NOU 1997: 1

Regelverk om tilskudd til barne- og ungdomsorganisasjoner

Til innholdsfortegnelse

13 Norske regler for tilskudd - 1995: Internasjonale prosjekter 1. halvår. Kunngjøringsbrev.

Brev fra Barne- og familiedepartementet av 28. oktober 1994 til barne- og ungdomsorganisasjonene

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid særskilte tiltak i 1. halvår 1995

I retningslinene for tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane sitt internasjonale samarbeid, er løyvinga delt i to (sjå dei vedlagte retningslinene). Organisasjonane har no høve til å søke Fordelingsutvalet for ungdomsmidlene om tilskot til særskilte tiltak som skal finne stad i 1. halvår 1995 (1. januar - 31. juli).

SØKNADSFRISTEN ER 1. DESEMBER

Organisasjonane kan søke om tilskot til aktivitetar som vert arrangert i Noreg. I tillegg kan ein unntaksvis søke om tilskot til deltaking på aktivitetar i utlandet som høyrer inn under ordninga med driftstilskot, om ein har særskilte grunnar til ikkje å ta med aktiviteten på søknaden om driftstilskot.

Det er ikkje søknadsskjema. Søknaden skal innehalde ei skildring av prosjektet. Når det gjeld aktivitetar i Noreg, må ein informere om internasjonale samarbeidspartnarar og kva for land og organisasjonar som skal delta. Når det gjeld internasjonale tiltak, må ein grunngje kvifor ein meiner tiltaket fell utanfor ordninga med driftstilskudd. Søknaden må dessutan ha med eit detaljert kostnadsoverslag og ein finansieringsplan.

Søknad om tilskot sendes Fordelingsutvalet ved Barne- og familiedepartementet, Postboks 8036 Dep., 0030 Oslo.

Med helsing

Inger Johanne Wremer (e.f.)

Birgitte Løes

Til forsiden