NOU 2000: 14

Frihet med ansvar— Om høgre utdanning og forskning i Norge

Til innholdsfortegnelse

7 Brev fra Det kongelige finansdepartement

Utvalet for høgre utdanning av dato 07.04.2000

Konsekvensar ved organisering som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter

Vi viser til notatet frå Sekretariatet for Utvalet for høgre utdanning, datert 27. mars 2000.

Sekretariatet ber Finansdepartementet svare på om det er mogleg for forvaltingsorgan med særskilde fullmakter å få:

  • fullmakt til å aktivere investeringar og verdiar i eigedom, bygningar og utstyr i sine rekneskap.

  • fullmakt til å på eiga hand ta opp lån på grunnlag av verdiar knytte til den enkelte verksemda

  • fullmakt til å sette av midlar til fond på eigne konti for forvaltingsorganet, slik at organet også kan få avkastning på meirinntekter frå oppdrag som ikkje er fastsette i tildelingsbrevet.

Finansdepartementet sine vurderingar: Forvaltingsorgan med særskilde fullmakter

  • kan ikkje aktivere investeringar og verdiar i eigedom, bygningar og utstyr i sine rekneskap. Slike forvaltingsorgan er ein del av staten som juridisk person og kan derfor ikkje ha si eiga balanse-oppstilling. Eigedelane til slike verksemder inngår i kapitalrekneskapen til staten.

  • kan ikkje på eiga hand ta opp lån på grunnlag av verdiar knytte til den enkelte verksemda. Det er berre Finansdepartementet som har fullmakt til å ta opp lån på vegne av staten.

  • kan ikkje sette av midlar til fond på eigne konti for forvaltingsorganet, og på den måten få avkastning på meirinntekter frå oppdrag som ikkje er fastsette i tildelingsbrevet. I det systemet som nå er etablert er heile likviditeten til statlege forvaltingsorgan samla i Norges Bank, og renteinntektene tilfell staten. Nettobudsjetterte verksemder har i denne samanhengen ikkje andre fullmakter enn andre statlege forvaltingsorgan.

Med helsing

Espen Aasen e.f.

fung. avdelingsdirektør

Kjetil Lund

førstekonsulent

Til forsiden