjonen. I dei andre museumskategoriane var prioriteringa tredje- eller fjerde-plass.

Det er mogeleg at innsamling og katalogisering høyrer med til dei funksjonane som går av seg sjølv, og at det blir lagt lite vekt på dette arbeidet både i planleggings- og prioriteringssamanheng. Kanskje har aktiviteten blitt for sjølvsagd og rutineprega; ein gjer det som «alltid» har vore gjort. Det er grunn til å peika på at innsamling i endå større monn enn no bør gjerast synleg i planarbeid ved institusjonane, anten i form av spesielle innsamlingsplanar eller som del av langtidsplanane. Det er også grunn til å understreka det ønskjelege i at innsamlingsaktiviteten i sterkare grad blir knytt opp til forskingsplanar og -prosjekt (jf. avsnitt 7.2.6.5. nedanfor). Tiltak på fylkesnivå for å samordna innsamlingsaktiviteten ved musea er eit positivt steg i rett lei. Hovudutfordringane ligg likevel i einskildinstitusjonane.

7.2.4 Dokumentasjon og oversyn

Når eit objekt har kome inn på museum, startar det på mange måtar eit nytt liv. Det skal identifiserast og bestemmast, det får eit identitetsmerke i form av nummer, kanskje skal det også beskrivast og fotograferast. Opplysningar omkring objektet skal noterast ned, livshistoria er ein viktig del av informasjonsgrunnlaget for gjenstanden. Ved dei største musea blir det også gjort ei vurdering av tilstanden, og om det krevst særlege konserveringstiltak. Generelt sett er det slik at museumsverdien av ein gjenstand er sterkt avhengig av opplysningane som fortel i kva samanheng gjenstanden har fungert før museumslivet, og korleis han har kome inn i samlingane.

Museumslivet for objekta skal også dokumenterast: korleis, når og i kva samanhengar gjenstanden flytter på seg inne i museet, når det er til konservering, på utstilling og til utlån utanfor museet. Slike prosedyrar er det førebels berre nokre av dei største musea som har, men dei vil nok bli meir vanlege etter kvart som ein tek i bruk informasjonsteknologi.

Registrerings- og katalogiseringsprosedyrane varierer mykje frå institusjon til institusjon, stundom også innanfor same institusjon. Samanlikna med bibliotekverda er mangelen på standardar påfallande. Dette er ein situasjon som er lik i dei fleste land.

På eit par felt har museumsmiljø i Noreg kome fram med tiltak som legg til rette for felles standardar i Noreg. Tidleg på 1980-talet sette NKKM i gang eit arbeid med å laga ein katalogiseringsstandard for etterreformatorisk gjenstandsmateriale. Det vart utvikla eit katalogkort som har blitt teke i bruk ved mange av dei kulturhistoriske musea. I same tidsrommet gjennomførde NKKM eit prosjekt, finansiert av Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF), der det vart utvikla ein metodikk for etablering av nemningsbruk (nomenklatur) for gjenstandsmateriale i museum for nyare kulturhistorie. I tillegg til metodikken resulterte prosjektet i ferdig nomenklatur for nokre gjenstandsgrupper (Østby 1983).

Alt arbeid med å leggja til rette for gode og omfattande opplysningar om gjenstandsmaterialet, har som hovudmål å skapa best mogeleg informasjonsgrunnlag for tolking og forståing. Det er sterkt varierande i kva grad musea har makta å skapa eit slikt grunnlag i form av katalogar og/eller fyldige register. I SSBs statistikkmateriale skal institusjonane kvart år gjera greie for kor stor del av samlingane som er tilfredsstillande katalogisert. Det blir bede om ei subjektiv vurdering av tilstanden, og det er ikkje sett opp nokon minimumsstandard som referanse. I kva grad institusjonane rosemålar eller svartmålar situasjonen, er umogeleg å avgjera. Resultatet gjev i alle fall bod om ein situasjon som ikkje er tilfredsstillande, også om røyndomen skulle vera litt betre enn det den statistiske rapporteringa fortel.

I 1992 var det 159 (38%) av institusjonane som ikkje svarte på spørsmålet om kor stor del av samlingane som var katalogisert. I 1993 var talet 217 institusjonar (45%) og i 1994 210 (37%). Det er rimeleg å tru at manglande svar betyr at institusjonane verkeleg manglar oversyn, elles ville det ha vore lett å svara på spørsmålet. Det betyr også at tala som fortel kor store samlingar dei aktuelle institusjonane har, er meir og mindre estimat.

Det er skilnad mellom museumskategoriane når det gjeld rapportert katalogisering. Tala for 1994 tyder på at det står best til ved kunst- og kunstindustrimusea (tabell 7.4; jf. også tabell 7.1). Dette er rimeleg, sidan gruppa også har dei minste samlingane. Dei kulturhistoriske musea har det største talet på einskildinstitusjonar som ikkje svarte på spørsmålet om katalogiserte gjenstandar. Snur ein tala som står i tabell 7.4, får ein følgjande opplysningar: 27% av gjenstandane i kunst- og kunstindustrimusea er ikkje katalogiserte, det same gjeld 40% av gjenstandsmaterialet i dei kulturhistoriske musea, 65% i dei naturhistoriske musea og heile 85% i den blanda museumsgruppa. Same korleis ein snur og vender desse tala, er det for mykje av gjenstandsmaterialet som ikkje er tilfredsstillande katalogisert, og i tal er det snakk om store restansar.

Tabell  Tabell 7.4 Institusjonar med katalogiserte gjenstandar og tal på katalogiserte gjenstandar 1994

MuseumskategoriarInstitusj. m. katal. gjenstandarTal katal. gjenstandarProsent av alle gjenstandar
Kunst- og kunstind.museum5 (= 37)28161 00073
Kult. hist. museum (= 457)2971 615 00060
Nat.hist. museum (= 14)62 144 00035
Kult.hist./nat.hist. museum (= 62)27812 00015

5 Norsk Arkitekturmuseum er ikkje rekna med.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Når det gjeld kulturhistoriske bygningar, er situasjonen omtrent den same som for gjenstandane. Av 4 700 bygningar i 1994 var 2 640 (56%) tilfredsstillande oppmålte. På fotosida er situasjonen litt vanskelegare. I 1991 vart det rapportert 4,2 mill. foto (positiv, negativ, nitratfilm og dias). I underkant av 1,4 mill. (33%) var katalogiserte. Av eit samla fotomateriale på godt 6 mill. foto i 1994, var 48% rapportert katalogiserte. Arkivmaterialet viser same tendensen. Av 21 000 rapporterte hyllemeter i 1991 var 6 500 (31%) katalogiserte.

Manglande katalogisering gjer sjølvsagt at ein har dårleg oversyn over samlingane. Dei er vanskeleg tilgjengelege både for forsking og for formidling til eit breiare publikum. Manglande katalogisering gjer også at ein har dårleg grunnlag for å avgjera nyinnsamling, anten det gjeld aktiv innsamling, eller ein skal seia nei-takk eller ja-takk til gåver. Manglande katalogisering er ofte kombinert med dårleg oversyn over kvar dei konkrete gjenstandane er å finna i dei einskilde musea. Det er ein situasjon som er lite tilfredsstillande.

Manglande oversyn over samlingane er ein situasjon som også kan observerast i andre land. I Nederland påviste Riksrevisjonen at mange museum hadde for dårleg oversyn over samlingane. Det er ingen grunn til å tru at situasjonen er særleg betre i Noreg. Tala ovanfor indikerer i alle fall ikkje det.

Museumsutvalet finn ingen grunn til å gå djupare i årsakene til ein situasjon med store katalogiseringsrestansar. I konkurranse med t.d. formidlingsfunksjonen har oppgåver som går på samlingsvedlikehald og -oversyn ein klar tendens til å bli ein salderingspost. Både i Nederland og Sverige innsåg styresmaktene at det burde gjerast noko ekstra. I Nederland vart det sett i verk ein såkalla Delta Plan for the Preservation of Cultural Heritage. Registrering av restansar vart kombinert med eit omfattande program for førebyggjande konservering, der gode lagringsforhold for gjenstandsmaterialet vart prioritert (Delta Plan 1992). I Sverige vart det hausten 1995 sett i gang eit liknande tiltak under namnet «SESAM - öppna museisamlingarna» (jf. avsnitt 7.3.3.). Museumsutvalet finn det umogeleg å koma skikkeleg à jour utan ekstra tiltak, og vil difor med utgangspunkt i erfaringane i Nederland og Sverige skissera eit program over fem år for restansekatalogisering etter ein minimumsstandard, kombinert med tiltak for førebyggjande konservering (sjå nedanfor avsnitt 7.3.4.2.).

7.2.5 Informasjonsteknologi (IT)

Med så store informasjonsmengder som musea skal halda greie på, seier det seg sjølv at edb-teknologien i stigande grad betyr ei hjelp, som på somme måtar kan verka revolusjonerande. Bruk av IT i museumssamanheng har tre hovudsiktemål:

  1. å skapa orden, oversyn over og effektiv tilgang til samlingar, informasjon og kunnskap i kvar einskild institusjon.

  2. å gjera informasjon om samlingane lettare tilgjengeleg mellom institusjonar, uavhengig av geografisk avstand.

  3. å gjera informasjon og kunnskap i musea lettare tilgjengeleg for omverda.

Storparten av innsatsen når det gjeld bruk av IT, har konsentrert seg om a), der behov i institusjonane har vore styrande. Dei første institusjonane starta med edb-bruk på slutten av 1960-talet, og i 1991 rapporterte 212 institusjonar at dei brukte edb på eit eller anna arbeidsfelt. 137 av desse brukte teknologien til registrering av gjenstandar, 97 på fotoregistrering og eit 40-tal museum brukte edb på arkivområdet.

I ein første fase er det naturleg at ein konsentrerer IT-arbeidet til å få orden i eige hus. Men skal ein kunna ta ut det potensialet som ligg i IT, bør innsatsen i aukande grad retta seg mot pkt. b) og c). Med den desentraliserte strukturen for norske museum vil bruk av informasjonsteknologi kunna bety ei styrking av det daglege arbeidet ved musea. Dersom det blir lagt til rette for det, kan både informasjon og kunnskap i langt større grad enn i dag brukast på tvers av institusjonsgrenser.

Statssekretærutvalet for IT framhevar punkt c) ovanfor og skisserer følgjande tiltak for ein samla museumssektor:

«Museumsvesenet bør bygge ut kompetanse både på teknologifeltet og i formidling slik at museene kan bruke informasjonsteknologien til å bli kunnskapsbanker og møteplasser for læring, opplevelse og samfunnsdebatt» (Den norske IT-veien 1996).

I den samanhengen er det naturleg å peika på musea, saman med bibliotek og arkiv, som partnerar og supplement til det offentlege skuleverket innanfor eit perspektiv der ein talar om livslang læring i den «globale grendeskolen» (Den norske IT-veien 1996). For å kunna spela dei rette rollene i ein slik samanheng, er det nokre grunnleggjande perspektiv som bør prega utviklingsarbeid og tiltak. Dette kan samanfattast i stikkorda standardisering,samordning av utviklingsarbeid og tilkopling av musea til nettverk.

7.2.5.1 Standardisering og samordning

Internasjonalt er det verd å merka seg at arbeidet med datastandard blir prioritert meir og meir, og karakteristisk nok er ein ivrigast på dette feltet i land der ein har lengst erfaring med bruk av edb i museum. Arbeid med felles datastandard er avgjerande for å kunna få oversyn som går utover institusjonsnivå og for å få grunnlag for fornuftig samarbeid mellom institusjonane. Dei initiativa som er tekne i Noreg, er positive, men mykje kan enno gjerast.

Sett i internasjonalt perspektiv var NKKM tidleg ute med eit forsøk på standardisert opplegg for dei kunst- og kulturhistoriske musea. Med utgangspunkt i katalogstandarden som er nemnt i avsnitt 7.2.4., gjennomførde NKKM eit edb-utviklingsprosjekt i åra 1983-85 med økonomisk støtte frå NAVF og det tidlegare NAVFs Edb-senter for humanistisk forskning (no Humanistisk datasenter, Universitetet i Bergen). Resultatet var eit programopplegg og rutinar for katalogisering av gjenstandsmateriale og foto ved museum for nyare kulturhistorie (Østby 1986).

I eit oppfølgingsprosjekt, også i regi av NKKM, vart standardiseringsarbeidet styrkt monaleg. Det vart laga ein såkalla feltkatalog, dvs. ei rådgjevande norm for katalogisering av nyare kulturhistorisk gjenstandsmateriale, gjenstandar i kunstmuseum og fotografi. Som ei vidareføring av dette arbeidet har Norsk Folkemuseum, Maihaugen, Norsk Teknisk Museum, Nasjonalgalleriet, Norsk Telemuseum, NKKM og NMU etablert samarbeidsgrupper for å få til endå meir samordning på edb-sida. Arbeidet så langt har vist at felles datastandard er viktigare for samordning og samarbeid enn felles datatekniske løysingar.

På arkeologisida har det også blitt laga (1988) ein felles datastandard for arkeologiske funn og for arkeologiske kulturminne i Økonomisk kartverk (ØK). Men ikkje alle landsdelsmusea har enno teke standarden i bruk. Samstundes er det arbeid i gang i einskildinstitusjonane som inneber overføring av eldre, manuelle register/katalogar til edb.

Når det gjeld spørsmålet om samordning, er biletet til ein viss grad prega av mange aktørar som i vekslande grad søkjer samarbeid og samordning. I Miljøverndepartementets Handlingsplan for kulturminneforvaltning (1992) vart det konstatert at ansvaret for registra på kulturminnefeltet var splitta opp på mange aktørar og at informasjonen i for stor grad var retta mot einskildobjekt og for lite mot heilskapar. Det vart difor understreka at det påbegynte arbeidet hjå Riksantikvaren om eit Norsk register for kulturminne (NOREK), burde vera eit prioritert felt.

Førebels har arbeidet med NOREK vore knytt til delar av konseptet. Arbeidet med oversyn over dei arkeologiske kulturminna i Økonomisk kartverk, det såkalla ØK, vart i 1994 overført til Norsk institutt for kulturminnevernforsking (NIKU), som i samarbeid med dei arkeologiske landsdelsmusea er i gang med edb-registrering og digitalisering av materialet. I 1995 vart det inngått avtale mellom Riksantikvaren og Statens Kartverk om etablering av Nasjonalt bygningsregister med samordning av det omfattande SEFRAK-materialet (opplysningar om ca. 550 000 bygningar frå tida 1537-1900) og det offisielle eigedomsregisteret (EDR, tidlegare GAB og Elektronisk grunnbok, EG) og Tinglysingsdata. Det vil vera aktuelt for museum som arbeider med bygningar som kulturhistorisk kjeldemateriale, å knyta seg til dette arbeidet for å sikra at musea kan bruka same datastandard som grunnlag for dei registra dei skal etablera for dei over 4 700 bygningane dei har ansvar for.

Universitetsmusea er omfatta av to samordningstiltak som skal nemnast her. Først ute (1991-92) var det såkalla Dokumentasjonsprosjektet som er administrert frå Universitetet i Oslo, og som gjeld institutt/museum som er knytt til humanistiske fagmiljø ved alle fire universiteta. Prosjektet er ei stor satsing på å overføra referanseopplysningar for arkiv-, gjenstands- og fotomateriale til edb. På museumssida har arbeidet i første omgang kome i gang ved Oldsaksamlinga og Myntkabinettet, Universitetet i Oslo og Bergen Museum. Det er meininga at referanseopplysningane skal overførast til edb i den forma dei har i dei manuelle registra/katalogane. Ei form for standardisering av opplysningane finst, slik at informasjon i større grad kan overførast mellom institusjonar. Første del av prosjektet går ut i 1996, men det er planar om å utvida perioden.

I 1994 starta eit tilsvarande forprosjekt om samarbeid mellom dei naturhistoriske universitetsmusea under prosjektnamnet UNADOK. Meininga er å overføra eksisterande opplysningar i manuelle register eller katalogar til edb-mediet. Det er ei sentral prosjektgruppe som arbeider med det museums- og datafaglege. Spørsmåla om felles datastandard har ein starta med, men dei er ikkje løyste. Planane er like ambisiøse som for Dokumentasjonsprosjektet.

Som tilstøytande aktør arbeider Direktoratet for naturforvaltning (DN) og NINA-NIKU med planar om databasar som til ein viss grad har samanfallande interesser med dei naturhistoriske musea. Miljøverndepartementet har m.a. planar om å utvikla ein nasjonal miljødatabank, som på sikt også skal innehalda NOREK. Det er berrsynt at eit nærare samarbeid mellom universiteta og miljøforvaltningsorgana vil gje ei meir rasjonell utnytting av ressursar, både når det gjeld økonomi og personalkompetanse.

Som døme på ein samarbeidsmodell som bør kunna brukast i andre samanhengar, skal nemnast utviklinga av biletdatabaseprosjektet BAUTA. Sidan musea i stor grad arbeider med gjenstandar eller bilete i ei eller anna form, er tekstbaserte referanseopplysningar berre erstatningar for det visuelle inntrykket. Internasjonalt, og også her i landet, har det dei seinaste 5-10 åra pågått utviklingsprosjekt der bilete og tekst blir kopla saman på ulike vis. Det betyr at når nokon vil finna opplysningar om eitt eller fleire objekt, får dei både tekstreferansar og biletrepresentasjon av den eller dei objekta som det er spurt etter.

I 1995 avslutta utviklingsprosjektet BAUTA, som går på å overføra tekstbaserte refereranseopplysningar saman med digitaliserte bilete i telefonnettet. Bak tiltaket stod Norsk Folkemuseum, Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana, Institutt for datateknikk og telematikk ved Noregs Tekniske Høgskole, Riksarkivet, Dokumentasjonsprosjektet, Uninett, BIBSYS og NMU. Noregs forskingsråd gav økonomisk støtte. Prosjektet har utvikla ein prototype for databasehandtering og publikumsbruk av fotosamlingar over Internett.

Som døme på andre samordnande tiltak skal også nemnast at Sekretariatet for fotoregistrering (SFFR) har laga og distribuert to nasjonale databasar med oversyn over eldre fotografar og fotosamlingar i offentleg og privat eige. På arkivsida har Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) i samarbeid med Riksarkivet utvikla eit opplegg for registrering av arkiv (ASTA), og det er også i bruk i museum med slike arkivsamlingar.

I eit samordnings- og samarbeidsperspektiv melder det seg eit spørsmål om det er behov for ei eller anna form for sentralregister, dvs. ein stad der ein i prinsippet skal kunna finna kjerneinformasjon om alt som er tilgjengeleg innanfor eitt og same tema/felt. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg ei utvikling der stendig meir informasjon blir tilgjengeleg med hjelp av informasjonsteknologi. I aukande grad vil tekstinformasjon bli kombinert med digitalisert biletinformasjon. Hovuddelen av denne informasjonen vil eksistera som distribuerte databasar ved mange ulike institusjonar. Med ei aukande mengd tilgjengeleg informasjon vil det etter kvart bli arbeidskrevjande å finna fram til relevant informasjon i eit distribuert system. I eit slikt perspektiv kan eit sentralregister som inneheld strategisk viktig kjerneinformasjon, fungera som eit informasjonsfilter for og vegvisar til relevant informasjon, der den måtte finnast i det distribuerte systemet.

På biblioteksektoren fungerer Nasjonalbibliografien, Samkatalogen og BIBSYS som sentralregister. NOREK aspirerer til noko liknande når det gjeld kulturminneforvaltning, det finst også kimar til sentralregistertankar i Dokumentasjonsprosjektet og UNADOK. Når det gjeld sentralregisterbehov og -funksjonar, vil museum ha ein del felles interesser med bibliotek- og arkivsektoren. Biblioteksektoren har utan tvil kome lengst når det gjeld fellestiltak. Dei har m.a. lang erfaring i det å handtera sentrale, store databasar. På dette feltet bør det gjerast vurderingar av om det kan utviklast sentralregisterfunksjon over eit større felt, der både museum, bibliotek, arkiv og miljøforvaltninga kan få løyst oppgåver. Poenget med slike fellesløysingar er at ein skal spara utbygging av fleire parallelle teknologiske infrastrukturar og kompetansemiljø, og i staden sikra at det ein byggjer opp, får tilstrekkeleg styrke. Dei einskilde fagmiljøa kan då konsentrera si kompetanseoppbygging om substansen i datamaterialet.

7.2.5.2 Nettverk

Ein klar tendens i bruk av IT går mot ein stendig tettare kontakt mellom institusjonar, gjerne over landegrenser, via Internett. Med ei slik teknologisk plattform er det raskt og enkelt å utveksla data, å finna fram til opplysningar utan omsyn til kvar dei er lokaliserte reint geografisk. Samarbeidsprosjektet som resulterte i BAUTA er eit godt døme på korleis ein kan nå fram til felles løysingar som mange kan ha nytte av. Den lokale/nasjonale varianten av Internett har sidan 1987 vore Uninett, ein driftsorganisasjon under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet for datanett for universitet og høgskular. Med verknad frå 1993 fekk også institusjonar under andre departement, dvs. museum, arkiv og bibliotek høve til å vera brukarar av Uninett. Pr. juli 1995 var berre seks museum utanom universiteta registrerte som Uninett-brukarar.

Med verknad frå 1996 vart det innført betaling for å bruka Uninett. Universitet og høgskular fekk auka budsjetta sine for å kunna betala for Uninett-tenester. Tilsvarande sentral budsjettoverføring skjedde ikkje for institusjonar under Kulturdepartementet, dvs. museum, bibliotek og arkiv. Skal bruk av IT kunna bli det viktige instrumentet for musea som offentleg politikk legg opp til, m.a. i rapporten frå Statssekretær-utvalet, må det leggjast til rette for at musea får lett tilgang til nettverkstenester, anten det er Uninett eller andre offentlege nettverkstenester. Musea sjølve vil kunna få effektivisert ein del av arbeidet sitt ved å bruka datanettverk. Samstundes vil både det offentlege og private kunna ha stor nytte av det materialet som musea etter kvart vil kunna stilla til disposisjon. Noko av det viktigaste som kan skje på dette feltet, er at ein i den komande IT-planen for Kulturdepartementet vurderer korleis ein kan knyta museum, bibliotek og arkiv til offentlege nettverk slik at dei kan spela den rolla som dei er tiltenkte i den offentlege IT-politikken. Fleire land kan visa til gode erfaringar med at musea har god tilgang til det offentlege datanettverket, m.a. både Canada og Sverige.

7.2.5.3 Tilrådingar

Bruk av IT som strategisk verkemiddel i arbeidet med å betra informasjonskvalitet og tilgang til informasjon og kunnskap i musea, vil vera eit av dei viktigaste felta for samordningsarbeid dei næraste åra. Museumsutvalet vil i den samanhengen peika på følgjande felt der det på sentralt hald bør gjerast ein innsats:

  • utvikling og samordning av dokumentasjonsstandardar innanfor musea og mellom museum, bibliotek og arkiv. I tilknyting til Kulturdepartementets IT-plan bør det gjerast ei vurdering av korleis dette arbeidet best kan styrkjast.

  • I den sentrale planlegginga av bruk av IT bør ein tenkja på å stimulera tiltak som på ein kreativ måte tek i bruk IT for å knyta museum tettare opp mot skuleverket og som gjer det lettare for verda utanfor musea å tileigna seg informasjon og kunnskap i musea.

  • Kulturdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet bør sjå på om og korleis ein kan samordna ulike initiativ om etablering av databasar innanfor museumsfeltet og miljøforvaltninga.

  • Ein vil på det sterkaste tilrå at også musea får god tilgang til Uninett/Internett for å kunna gjera seg nytte av desse kommunikasjonsfasilitetane. Det vil vera ein absolutt føresetnad for å få til betre samordning av all den informasjonen som musea forvaltar, og det vil vera til nytte og glede både for forskingsmiljøa og samfunnet elles.

7.2.6 Forsking

7.2.6.1 Forsking er å søkja ny kunnskap

I definisjonane av museum står forsking fram som ein av dei grunnleggjande aktivitetane (jf. avsnitt 5.2.). Dette er logisk sidan museum som formidlar av kunnskap vil vera avhengig av at nokon skaper ein kunnskapsbase, at nokon stiller spørsmål til og tolkar dei materielle leivningane som musea arbeider med.

Som utgangspunkt er det naturleg å plassera museum som eit sjølvsagt og aktivt element i høve til det kunnskapsbehovet eit samfunn har til ei kvar tid. I samsvar med dette er det tidlegare peika på at musea skal tena samfunnet som dialoginstitusjonar ved å vera møtestader for kunnskapsopplevingar. I eit slikt perspektiv bør musea bruka forsking som den viktigaste reiskapen for å oppfylla samfunnsforventningar om å vera eit aktivt instrument i kunnskapsgenerering. Samstundes er det grunn til å understreka den eigenverdien forsking og ny kunnskap i seg sjølv kan ha i samfunnssamanheng (jf. utkast til Strategiplan 1996-2000 for Kultur og samfunn, Noregs forskingsråd).

Utgangspunktet er heile tida eit kunnskapsbehov, dels identifisert og definert av samfunnets ulike organ, dels av forskarsamfunnet sjølv. Forsking ved musea skal sjølvsagt gå inn i eit slikt overordna samfunnsperspektiv. Forsking ved musea skal ikkje leva sitt eige liv, lausrive frå det samfunnet som musea skal tena. Til liks med anna forsking skal museumsforsking ha eit dynamisk perspektiv, der all kunnskap i prinsippet skal prøvast, revurderast, forkastast, modifiserast og reviderast i ein kontinuerleg prosess.

I prinsippet er ikkje forsking ved musea annleis enn anna forsking. Kjenneteiknande er at problemstillingar og teoretiske resonnement formar basis. Sidan musea har eit spesielt ansvar for natur- eller menneskeskapte materielle leivningar, er det museumsforskarens oppgåve å laga prosjekt som viser den rolle og betydning materielle leivningar har som meiningsberande element i ein større samanheng. Det spesielle for museumsforskinga er med andre ord kjeldematerialet, ikkje forskinga i seg sjølv. Eit anna kjennemerke er at i musea kan det ofte vera kort veg frå resultat til formidlingstiltak for eit breitt publikum, anten det er i form av utstillingar eller publikasjonar.

Det kan vera på sin plass med eit lite oversyn over kva kunnskap samfunnet faktisk får eller kan få frå musea.

  • Det meste av arkeologisk forsking i Noreg blir utført ved universitetsmusea og ved Arkeologisk museum i Stavanger, dessutan ved dei arkeologiske universitetsinstitutta. Desse musea spelar ei sentral rolle innanfor kunnskapsproduksjon som er knytt til jordfunn og kulturlandskap. I tillegg kjem den marinarkeologiske forskinga, der sjøfartsmusea også spelar ei rolle.

  • Innanfor naturfaga botanikk, zoologi, geologi og paleontologi står dei naturhistoriske universitetsmusea for forsking knytt til dei eksisterande samlingane og til etablering av nye beleggsamlingar. I samband med den sterke internasjonale og nasjonale satsinga på biodiversitetsprogram, blir det peika på behovet for meir omfattande satsing på kunnskap i systematikk.

  • Når det gjeld kunstfagleg forsking, er musea viktige bidragsytarar i den aktuelle forskinga. Spesielt gjeld det kunsthandverk og design, der det til no (1996) berre unntaksvis har blitt utført forskingsarbeid utanfor dei tre kunstindustrimusea.

  • For gjenstandsmateriale frå nyare tid er situasjonen mykje den same. Ein stor del av forskingsinnsatsen skjer med tilknyting til musea utanfor universitetsmiljøa. Samstundes skal det ikkje løynast at forsking på dette feltet ikkje er overvettes omfattande. Bygningsforsking har tradisjonelt stått sterkt hjå Riksantikvaren, men er i seinare tid overført til NIKU. På dette feltet spelar også dei kulturhistoriske musea ei rolle.

7.2.6.2 Forsking i musea: problem og potensiale

Då Hovekomiteens innstilling vart lagd fram i 1970, vart det uttrykt eit klart ønskje om at det vitskaplege arbeidet ved musea skulle styrkjast. Innføringa av finansieringsordninga for dei halvoffentlege musea har nok delvis ført til styrkt forsking ved dei musea som har vore omfatta av den aktuelle ordninga. Like fullt er det ting som tyder på at musea ikkje har ein særleg markant posisjon i forskarsamfunnet. Ser ein på dei seinaste forskingsmeldingane, er musea, både innanfor og utanfor universiteta, så godt som fråverande.

Når musea sjølve skal omtala forskingsaktiviteten, støyter ein på karakteristikkar som «manglande ressursar», «manglande tid», «manglande forståing hjå museumsleiing og styresmakter» og «liten aktivitet». Dette er ein del av bodskapen i NKKMs forskingspolitiske fråsegn frå 1993 og i eit dobbelnummer av Museumsnytt same året (nr. 3/4), der museumsforsking var tema. Samstundes inneheld publikasjonane ein sterk argumentasjon for forsking som basisaktivitet i musea og som eit uforløyst potensiale i forskarsamfunnet.

Det finst ikkje så mykje talmateriale som kan belysa den rolla forsking spelar i den totale museumsaktiviteten. I SSBs 1991-statistikk er det rapportert utført 157 forskingsårsverk. 73% av desse årsverka er utførte i fylke som har universitetsmuseum. Dermed er universitetsmuseas dominerande posisjon som forskingsinstitusjonar påpeika. Forskingsårsverka utgjer 5% av totalt utførte årsverk i 1991, også ein indikasjon som støttar den problembeskrivinga som er nemnd ovanfor.

I Museumsutvalets personalundersøking var det fleire spørsmål som gjekk inn på forsking. Det skulle m.a. takast stilling til følgjande påstand: «Mangel på forsking ved musea er eit trugsmål mot den faglege kvaliteten i museumsarbeidet». 70% var heilt eller delvis einige i påstanden.

Sjølvevalueringa av aktivitetane ved musea viser at personalet ikkje er heilt nøgd med tilstanden (tabell 7.5).

Tabell  Tabell 7.5 Forsking - sterkaste eller svakaste sida i institusjonen? Tal i kursiv viser rangering blant fem alternativ (N = 911)

MuseumskategoriarSterkaste sidaSvakaste sida
Kunst- og kunstindustrimuseum (n = 121)8% 529% 2
Kult.hist. museum (n = 501)7% 536% 1
Nat.hist. museum (n = 86)42% 123% 2
Kult.hist./nat.hist. museum (n = 203)14% 330% 1

Kilde: Museumsutvalets personalundersøking 1994

Berre hjå personalet ved dei naturhistoriske musea blir forskinga vurdert høgast. Biletet er likevel ikkje eintydig: 23% av det same personalet vurderer forskinga som den nest svakaste aktiviteten. I dei andre museumskategoriane kjem forskingsaktiviteten dårleg ut.

Den kritiske sjølvevalueringa korresponderer relativt godt med den aktuelle tidsbruken på forsking. Personalet skulle gjera greie for kor mange månadsverk som dei brukte pr. år på aktivitetane: innsamling/registrering/katalogisering, forsking, bevaring, formidling og drift/administrasjon/leiing. 330 personar (33%) rapporterte bruk av tid til forsking. Rapporteringa byggjer på subjektive estimat, og ikkje på tidsregistrering. Resultatet skulle likevel gje visse indikasjonar. Den største gruppa, 46%, bruker inntil 1 månadsverk til forsking. 5% bruker meir enn 6 månadsverk pr. år til forsking. Fordelt på dei fire museumskategoriane og på institusjonar etter storleik, får ein klare skilnader (tabell 7.6).

Tabell  Tabell 7.6 Forsking - månadsverk pr. år. Personale som rapporterte forskingsaktivitet

MuseumskategoriarInntil 1 månadsverkOver 3 månadsverk
Kunst- og kunstindustrimuseum (n = 35)46%14%
Kult.hist. museum (n = 176)58%6%
Nat.hist. museum (n = 49)30%43%
Kult.hist./nat.hist. museum (n = 74)34%23%
Museum etter storleik
1-3 tilsette (n = 53)85%-
4-7 tilsette (n = 42)52%19%
8-12 tilsette (n = 47)66%6%
13-22 tilsette (n = 40)48%19%
23 tilsette og fleire (n = 137)33%43%

Kilde: Museumsutvalets personalundersøking 1994

Naturhistoriske museum og den «blanda» museumsgruppa kjem klart best ut fordi her er innslaget av universitetsmuseum størst. I dei kunst- og kulturhistoriske musea dominerer «ein-månads-forskaren». Tid til forsking aukar også med storleiken på institusjonen. Dei tilsette ved små institusjonar har naturleg nok mindre sjansar til å bruka tid på forsking.

Interessant er det å leggja merke til at dei 330 som har rapportert forskingsaktivitet, bruker meir tid på administrative gjeremål og formidling enn på forsking (figur 7.1). Det er ein klar indikasjon på museum som «mangsysle-samfunn». Med tanke på at forsking er eit arbeid som set krav til konsentrasjon over tid, er det klart at «månadsforskaren» har det vanskeleg, spesielt når ingen ting tyder på at forskingstida blir disponert som ein samanhengande periode, men er spreidd over året som småstunder. Også i dei største musea bruker forskarpersonalet like mykje tid på administrative gjeremål som på forsking. Det kan tyda på at organiseringa av arbeidet kanskje ikkje er god nok med tanke på rasjonell forskingsaktivitet.

Figur 7.1 Figur 7.1 Tidsbruk blant personale som rapporterte forskingsaktivitet

Figur 7.1 Figur 7.1 Tidsbruk blant personale som rapporterte forskingsaktivitet

Kilde: Museumsutvalets personalundersøking 1994

Når det gjeld spørsmål om å prioritera evt. nye midlar til forsking, viser biletet eit par interessante trekk. Dei institusjonane som allereie har størst forskingsaktivitet, vil prioritera forsking høgast. Det gjeld dei naturhistoriske musea og musea med integrert kultur- og naturhistorie. Det er naturleg sidan personalet ved universitetsmusea kjem i denne kategorien. Både i kunst- og kunstindustrimusea og i dei kulturhistoriske musea blir forsking prioritert på ein fjerdeplass. Ser ein på musea etter storleik, er det berre museum med fleire enn 23 tilsette som vil prioritera forsking først. I dei andre storleikskategoriane kjem forsking på tredje eller fjerde plass. Blant dei 330 personane som har rapportert forskingsaktivitet, kjem forsking på topp, og det er for så vidt ikkje uventa.

Med utgangspunkt i meldingane om problematiske forskingsforhold ved musea har Noregs forskingsråd (NFR) sidan 1992 hatt eit femårs stimuleringsprogram som er kalla Museumsforskning i nettverk. Programmet gjeld dei kunst- og kulturhistoriske musea. Ei rekkje seminar med tilhøyrande rapportar har hatt som mål å stimulera til samarbeidsprosjekt, der tids- og annan ressursbruk kan vera meir føremålstenleg og meir samanhengande enn tilfellet ofte er i dag. Det viktigaste resultatet så langt er eit treårs paraplyprosjekt som er kalla Menneske og bomiljø. Norsk Folkemuseum har koordineringsansvaret og åtte institusjonar tek del med ulike delprosjekt. Prosjektet er finansiert av NFRs program for Kultur- og tradisjonsformidlande forsking, eit program som også har fanga opp andre museumsrelaterte prosjekt. Tiltaket er eit døme på at ein kan oppnå meir ved å samarbeida enn å stå åleine.

7.2.6.3 Skal alle museum utføra forsking?

Ikkje sjeldan blir forsking i musea omtala som ein aktivitet som kjem i tillegg til dei andre aktivitetane, eller noko som kjem «etterpå». I opprekningar av aktivitetane blir forsking ofte nemnt som den siste. Dette kan koma av at ofte har tilfanget kome inn i samlingane før nokon ser på det i forskingssamanheng. Dermed kan det lett skapast ei oppfatning av at forsking er noko ekstraordinært, som eigenleg ikkje høyrer heime i museumsarbeidet.

Den svenske museumsutgreiinga gjer seg delvis til talerøyr for eit slikt syn når det blir slått fast at forsking ikkje kan høyra med til basisoppgåvene innanfor ordinært budsjett. I utgreiinga blir det understreka at det trengst forsking på dei områda musea arbeider. Men aktiviteten blir tilvist ekstern finansiering, gjerne i samarbeid med universitet og høgskular. Bak dette synet ligg ei prinsipiell holdning om at forsking primært skal utførast i universitetsmiljø. Dessutan tek det også omsyn til at det meste av svensk forsking, også ved universiteta, er finansiert av eksterne prosjektmidlar (SOU 1994: 51 Minne och bildning).

Museumsutvalet stiller seg prinsipielt skeptisk til eit museumssyn som så å seia frigjer kunnskapsgenerering ved musea frå forskingsaktivitet, eller som tilviser forsking til eit liv ved sida av og i tillegg til innsamling og dokumentasjonsarbeid. Tvert imot vil Museumsutvalet understreka den sterke samanhengen forsking har med den totale museumsverksemda. Spesielt skal nemnast den sterke tilknytinga innsamling bør ha med forskingsrelaterte problemstillingar, kort og godt fordi det gjev den beste garantien for at museumstilfanget kan vera ein viktig, meiningsberande informasjonsbase også for komande generasjonar.

Dette avsnittet er medvite kalla Innsamling og forsking for å markera den sterke innbyrdes samanhengen det er, eller bør vera, mellom det å samla og det å søkja ny kunnskap. Ideelt sett bør innsamlings- og forskingsplanar vera integrerte, og Museumsutvalet vil difor heller peika på tiltak som kan styrkja forsking som grunnaktivitet ved musea. Det inneber ikkje at prosjektfinansiering ikkje vil vera viktig også for norske museum. Det inneber heller ikkje at ein framtidig museumspolitikk skal leggja opp til at alle museum skal satsa på forsking. Men det betyr at innsamling og forsking må vurderast som to sider av same sak, dersom musea skal oppfylla rolla som samfunnsminne.

Samla sett utgjer museumsmiljøa hovudgrunnlaget for utvikling av kunnskap om det materielles plass og betydning i samfunnet. Utfordringa er å få til arbeids- og rammevilkår som gjev rasjonell utnytting av dei ressursane som allereie står til disposisjon for forsking.

Som eit realistisk utgangspunkt vil Museumsutvalet peika på at det er knapt mogeleg og heller ikkje ønskjeleg å leggja opp ein politikk som satsar for breitt på museumsforsking. Alle museum er ikkje potensielle forskingsinstitusjonar. Det må aksepterast at dei minste museumseiningane ikkje er det beste rammeverket for forsking. Daglege gjeremål vil måtta prioriterast når bemanninga er lita. Det betyr ikkje at ein skal leggja hindringar i vegen for dei som vil satsa på forsking innanfor sine felt. Forskingskreativitet er ikkje ein direkte funksjon av storleiken på institusjonane. Utviklinga av informasjonsteknologien fremjar for så vidt også ein desentralisert struktur. Men det vil vera feil å setja krav og forventningar til ein omfattande forskingsinnsats i dei minste institusjonane med fast bemanning. Dei må gjerne søkja samarbeid gjennom ulike former for nettverk, også vera aktive for å få prosjektmidlar. Men krav om forskingsinnsats skal først og fremst rettast mot universitetsmusea og ansvarsmusea (jf. avsnitt 10.2.2.1. og 12.2), dvs. dei musea som skal ha eit samordningsansvar anten på nasjonalt eller fylkeskommunalt nivå. Det er også dei musea som bør utvikla seg som forskingsutførande institusjonar.

Eit trekk ved museumsforskinga er mange individuelle prosjekt i den forstand at det er relativt sjeldan at institusjonane står bak prosjekta. Kanskje kan det vera med å forklara at det i SSBs materiale frå 1993 berre var 11 institusjonar som rapporterte at dei har forskingsplanar. Vonlegvis er det fleire museum som har slike planar innbakte i langtidsplanane sine. NFRs forskingsnettverk starta opp i 1992 som samarbeidsforum for einskildforskarar og ikkje institusjonar. I den komande programperioden vil det bli lagt større vekt på at institusjonane går inn i samarbeidsprosjekt.

Det er grunn til å understreka det viktige i at institusjonane i større grad tek ansvar for forskingsaktiviteten ved å integrera prosjekta i den løpande planprosessen ved institusjonane. På den måten er det lettare å få formelle rammer kring prioritering av tid og andre ressursar til forsking. Integrert i plansamanheng blir forsking også ein meir synleg og naturleg del av museumskvardagen enn når det er ein aktivitet som heilt og fullt blir overlaten til einskildmedarbeidarar. Sterkare grad av institusjonsinitiert og -styrt forsking vil truleg også gjera det enklare å nå fram i forskingsrådssamanheng.

7.2.6.4 Forsking om museum

Den vanlege forståinga av omgrepet 'museumsforsking' er forsking som er retta mot gjenstandar og anna kjeldemateriale som musea forvaltar. I utlandet har det dei seinaste 30 åra vakse fram ei form for museologisk forsking, der musea som institusjonar er forskingstema (Gjestrum 1995). Forskingsperspektivet er retta mot måten museum fungerer på som samfunnsinstitusjon. Department of Museum Studies, University of Leicester er eitt av dei eldste museologiske forskingsmiljøa. Bruker ein PhD- og MA-arbeid sidan 1975 som indikator, er det tydeleg at museumsformidling utgjer eit svært viktig deltema i forskingsaktiviteten. Ofte er denne forskinga kombinert med utdanning i det å arbeida på museum.

Storbritannia og USA var relativt tidleg ute både med forsking og utdanning. Her i Norden har Sverige museologiutdanning t.o.m. doktorgradsnivå ved Umeå Universitet. I Finland er det universitetsutdanning i museologi i Jyväskylä. Museologisk forsking og utdanning er omtrent ikkje-eksisterande i Noreg. Kunnskap om korleis museum fungerer i vidare samanheng, er viktig, og det finst ein del norske studiar innanfor ulike fagdisiplinar som tek for seg museum og materiell kultur (t.d. Sørhaug 1988; Østerberg 1988; Johansen 1989; Klausen 1990; Vestheim 1994). Kunnskap om det å arbeida i museum er også viktig, på same måten som det er naudsynleg med utdanning for ein bibliotekar eller ein lektor.

7.2.6.5 Tilrådingar

I motsetnad til den svenske museumsutgreiinga vil Museumsutvalet framheva kor viktig forsking er som grunnleggjande aktivitet, dersom museum fullt ut skal kunna spela rolla som samfunnsminne. Museumsutvalet meiner at innsamlingsverksemda vil bli direkte skadelidande dersom ho ikkje er kopla saman med forskingsprosjekt eller problemorienterte innsamlingsplanar.

Ansvaret for å finna løysingar vil liggja i museumsmiljøa sjølve. Ingen offentlege utval skal eller kan finna fram til løysingar her. Men Museumsutvalet vil peika på det grunnleggjande i at innsamlingspraksis alltid må vera basert på eit idegrunnlag som forklarer kvifor eit objekt finst i ei museumssamling.

Når det gjeld musea utanfor universitetsmusea, er det naturleg å venta at dei statlege ansvarsmusea skal vera aktive på forskingsområdet. Det same bør i prinsippet også gjelda ansvarsmusea som fylkeskommunane har ansvaret for. I framlegget til vurderingskriteria for desse musea (sjå avsnitt 10.2.2.1.) blir det lagt vekt på forskingspotensiale og -vilje i institusjonane innanfor eksisterande ressursar. For det offentlege vil det vera viktig å leggja rammevilkår og føringar som stimulerer til auka samordning og samarbeid. Nedanfor blir det lista opp ein del tiltak som kan vera med på å styrkja innsamlings- og forskingsaktiviteten.

  1. Institusjonane må i større grad ta ansvar for forskingsaktiviteten på den måten at forsking blir integrert i institusjonsplanane. Det vil også vera viktig at forsking i større grad blir prosjektorganisert. Det blir vidare understreka at forskings- og innsamlingsplanar i større grad bør integrerast. I den føreslegne avtaleordninga for museum vil det bli kravd at det skal gjerast greie for forskingsaktivitet i det avtaleverket som skal utarbeidast for institusjonane, og som skal gjelda mellom det einskilde museet og ansvarleg forvaltningsnivå ( jf. avsnitt 10.9.1.).

  2. Musea utanfor universiteta bør i aukande grad søkja kontakt med universitet/høgskular for å knyta til seg hovudfagsstudentar, evt. også doktorgradsstudentar, som samarbeidspartnerar i innsamlings- og forskingsprosjekt. Det gjeld sjølvsagt felt der museet har materiale og/eller fagleg kompetanse.

  3. Som eit stimuleringstiltak for FoU i dei statlege ansvarsmusea utanfor universiteta blir det laga eit tiltaksprogram over fire år. Eit vekstalternativ er at dei statlege tilskotsrammene i fireårsperioden blir auka med 2% prosent. Dei aktuelle musea oppnemner eit FoU-utval med Noregs forskingsråd som sekretariat, og musea konkurrerer om tildeling av midlane. FoU-utvalet set sjølv opp regelverk for tildeling av midlar.

  4. Eit nullvekstalternativ er at det kvart år blir det teke 2% av dei statlege tilskotsmidlane og sett av til ein felles pott til forskingsaktivitet ved musea. Dette gjer det mogeleg å oppnå ein meir målmedviten aktivitet på forskingsfeltet i dei statlege/nasjonale musea innanfor eksisterande ressursrammer. Denne fellespotten skal brukast på same måten som nemnt framanfor. I begge tilfella skal ordninga evaluerast etter fire år.

  5. Same modell som ovanfor kan brukast for ansvarsmusea i fylkeskommunane. Det kan t.d. skipast ein fri stillingsheimel, som musea i fylka kan konkurrera om til konkrete prosjekt. Eit vekstalternativ er å auka rammene med driftsmidlar tilsvarande ei stilling pluss driftskostnader. Nullvekstalternativet vil vera å ta desse midlane av det tilskotet som fylkeskommunane gjev til dei aktuelle musea. På same måten som for dei statlege musea skal ordninga gå i fire år med påfølgjande evaluering.

  6. Universitetsmusea bør vurdera å utvikla forskingsmessig spisskompetanse innanfor ulike felt i eit Noregsnett.

  7. Når det gjeld forsking om museum, meiner Museumsutvalet at det i første omgang vil vera ei brukande løysing at norske studentar søkjer til museologiutdanning i utlandet. På mange måtar vil det vera ein fordel den første tida å søkja internasjonale referanserammer for ei teoretisk kompetanseoppbygging i museumskunnskap. På litt sikt bør det etablerast museumsutdanning, i første omgang som årseining (20 vekttal) i museumskunnskap som tilbod til kandidatar som skal inn i museumsarbeid. Det er naturleg at det i tilknyting til utdanninga blir utvikla forskarkompetanse i museumsstudiar (sjå avsnitt 10.9.2.).

7.3 Bevaring av samlingane

Ein viktig del av minnefunksjonen er dei mange tiltaka som rettar seg mot det å ta vare på dei materielle leivningane. Vern for all framtid er sjølvsagt ein utopi, nedbrytingsprosessane i den materielle omverda let seg aldri heilt stoppa. Men musea kan med ulike tiltak bremsa på nedbrytingsprosessane, slik at bygningar og objekt i beste fall kan ha ei lengre levetid på museum enn dei normalt vil ha elles.

Dei førebyggjande tiltaka vil på mange måtar vera dei viktigaste. Med det er meint sikringstiltak som rettar seg mot omgjevnadene for objekta, anten dei er i magasin-/lagerrom eller i utstillingssamanheng. Det er tale om bygningar/lokale som er sikra mot brann, hærverk, innbrot, skadedyr og flaum, og som har klima- og lysforhold som er tilpassa dei materialane objekta er laga av. Slike tiltak blir også kalla førebyggjande konservering.

Direkte konservering inneber behandling av og inngrep i objekta for å bremsa nedbrytande prosessar, t.d. reingjering av eit måleri, å festa måling til underlaget, fjerning av korrosjon på ein metallgjenstand eller bruk av kjemikaliar for å stoppa insektåtak i ein trebygning eller på zoologisk og botanisk materiale.

Den siste forma for åtgjerd er restaurering, der ein freistar å tilbakeføra ein gjenstand til tidlegare tilstand, t.d. kopiera og setja på igjen eit manglande bein på ein stol, erstatta øydelagde fibrar i ein tekstil, friska opp slitne målingsparti på ei kiste eller skifta ut øydelagde materialar i eit hus.

Då NOU 1983: 33 Konservering av gjenstander ved norske museer kom, konkluderte konserveringsutvalet med at «en målbar og samlet vurdering av behovet for konservering ved norske museer er ikke mulig å gjennomføre». Det same kan også seiast i 1995, dersom målet skulle vera å talfesta eit ressursbehov som siktar mot direkte konservering av einskildobjekt, lausrive frå andre sider ved samlingsansvaret musea har som samfunnsminne. Museumsutvalet vil heller ta eit meir grunnleggjande grep med utgangspunkt i idear og strategiar som ein kan finna i ulike former for førebyggjande konservering (Cassar 1994; Guichen 1995; Hernes m. fl. 1995). Både på kort og lang sikt må det vera rett å styrkja den delen av bevaringsarbeidet, bl.a. for å redusera behovet for direkte konserverande behandling av einskildgjenstandar.

Førebyggjande konservering er likevel inga erstatning for direkte konservering. Det er meir tale om eit naudsynleg grunnlag for i det heile å kunna snakka om bevaring av materielle leivningar på ein realistisk måte. Dersom ein gjenstand er i dårleg forfatning p.g.a. dårlege oppbevaringsforhold, er det nesten meiningslaust å bruka tid og ressursar på direkte konservering av gjenstanden utan samstundes å gjera noko med oppbevaringsforholda. Kanskje kan endring av oppbevaringsforholda vera nok til å bevara objektet for lang tid framover, og dermed også som utgangspunkt for forsking, kunnskap og oppleving.

7.3.1 Førebyggjande konservering

Internasjonalt har det vore ein klar tendens dei seinaste åra til å leggja større vekt på dei førebyggjande tiltaka i behandling av gjenstandar. Som allereie nemnt omfattar førebyggjande konservering all handtering av gjenstandar i museet. Kvar for seg representerer ikkje arbeidsoppgåvene noko nytt. Det nye ligg i at oppgåver og prosedyrar som har med sikring og oppbevaring å gjera, blir samla i eit hovudperspektiv. Det gjeld i første rekkje oppbevaringsforhold i bygningar, anten det gjeld magasin eller utstillingar. Det grip også inn i administrative ordningar for handtering av samlingane, t.d. inspeksjons- og reingjeringsrutinar, utlånsrutinar og dessutan forvaltning og vedlikehald av informasjon knytt til objekta.

7.3.1.1 Generelle sikringstiltak

Sidan 1970-talet har det blitt ei viss betring av bygningsforholda ved fleire museum. Nybygg og tilbygg har i stor grad teke omsyn til dei krava ein bør stilla til museumsbygg for å få gode forhold for gjenstandsmaterialet. Ikkje minst har ordninga med tilskot frå Norsk kulturråd til nybygg ført med seg at mange samlingar har fått det betre, anten dei er i magasin eller i utstillingar. Ordninga med NKKMs landsdelskomitear som rådgjevande organ har vore med på å gje nybygga løysingar som tek omsyn til sikringskrav.

Etter brannen i Erkebispegården i Trondheim i 1983 fekk Kulturdepartementet, i samarbeid med NKKM og Norske Naturhistoriske Museers Landsforbund (NNML), laga ein sikringsplan for musea i Noreg. Samstundes vart det løyvd eigne tilskotsmidlar til sikringstiltak. Sidan 1985 har Kulturdepartementet løyvt omlag 24 mill. kroner til ulike sikringstiltak ved dei musea som sorterer under departementet. Saman med lokale/regionale tilskot utgjer den samla offentlege innsatsen på området mellom 35 og 40 mill. kroner. Dette har utan tvil hatt ein positiv effekt på utviklinga. Det er likevel mykje som tyder på at det enno er eit stykke fram før tilhøva er tilfredsstillande.

Sikringsarbeidet etter 1984 vart evaluert i 1993, og med utgangspunkt i det arbeidet har NKKMs og NNMLs sikringskomite presentert ei innstilling i november 1994 (Vern av verdier 1994). Utfordringane framover blir konkretiserte på følgjande vis:

  • Det blir etterlyst ein nasjonal sikringspolitikk med definerte oppgåver for det regionale nivået og for museumsleiinga.

  • Det bør etablerast ei konsulentteneste for sikringsarbeid i musea.

  • Det bør utarbeidast rettleiande sikringsstandard til bygningar, varslingsanlegg og prosedyrar ved institusjonane m.m.

  • Det bør utviklast eit opplærings- og kursprogram for sikringstiltak.

  • Sikringsarbeidet må bli meir integrert i den ordinære drifta ved institusjonane. Spesielt gjeld det i forhold til dokumentasjon, katalogisering og konservering. Oversyn over samlingane er ein naudsynleg føresetnad for eit godt sikringsarbeid.

  • Sikringstiltak må bli meir synlege i planarbeidet; leiaransvaret er spesielt understreka i den samanhengen.

Norsk museumsutvikling har f.o.m. 1995 fått ei konsulentstilling med ansvar for arbeid innanfor sikring og konservering i musea. Dette er eit steg i rett lei. NMU forvaltar også dei ekstraordinære midlane frå Kulturdepartementet til sikringstiltak. I 1995 vart midlane meir enn dobla, frå 2,5 mill. til 5,7 mill. kroner. I tillegg er det etablert eit samarbeid med Stiftelsen UNI som gjev tilskot til sikringstiltak, bl.a. til museum og andre verdfulle bygningar og anlegg. Også på dei andre felta som er nemnde ovanfor, har NMU sett i gang arbeid.

På institusjonsnivå viser sikringskomiteens evaluering at planarbeid er det viktigaste tiltaket på kort sikt. Planarbeid saman med ein ekstra innsats for å få oversyn over samlingane, blir peika på som akutte innsatsfelt. Når det gjeld generelle sikringsplanar, var det i 1993 berre 44 institusjonar (9%) som rapporterte at dei har slike planar. Det er truleg nokre museum som har sikringstiltak inkluderte i langtidsplanane. Men med tanke på alt det som er ugjort på feltet og den ekstra innsatsen som det offentlege har lagt opp til dei seinaste åra, burde det vera fleire museum som arbeider planmessig når det gjeld sikring.

Når det gjeld universitetsmusea, har Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet våren 1995 teke eit initiativ for å få fram oversyn over tilstanden på sikringssida.

7.3.1.2 Magasintilhøve

I SSBs statistikk for 1993 har institusjonane gjort greie for i kva grad magasin- og utstillingslokala er utstyrte med omsyn på sikringstiltak for brann, innbrot og/eller klima. Når det gjeld brannsikringstiltak, er det berre snakk om varslingsordningar. No er det ikkje slik at alle typar samlingar treng like strenge tiltak. Hundre prosent dekning er såleis eit unødvendig mål når det gjeld klimaregulering. Tiltak mot brann og innbrot bør derimot ha så høg dekningsgrad som mogeleg.

I alt var det 190 institusjonar (40%) som ikkje gav opplysningar om magasinforholda. Dei same institusjonane rapporterte 1,2 mill. gjenstandar som må vera lokaliserte ein eller annan stad. Manglande svar betyr truleg at tilstanden på magasinsida ikkje er særleg positiv. Det betyr i sin tur at biletet som tabell 7.7 presenterer, er noko betre enn røyndomen. Talet for det totale magasinarealet er for lågt og prosentverdiane for areal med sikringstiltak er for høge.

Tabell  Tabell 7.7 Sikringstilhøve i magasinareal 1993. Magasinareal totalt i kvm, og prosentvis etter type sikring

MuseumskategoriInstitusjonar som har svartTotalareal kvmKlimareg. ProsentBrann ProsentTjuveri Prosent
Kunst- og kunstind.- museum (= 37)206 300518479
Kult.hist. museum (= 345)22293 000205042
Nat.hist. museum (= 20)116 80041121
Kult.hist./nat.hist. museum (= 77)3622 000304035

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

Av dei som har rapportert, viser kunst- og kunstindustrimusea den beste tilstanden. Det er i og for seg ikkje uventa. Med relativt avgrensa samlingar er det lettare å tilfredsstilla krava til magasinlokale. Det er likevel minst halvparten av lokala som ikkje er klimaregulerte, og det kan ikkje seiast å vera tilfredsstillande for kunst- og kunstindustrimusea. For dei andre museumskategoriane er det altfor store delar av magasinlokala som ikkje har tilfredsstillande sikringstiltak. Der er det eit godt stykke fram til det nivået kunst- og kunstindustrimusea kan visa til. Dei kulturhistoriske musea har størst mørketal med 123 museum som ikkje har svart. Dei representerer 350 000 gjenstandar.

Eit spesielt problem finn ein i frilufts- og bygningsmusea fordi dei ofte må bruka antikvariske bygningar som magasin/lager. Ikkje sjeldan er det uthusbygningar som blir nytta. Dette er dårlege løysingar både for gjenstandar og bygningar. Ideelt sett bør ikkje antikvariske bygningar nyttast til regulære magasin.

7.3.1.3 Utstillingslokale

På mange måtar er det enklare å få til gode oppbevaringsforhold i magasinareal enn i utstillingsareal, for der kan ein meir reindyrka omsynet til objekta. I utstillingsarealet kjem omsyn til publikum inn. Når det gjeld temperaturforhold, er ikkje alltid folks behov like gunstige for gjenstandsmaterialet. Det fører m.a. ofte til at det blir for turt for mange gjenstandsgrupper i utstillingar, dersom ein ikkje går inn med klimaregulerande tiltak.

Det er fleire som rapporterer om tilstanden i utstillingsareala enn for magasinareala. 128 museum (26%) gav ingen opplysningar. Det litt uklart i kva grad frilufts- og bygningsmusea har gjeve opp arealet på dei bygningane som er opne for publikum og som slik sett fungerer som utstillingsareal.

Også her har kunst- og kunstindustrimusea best forhold samanlikna med dei andre museumskategoriane (tabell 7.8). Til liks med magasinarealet er det klimaregulering som er det svakaste punktet, medan brannsikringsordningar viser litt betre dekning. Det er likevel grunn til merka seg den låge dekninga av brann- og tjuverisikring i dei kulturhistoriske musea.

Tabell  Tabell 7.8 Sikringstilhøve i utstillingsareal 1993. Utstillingsareal totalt i kvm, og prosentvis etter type sikring

MuseumskategoriInstitusjonar som har svartTotalareal kvmKlimareg. ProsentBrann ProsentTjuveri Prosent
Kunst- og kunstind.museum (= 37)2733 000287070
Kult.hist. museum (= 345)260235 000144941
Nat.hist. museum (= 20)1310 000167149
Kult.hist./nat.hist. museum (= 77)5148 00077961

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

7.3.1.4 Førebyggjande tiltak for bygningar: FDV-planar

Sjølv om førebyggjande konservering i første rekkje er utvikla i forhold til gjenstandshandteringa, kan tankegangen mykje vel overførast til behandling av bygningar, anten dei er freda ved lov eller er på museum. For bygnings- og friluftsmusea utgjer dei over 4 700 bygningane eit ikkje uvesentleg vedlikehaldsansvar. I dag opererer kvart museum for seg, det blir laga rutinar og løysingar i kvar einskild institusjon. Ikkje sjeldan er vedlikehaldsarbeid eit etterskotstiltak, det blir utført når forfall og problem har kome så langt at arbeid utførast.

Som eit viktig plan- og gjennomføringsinstrument burde det kunna utviklast forvaltnings-, drifts- og vedlikehaldsplanar (FDV-planar) for antikvariske bygningar på museum. Eit brukande utgangspunkt vil vera den FDV-metodikken som Riksantikvaren har utvikla for mellomalderbygningar i Noreg. FDV-baserte analysar av potensielle verne- og/eller museumsobjekt vil kunna vera til stor nytte. Det ligg til rette for at Norsk museumsutvikling saman med Riksantikvaren og Handverksregisteret på Maihaugen tek initiativ til å utvikla eit FDV-system for antikvariske og andre verneverdige bygningar. Det vil kunna gjera det lettare både å planleggja og gjennomføra vedlikehaldsarbeid, anten det er på museumsbygningar eller gjeld freda eller verneverdige hus i privat eige. FDV-analysar vil dessutan tena som eit supplerande grunnlag for vurdering av behov for spesialkompetanse på handverkarsida (sjå avsnitt 7.3.2.2..).

7.3.2 Konservering og restaurering

Det er kjenneteiknande for førebyggjande konservering at mange personar i ein museumsorganisasjon vil vera involverte i oppfølging og gjennomføring av tiltaka. Men analysar, vurderingar og planar vil i stor grad måtta gjennomførast av fagpersonale i konservering. Og skal ein først gjennomføra direkte konservering, er det avgjerande at ein har personale med fagutdanning på feltet. Ofte må teknisk konservering ha tilgang til avansert og kostbart laboratorieutstyr. Det blir brukt både til tilstandsanalyse, konserveringsarbeid, metodeutvikling og forsking.

Omgrepet 'konservering' er utvikla i forhold til konserveringsoppgåver på gjenstandsmateriale ved dei kunst- og kulturhistoriske musea. Det er ikkje tilfeldig at konservering av kunst på mange måtar dannar utgangspunktet for den faglege utviklinga av feltet. Innanfor naturhistoriske museum spelar teknisk personale, t.d. taksidermisten og preparanten delvis den same rolla som den tekniske konservatoren ved kunst- og kulturhistoriske museum. Felles for dei alle er at dei arbeider direkte på det aktuelle objektet. Her i landet er det eitt tilbod om taksidermistutdanning i det vidaregåande skuleverket. I utlandet, m.a. i Danmark, er det utdanningsretningar på høgskulenivå for konserveringspersonale som handterer naturhistorisk gjenstandsmateriale.

7.3.2.1 Konserveringspersonale

Ei av årsakene til at NOU 1983: 33 Konservering av gjenstander ved norske museer vart laga, var dårleg dekning av teknisk konservatorkompetanse ved norske museum. I 1982-83 var fagutdanna personale i hovudsak lokalisert til universitetsmusea og nokre andre av dei større musea. I tillegg hadde Riksantikvaren tekniske konservatorar for sine ansvarsområde. Dette personalet er f.o.m. 1994 overført til Norsk institutt for kulturminnevernforsking (NIKU), som utfører oppdrag i hovudsak for Riksantikvaren, men også for andre.

Tabell 7.9 viser utbreiinga av konserveringspersonalet ved dei kunst- og kulturhistoriske musea pr. september 1995. Oversynet er laga av NMU, og det er teke med personale som har formell utdanningsbakgrunn gjennom den tidlegare norske elevordninga, eller frå Konservatorskolen i København 1. og/eller 2. avdeling, eller tilsvarande utdanning/kompetanse. Stillingar i Arkivverket er ikkje rekna med, heller ikkje opplæringsstillingar. I oversynet er det heller ikkje teke med personale som arbeider med konserveringsoppgåver, men som ikkje har formell utdanning.

Dei største kunst- og kunstindustrimusea har både fagpersonale og verkstader. Relativt sett har desse musea den beste tilstanden, likevel utan at kapasiteten dekkjer behova. Spesielt utgjer tekstilar eit problemområde. Dei arkeologiske musea og dei naturhistoriske musea stiller for så vidt i same klassen med både fagpersonale og verkstader, men dei har også for liten kapasitet. Blant musea som arbeider med nyare kulturhistorisk materiale, er situasjonen vanskeleg, med få institusjonar og få stillingar.

Tabell  Tabell 7.9 Oversyn over konserveringsstillingar i Noreg pr. september 1995

Type konservering - antal årsverk
InstitusjonArkeologiNyare tids kult.hist.MåleriPapir (ikkje arkiv)TekstilFoto
Henie-Onstad Kunstsenter1
Akershus Fylkesmuseum1
Nasjonalgalleriet31
Museet for samtidskunst2
Norsk Folkemuseum321
UiO, Inst. f. arkeol./kunsthist.32
UiO, Etnografisk museum21
UiO, Universitetsbiblioteket11
NIKU19
Munch-museet32
Kunstindustrimuseet i Oslo36
Vigeland-museet1
Hedmarksmuseet1,5
DSS-Maihaugen11
Drammens Museum1
Arkeologisk mus., Stavanger22
Tekstilatelieret, Hordaland1
Bergen Museum321
Bergen komm. kunstsamlinger21
Sunnmøre Museum1
Vitskapsmuseet611
Ringve Museum1
Nasjonalbibliotekavd. i Rana11
Tromsø Museum12
Privat konservering32
SUM årsverk1515,533981
Totalt antal årsverk81,5

6 To av stillingane går til eksterne oppdrag.

Kilde: Hernes m. fl. 1995

Tabellen viser at målerikonservatorar dominerer i det samla fagpersonalet, 41% har slik bakgrunn. Fleire av dei arbeider også med kulturhistorisk materiale. Det betyr likevel ikkje at talet på målerikonservatorar er for stort. Det viser berre at på dei andre områda er behovet svært stort.

NMU har også laga eit oversyn som gjeld naturhistoriske samlingar. Det viser at finst det 12-15 fagutdanna taksidermistar/preparantar/ingeniørar ved Zoologisk museum, UiO, Agder naturmuseum, Stavanger Museum, Bergen Museum, Vitskapsmuseet og Tromsø Museum. I tillegg er det personale som har opparbeidd ein realkompetanse på feltet. Innanfor botanikk og geologi har Botanisk hage og museum, UiO, Paleontologisk museum, UiO, Arkeologisk museum, Stavanger, Bergen Museum, Vitskapsmuseet og Tromsø Museum til saman 12-15 tekniske stillingar som har arbeidsoppgåver som i større og mindre grad går på vedlikehald av samlingane. Det er elles ikkje uvanleg at konservatorpersonalet også har eit praktisk vedlikehaldsansvar for naturhistoriske samlingar.

I SSBs statistikkmateriale for 1993 vart institusjonane bedne om å rapportera aktiviteten på konserveringsfeltet, anten med eige personale eller med leigd arbeidskraft. Tabell 7.10 gjev eit oversyn over resultatet. Det er nokre sentrale institusjonar som ikkje har svart på spørsmåla. Det gjer at tala for kunst- og kunstindustrimusea og dei kulturhistoriske musea er for låge. I dei kulturhistoriske musea utgjer 81% av dei rapporterte konserveringsårsverka arbeid som er utført av anna personale enn tekniske konservatorar/konserveringsteknikarar. Det gjeld handverkarar, teknisk personale og andre som utfører konserveringsoppgåver. Tek ein bort dei arkeologiske museumseiningane ved universiteta i Oslo og Bergen, kjem ein opp i over 90% av årsverka som er utførte av ufaglært personale.

Tabell  Tabell 7.10 Utførte årsverk konserveringsarbeid 1993

Konserveringsarbeid 1993
Tal på institusjonarÅrsverk tekn. konserv./kons. teknikarar7Tal på institusjonarÅrsverk andre
Kunst- og kunstindustrimuseum (= 37)61622
Kult.hist. museum (= 345)82087088
Nat.hist. museum (= 20)410310
Kult.hist./nat.hist. museum (= 77)321149
Sum216789109

7 Fleire museum har rapportert årsverk for teknisk konservator/konserveringteknikar som eigenleg skal registrerast under «andre». Dette er justert i denne tabellen, som bruker same kriterium som tabell 7.9.

8 16 av dei rapporterte årsverka er utførte ved arkeologiske institusjonar.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

Som eit samanlikningsgrunnlag kan ein nemna at i Sverige disponerer dei 17 såkalla «central»-musea og 26 regionalmusa med statstilskot, ca. 220 årsverk til førebyggjande og direkte konservering. I 1992 utgjorde konserveringsoppgåvene 13% av utførte årsverk ved dei svenske «central»-musea (SOU 1994: 51, bilagedel 5). I SSBs materiale for 1993 utgjorde konserveringsårsverka 5,5% av rapporterte årsverk.

Ser ein nærare på dei institusjonane som rapporterte eige konserveringspersonale i 1993 (både tekniske konservatorar/konserveringsteknikarar og andre), går det fram at dei forvaltar storparten av det rapporterte gjenstandsmaterialet. Det seier sjølvsagt ikkje noko om kapasiteten ved desse institusjonane, det fortel berre at det er eit grunnlag for konserveringsarbeid ved dei aktuelle institusjonane. I kunst- og kunstindustrimusea er 88% av samlingane å finna i institusjonar med konserveringspersonale (Arkitekturmuseet og Barnekunstmuseet frårekna). I dei naturhistoriske musea og den «blanda» gruppa er dekningsprosenten høvesvis 97% og 93%. Dei kulturhistoriske musea har lågast dekningsgrad med 63% av samlingane lokaliserte i museum med konserveringspersonale. Tek ein bort Oldsaksamlinga og Bergen Museum, er berre 44% av samlingane lokaliserte i museum med personale som utfører konserveringsarbeid.

Totalt sett er det berre å konstatera at konserveringskompetansen ved musea er for lite utbygd. For å koma vidare med dette, trengst det m.a. eit utdanningstilbod.

Eit av dei viktigaste elementa i NOU 1983: 33 Konservering av gjenstander ved norske museer var framlegg til utdanning av tekniske konservatorar i tillegg til dei opplæringsstillingane som då eksisterte. Innstillinga vart delt på dette punktet som på dei fleste andre punkta som vart behandla. Eitt av framlegga til mellombels løysing var å kjøpa studieplassar ved Konservatorskolen i København i ein overgangsperiode til norsk utdanning var kome på plass. Sidan 1985 har Kulturdepartementet kjøpt studieplassar, slik at nær 20 studentar har gjennomført treårs studium som konserveringsteknikarar. Pr. 1995 er fordelinga på fagretningar følgjande: 11 for kulturhistorisk materiale og sju på grafisk line (papir/foto). Kulturdepartementet v/NMU har f.o.m. 1994 kjøpt to studieplassar ved den nye lina for monumentalkunst i tillegg til to plassar ved ny line for naturhistorisk konservering. Tre kandidatar har avslutta full utdanning som teknisk konservator (to grafisk og ein kulturhistorisk) og seks (tre grafisk og tre kulturhistorisk) er i gang med avsluttande utdanning.

Når det gjeld utdanning i Noreg, har Høgskolen i Telemark sidan 1993 hatt ei årseining (20 vekttal) i restaureringskunnskap. Med verknad frå hausten 1996 vil Universitetet i Oslo setja i gang utdanning i teknisk konservering. Det er gjort framlegg om to retningar, kulturhistorisk retning og kunstfagleg retning. Det er svært gledeleg at denne utdanninga no kjem i gang. Museumsutvalet vil likevel understreka at det er viktig å halda fram med utdanningstilbodet i København, m.a. fordi det dekkjer eit breiare felt enn det Universitetet i Oslo førebels legg opp til (jf. også avsnitt 10.9.2.2.).

7.3.2.2 Bygningar og fartøy

Når det gjeld konserveringsarbeid på bygningar og fartøy, er dei fleste på det feltet handverkarar og/eller båtbyggjarar, gjerne med ulike former for tilleggskurs. Rådgjevande kompetanse, t.d. arkitektar, har berre nokre få museum. Somme av fylkeskommunane har arkitektstillingar, men dei er oftast retta mot bygningsvernet av kulturminneforvaltninga. Riksantikvaren og NIKU har totalt sett den mest omfattande kompetansen på rådgjevingssida, men også her er kulturminneforvaltninga ansvarsområdet. Den praktiske bygningskonserveringa på museum er såleis i stor grad eit felt for den spesielt interesserte handverkaren, der realkompetansen er meir avgjerande enn formalkompetansen.

På mange felt, både når det gjeld arbeidsteknikkar og materialkunnskap, kan kunnskapsnivået på musea bli betre (jf. Godal og Moldal 1992; Godal 1994). Grunnutdanninga for handverkarar i dag gjev ikkje tilstrekkeleg kunnskap for å arbeida på antikvariske bygningar. I perioden 1989-93 fekk frilufts- og bygningsmusea tilført relativt omfattande midlar i samband med arbeidsmarknadstiltak. Eitt av dei største problema var å få tak i handverkarar som kunne utføra arbeidsoppgåvene. Dette er også eit problem for oppdrag som Riksantikvaren og kulturminneforvaltninga i fylkeskommunane initierer eller har ansvar for. På dette feltet har kulturminneforvaltninga og musea klart samanfallande behov og interesser, og det burde liggja til rette for ein samordna innsats for å betra på forholda (jf. avsnitt 11.4.1.1.).

7.3.3 Trøndelagsundersøkinga

Ovanfor er det gjort greie for nokre av dei forholda som viser at det ikkje står heilt bra til, korkje med oppbevaringstilhøva eller registrering av og oversyn over samlingane. I 1994 tok Norsk museumsutvikling og Vitskapsmuseet initiativ til ei undersøking som skulle gje litt meir konkret kunnskap om slike forhold. Personalet ved konserveringsseksjonen ved Vitskapsmuseet gjennomførde ei undersøking ved 29 museum i Sør- og Nord-Trøndelag (jf. Hernes m. fl. 1995). I alt 264 rom (magasin/lager eller utstillingsrom) vart undersøkte med tanke på følgjande forhold:

  • status og behov for tilfredsstillande registrering av gjenstandsmaterialet.

  • status og behov for bevaring, både førebyggjande og direkte konservering (oppbevaringsforhold, brann- og tjuverisikring, enklare reingjering av gjenstandar og lokale, klimaforhold, flytting til nye lokalitetar).

Dei undersøkte musea var 17 institusjonar i Sør-Trøndelag og 12 i Nord-Trøndelag. Held ein Vitskapsmuseet utanfor, omfatta undersøkinga ca. 80% av den samla gjenstandsmassen i Sør-Trøndelag og 84% i Nord-Trøndelag. Utanom Vitskapsmuseet omfatta undersøkinga 250 000 gjenstandar i lokale tilsvarande 33 100 m2.

Resultata (sjå boks 7.1) er ei nærare talfesting av tilstanden som det på generelt grunnlag er gjort greie for i avsnitta 7.2.4 og 7.3.1. Det er tale om store restansar på registreringsområdet og problematiske magasinforhold for ein stor del av gjenstandsmassen. Det er ingen grunn til å tru at Trøndelagsfylka utgjer noko særsyn korkje i positiv eller negativ retning. På somme måtar er resultata ikkje dårlegare enn det ein i utgangspunktet kunne frykta. Når det er sagt, er det heller ingen grunn til å vera nøgd med tilstanden, når utgangspunktet skulle vera at museum burde vera den sikraste oppbevaringsforma for gjenstandar.

Eit av hovudmåla med tilstandsrapporteringa var at ein skulle få eit meir konkret grunnlag for behovs

Boks 7.1 Boks 7.1 Tal frå Trøndelagsundersøkinga

Tala nedanfor refererer seg til situasjonen for gjenstandsmaterialet i dei to Trøndelags-fylka med unntak av Vitskapsmuseet, dvs. ca. 250 000 gjenstandar og 33 100 m2: - 23% (58 000) av gjenstandsmassen er ikkje tilfredsstillande registrert- 83% (207 000) av gjenstandane er ikkje omfatta av noko konserveringstilbod- 96% av gjenstandsmassen har aldri hatt noka form for konservering- 7% (17 000) av gjenstandane har omfattande konserveringsbehov- 4% (10 600) av gjenstandsmaterialet er lokalisert i heilt ueigna bygningar- 15% (37 000) av gjenstandane er lokaliserte i bygningar med taklekkasje/konstruksjonsskadar- 21% (52 000) av gjenstandsmassen er i lokale utan brannvarsling- 65% (162 000) av gjenstandane er i overfylte lokale med vanskeleg evakuering- 70% (175 000) av gjenstandane er i lokale utan tilfredsstillande klimakontroll- 61% (154 000) av gjenstandsmaterialet treng reorganiserast i utstillings- og/eller magasinareal- 35% (87 000) av gjenstandane blir påverka og nedbrotne av lys- 8% (19 800) av gjenstandane er utsette for så stor fukt at dei blir øydelagde- 4,5% (11 000) av gjenstandane har påviste åtak av mugg eller sopp- 8% (20 000) av gjenstandane har åtak av insekt/gnagarar- ei samla vurdering viser at 43% (107 000) av gjenstandane har uakseptable oppbevaringsforhold. Av desse er 15% (16 000) utsette for rask nedbryting og 6% (6 400) har direkte katastrofale forhold.

kalkylar. Med utgangspunkt i gjenstandsvolumet er det laga ei berekning av kva som skal til av arbeidsinnsats for å koma à jour med registrering, førebyggjande konservering og direkte konservering. I berekninga går ein ut ifrå at det gjenstandsmaterialet som er i musea, skal bevarast for framtida. Spørsmål om kassasjon må avgjerast ved kvar einskild institusjon. Tala frå Trøndelagundersøkinga gjev eit behov på 208 årsverk til registreringsarbeid, 67 årsverk til førebyggjande konservering og 192 årsverk til direkte konservering (tabell 7.11).

Eit reknedøme kan gje ein peikepinn på kva ein snakkar om av ressursar, dersom ein skulle setja i gang eit prosjekt for Trøndelags-fylka på grunnlag av desse tala. I tillegg til personinnsats er det også gjeve eit an

Tabell  Tabell 7.11 Berekning av årsverksbehov for registrering og konservering av restansar i Trøndelagsfylka

Registreringsrestansar9 ÅrsverkRestansar i førebyggj. konservering. ÅrsverkKonserveringsrestansar Årsverk
Trøndelags-fylka2056108
Vitskapsmuseet1881184
Sum20867192

9 Det er rekna at det trengst gjennomsnittleg eitt årsverk for å katalogisera 3 500 gjenstandar.

Kilde: Hernes m. fl. 1995

slag over kostnader som går på nytt magasinareal og/eller reorganisering av areal.

Personkostnader, 467 årsverk à kr 300 000kr 140 mill.
Nytt magasinareal, 6 000 m2 à kr 10 000kr 60 mill.
Reorganisering av areal, 17 000 m2 à kr 5 000kr 85 mill.
Sumkr 285 mill.

Sjølv om ein skulle ha fått midlane til eit slikt prosjekt, ville det ha vore heilt urealistisk å få gjennomført alt arbeidet. Spesielt ville det ha vore vanskeleg å utføra det direkte konserveringsarbeidet, fordi det ville ha vore mangel på tekniske konservatorar til å gjera arbeidet. Ovanfor er det rapportert ca. 80 årsverk pr. år av teknisk konservatorpersonale ved alle norske museum. Sjølv om ein henta inn det meste av det som finst av topp fagfolk i Europa for å utføra teknisk konservering i Trøndelagsfylka, ville det knapt vera mogeleg å gjennomføra eit slikt prosjekt innanfor ei tiårs ramme.

På bakgrunn av Trøndelagsundersøkinga og SSBs materiale frå 1994 om restansar som gjeld gjenstandskatalogisering, kan ein omrekna resultata frå Trøndelag til å gjelda heile landet. Det er mange usikre faktorar i eit slikt reknestykke. Føresetnaden for at det skal vera hald i tala, er at Trøndelagsfylka er representative for tilstanden elles i landet. Det same gjeld sjølvsagt for Vitskapsmuseet, at tilstanden og behova som følgje av restansane der er dei same som ved dei andre universitetsmusea. I alle fall får ein ei talfesting av behov som med nemnde atterhald gjev bod om eit stort restansebehov på dei grunnleggjande områda registrering og førebyggjande konservering (tabell 7.12).

Tabell  Tabell 7.12 Berekning av årsverksbehov for registrering og konservering av restansar i heile landet

Registreringsrestansar ÅrsverkRestansar i førebyggj. konservering. ÅrsverkKonserveringsrestansar Årsverk
Landet utan universitetsmusea2455421 063
Universitetsmusea1 00260470
Sum1 2476021 533

Kilde: Hernes m. fl. 1995

Med eit samla årsverksbehov på over 3 400 årsverk og totalkostnader på 2,3 milliardar kroner er det snakk om store ressursar, dersom ein skulle satsa på å gjennomføra alt på kort tid. Til samanlikning skal nemnast at den svenske museumsutgreiinga opererte med eit behov som følgje av restansar på ca. 3 400 årsverk til konservering og 2 300 årsverk til registrering berre i dei regionale «läns»-musea og i sentralmusea. Grunnlagsanalysen for den nederlandske Deltaplanen gav som resultat eit kostnadsbehov på 3,9 milliardar kroner for å koma i kapp med restansane på alle felt. Ingen av stadene var det aktuelt å oppfylla slike behov. I staden vart det satsa på tiltakspakkar som retta seg inn mot registreringsrestansane og førebyggjande konservering.

Museumsutvalet meiner at også i Noreg vil det vera rettast å starta med eit prosjekt som freistar å gjera noko med restansane innanfor registrering og førebyggjande konservering. Der vil det vera praktisk moge leg og økonomisk realistisk å setja i gang ein prosess som kan la seg gjennomføra, og som også kan få positive verknader for behovet for direkte konservering (jf. avsnitt 7.3.4.2.).

7.3.4 Tilrådingar

På same måten som innsamling og forsking bør styrkjast for at musea skal bli betre som samfunnsminne, er det berrsynt at det må setjast inn ekstra innsats for at bevaringsfunksjonen skal koma opp på eit betre nivå. Museumsutvalet vil difor understreka nokre generelle tiltak, samstundes som ein presenterer ein tiltaksplan for å betre forholda for samlingane i norske museum. Delar av tiltaksplanen har henta inspirasjon frå den nederlandske Deltaplanen (sjå boks 7.2).

Boks 7.2 Boks 7.2 Deltaplanen

Som nemnt tidlegare var det ein rapport frå den nederlandske riksrevisjonen (Algemene Rekenkamer) i 1988 som avdekka store manglar ved dei 17 nasjonale musea. Dei mangla oversyn over samlingane, dei visste ikkje kvar gjenstandane var lokaliserte, i visse samanhengar heller ikkje kven som hadde eigedomsretten til gjenstandane. Oppbevaringsforholda var fleire stader elendige. Årsakene til denne tilstanden meinte ein å finna i det forholdet at styresmaktene, og delvis også musea sjølve, hadde satsa for einsidig på tiltak som skulle trekkja ei aukande mengd publikum til musea. Dokumentasjons- og bevaringsarbeidet hadde blitt salderingsposten i denne satsinga. Den problematiske situasjonen vart ei nasjonal, politisk sak. Departementet for velferd, helse og kultur sette i gang «The Delta Plan for the Preservation of Cultural Heritage» i 1990. Målet med planen var at musea skulle få oversyn over samlingane, og dei skulle betra oppbevaringsforholda. Institusjonane sjølve måtte kategorisera materialet sitt etter kor stor kulturhistorisk eller naturhistorisk verdi det har. Kategori A omfattar det viktigaste materialet, kategori D inneheld gjenstandsmateriale som eigenleg ikkje høyrer til på det aktuelle museet. Det vart opna for at materialet i kategori D kan overtakast av eit anna museum dersom det var ønskjeleg, eller kasserast. Ved gjennomføringa av registrerings- og sikringstiltaka skal restansane innanfor kategori A prioriterast framfor kategori B, som igjen skal prioriterast framfor kategori C.Dei nasjonale musea får finansiert 100% av kostnadene med restansearbeidet. Andre museum, kommunale eller regionale, får dekt inntil 40% av kostnadene med sine prosjekt. Alle museum må laga tilstandsrapportar og prioriteringsplanar saman med realistiske framdriftsplanar. Det blir kravd etter måten detaljert rapportering av arbeidet. Storparten av arbeidskrafta blir henta frå køen av arbeidslause. Men planlegging og fagansvar står anten fagpersonalet frå musea eller engasjert fagpersonale for. Planen omfattar også tiltak på arkivsida, i første rekkje for å betra magasintilhøva. Ein mindre del av midlane går til sikring av monument, bl. a. førebyggjande konservering av utandørs skulpturar. Endeleg går ein del av midlane til eit arkeologisk registreringssystem.Ved utgangen av 1994 hadde det gått med 134 mill. NLG (ca. NOK 327 mill.) Den planlagde totalramma som går til og med 1996, er på NLG 274 mill. (ca. NOK 870 mill.) Planen vil bli ført vidare for perioden 1997-2000.Eit viktig mål med Deltaplanen er at det ikkje skal vera behov for slike skippertak seinare. Det betyr at musea må ha ein innsamlingspolitikk som gjer at dei skal kunne vera à jour med både registrering og tiltak innanfor preventiv konservering. Det er tydeleg at heile Deltaplanen har hatt stor innverknad på haldningar og tankar i forhold til innsamling av gjenstandar. Det blir no kravd gjennomarbeidde innsamlingsplanar som tek omsyn til ressursbruk.

Boks 7.3 Boks 7.3 SESAM - öppna museisamlingarna

Den svenske museumsutgreiinga hadde som eitt av sine viktigaste framlegg ei skisse til ein svensk Deltaplan. Ei prosjektgruppe har vidareført denne ideen og kom i juni 1995 med eit program for registrering og førebyggjande konservering ved svenske museum. Etter planen er det sett av SEK 235 mill. til tiltak for museum og arkiv. Arbeidskraft har ein tenkt å rekruttera frå arbeidslause akademikarar. Ein stor del av innsatsen skal rettast mot edb-registrering/katalogisering, der digitalisering av fotomateriale frå samlingane blir eit viktig element. Det blir lagt vekt på ei omfattande kursverksemd for dei som skal arbeida i prosjektet. Eit opplegg på fire-fem vekers kurs i Stockholm, Göteborg og Kiruna skal ta opp 400 personar fordelte på seks kursomgangar. Heile prosjektet er planlagt å vara i maksimum tre år og første søknadsfrist var 15. september 1995. Det blir lagt stor vekt på at institusjonane utarbeider grundige planar for dei tiltaka dei vil setja i gang.

7.3.4.1 Fellesmagasin og fellestenester

Eit av tilhøva som er stadfesta ovanfor, er at store delar av samlingane er oppbevarte i lokale som ikkje er eigna til formålet. Den vanlege boteråda på dette har vore å byggja tilpassa magasinareal ved kvar einskild institusjon. Men disponible midlar til nybygg har ikkje stått i forhold til ønskja og behova for slike nybygg.

På dette feltet meiner Museumsutvalet at det er grunn til å sjå på alternative løysingar. Overføring av gjenstandar til høveleg lokale betyr ikkje nødvendigvis alltid nybygg. Det kan like godt vera reorganisering av andre lokale/bygningar ved institusjonen, eller etablering av magasinfunksjonar i lokale utanfor museet. Mange av dei store musea har funne slike løysingar.

I visse høve kan det vera rett å vurdera etablering av ei form for sentralmagasin, der fleire institusjonar, t.d. i eitt eller fleire fylke, kan få løyst magasinbehova, evt. i bygningar som blir tilpassa formålet. Val av løysingar vil vera avhengig av dei lokale/regionale føresetnadene. Det er truleg også slik at samarbeid om eit sentralmagasin på mange måtar ligg betre til rette t.d. i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø enn mange andre stader. Det viktige for Museumsutvalet er å peika på det potensialet som ligg i å finna løysingar som går på tvers av institusjonsgrenser. I direkte tilknyting til evt. sentralmagasin kan ein også vurdera å etablera fellestenester som går både på førebyggjande og direkte konservering.

I fleire av dei fylkeskommunale museumsplanane blir det nemnt ønskje om å etablera fellestenester for musea. Konservering er den tenesta som dei fleste fylka nemner. Tre fylke har allereie etablert konserveringstenester. Akershus har ei felles konserveringsstilling for musea i fylket. I Hedmark fungerer Hedmarksmuseet som konserveringsressurs for dei andre musea under tilskotsordninga. I Hordaland har musea under tilskotsordninga ei fellesteneste som omfattar tekstilkonservering. I Rogaland utfører konserveringsseksjonen ved Arkeologisk museum i Stavanger oppdrag for dei andre musea i fylket. Dessutan har Norsk Bergverksmuseum i samarbeid med Buskerud, Telemark og Vestfold fylkeskommunar gjennomført eit forprosjekt med tanke på ein regional konserveringsverkstad. Også andre fylkeskommunar har starta drøftingar om felles ordning for konservering.

Det er all grunn til å sjå positivt på denne typen fellesløysingar på konserveringsområdet. Museumsutvalet vil likevel reisa spørsmålet om ikkje fellestenester i direkte konservering i endå større grad kan baserast på eksisterande konserveringsmiljø og dermed omfatta fleire fylke. Det er fullt mogeleg å tenkja seg ei ordning der musea utan fagutdanna teknisk konserveringspersonale får utført slike tenester ved institusjonar som allereie har personale og verkstader/laboratorium. Desse institusjonane kan skipa fleire oppdragsstillingar for å utføra leigeoppdrag. På den måten kan ein få endå betre utnytting av eksisterande lokale og kostbart, teknisk utstyr. Både Vitskapsmuseet og Tromsø Museum har teke initiativ til slike oppdrag. I tillegg har ein NIKU som kan ta på seg konserveringsoppdrag for musea.

Slike løysingar vil vera det mest realistiske i fleire år framover, dvs. dei neste 6-8 åra. Dels er det kostnadskrevjande å etablera konserveringsverkstader, dels vil det enno ta fleire år før nyutdanna tekniske konservatorar vil vera klare til innsats. I planane for fylkeskommunale fellestenester bør det difor i første omgang vurderast å satsa på rådgjevande kompetanse i førebyggjande konservering, m.a. i tilknyting til den omfattande REVITA-planen (jf. neste avsnitt). Det vil også danna eit betre grunnlag for å vurdera kva konkret behov ein har når det gjeld direkte konservering i spesialverkstader.

7.3.4.2 REVITA-planen: registrering, bevaring og revitalisering av museumssamlingar

Med utgangspunkt i Trøndelagsundersøkinga og i erfaringane frå den nederlandske Deltaplanen vil Museumsutvalet gjera framlegg om ein femårsplan for betre bevaring av museumssamlingar. Konkret er det tale om ein plan for registrering og førebyggjande konservering av museumssamlingane. Målet med tiltaka er at musea skal få betre oversyn over og sikrare lokalitetar for samlingane, slik at samlingane kan revitaliserast og koma betre til sin rett både i intern bruk og overfor publikum.

I samband med REVITA-planen melder det seg også eit spørsmål som musea bør gå djupare inn i. Blant dei store restansane vil det finnast materiale som kanskje ikkje alltid kan forsvara plassen sin i samlingane. I samband med den store gjennomgangen av restansane vil det vera naturleg å vurdera spørsmålet om avhending av gjenstandar, t.d. til andre museum. Det kan også vera tale om overføring av gjenstandar til eit samlemagasin for gjenstandar som kan brukast i samband med utøving av arbeidsprosessar og handverk.

Spørsmålet om avhending eller i visse høve kassasjon av museumsmateriale er vanskeleg fordi museum har som hovudprinsipp at ein skal ta vare på det som har kome inn i samlingane. Men med tilvising til Trøndelagsundersøkinga og anna røynsle veit ein at musea ikkje maktar å ta vare på alt som har kome inn i samlingane. Ein veit også at det stundom kan vera litt tilfeldig kva som har kome inn i samlingane. I dag skjer det ein passiv kassasjon som eit resultat av dårlege oppbevaringsforhold og mangel på oversyn. Det vil vera mykje betre at musea sjølve freista styra denne prosessen. Då skulle ein ha visse sjansar til å sitja att med det materialet som musea er best tente med. Under førebuinga av REVITA-planen bør ein difor gjera ei vurdering av etiske og juridiske sider ved spørsmålet og så utarbeida retningsliner for ein evt. avhendingspraksis.

Ei ramme for REVITA-planen kan skisserast på følgjande måte:

  1. Som samordnande departement av nasjonal museumspolitikk tek Kulturdepartementet initiativ til eit femårs bevaringsprogram for museumssamlingane. Til å samordna prosjektet blir det etablert eigen prosjektorganisasjon i tilknyting til NMU.

  2. Etter modell frå Trøndelagsundersøkinga skal det lagast oversyn og analysar over tilstanden i musea som gjeld:

    • katalogiseringsrestansar og oversyn

    • bevaringsforholda for gjenstandsmateriale i magasin og utstillingar

  3. Universitetsmusea og dei statlege ansvarsmusea lagar oversyna/analysane i samarbeid med den sentrale prosjektgruppa. Kvar fylkeskommune utfører oversyna/analysane for musea i det einskilde fylket. Kvart fylke får finansiert ein prosjektkoordinator av prosjektmidlane. Alle oversyn/analysar skal innehalda ein prioriteringsplan med utgangspunkt i behova. Institusjonane og fylkeskommunane sender søknad til REVITA-prosjektet om midlar til dei einskilde institusjonane. Statlege museum får dekt 100% av kostnadene etter godkjende prosjektrammer. Fylkeskommunane/kommunane og museum som sorterer under dei, får dekt 80% av godkjende kostnader under føresetnad av at restfinansieringa er ordna.

  4. Alle katalogiseringsrestansar skal registrerast etter ein minimumsstandard som dei ulike museumskategoriane blir samde om. I den grad felles datastandardar ikkje alt eksisterer, skal det utarbeidast. Den sentrale prosjektgruppa har ansvaret for at standardane blir utarbeidde og følgde opp. På dette punktet skal REVITA-prosjektet søkja samarbeid med Dokumentasjonsprosjektet og UNADOK ved universitetsmusea for å styrkja standardiseringsarbeidet i desse prosjekta. REVITA-planen skal ikkje erstatta Dokumentasjonsprosjektet og UNADOK.

  5. Det blir etablert eit sentralregister for kjerneopplysningar om det registrerte materialet. Prosjektgruppa for REVITA-planen søkjer samarbeid med annan part for å handtera databasen. Ved slutten av prosjektperioden skal eit permanent sentralregister vurderast.

  6. Sjølve registreringsarbeidet av gjenstandane blir samordna med ei tilstandsvurdering, identifikasjonsfotografering i digital form og eventuelt flytting til ominnreia/nye lokalitetar. Tilstandsvurderinga dannar grunnlag for prioriteringsplan for direkte konservering seinare.

  7. Ein del av prosjektmidlane skal brukast til bygningstiltak, dvs. tilrettelegging av lokale som magasin og tiltak i utstillingsareala. Dersom forholda tilseier det, skal fellesløysingar prioriterast. Alle museum kan søkja om tilskot til bygningstiltak. Kvart prosjekt får dekt maksimum 80% av godkjend kostnadsramme.

  8. Einskildprosjekta på institusjonane skal organiserast slik at det er fagutdanna personale, evt. frå utlandet som har det faglege ansvaret. Ekstra arbeidskraft skal rekrutterast frå arbeidsmarknadsetaten, evt. ved omplassering og omskulering av arbeidskraft i offentleg sektor som må slutta i noverande arbeid. Det blir avgjort sentralt og/eller i fylka kva grupperingar som skal prioriterast ved rekruttering av ekstramannskap til prosjektet.

  9. Museumsmiljøa må i samarbeid med den sentrale prosjektgruppa sjølve prioritera kva dei vil ha løyst innanfor rammene og prosjektperioden. Musea må også prioritera kva delar av samlingane som skal omfattast av prosjektet.

  10. Samla kostnadsramme for den statlege innsatsen i planen blir sett til 380 mill. kroner, fordelte på fem år. Summen tilsvarer det som dei seinaste fem åra har gått til musea gjennom ulike former for arbeidsmarknadstiltak, justert for prisstiging. Fordelinga mellom edb-registrering og tiltak som går på reine oppbevaringsforhold, blir avgjort av den sentrale prosjektgruppa på grunnlag av tilstandsanalysen.

7.4 Oppsummering

Det er fleire ting som tyder på at det blir lagt lite vekt på innsamlingsarbeidet i planleggings- og prioriteringssamanheng. Det er difor grunn til å peika på at innsamling i endå større monn enn no bør gjerast synleg i planarbeid ved institusjonane, anten i form av spesielle innsamlingsplanar eller som del av langtidsplanane. Det er også grunn til å understreka det ønskjelege i at innsamlingsaktiviteten i sterkare grad blir knytt opp til forskingsplanar og -prosjekt.

Bruk av IT som strategisk verkemiddel i arbeidet med å betra informasjonskvalitet og tilgang til informasjon og kunnskap i musea, vil vera eit av dei viktigaste felta for samordningsarbeid dei næraste åra. På sentralt hald bør ein styrkja innsatsen som fremjar utvikling av standardar, samordning av initiativ som gjeld databasar og ein offensiv bruk av datanettverk for musea, slik at dei kan spela ei aktiv rolle som bidragsytarar i det komande informasjonssamfunnet.

Museumsutvalet vil framheva kor viktig forsking er som grunnleggjande aktivitet, dersom musea fullt ut skal kunna spela rolla som samfunnsminne. Museumsutvalet meiner at innsamlingsverksemda vil bli direkte skadelidande dersom ho ikkje er kopla saman med forskingsprosjekt eller problemorienterte innsamlingsplanar.

Institusjonane må i større grad ta ansvar for forskingsaktiviteten på den måten at forsking blir sterkare integrert i institusjonsplanane. Det vil også vera viktig at forsking i større grad blir prosjektorganisert. Det blir vidare understreka at forskings- og innsamlingsplanar i større grad bør integrerast.

Alle museum er ikkje potensielle forskingsinstitusjonar. Det må aksepterast at dei minste museumseiningane ikkje er det beste rammeverket for forsking. Krav om forskingsinnsats skal først og fremst rettast mot universitetsmusea og ansvarsmusea (jf. avsnitt 10.2.), dvs. dei musea som skal ha eit samordningsansvar anten på statleg eller fylkeskommunalt nivå. Det er også dei musea som bør utvikla seg som forskingsutførande institusjonar.

Som eit stimuleringstiltak for FoU i dei statlege ansvarsmusea utanfor universiteta blir det laga eit tiltaksprogram over fire år. Eit vekstalternativ er at dei statlege tilskotsrammene i femårsperioden blir auka med 2%. Eit nullvekstalternativ inneber at det kvart år blir det teke 2% av dei statlege tilskotsmidlane og sett av til ein felles pott til forskingsaktivitet ved musea. Dei aktuelle musea oppnemner eit FoU-utval med Noregs forskingsråd som sekretariat, og dei konkurrerer om tildeling frå forskingspotten. I begge tilfella skal ordninga evaluerast etter fire år.

Same modell som ovanfor kan brukast for ansvarsmusea i fylkeskommunane. Det kan t.d. skipast ein fri stillingsheimel som musea i fylka kan konkurrera om til konkrete prosjekt. Vekstalternativet er å auka tilskotsrammene frå fylkeskommunane tilsvarande ei stilling. Nullvekstalternativet vil vera å ta desse midlane av det tilskotet som fylkeskommunane gjev til dei aktuelle musea. På same måten som for dei statlege musea skal ordninga gå i fire år med påfølgjande evaluering.

På same måten som innsamling og forsking bør styrkjast for at musea skal bli betre som samfunnsminne, er det berrsynt at det må setjast inn ekstra innsats for at bevaringsfunksjonen skal koma opp på eit betre nivå. I visse høve kan det vera rett å vurdera etablering av ei form for sentralmagasin, der fleire institusjonar, t.d. i eitt eller fleire fylke, kan få løyst sine magasinbehov, evt. i bygningar som blir tilpassa formålet.

I samband med den store gjennomgangen av restansane, REVITA-planen (jf. avsnitt 7.3.4.2.), vil det vera naturleg å vurdera spørsmålet om avhending og kassasjon av somme gjenstandar. Spørsmålet om avhending eller kassasjon av museumsmateriale vil vera vanskeleg fordi museum har som hovudprinsipp at ein skal ta vare på det som har kome inn i samlingane. Under førebuinga av REVITA-planen bør ein difor vurdera etiske og juridiske sider ved dette spørsmålet og dessutan utarbeida retningsliner for ein evt. avhendingspraksis.

Fleire av dei fylkeskommunale museumsplanane inneheld ønskje om å etablera fellestenester for musea. Konservering er den tenesta som dei fleste fylka nemner. Det er all grunn til å sjå positivt på denne typen fellesløysingar. Museumsutvalet vil likevel reisa spørsmålet om ikkje fellestenester i direkte konservering i endå større grad kan baserast på eksisterande konserveringsmiljø, og dermed omfatta fleire fylke. Det er fullt mogeleg å tenkja seg ei ordning der musea utan fagutdanna teknisk konserveringspersonale får utført slike tenester ved institusjonar som allereie har personale og verkstader/ laboratorium. I planane for fylkeskommunale fellestenester bør det i første omgang vurderast å satsa på rådgjevande kompetanse i førebyggjande konservering, m.a. i tilknyting til den omfattande REVITA-planen. Det vil også danna eit betre grunnlag for å vurdera kva konkrete behov ein har når det gjeld direkte konservering i spesialverkstader.

Med utgangspunkt i Trøndelagsundersøkinga og i erfaringane frå den nederlandske Deltaplanen blir det gjort framlegg om at Kulturdepartementet tek initiativ til ein femårs tiltaksplan for å betra bevaringa av norske museumssamlingar. Konkret er det tale om ein plan for registrering og førebyggjande konservering av museumssamlingane. Målet med planen er at musea skal få betre oversyn over og sikrare lokalitetar for samlingane, slik at samlingane kan revitaliserast og koma betre til sin rett både i forsking og overfor publikum.

Til å samordna prosjektet blir det etablert eigen prosjektorganisasjon i tilknyting til Norsk museumsutvikling. I kvar fylkeskommune blir det engasjert ein prosjektkoordinator for dei musea som fylkeskommunane har ansvar for. Etter modell frå Trøndelagsundersøkinga skal det lagast analysar/oversyn over tilstanden i musea. Musea sender søknader om pengar frå REVITA-prosjektet. Statlege/nasjonale museum får dekt 100% av godkjende kostnader. Fylkeskommunane/kommunane og museum som sorterer under dei, får dekt inntil 80% av godkjende kostnader.

Alle katalogiseringsrestansar skal registrerast etter ein minimumsstandard som dei ulike museumskategoriane blir samde om. I den grad felles datastandardar ikkje eksisterer, skal slike utarbeidast. Den sentrale prosjektgruppa har ansvaret for at standardane blir utarbeidde og følgde opp. Sjølve registreringsarbeidet av gjenstandane blir samordna med ei tilstandsvurdering, identifikasjonsfotografering i digital form og eventuelt flytting til ominnreia/nye lokalitetar.

Ein del av prosjektmidlane skal brukast til bygningstiltak, dvs. tilrettelegging av lokale som magasin og tiltak i utstillingsareala. Dersom forholda tilseier det, skal fellesløysingar prioriterast. Alle museum kan søkja om tilskot til bygningstiltak. Kvart prosjekt får dekt maksimum 80% av totalkostnadene.

Museumsmiljøa må i samarbeid med den sentrale prosjektgruppa sjølve prioritera kva dei vil ha løyst innanfor rammene og prosjektperioden. Musea må også prioritera kva delar av samlingane som skal omfattast av prosjektet.

Samla kostnadsramme for den statlege innsatsen i planen blir sett til 380 mill. kroner fordelte på fem år. Summen tilsvarer det som dei seinaste fem åra har gått til musea gjennom ulike former for arbeidsmarknadstiltak. Fordelinga mellom edb-registrering og tiltak som går på reine oppbevaringsforhold, blir avgjort av den sentrale prosjektgruppa på grunnlag av tilstandsanalysen.

Til forsiden