NOU 2000: 21

En strategi for sysselsetting og verdiskaping

Til innholdsfortegnelse

8 Konkurranseutsette og skjerma næringar

Asbjørn Rødseth (Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo)

8.1 Innleiing

I økonomisk teori blir det ofte gjort eit skilje mellom konkurranseutsette og skjerma næringar. Skjerma næringar er da definerte ved at dei produserer varer eller tenester som verken kan eksporterast eller importerast. Konkurranseutsette næringar derimot produserer varer eller tenester som kan bli eksportert eller importert.

Skiljet går altså utelukkande på om produkta frå næringa kan kjøpast og seljast over landegrensene. Det har i utgangspunktet ingenting med konkurranse mellom foretak å gjera. I skjerma næringar kan det vera hard konkurranse mellom mange innanlandske produsentar. Ei konkurranseutsett næring kan vera kontrollert av eit internasjonalt monopol. Men i ei skjerma næring kan det ikkje vera nokon direkte konkurranse frå utlandet. I ei konkurranseutsett næring vil det vera det. Sjølv der produksjonen er kontrollert av eit internasjonalt monopol, vil det vera konkurranse mellom produksjon i utlandet og produksjon i Norge. Namna er kortformer for «skjerma mot utanlandsk konkurranse» og «utsett for utanlandsk konkurranse».

Dersom ein meiner namna gir gale assosiasjonar, kan uttrykka «lokale næringar» og «internasjonale næringar» vera alternativ. Men også dei kan gi gale assosiasjonar. Skiljet har ingenting med om det er internasjonale foretak eller lokale folk som eig bedriftene. I ei lokal næring kan foretaka vera internasjonale. Poenget er at produkta verken kan eksporterast eller importerast. Produksjonen må skje i Norge, og arbeidskrafta må vera der. Konkurranse mellom utanlandske og norskeigde foretak gjer ikkje ei næring konkurranseutsett slik dette uttrykket blir brukt i økonomisk teori. Det er konkurransen mellom norsk og utanlandsk arbeid som er i fokus.

Skiljet mellom konkurranseutsette og skjerma næringar er interessant blant anna fordi auka lønnskostnader har ulik effekt på lokaliseringa av produksjonen, på prisane og på sysselsettinga i dei to typane næringar. I avsnitt 2 skal vi kort gjera greie for kva teorien seier om effektane av lønnstillegg i skjerma og konkurranseutsette næringar. Vi skal med andre ord forklara bakgrunnen for at skiljet har blitt tillagt så stor vekt ved lønnsoppgjera 1 .

Avsnitt 3 drøftar årsakene til at enkelte produkt er konkurranseutsette, andre ikkje. Vi kjem der inn på effektane av ulike typar handelshinder, og argumenterer for at skiljet mellom konkurranseutsette og skjerma produkt er mindre absolutt enn det ofte blir lagt til grunn i økonomisk teori. Dette leier over til avsnitt 4 der vi går meir konkret inn på kva for produkt og næringar som kan klassifiserast som skjerma og som utsette for internasjonal konkurranse. Vi ser også på enkelte utviklingstrekk over tid.

Inndelinga i lokale og internasjonale produkt har ein parallell i ei inndeling i lokale og internasjonale produksjonsfaktorar. Ein lokal produksjonsfaktor blir ikkje eksportert eller importert, mens ein internasjonal produksjonsfaktor kan bli det. Drøftinga av effekten av lønnstillegg i avsnitt 2 byggjer på at arbeidskrafta er den einaste lokale produksjonsfaktoren. Kapitalen er internasjonal, mens det blir sett bort frå naturressursar. I avsnitt 5 ser vi litt nærmare på skiljet mellom nasjonale og internasjonale produksjonsfaktorar. Ein konklusjon er at det viktigaste skiljet i samband med lønnsoppgjera ikkje går mellom konkurranseutsette og skjerma næringar generelt, men mellom det vi kan kalla «rotlause næringar» og andre. Dei rotlause næringane produserer internasjonale produkt utan å vera baserte på andre lokale produksjonsfaktorar enn arbeidskraft.

Rotlause næringar kan berre overleva i Norge dersom lønnsnivået, i alle fall i desse næringane, er tilpassa lønnsnivået i utlandet og forskjellen i produktivitet mellom Norge og utlandet. Så sant vi har bruk for rotlause næringar, vil desse derfor ha ei spesiell stilling i forhold til lønnsoppgjera. Avsnitt 6 ser nærmare på spørsmålet om vi med våre store naturressursar og vår formue har bruk for rotlause næringar også i framtida. Avsnitt 7 konkluderer.

8.2 Effekten av lønnstillegg i skjerma og konkurranseutsette næringar

La oss i dette avsnittet leggja til grunn at det faktisk lar seg gjera å dela inn økonomien i skjerma og konkurranseutsette næringar slik dei blei definerte i innleiinga. For å få fram hovudpoenga, er det nok å tenkja seg ein økonomi med berre to næringar som produserer kvar si vare, ei skjerma og ei konkurranseutsett. For å gjera skiljet mellom næringane så tydeleg som råd, ser vi bort frå eventuelle kostnader med internasjonal handel med den konkurranseutsette vara. Vidare går vi ut frå at ingen av næringane bruker naturressursar i produksjonen 2 .

Vi skal samanlikna verknadene på både kort og lang sikt av like store lønnstillegg i skjerma og i konkurranseutsette næringar. Vi har da i tankane tillegg som gjeld alle bedrifter innan næringsgruppa.

Kort sikt

Ein vanleg påstand er at endringar i lønnsnivået på kort sikt får større konsekvensar for sysselsetting, produksjon og forteneste i konkurranseutsette enn i skjerma næringar. Grunnlaget for påstanden er at etterspørselen etter skjerma og konkurranseutsett produksjon reagerer ulikt på ein prisoppgang. Skjerma og konkurranseutsette produkt konkurrerer med kvarandre, og går prisnivået opp på den eine produktgruppa, så blir etterspørselen vridd i retning av den andre gruppa. Så langt er det symmetri i effektane av prisendringar. Men innan gruppa av konkurranseutsette produkt konkurrerer norske produkt med utanlandske. Fordi det som regel finst nokså like norske og utanlandske produkt retta inn mot same behov hos brukarane, skal det berre relativt små prisendringar til for å vri forbruket mellom norske og utanlandske produkt. Ein tilsvarande effekt finst ikkje for skjerma produkt.

Ofte blir det gått ut frå at det finst identiske utanlandske produkt som kan erstatta alle norskproduserte konkurranseutsette varer og at konkurransen i dei internasjonale marknadene er så hard at alle må ta same pris. Fordi Norge er så lite, har det som skjer i Norge da så godt som ingen effekt på prisane. Ein lite prisauke på norske produkt vil føra til at ingen vil kjøpa dei. I praksis er den internasjonale konkurransen på kort sikt neppe fullt så hard utanom i nokre få råvaremarknader.

Figur 8.1 Korleis forskjellen i samanhangen mellom etterspørsel
 og pris gjer at ein lønnsauke får ulik effekt
 i skjerma og konkurranseutsett sektor

Figur 8.1 Korleis forskjellen i samanhangen mellom etterspørsel og pris gjer at ein lønnsauke får ulik effekt i skjerma og konkurranseutsett sektor

I figur 8.1 har vi illustrert korleis forskjellen i samanhengen mellom etterspørsel og pris gjer at ein lønnsauke får ulik effekt i skjerma og konkurranseutsett sektor. For å gjera forskjellen tydeleg, har vi vist det ekstreme tilfellet der prisen på konkurranseutsette produkt er gitt på verdsmarknaden. Etterspørselskurva som møter dei konkurranseutsette næringane er den horisontale linja merka Ek, som ligg på same nivå som prisane på verdsmarknaden. Til denne prisen kan norske produsentar selja så mykje dei vil. Til ein høgare pris får dei ikkje selt noko. For skjerma varer er det ein negativ samanheng, merka Es, mellom pris og etterspørsel, men etterspørselen blir ikkje borte fordi om prisen går opp. For å konsentrera oss om forskjellen på etterspørselssida har vi tenkt oss at tilbodskurva er den same i begge næringane (T i figuren). Høgare pris gir høgare tilbod. Som vanleg innrettar prisen seg slik at det blir balanse mellom tilbod og etterspørsel. I utgangspunktet er det slik balanse i begge næringar i punktet A i figuren.

Sett nå at lønningane aukar. For å vera villige til å tilby same kvantum som før, må produsentane da ha høgare pris. Derfor skiftar tilbodskurvene oppover frå T til T’. Konkurransen i marknaden vil da føra til at økonomien flyttar seg til dei nye skjeringspunkta mellom tilbodskurvene og etterspørselskurvene. Konkurranseutsett sektor hamnar i B, skjerma sektor i C. Vi ser av figuren at i)prisen på skjerma varer går opp, prisen på konkurranseutsette varer er uendra, ii)produksjonen går meir ned for konkurranseutsette enn for skjerma varer. To konklusjonar til som følgjer direkte av dette er: iii)sysselsettinga går meir ned i konkurranseutsett sektor, og iv)fortenesta går meir ned i konkurranseutsett sektor. Alt dette er i samsvar med påstanden som vi innleidde med.

Sett at det blir forhandla på sentralt nivå, men for skjerma og konkurranseutsett sektor kvar for seg. Arbeidsgivarane i konkurranseutsett sektor har da sterkare grunn til å stå imot lønnstillegg, fordi det vil gå meir ut over fortenesta der. På arbeidstakarsida er forholda litt meir uklare. At sysselsettinga går mest ned i konkurranseutsett sektor, talar for at arbeidstakarane der har mest grunn til å visa lønnsmoderasjon. På den andre sida må arbeidstakarane i skjerma sektor rekna med at lønnsauke der fører til prisstigning, slik at det blir mindre igjen i form av auka reallønn. Det er derfor ikkje opplagt kven som vil pressa hardast for høgare lønn, men dersom arbeidstakarane tillegg sysselsettinga stor vekt, kan vi rekna med mest moderasjon i konkurranseutsett sektor.

Så langt har vi gått ut frå at den einaste forskjellen mellom dei to sektorane er etterspørselen etter produkta. Ein viktig føresetnad for resultata i)-iv) er at tilbodskurvene har same form i dei to næringane. Det krev igjen at produksjonsstrukturen er lik. I praksis varierer kapitalintensiteten mellom næringar. Prisar og lønningar har på kort sikt mindre å seia for produksjon og sysselsetting i kapitalintensive enn i arbeidsintensive næringar. I figuren vil det komma til uttrykk ved at tilbodskurvene er brattare for kapitalintensive enn for arbeidsintensive næringar. Høg kapitalintensitet fører til at ein lønnsauke får mindre effekt på produksjon, prisar, sysselsetting og forteneste. Dersom skjerma næringar gjennomgåande er arbeidsintensive samanlikna med konkurranseutsette næringar, trekkjer det i retning av at lønnstillegga får relativt store effektar på produksjon og forteneste i skjerma sektor. Da blir det eit spørsmål om kva som har mest å seia kvantitativt, forskjellane på etterspørselssida eller på tilbodssida.

Når lønnstillegg i skjerma sektor fører til at prisane på skjerma varer går opp, har dei ein negativ effekt for arbeidstakarane i konkurranseutsett sektor. Ein eventuell tilsvarande priseffekt frå konkurranseutsett sektor vil vera mindre. Men lønnstillegg i konkurranseutsett sektor påverkar skjerma sektor også på ein annan måte. Dei samla inntektene frå produksjon av konkurranseutsette varer går ned, og det kan føra til redusert etterspørsel etter skjerma varer. På den andre sida får arbeidstakarane ein større del av inntektene i konkurranseutsett sektor. Dersom sysselsettinga ikkje går alt for mykje ned, kan arbeidstakarane alt i alt få høgare inntekter. Dersom det først og fremst er arbeidstakarane som etterspør skjerma varer, så kan etterspørselen etter skjerma varer gå opp. Det vil i så fall føra til høgare prisar på og større etterspørsel etter skjerma varer.

Fordi lønnstillegg i ein sektor har effektar for den andre sektoren, kan alle partar tena på eit samarbeid om lønnsfastsettinga framfor sektorvise forhandlingar. Men i eit slikt samarbeid vil det på kort sikt vera interessekonfliktar mellom arbeidstakarane i skjerma og konkurranseutsett sektor. Spesielt gjeld det dersom lønnstillegg i konkurranseutsett sektor har ein positiv effekt på etterspørselen etter skjerma varer. Da kan eit likt lønnstillegg for alle på kort sikt gi ein eintydig positiv effekt for arbeidstakarane i skjerma sektor, mens det går ut over sysselsettinga i konkurranseutsett sektor. Normalsituasjonen ved fullt sentraliserte forhandlingar kan da bli at arbeidstakarane i skjerma sektor pressar på for høge tillegg, mens dei i konkurranseutsett sektor vil stilla meir moderate krav.

Skiljet mellom konkurranseutsett og skjerma sektor har mindre relevans for lønnsoppgjera når dei går føre seg lokalt. Da er det konkurransen mellom bedriftene som tel. Om konkurrentane er lokaliserte i inn eller utland har ingenting å seia så lenge det er mange av dei. Alt anna likt vil arbeidstakarane ha ei sterkare stilling når det er liten konkurranse i marknaden for produkta dei framstiller. Fråvær av utanrikshandel gjer det isolert sett lettare å oppnå monopol og marknadsmakt.

Drøftinga over har lagt til grunn at valutakursen er stabil og ikkje blir påverka av lønnstillegga. Implisitt har vi også lagt til grunn at dette er den offisielle politikken og at det er full tillit til at valutakursen blir verande stabil. Praktisk erfaring viser at tilliten av og til kan svikta. På grunn av dei negative konsekvensane lønnstillegg har for sysselsettinga, kan det vera freistande for styresmaktene å redusera pengeverdien gjennom ei devaluering. Fordi utanlandsk valuta blir dyrare, stig da prisane på konkurranseutsette varer. Det reduserer den reelle effekten av ein lønnsauke og dempar oppgangen i arbeidsløysa. Investorar som fryktar dette vil prøva å selja kroner før dei går ned i verdi. Dermed oppstår det eit press nedover på kroneverdien. For å gjera det mindre freistande å selja kroner og for å visa at den ikkje vil la krona bli varig svekkja, må sentralbanken da setja opp renta. Ein slik renteoppgang vil ha ein ytterlegare negativ effekt på sysselsettinga. Dei skjerma næringane blir sterkast ramma, fordi dei er mest avhengige av innanlandsk etterspørsel. I slike situasjonar har arbeidstakarane ein ekstra grunn til moderasjon dersom dei stoler på at styresmaktene ikkje vil tillata ei varig depresiering av valutaen. Ei viktig side ved solidaritetsalternativet var etter mi oppfatning at partane i arbeidslivet og styresmaktene gjekk saman om å slå fast at ein stabil pengeverdi skulle leggjast til grunn. Perioden med devalueringar og inflasjon skulle vera over for godt.

I fleire år har det vore ein diskusjon om Norges Bank burde få eit inflasjonsmål i staden for eit mål om stabil valutakurs. Eit problem med denne diskusjonen er at uttrykket «inflasjonsmål» kan tolkast på fleire måtar, og det kan sjå ut som at debattantane har noko ulike oppfatningar om korleis sentralbanken skal reagera på større og mindre lønnstillegg når ein har eit slikt mål. Eg har sjølv argumentert for at pengepolitikken ikkje treng å bli særleg forskjellig enten ein har eit inflasjonsmål eller eit mål om stabil valutakurs (Rødseth 1997). Føresetnaden er at ein i begge tilfelle får lov til å ta tida til hjelp for å nå måla og dermed kan unngå ekstrem verkemiddelbruk.

Enkelte ser ut til å meina at ved eit inflasjonsmål skal sentralbanken svara på høge lønnstillegg med å setja opp renta for å gjera det så attraktivt å investera i kroner at kroneverdien stig. Det vil føra til ein reduksjon i prisane på konkurranseutsette varer generelt og importvarer spesielt. Dette skal motverka inflasjonseffekten av lønnstillegga. Sentralbanken praktiserer da det vi kan kalla eit «strengt inflasjonsmål». Alternativet ville vera å la lønnsveksten slå ut i høgare prisvekst i ein periode og så konsentrera seg om å få inflasjonen ned på litt lengre sikt. Konsekvensen av å praktisera eit strengt inflasjonsmål er at eit gitt nominelt lønnstillegg gir større vekst i reallønna enn det ville ha gitt ved stabil valutakurs. Nedgangen i sysselsettinga blir også større. I konkurranseutsett sektor går sysselsettinga ned på grunn av styrkinga av valutakursen. I skjerma sektor verkar særleg renteoppgangen til lågare sysseletting.

Ein isolert lønnsauke i skjerma sektor har i utgangspunktet større effekt på konsumprisane enn ein isolert lønnsauke i konkurranseutsett sektor. Ved eit strengt inflasjonsmål må derfor sentralbanken stramma til pengepolitikken meir når lønningane går opp i skjerma sektor enn når dei går opp i konkurranseutsett sektor. I ein slik situasjon vil lønnstillegg i skjerma sektor ha ein negativ effekt på sysselsettinga i konkurranseutsett sektor på grunn av at dei fører høge renter, som igjen drar med seg ei appresiering av krona. Med stabil valutakurs er det lønnsfastsettinga i dei konkurranseutsette næringane aleine som bestemmer kostnadsposisjonen i forhold til utlandet (relative lønnskostnader i felles valuta) for dei same næringane. Med eit strengt inflasjonsmål blir kostnadsposisjonen for dei konkurranseutsette næringane også i stor grad påverka av lønnsfastsettinga i dei skjerma næringane fordi den påverkar valutakursen 3 .

I drøftinga over har vi lagt til grunn at sysselsettinga er bestemt av etterspørselen etter arbeidskraft. Dersom det er omfattande mangel på arbeidskraft, vil effektane av ein lønnsauke på sysselsettinga på kort sikt bli mindre.

Lang sikt

På lang sikt får lønnstillegg også virkningar via realinvesteringane. Sidan kapitalen er mobil over landegrensene, vil den krevja same avkasting i Norge som i utlandet. Høgare lønn i ein sektor reduserer kapitalavkastinga i sektoren. Dersom kapitalavkastinga permanent blir verande lågare enn i utlandet, vil sektoren gradvis forsvinna ved at det ikkje blir investert i nye arbeidsplassar. Dersom kapitalavkastinga permanent blir verande høgare enn i utlandet, vil sektoren ekspandera til den har slukt all tilgjengeleg arbeidskraft. Ingen av desse situasjonane kan oppretthaldast på lang sikt. Tvert imot så må lønningar og prisar til slutt innretta seg slik at kapitalen får same avkasting både i skjerma og i konkurranseutsett sektor som den får i utlandet. Men dette kravet legg sterke band på kva for reallønnsnivå som er muleg.

I kvar sektor vil det vera eit bestemt forhold mellom lønn og produktpris som gir kapitalen ei avkasting på det internasjonale nivået. Med andre ord så blir produktreallønna (forholdet mellom lønn og produktpris) i kvar sektor bestemt av produktiviteten i sektoren og av det internasjonale kravet til kapitalavkasting. Dette betyr ikkje at lønnsnivået må vera det same i dei to sektorane. Lønna i skjerma sektor kan for eksempel vera høgare enn i konkurranseutsett sektor, men da må prisnivået på skjerma varer vera tilsvarande høgare. Ei høg lønn i skjerma sektor betyr høg reallønn målt i konsumvarer for dei som arbeider der og tilsvarande lågare reallønn for dei som arbeider i konkurranseutsett sektor. Den gjennomsnittlege reallønna for alle arbeidstakarar derimot er bestemt av produktiviteten i dei to sektorane og av det internasjonale avkastingskravet til kapital, og er på lang sikt upåverka av lønnsforhandlingane. Det er altså ei interessemotsetning mellom arbeidstakarane knytta til relative lønningar.

Sett at vi i utgangspunktet er i ein situasjon der det er lik lønn i dei to sektorane og der kapitalen i begge sektorar får ei avkasting på det internasjonale nivået. Vi kan så samanlikna det som skjer etter ein lønnsauke i konkurranseutsett og i skjerma sektor. Vi går ut frå at lønnsauken blir varig. Ved ein lønnsauke i konkurranseutsett sektor vil investeringane i denne sektoren stoppa opp. Sysselsettinga i sektoren vil meir eller mindre langsamt avta mot null. Det vil også dra med seg ein nedgang i sysselsettinga i skjerma sektor, utan at vi treng å gå i detalj om den historia. I det andre tilfellet, lønnsauke i skjerma sektor, vil investeringane i skjerma sektor til å begynna med stoppa opp. Men det fører til mindre tilbod av og derfor høgare prisar på skjerma varer. Dermed stig kapitalavkastinga i skjerma sektor, og etter ei tid vil den vera oppe på det internasjonale nivået igjen. Sektoren blir redusert i omfang, men han forsvinn ikkje. Dette kan, isolert sett, gi arbeidstakarane i skjerma sektor ein sterk forhandlingsposisjon relativt til dei i konkurranseutsett sektor, dersom arbeidstakarane innan kvar sektor forhandlar samla.

I konkurranseutsett sektor må lønnsnivået på lang sikt innretta seg slik at produksjonskostnadene alt i alt blir dei same som i dei landa vi konkurrerer med. I skjerma sektor er det ikkje det same bandet på lønnsnivået. Sektoren vil overleva også om lønnsnivået for tilsvarande arbeid er vesentleg høgare enn i konkurranseutsett sektor.

I konkurranseutsett sektor er det på lang sikt ikkje noko val. Lønnsnivået er i realiteten bestemt av forhold som organisasjonane ikkje har herredømme over. Det er da lett å tenkja at organisasjonane ikkje har noka rolle i lønnsfastsettinga i denne sektoren. Dei kunne like gjerne trekkja seg tilbake og godta det uunngåelege. Men det er også ein annan måte å sjå forholdet på. I praksis er det vanskeleg å vita kva lønnsnivå som ein må godta til slutt. Rolla til organisasjonane kan nettopp vera å finna fram til dette lønnsnivået. På den eine sida gjeld det om å nå det rette lønnsnivået med så lite arbeidsløyse som råd. På den andre sida gjeld det, i alle fall for arbeidstakarane, å unngå lange periodar der lønnsnivået er lågare enn nødvendig. Korleis dette kan gjerast, ligg utanfor oppdraget for dette notatet.

Når det gjeld lønnsnivået i skjerma sektor, er det ei klar interessemotsetning. Høg lønn i skjerma næringar vil føra til høge prisa på skjerma varer, og dermed til at arbeidstakarane i konkurranseutsette næringar får lågare reallønn målt i konsumvarer. Arbeidstakarane i konkurranseutsett sektor står altså i fare for å bli ’utbytta’ av arbeidstakarane i skjerma næringar dersom desse har ein sterk forhandlingsposisjon.

Det omvendte kan i prinsippet også tenkjast dersom arbeidstakarane i skjerma sektor har ein svak forhandlingsposisjon. Arbeidsgivarane kan da pressa lønningane der under nivået i konkurranseutsett sektor. Prisane på skjerma varer blir da låge, til fordel for arbeidstakarane i konkurranseutsett sektor. Men det er kanskje mindre grunn til å tru at dette vil vera ein varig tilstand. Det vil lønna seg å oppretta nye konkurranseutsette bedrifter som overtar arbeidskraft frå skjerma sektor. Blir lønna i skjerma sektor for låg og tilgangen på arbeidskraft til sektoren for liten, kan det gå ut over arbeidstakarane i konkurranseutsett sektor ved tilgangen på skjerma varer blir dårleg.

Offentleg forvaltning, effektar via budsjettbalansen

Offentleg forvaltning blir ofte rekna saman med dei skjerma næringane, men i diskusjonen av effekten av lønnsoppgjera er det nyttig å skilja mellom næringsverksemd og forvaltning. Grunnen er at produksjonen i offentleg forvaltning per definisjon ikkje er marknadsretta. Dermed passar ikkje alle resonnementa om skjerma næringar like godt på offentleg forvaltning.

Sett at det blir gitt eit like stort lønnstillegg til alle, også dei som arbeider i offentleg forvaltning. Nøkkelen til kva som vidare kan skje, er å finna ut kva som skjer med budsjettbalansen. I dette reknestykket inngår det mange postar, og det vil føra for langt å diskutera dei alle her. Dei auka lønnsutgiftene (og trygdeutgiftene) vil for ein stor del bli motsvart av auka skatteinngang frå lønnstakarane i både privat og offentleg sektor. Alt i alt vil budsjettunderskottet likevel nesten alltid auka. Grunnen til det er først og fremst at redusert sysselsetting i privat sektor fører til reduserte skatteinntekter og auka trygdeutgifter for det offentlege. Dessutan kjem det inn mindre skatt på overskott frå bedriftene.

Ei svekking av budsjettbalansen må – før eller seinare – få konsekvensar for enten offentleg sysselsetting, skattenivået eller andre offentlege utgifter. Når, og på kva måte, avheng av politiske vedtak. Av same grunn vil ein lønnsauke i offentleg sektor aleine vanlegvis få negative konsekvensar for arbeidstakarane i dei andre sektorane, enten i form av høgare skattar eller redusert offentleg tenesteyting. Unntaket er dersom lønnsauken er nødvendig for at offentleg forvaltning skal få tak på nok arbeidskraft til å gi eit tenestenivå som arbeidstakarane i dei andre sektorane er tente med og villige til å betala for.

8.3 Handelshindringar og eksistensen av lokale og internasjonale varer

I avsnittet over la vi til grunn at alle produkt kunne delast i to grupper. Dei i den eine gruppa kunne verken eksporterast eller importerast, mens dei i den andre gruppa fritt og utan kostnader kunne sendast over landegrensene. Produkt i den siste gruppa måtte derfor ha same pris innanlands som ute. Nye produksjonsanlegg ville bli lokaliserte utelukkande ut frå kor produksjonskostnadene var lågast.

I praksis finst det ikkje ei så skarp todeling. Det kan vera meir eller mindre lett å driva internasjonal handel med ei vare. Dei konkurranseutsette og skjerma varene frå teorien er ytterpunkt på ein kontinuerleg skala. Dei fleste produkt ligg ein stad mellom ytterpunkta. Vi skal nå sjå på korleis ulike typar handelshinder kan føra til at det blir internasjonal handel med nokre varer og ikkje med andre, og til at det blir meir og mindre tette koplingar mellom prisane i Norge og i utlandet. Vi skal først sjå på dei to viktigaste formene for handelshinder, transportkostnader og politiske handelshinder (for eksempel toll og kvotar) 4 . Deretter skal vi komma med nokre korte merknader om handelshinder innførte av private foretak, om varer som er knytta til landet på ein fundamental måte og om reisetrafikk.

Transportkostnader

Transportkostnader er sjeldan eit absolutt hinder for internasjonal handel. Sett at det kostar ti kroner å transportera ei vare mellom Norge og utlandet. Dersom prisen på vara er ti kroner høgare i Norge enn i utlandet, lønner det seg å importera ho. Dersom prisen er ti kroner lågare i Norge enn i utlandet, lønner det seg å eksportera ho. Transportkostnadene gir altså opphav til eit intervall som prisforskjellen mellom Norge og utlandet må liggja innanfor. Intervallet er lik prisen i utlandet pluss minus transportkostnadene mellom Norge og utlandet.

Av dette følgjer det at dersom det er ingen politiske handelshinder, så kan så og seia alle produkt bli internasjonale varer berre kostnadsforskjellen mellom Norge og utlandet er stor nok. Det finst eksempel på varer som har gått frå å vera eksportvarer til å bli lokale varer for så å bli importert. Lokale varer er varer som det for tida verken lønner seg å eksportera eller importera.

Transportkostnadene avheng av avstanden til alternative produksjonsstader. Avstandane internt i Norge er ofte lengre enn avstandane over landegrensene. Sjølv for varer med relativt høge transportkostnader blir det lett ein del grensehandel. Mellom Norge og Sverige kan sjølv små kostnadsforskjellar vera nok til at ei tidlegare lokal vare blir eksportert eller importert. Mellom Norge og land i Afrika eller Aust-Asia skal det større kostnadsforskjellar til før handel blir aktuelt.

Forholdet mellom transportkostnader og produksjonskostnader varierer sterkt frå produkt til produkt. For enkelte elektroniske tenester er transportkostnadene null. I det andre ytterpunktet finn vi for eksempel akuttmedisinsk hjelp. Her må enten pasienten eller hjelpepersonalet transporterast og kostnadene (blant anna i form av tapte liv) kan bli ekstremt høge. Generelt er transportkostnadene høge for personlege tenester der den som tar imot og den som yter tenesta må opphalda seg på same stad. Medisinsk behandling og frisørtenester er vanlege eksempel. Det er dyrt å transportera personar, ikkje minst i form av tidsbruk. Men prinsippet om at alt kan bli eksportert eller importert berre kostnadsforskjellane er store nok, gjeld også for tenester. Dersom prisforskjellen for hårklipp var stor nok, kunne folk komma til å reisa til utlandet for å klippa seg, eller utanlandske frisørar kunne pendla inn. Sidan det skal ekstremt store kostnadsforskjellar til, kan vi i praksis rekna med at denne typen handel med personlege tenester neppe vil ha stort omfang.

Kostnadsforskjellar og transportkostnader endrar seg over tid. Derfor vil også inndelinga i lokale og internasjonale varer stadig endra seg. Tendensen har vore ein relativ reduksjon i transportkostnader.

Politiske handelshinder

Toll verkar i prinsippet på same måte som transportkostnader. Intervallet der ei vare blir verande lokal blir større. Forskjellen er at toll blir oppkravd ved grensa. Skiljet mellom utland og innland blir derfor skarpare enn når det berre er transportkostnader som hindrar handelen.

Framleis kan vi halda oppe eit skilje mellom skjerma og konkurranseutsette varer basert på om det er handel med dei over landegrensene eller ikkje, slik som i avsnitt 2. Internasjonale/konkurranseutsette varer blir handla med over grensene og prisen i Norge er kopla til prisen ute. Lokale/skjerma varer blir ikkje handla med over grensene, og det finst ikkje ei direkte kopling mellom prisane i Norge og i utlandet. Det nye som hittil har komme til i avsnitt 3 er at lokale varer kan bli internasjonale berre kostnadsforskjellane er store nok. Eit lønnstillegg som er stort nok vil endra skiljelinja mellom skjerma og konkurranseutsette varer. Men da er det kanskje betre å seia om varer som verken blir eksporterte eller importerte, at dei er konkurranseutsette i større eller mindre grad alt avhengig av kor store prisendringar som skal til for at det blir utanrikshandel med dei.

Ei anna sak er at det kan verka misvisande å reservera uttrykket «skjerma varer» for varer som det ikkje blir handla med over landegrensene. Norsk produksjon av ei vare kan vera skjerma av ein høg tollmur eller høge transportkostnader, og likevel kan det vera stor import av vara. Det sentrale for lønnsoppgjera er at så lenge vara blir importert, er prisen i Norge bunden til prisen i utlandet sjølv om toll og transportkostnader kjem inn som eit mellomlegg.

Andre handelshinder gir eit meir komplisert bilde. Sett at Norge har ei importkvote, mens det finst andre land som har fri import. Dersom prisen på vara i Norge er lågare enn prisen i utlandet minus transportkostnader, lønner det seg å eksportera vara. Prisen i Norge kan derfor ikkje bli lågare enn prisen i utlandet minus transportkostnader. Dersom prisen i Norge er høgare enn prisen ute pluss transportkostnadene, lønner det seg å importera vara og importkvoten vil bli utnytta fullt ut. Men sidan kvoten avgrensar importen, set ikkje utanrikshandelen noko øvre grense for prisforskjellen mellom Norge og utlandet. Det same gjeld sjølvsagt når vi har eit importforbod.

Det er særleg for jordbruksprodukt at vi har hatt kvoteordningar og importforbod. Internasjonale avtalar har ført til at dei fleste av desse ordningane er erstatta av (høge) tollsatsar. For ein del jordbruksprodukt er situasjonen nå den same som for andre varer med toll. Sidan norske og utanlandske produksjonskostnader varierer med årstida, kan det vera at varene er lokale i den norske sesongen, internasjonale elles. For andre varer verkar toll saman med eit system for regulering av marknadene som fjernar det direkte sambandet mellom importpris (medrekna toll og transportkostnader) og pris til norske produsentar. Jordbruksprodukt der det pågår reguleringseksport står i ei mellomstilling mellom konkurranseutsette og skjerma varer. Prisane på ein del av produksjonen er kopla til internasjonale prisar, og det får verknad for prisen til produsent.

Ein heilt annan type hindring for internasjonal konkurranse er tiltak for å auka kostnaden med pendling inn i landet, for eksempel ved at utanlandske selskap med arbeidstakarar frå heimlandet må halda seg til innanlandske standardar for lønn og arbeidsmiljø. Slike tiltak har berre effekt innan bygg- og anlegg og enkelte tenesteytande næringar. Der kan dei til gjengjeld bryta sambandet mellom innanlandsk og utanlandsk prisnivå sjølv om det går føre seg import.

Når det gjeld politiske handelshinder, er det til slutt nødvendig å seia litt om produksjon av individretta tenester i offentleg forvaltning (utdanning, helse, omsorg). Her er det snakk om produkt som i prinsippet kunne vore omsett i ein marknad, og som kunne ha blitt importert (eller eksportert) dersom kostnadsforskjellen var stor nok i forhold til transportkostnadene. Ved at det offentlege har bestemt seg for å produsera desse produkta sjølv og lokalisera produksjonen til Norge, er det også tatt ei avgjerd som hindrar internasjonal handel. Sidan det her er tale om personretta tenester, er nok transportkostnadene i dei fleste tilfella så høge at eksport eller import ville ha vore lite aktuelt. Men unntak finst, for eksempel innan høgare utdanning.

Produkt som er knytta til landet på ein essensiell måte

Så langt har vi lagt til grunn at same produkt kan produserast i fleire land. For ein del viktige tenester er staden der dei blir produsert ein essensiell del av produktet. Det gjeld tenester frå fysisk infrastruktur (bilvegar, jernbanar, flyplassar, kraftnett osv), og det gjeld tenester frå bygningar (bustader, forretningsbygg, hotell mv). Det finst ikkje noko «same» produkt i utlandet, og derfor er det heller ikkje slik at prisen i Norge må tilsvara prisen på «same» produkt i utlandet korrigert for transportkostnader.

Dei nemnde tenestene er reine kapitaltenester. Men også tilknytta tenester som flyreiser og hotellopphald i Norge er essensielt forskjellige frå flyreiser og hotellopphald i andre land. Desse tenestene kan likevel i prinsippet produserast ved hjelp av innpendling. Der arbeidstakarane må reisa og vera borte frå heimen i alle fall, treng det ikkje vera nokon stor ekstra kostnad ved pendling frå utlandet. Utpendling er sjølvsagt like aktuelt dersom kostnadene i Norge er lågare.

Bygningar og anlegg må (i alle fall delvis) produserast på staden. Også her er det kostnadene ved inn- og utpendling som set grenser for prisnivået i Norge.

Reisetrafikk

Lokale varer blir etterspurde av dei som har opphald i Norge enten dei er busette her eller er på ferie. Folk som er busette i Norge kan opphalda seg i utlandet delar av året. Denne forma for utanrikshandel involverer mange produkt som det elles ikkje blir handla med over landegrensene. Slik sett er det utanrikshandel med det meste utan at det i seg sjølv er ein grunn til å karakterisera alle varer som internasjonale.

Val av opphaldsstad avheng av mange forhold, men også av pris. Ein turist (eller ein pensjonist på langtidsopphald) etterspør ikkje eitt produkt, men ei heil pakke av varer og tenester. Det sentrale for valet av opphaldsstad eller feriemål er da prisen på heile pakka.

Spørsmålet er kva denne typen reisetrafikk har å seia for effekten av lønnsoppgjera. For dei fleste av dei involverte produkta er det snakk om både små delar av den totale etterspørselen etter produkta og små delar av det dei reisande etterspør. Dermed endrar det ikkje på resonnementa i avsnitt 2. Dess større kan konsekvensane bli for dei produkta der reisetrafikken er vesentleg for etterspørselen.

Produsentane av sentrale reiselivsprodukt med sterk internasjonal konkurranse kan komma i ei dobbelt klemme når det blir gitt eit like stort lønnstillegg for alle. Eit slikt lønnstillegg vil føra til prisoppgang for lokale produkt der etterspørselen frå dei reisande er liten i forhold til samla etterspørsel. For at prisen på den aktuelle pakka, for eksempel ein skiferie, ikkje skal gå opp, må da for eksempel hotell eller skiheisar setja ned sine prisar. På den måten er dei i ei vanskelegare stilling enn produsentane av konkurranseutsette varer i avsnitt 2. På den andre sida er mange norske reiselivsprodukt kvalitativt forskjellige frå dei som kan produserast i utlandet, og det kan gjera det lettare å setja opp prisane.

Private handelshinder og prisdiskriminering

Produsentar av merkevarer skaper ofte private handelshinder for å kunna driva prisdiskriminering mellom kundar i ulike land, for eksempel for å ta ut høgare pris i land med høg kjøpekraft 5 . Slike hinder tar form av forbod mot vidaresal. Private handelshinder av denne typen svekker sambandet mellom norske og utanlandske prisar, men treng ikkje å ha noko å seia for samanhengen mellom kostnadsnivå og lokalisering av produksjonen. Ein prisdiskriminerande monopolist som berre er opptatt av å tena mest muleg, vil lokalisera produksjonen slik at summen av produksjons- og transportkostnader blir så liten som råd. Norsk arbeidskraft er da like utsett for konkurranse som om det ikkje hadde vore noko privat handelshinder.

8.4 Skjerma og konkurranseutsette produkt og næringar: praktiske klassifikasjonsproblem

Eitt av fleire utgangspunkt for klassifisering har tradisjonelt vore omfanget av internasjonal handel med produkta frå næringane. Tabell 8.1 viser utanrikshandelen (eksport pluss import) i prosent av norsk produksjon for 30 store produktgrupper som til saman omfattar alle varer og tenester. Datamaterialet er henta frå nasjonalrekneskapen. Produktgruppene er sorterte etter omfanget av handelen slik at dei med størst utanrikshandel kjem først. På dei 13 øvste plassane finn vi ulike varer frå primærnæringane og industrien. Lengre nede finn vi stort sett tenester, men med fire viktige unntak: «Drikkevarer, tobakk», «Grafiske produkt m.v.» «Husdyrprodukt» og «Bygg- og anleggsprodukt». Gruppa «Elektrisitet, nettenester, varme» inneheld både varer og tenester. Kolonne c i tabellen viser at rangeringa stort sett blir den same om vi ser bort frå importen av varer som Norge ikkje produserer, for eksempel bilar.

Den siste kolonna i tabellen (d) er tatt med for å visa at det kan vera stor spreiing innanfor dei enkelte produktgruppene. Vi har plukka ut dei enkeltprodukta innanfor gruppa der utanrikshandelen utgjer mindre enn fem prosent av norsk produksjon. Så har vi sett på kor stor del produksjonen av desse varene utgjer av norsk produksjon av vedkommande varegruppe totalt. På den måten har vi prøvd å få eit mål på kor stor del av den tilsvarande produksjonssektoren som tilsynelatande er skjerma mot utanlandsk konkurranse. Grensa på fem prosent er sjølvsagt vilkårleg, men ei lågare grense ville gitt eit nokså likt bilde. Vi ser at i midt skiktet i tabellen er det eit stort innslag av «skjerma» varer. Utanrikshandelen med dei andre varene i gruppa er da vesentleg større enn gjennomsnittet for gruppa. Også innan gruppe 9 er det tilsynelatande ein stor del «skjerma» varer. Her gjeld det oljeplattformer.

Ikkje alle former for utanrikshandel kjem med i tabell 8.1. Unntaka er knytta til reisetrafikk, grensehandel og ulike former for pendling over grensene. Eksporten i samband med reisetrafikk frå utlandet utgjorde i 1996 15 milliardar kroner eller 1,5 prosent av BNP. Tabell 8.2 gir eit oversyn over dei varene der utlendingar sitt konsum i Norge utgjer meir enn fem prosent av innanlandsk bruk. Først og fremst gjeld det overnatting og servering, men også enkelte samferdselstenester. Import i samband med reisetrafikk utgjorde same året 29 milliardar kroner eller ca 3 prosent av BNP. Overnattings- og serveringstenester utgjer sjølvsagt også her eit tungt innslag. Talet på 29 milliardar omfattar også grensehandel. Som kjent, er det først og fremst kjøtt, alkohol og tobakk som blir importert på denne måten. Saman med desse varene blir det sjølvsagt også kjøpt varehandelstenester, men i forhold til den samla bruken av varehandelstenester er denne importen liten. Drivkrafta i grensehandelen er heller ikkje kostnadsforskjellar i varehandelen, men prisforskjellar på kjøtt, alkohol og tobakk.

Tabell 8.1 Utanrikshandel med ulike varegrupper 1996

    abcd
1Tekstil, konfeksjon, sko 54503,273,100,12
2Maskinar, apparat, instrument 497492,232,020,05
3Metall og metallvarer 450651,391,220,00
4Oljer, kjemiske prod., plastvarer m.v. 687141,111,050,03
5Møblar, utstyr 100650,950,920,00
6Råolje og naturgass1590370,930,930,00
7Planteprodukt 65110,890,570,12
8Andre bergverksprodukt 62730,820,760,22
9Transportmiddel, oljeplattformer 332630,780,550,44
10Trevarer, papir 329820,720,720,00
11Skogbruksprodukt 30680,420,410,11
12Fisk, sjømat 161860,410,410,08
13Næringsmiddel 772760,320,320,52
14Transporttenester1941880,320,320,48
15Drikkevarer, tobakk 57190,270,140,84
16Diverse (eigne inv.arb. m.v.) 143070,270,270,65
17Utleige av transportmiddel, maskinar m.v. 98400,260,260,53
18Forretningsmessige tenester 860450,190,180,59
19Finansielle tenester 536630,140,140,86
20Elektrisitet, nettenester, varme 287820,140,140,96
21Grafiske produkt m.v. 279290,140,140,69
22Husdyrprodukt 166680,040,040,96
23Personlege tenester 71270,030,030,95
24Kulturelle tenester 323500,030,030,86
25Handelstenester, reparasjon1613390,020,020,96
26Overnatting og servering 281420,010,010,85
27Bygg- og anleggsprodukt1145500,000,001,00
28Byggtenester1022950,000,001,00
29Offentleg adm., helse, sosial omsorg. M.v.2361800,000,001,00
30Søppeltømming, kloakk 79260,000,001,00

a=brutto produksjonsverdi, millionar kronerb=utanrikshandel/norsk produksjonc=utanrikshandel / norsk produksjon, import av varer utan norsk produksjon ikkje medd=andelen av produksjonen som gjeld varer der utanrikshandelen er mindre enn 5 prosent av norsk produksjon

Pendling over grensene blir registrert i nasjonalrekneskapen på to måtar, som lønnsutbetaling til/frå utlandet og som import av det ferdige produktet. Klassifikasjonen avheng av formalitetar. I 1996 utgjorde lønn til utanlandske arbeidstakarar i Norge 3,2 milliardar kroner, lønn til norske arbeidstakarar i utlandet 1,5 milliardar kroner. Eit litt overraskande trekk ved tabell 1 er at utanrikshandelen med bygg- og anleggsprodukt er under ein prosent av norsk produksjon. Talet vil bli litt høgare om ein reknar med lønn til utanlandske arbeidstakarar som blir rekna for å delta i «norsk» produksjon. Det kan også vera at ein del av importen i bygg- og anleggssektoren kjem til syne som import av ulike tenester (utleigetenester, forretningsmessig tenesteyting).

Tabell 8.2 Varer det utlendingar sitt forbruk utgjer meir enn 5 prosent av innanlandsk bruk 1996

abc
Hotelltenester4119
Campingplasstenester38 2
Servering av mat1716
Servering, skjenkestader11 1
Buss, mellom byar 7 0
Innanl. sjøtr., fjern51 1
Jernbane, fjerntog17 2
Bilferging 7 0
Parkering 6 0
Mineralvatn 6 1
Fornøyelsesparkar, sirkus26 2
Bibliotek og museum 8 0

a = Vareslagb = Utlendigars bruk i prosent av all innanlandsk brukc = Utlendingars utgifter til denne vara i prosent av utlendingars totale forbruk i NorgeNote: Varer der samla innanlandsk bruk er under 400 millionar kroner er utelatne frå tabellen fordi tala er usikre.

Ein metode for å skilja mellom «konkurranseutsette»og «skjerma» produkt kunne vera å setja skiljet ved ein bestemt prosent utanrikshandel, for eksempel 20. Ved å dela inn dei gruppene som ligg i midtskiktet i tabell 1 i finare undergrupper kan ein med denne metoden oppnå eit skarpare skilje mellom «skjerma» og «konkurranseutsette» produkt. For eksempel har det tidlegare vore skilt mellom utanriks sjøfart og andre transporttenester. Eit skilje mellom elektrisk kraft og nettenester kunne også vera nyttig. Tala for eksport og import kunne i prinsippet korrigerast for dei formene for utanrikshandel som ikkje er med i statistikken.

Spørsmålet er om ei slik inndeling bygd utelukkande på omfanget av utanrikshandelen er det vi er interessert i. For lønnsoppgjera er det først og fremst spelerommet for prisforskjellar mellom Norge og utlandet som er interessant. Generelt er det grunn til å tru at høg utanrikshandel og sterkt samband mellom prisane i Norge og i utlandet vanlegvis går saman, men det kan vera unntak. På den eine sida kan det finnast varer der prisen i Norge er knytta tett opp til prisen ute, men der utanrikshandelen er nær null fordi norsk produksjon tilfeldigvis er tilnærma like stor som norsk etterspørsel. Truleg er dette sjeldne unntak som vanlegvis berre kjem til syne dersom vi bruker ein svært detaljert vareklassifikasjon. På den andre sida finst det varer der utanrikshandelen er stor, men der marknaden er regulert på ein slik måte at sambandet mellom norske og utanlandske prisar blir svakt. Dette er tilfellet for viktige planteprodukt, framfor alt korn. Tilsvarande problemstillingar har vi for produkt frå næringsmiddelindustrien.

Som vi har vore inne på, kan vi ved ei finare inndeling i varegrupper få til eit skarpare skilje mellom internasjonale og lokale varer. Men det er ikkje klart at dette alltid er til nytte når vi er opptatt av sambandet mellom prisar og kostnader i Norge og utlandet. Produkt frå norske og utanlandske produsentar som skal dekka same behov, er ofte litt forskjellige. Ved å definera produkta snevert vil vi ofte finna produkt som verken blir eksporterte eller importerte. Men vi vil også gjerne finna at slike produkt har nære alternativ som blir importert. Det vil seia at ein liten prisauke på det norske produktet er nok til at mange går over til å kjøpa det importerte alternativet. Norsk produksjon er da i høg grad utsett for internasjonal konkurranse sjølv om det verken er eksport eller import av det konkrete produktet.

I praksis er dei fleste varer alternative. Ein prisoppgang på ei vare vrir forbruket i retning av andre varer. Slik sett så ville det ikkje vera galt å seia at alle produkt er utsette for internasjonal konkurranse. Skal vi ha nytte av skiljet mellom konkurranseutsette og skjerma varer, må vi definera som konkurranseutsette alle nære alternativ til varer som blir eksporterte eller importerte. Fjernare alternativ må reknast som skjerma. «Nær» og «fjern» går her på kor store endringar i prisane som skal til før kjøparane skifter mellom alternativa. Nøyaktig kor skiljet skal gå, blir altså eit skjønnsspørsmål. Er middagsris og poteter så nære alternativ at potetproduksjonen er konkurranseutsett? Ein så vid definisjon av konkurranseutsette produkt er neppe tenleg, men det er eit faktum at norske grønsaker og frukt konkurrerer med alternativ som blir importerte fritt.

Produkt som er ulike sett frå forbrukarane si side kan vera meir eller mindre like sett frå produsentane si side. For eksempel kan det sjå ut for at produksjonsplattformer for olje er eit skjerma produkt. I alle fall er utanrikshandelen med oljeplattformer liten. Utanrikshandelen med nybygde skip og med ein del typar stålkonstruksjonar er derimot stor. Dersom verfta lett kan stilla om frå å byggja det eine til det andre, og det er effektiv konkurranse mellom dei, så vil spelerommet for prisen på oljeplattformer indirekte vera knytta til prisen på skip og andre stålkonstruksjonar og dermed til det internasjonale prisnivået.

Ei for detaljert inndeling i produkt er altså ikkje til gagn. På den andre sida gir nasjonalrekneskapen ikkje alltid grunnlag for ei meir detaljert inndeling der det kunne vera ønskjeleg.

Klassifikasjon av næringar

Vi har sett at det ikkje utan vidare er lett å klassifisera produkt etter om dei er «konkurranseutsette» eller «skjerma». Klassifikasjon av næringar er enda eit hakk vanskelegare.

Ei næring er ei samling bedrifter som er grupperte saman fordi dei produserer produkt med liknande bruksområde, bruker liknande produksjonsteknikkar eller bruker felles råvarer. Det finst internasjonale standardar for næringsgruppering, og norsk statistikk er bygd opp på grunnlag av desse standardane. Inndelinga legg ikkje vekt på om produkta er lokale eller internasjonale. Sjølv på det mest detaljerte nivået for næringsinndeling finst det eksempel på næringar som produserer både lokale og internasjonale varer.

Ei næring kan vera utsett for internasjonal konkurranse på to måtar. For det første kan sluttprodukta frå næringa vera utsette for internasjonal konkurranse. For det andre kan eigen produksjon konkurrera med bruk av innkjøpte halvfabrikata eller tenester, og marknaden for desse kan vera internasjonal. For eksempel kan det tenkjast at produksjonsplattfomer for olje er eit skjerma produkt. Ein stor del av produksjonen i den tilhørande næringa kan likevel vera utsett for internasjonal konkurranse fordi modular, ingeniørtenester osv kan kjøpast i ein internasjonal marknad. Tabell 1 får ikkje fram denne forma for konkurranse.

På den andre sida kan vi ha næringar som berre produserer lokale produkt, men der produsentar av internasjonale varer er viktige kjøparar. Næringa er da indirekte utsett for internasjonal konkurranse på ein måte som påverkar i kva grad lønnskostnader kan overveltast i produktprisane.

Utviklingstendensar

Dersom vi lagar ei inndeling mellom skjerma og konkurranseutsette næringar/produkt, kan vi da rekna med at den vil vera stabil framover?

Som kjent har det over lang tid vore ein tendens til ein relativ reduksjon i transportkostnader. Dei siste femti åra har det også vore ein stadig tendens til nedbygging av handelshinder. Det er grunn til å venta at desse to tendensane kjem til å halda fram ennå ei tid.

I dag er det først og fremst for matvarer og for offentleg betalte tenester at det finst gjenverande politiske handelshinder i Norge. (Noko fleire hinder finst for handel med land utanfor EØS). Som følgje av internasjonale handelsavtalar vil tollsatsane på jordbruksvarer og næringsmiddel bli reduserte. Det vil føra til at det i fleire tilfelle blir aktuelt med import, og at prisnivået på fleire varer blir bestemt av prisnivået ute pluss tollsatsen og transportkostnaden. Dermed vil fleire og fleire matvarer på marginen bli utsette for internasjonal konkurranse.

Eit viktig utviklingstrekk er redusert pris og auka kvalitet på elektronisk kommunikasjon. For finansielle tenester ser vi ein sterk tendens til at elektronisk kommunikasjon erstattar kommunikasjon ved personleg møte. Dermed er «transportkostnadene» for slike tenester reduserte til nesten ingenting, og det er lett å sjå føre seg at vi kan få ein sterk auke i internasjonal konkurranse.

Utviklinga av elektronisk kommunikasjon vil opplagt også få følgjer for andre tenester der tenesteytar og tenestemottakar må utveksla informasjon. Men for svært mange tenester er det jo slik at tenesteytar og tenestemottakar må vera på same stad av heilt andre grunnar enn for å utveksla informasjon. I andre tilfelle er det kulturelle aspektet i informasjonsutvekslinga så sterkt at det er vanskeleg å tenkja seg omfattande internasjonal handel. Det er derfor grunn til å tru at hovuddelen av tenestesektoren vil vera lokal også i framtida.

Elektronisk handel vil auka innslaget av internasjonal konkurranse i varehandelen. Men her er det viktig å hugsa på at varene framleis skal transporterast og lagrast, og at det til handelen ofte er knytta tenester som ikkje kan overførast elektronisk. Kostnadene med tollklarering ved grensa tilseier at det ofte vil lønna seg å ha distribusjonslager i Norge. Hovuddelen av produksjonen i varehandelen vil nok framleis vera lokal. Delar av varehandelen kan bli organisert på heilt andre måtar enn før, og ein del av produksjonen kan bli flytta til andre næringar (for eksempel transportnæringa).

Det er vanskeleg å ha oversikt over eller spå om alle konsekvensar av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Administrativt og teknisk arbeid kan nå stykkast opp på ein annan måte enn før, og lettare utførast på avstand frå sjølve produksjonen. Dermed kan det tenkjast heilt nye typar forretningsmessige tenester. Gamle tenester kan også bli nytta i større omfang, og marknaden for dei kan bli meir internasjonal.

Samstundes som teknologien gjer enkelte tenester meir internasjonale, kan den fysiske vareproduksjonen i enkelte tilfelle bli meir lokal. Eit eksempel er at trykking av aviser blir fordelt på fleire stader.

Konklusjon

Som det går fram, er konkurranseutsette og skjerma varer slik dei blei definerte i avsnitt 2, to ytterpunkt. I praksis er bildet meir komplisert, og dei fleste varer står i ei mellomstilling. Vi kan nok finna mange eksempel på produkt som ligg nær opp til eitt av ytterpunkta, men det finst også produkt som er vanskelege å klassifisera. Vi må rekna med at klassifikasjonen vil endra seg over tid.

Før nasjonalrekneskapen blei lagd om i 1995 fanst det ei offisiell inndeling av økonomien i konkurranseutsette og skjerma næringar. 6 Ei slik inndeling kan la seg etablera på nytt, men må baserast på ein viss grad av skjønn. Spørsmålet er kor nyttig dette vil vera i samband med lønnsoppgjera. Uansett vil det vera meir tradisjonelle inndelingar i næringar og tariffområde som står i fokus, og som forhandlingane gjeld. Effektane av lønnsoppgjera må vurderast konkret for dei områda det blir forhandla om. Kontrasten mellom næringar som er fullt ut konkurranseutsette og fullt ut skjerma, er etter mi meining svært nyttig når ein skal få fram ein del prinsipielle resonnement omkring effekten av lønnsoppgjera, slik som i avsnitt 2. I praksis er mange næringar i ei mellomstilling og det er ikkje opplagt at vi har særleg nytte av å tvinga dei inn i eit bestemt klassifikasjonsskjema.

Eit alternativ

Eit alternativ til å klassifisera næringar på basis av import og eksport er å ta utgangspunkt i ei standard næringsgruppering og så undersøkja effektane av lønnstillegg på dei enkelte næringane. Så kan ein sjå i kva grad effektane stemmer med dei vi diskuterte i avsnitt 2, og eventuelt dela næringane i skjerma og konkurranseutsette på grunnlag av det. Som eit eksempel er det i tabell 8.3 gitt nokre tal for effekten av eit prosentvis like stort lønnstillegg. Tala skriv seg frå ei kjøring på makromodellen MODAG som Statistisk sentralbyrå har utført for føremålet.

Kjøringa gir som resultat at ein lønnsauke på 1 prosent for alle fører til ein nedgang i sysselsettinga målt i timeverk på 0,2 prosent det første året. I industrien er nedgangen på 0,4 prosent. Etter 5 år er nedgangen i sysselsettinga noko større, 0,3 prosent totalt og 0,8 prosent i industrien. Den negative effekten i industrien aukar ytterlegare lengre ut i tid. Desse effektane er rekna ut under føresetnad av ein stabil valutakurs. Nedgangen i sysselsetting fører til reduserte inntekter og auka utgifter for det offentlege. Det er ikkje tatt omsyn til at det før eller seinare må komma innstrammingar på offentlege budsjett som vil gi ein sterkare negativ effekt på sysselsettinga.

Tabell 8.3 Effekt på sysselsettinga (timeverk) av 1 prosent høgare lønnsnivå. Prosent

År12345678
I alt–0,2–0,2–0,2–0,2–0,3–0,3–0,3–0,3
Industri–0,4–0,5–0,6–0,7–0,8–0,8–0,8–0,9
Varehandel–0,1–0,1–0,1–0,2–0,3–0,4–0,4–0,4

Resultata for industrien tyder på at på lang sikt har lønnsnivået der sterke effektar på sysselsettinga. Men forskjellen på industrien og andre næringar er ikkje fullt så sterk som dei siterte tala kan gi inntrykk av. Det kjem av at ein i simuleringane har gått ut frå at sysselsettinga i offentleg forvaltning og i ein del naturressursbaserte næringar er upåverka av lønningane. Varehandelen er tatt med i tabell 8.3 som eksempel på ei tenesteytande næring. Vi ser at sjølv om denne næringa er langt meir arbeidsintensiv enn industrien, så er effekten av ein lønnsauke på sysselsettinga likevel klart mindre. Generelt er forskjellen på industri og tenesteyting markert, og aukar med tida.

8.5 Lokale og internasjonale produksjonsfaktorar

På same måte som vi kan skilja mellom lokale og internasjonale varer etter kor lette dei er å flytta, kan vi også skilja mellom lokale og internasjonale ressursar som blir brukte i produksjonen. Kapitalen blir i dag gjerne sett på som internasjonal. Den går, blir det hevda, dit avkastinga sett i forhold til risikoen er høgast. Arbeidskrafta er mindre mobil over landegrensene, og det er ein viktig grunn til at vi er opptatt av kor produksjonen blir lokalisert.

Enkelte næringar er det vi kan kalla for «rotlause» («footloose industries» på engelsk). Utanom arbeidskraft bruker dei ingen lokale ressursar i produksjonen. Transportkostnadene er små og det er ingen politiske handelshindringar. Slike næringar vil bli lokaliserte der arbeidskostnadene er lågast sett i forhold til produktiviteten. Dei konkurranseutsette næringane omtala i avsnitt 2 er slike rotlause næringar. Dei bruker berre arbeidskraft og kapital som innsatsfaktorar. Men det finst også næringar som produserer internasjonale varer, men gjer bruk av andre lokale ressursar enn arbeidskraft, for eksempel naturressursar eller kulturelle ressursar. For dei har arbeidskostnadene mindre å seia for lokaliseringa. Kanskje er kapitalen heller ikkje fullt ut mobil over landegrensene. Vi skal ta for oss desse spørsmåla etter tur.

Naturressursar

Når eit land har gode naturressursar, vil dei bli utnytta sjølv om arbeidskostnadene er relativt høge. Det er eigarane av naturressursen som tar støyten i form av lågare inntekt når kostnadene er høge. I Norge produserer bl.a. oljeutvinning, fiske og kraftforsyning internasjonale varer ved hjelp av norske naturressursar.

Kva som skal reknast som næringar baserte på naturressursar, avheng i praksis av transportkostnader og politiske handelshinder. Kraftintensiv industri i Norge var ein gong ei naturbasert næring. Transportkostnadene var for høge til å eksportera krafta. I dag har elektrisk kraft blitt ei internasjonal vare, i alle fall innanfor Norden. Kraftproduksjon er framleis ei næring som utnyttar ein naturressurs, men kraftintensiv industri er i ferd med å bli ei vanleg næring som produserer internasjonale varer.

Fiskeressursane våre kan i prinsippet utnyttast ved at vi auksjonerer ut fiskekvotar i ein internasjonal marknad. Alle land ville da ha lik tilgang til fisken. Den einaste naturlege fordelen norsk fiskerinæringa da ville ha, er å vera nær fiskebankane. Fordelen er altså lågare transportkostnader, men det er ein fordel som kan utliknast av forskjellar i andre kostnader. Forskjellen på fiske og meir rotlause internasjonale næringar ville da vera liten.

Oljeutvinning er den største naturbaserte næringa vi har. På same måte som i fisket kunne vi her ha overlate produksjonen til utlendingar. Det er uklart i kor stor grad det er politisk skjerming og i kor stor grad det er transportkostnader som gjer at olje på norsk sokkel blir utvunne av nordmenn, olje på britisk sokkel av britar.

Generelt kan vi dela alle naturbaserte næringar i to, ein del som er utleige av sjølve ressursen og ein del som er utvinninga av den. Den første biten kan ha store inntekter, men treng minimalt med arbeidskraft. Den andre biten treng meir arbeidskraft, og her har norsk arbeidskraft fordel av kort reiseveg til arbeidsstaden. Men i bransjar som havfiske og oljeutvinning er denne fordelen nokså liten. I kystfiske, kraftforsyning og jordbruk er forskjellen større, og det er nokså utenkjeleg at utanlandsk arbeidskraft skulle ta over. Slik sett har skiljet mellom naturbaserte næringar og andre mykje til felles med skiljet mellom lokale og internasjonale næringar. Naturressursen skaper ein lokal marknad for arbeidet med å utnytta han. Om arbeidet skal bli gjort av lokal eller utanlandsk arbeidskraft, avheng av kostnadsforskjellar og omfanget av politisk skjerming.

Kulturelle ressursar

Tilgangen på nødvendige «kulturelle ressursar» kan også tilseia at visse produkt blir laga i Norge. Ein del produkt kan berre lagast av folk som har god kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsforhold. Det er ingen transportkostnader eller vesentlege handelshinder for romanmanuskript, fjernsynsprogram eller konsulentrapportar, men kulturelle forhold tilseier at norsk arbeidskraft har ein fordel i produksjonen av slike produkt retta mot eit norsk publikum. I mange tilfelle vil det også vera ein fordel at produsenten bur og lever i eit norsk miljø. Ein del kulturelle produkt av denne typen kan bli eksportert, men for ein stor del av dei er også marknaden lokal.

Kor internasjonal er kapitalen?

Dei formelle hindringane for kapitalmobilitet mellom industrilanda er nå forholdsvis få. Internasjonalt pågår det likevel ein diskusjon om i kva grad kapitalmarknaden faktisk er integrert eller framleis er nasjonal 7 . Det er ingen tvil om at marknadene for lån til statar, finansinstitusjonar og store, kredittverdige foretak er knytta tett saman. Forhold knytta til variasjon i valutakursane kan likevel føra til nokså store forskjellar i dei nominelle rentene i forskjellige valutaar. Sett over lengre tid er det grunn til å tru at forskjellane i realrente likevel utjamnar seg, slik at dei reelle lånekostnadene blir nokså like mellom land, i alle fall før skatt.

Derimot kan det vera eit spørsmål om tilgangen av risikokapital (eigenkapital) er meir avhengig av lokal sparing. Eit sterkt argument for at det er slik, er at det meste av eigenkapitalen i foretaka i nesten alle land kjem frå innanlandske investorar. Faktisk er det mykje som tyder på at kapitalen ikkje ein gong er fullt ut mobil mellom foretak i same land. Informasjonsforskjellar gjer at bedriftene kan stilla mindre krav til avkasting av investeringane når kapitalen kan hentast frå overskottet i foretaket enn når den må hentast utanfrå gjennom aksjeemisjonar.

Det er grunn til å tru at intern finansiering er viktig i mange tilfelle, men det endrar ikkje dei viktigaste konklusjonane frå avsnitt 2. Dersom kapitalavkastinga i Norge er dårlegare enn i utlandet, så vil norske konkurranseutsette bedrifter ha mindre evne enn utanlandske til å eigenfinansiera investeringar både i produksjonsutstyr og i marknadsdelar. Derfor vil dei tapa marknadsdelar i forhold til utanlandske konkurrentar. Til slutt forsvinn dei ut på same måten som når kravet til realavkasting på investeringane er gitt utanfrå. Liknande argument kan framførast dersom sparinga til innanlandske kapitaleigarar er spesielt viktig for tilgangen på risikokapital til innanlandske foretak.

Det som dermed står igjen, er at dersom staten eller lønnstakarane sparer og plasserer dei oppsparte midla som eigenkapital i norske foretak, så kan det kanskje redusera kravet til kapitalavkasting. Men i tilfelle staten gjer det, er det reelt sett snakk om eit subsidium som arbeidstakarane må betala over skattesetelen. Det finst sterke motførestellingar mot ein slik politikk. Lønnstillegg kan kanskje føra til at lønnstakarane sparer meir, men neppe så mykje meir at ikkje investeringane i konkurranseutsett verksemd går ned.

Uansett er ein veksande del av næringslivet styrt av internasjonale foretak, og det er vel grunn til å tru at dei vil stilla om lag same krav til kapitalavkasting i Norge og i andre europeiske land. Utviklinga går utan tvil i retning av sterkare integrasjon av kapitalmarknadene (jamfør store norske investeringar i verdipapirfond som plasserer i andre land).

Uansett kva ein måtte meina om kor integrerte kapitalmarknadene er, så er det eit faktum at internasjonale investorar er interesserte i avkastinga etter skatt og at skatteregima varierer frå land til land. Kravet til kapitalavkasting før skatt kan derfor bli forskjellig avhengig av nivået på bedriftsbeskatninga. Det vil seia at i eit land med høg skatt på overskott er det mindre rom for lønnstakarane til å ta ut høg lønn utan at det set eksistensen av konkurranseutsett sektor i fare. Bedriftsbeskatninga blir i det lange løp betalt av arbeidstakarane. (Av dette følgjer det ikkje nokon bestemt konklusjon om kor høg bedriftsbeskatninga bør vera. Lågare bedriftsbeskatning fører til at arbeidstakarane må betala meir i form av andre skattar, og kan gi lågare disponibel inntekt sjølv om det blir rom for eit høgare lønnsnivå).

Kravet til kapitalavkasting avheng til ein viss grad også av den risikoen som er knytta til spesielle institusjonelle og politiske forhold i Norge, såkalla landrisiko. Norge skil seg neppe så sterkt frå andre europeiske land at dette punktet har mykje å seia. Eit system for lønnsfastsetting som er basert på langsiktige kriteria kan likevel medverka til å redusera landrisikoen, og dermed kravet til kapitalavkasting. Det gir i så fall rom for høgare reallønn.

8.6 Behovet for rotlause næringar. Utviklingstendensar

Vi vil gjerne ha eit breitt spekter av varer og tenester. Derfor treng vi også eit breitt spekter av næringar. Men det er ein forskjell mellom lokale og internasjonale varer. Lokale varer må vi helst produsera sjølv. Derfor treng vi heile spekteret av næringar som produserer lokale varer. Når det gjeld internasjonale varer, kan vi derimot konsentrera oss om dei næringane der vi samanlikna med andre land er best eller har det beste ressursgrunnlaget. Så kan vi bruka eksportinntektene frå desse næringane til å kjøpa andre internasjonale varer. Det er med andre ord nokså likegyldig kva for konkurranseutsette næringar vi har, berre vi tener godt på dei. Det er ikkje slik at konkurranseutsette næringar på nokon måte er viktigare enn andre næringar.

Likevel er det ikkje til å komma forbi at dei rotlause næringane står ei spesiell stilling i forhold til lønnsoppgjera. For dei rotlause næringane gjeld på lang sikt det vi sa i avsnitt 2, nemleg at lønnskostnadene i Norge må innretta seg etter det internasjonale prisnivået (eller produksjonskostnadene i utlandet), det internasjonale kravet til kapitalavkasting og produktiviteten i Norge. Det er ikkje noko spelerom for langvarige avvik frå dette. Konsekvensane av for høge lønnskostnader er dramatiske på ein heilt annan måte enn for lokale næringar. Dersom lønnskostnadene i Norge blir så høge at investorar ikkje kan oppnå ei kapitalavkasting på internasjonalt nivå sjølv i dei rotlause næringane der vi gjer det best, så kan vi til slutt bli heilt utan rotlause næringar.

Dersom vi er avhengige av rotlause næringar for å skaffa oss dei internasjonale varene vi vil ha, og dersom vi vil ha lik lønn for likt arbeid uavhengig av næring, så er det ikkje til å komma forbi at forholda i dei rotlause næringane må vera retningsgivande for lønnsfastsettinga i heile økonomien. I dette ligg det ikkje noko standpunkt til korleis lønnsfastsettinga faktisk bør organiserast og korleis forholdet mellom organisasjonane skal vera. Om vi reint hypotetisk tenkjer oss arbeidsmarknaden som ein frikonkurransemarknad utan organisasjonar med forhandlingsmakt, så ville lønnsnivået da også bli bestemt ut frå forholda i dei rotlause næringane.

Spørsmålet er så om vi verkeleg treng rotlause næringar i Norge. Motargumentet må eventuelt vera at vi kan skaffa oss alle dei internasjonale varene vi vil ha ved hjelp av inntekter frå næringar baserte på naturressursar og frå dei fordringane på utlandet som vi er i ferd med å byggja opp. Det nokså klart at dette motargumentet ikkje held.

Den naturressursen som for tida gir oss størst inntekter er olje og gass. Anslaget på petroleumsformua i Nasjonalbudsjettet for 2000 var på 1 900 milliardar kroner basert på ei realrente på 4 prosent. Legg vi til verdien av oljefondet ved utgangen av 1999, kjem vi opp i eit tal som svarer til ca 2 gonger det årlege nasjonalproduktet. Sett at vi for å få oljeinntektene til å vara lenge berre bruker rentene av oljeformua. Da er oljeinntektene nok til å betala for eit forbruk av internasjonale varer som er lik 8 prosent av den innanlandske bruken av varer og tenester. Dette skal samanliknast med ein gjennomsnittleg andel av import aleine i innanlandsk bruk av varer og tenester i 1990 på 26 prosent. I tillegg kjem det forbruket vi har av internasjonale varer som er produserte i Norge.

At oljeformua gir grunnlag for ein import på 8 prosent av samla bruk av varer og tenester gjeld berre det første året. Dersom bruken av varer og tenester veks med 2 prosent i året, så er det forbruket av internasjonale varer som oljeinntektene gir grunnlag for nede i 6,6 prosent av totalen etter 10 år, 4,4 prosent etter 30 år osv. Alternativt kunne vi kvart år leggja til sides ein del av rentene slik at formua veks i takt med økonomien. I eksemplet her vil det seia at vi kunne importera 4 (og ikkje 8) prosent av det vi bruker ved hjelp av oljeinntekter.

Anslaga over oljeformua varierer sterkt frå tid til anna. Vi skal derfor ikkje leggja for stor vekt på dei tala som er brukt over, men det er ingen tvil om at oljeformua ikkje er nok til å betala for det vi vil ha av internasjonale varer. I tillegg til oljeformua kjem inntektene frå arbeidet med å utvinna olja, inklusive arbeidet med å byggja plattformer og inntektene frå den kapitalen som alt er investert i plattformer. Poenget her er at dette er inntekter som avtar uansett (og ein del av inntektene går til utlandet). Dess meir blir det bruk for andre inntekter.

Andre naturressursar er neppe til stor hjelp, kanskje med eitt unntak. Bruttoproduktet i skogbruk, fiske og fiskeoppdrett utgjorde i 1999 til saman om lag 1,2 prosent av BNP. Berre fiskeoppdrett har eit vekstpotensiale som kan monna i vår samanheng. Ressursen her er kysten. Også andre land har kystar, og det er usikkert i kva grad kyststrekningar vil vera ein knapp ressurs i fiskeoppdrett i framtida. Det er ikkje utan vidare klart at oppdrettsnæringa i åra framover vil ha høgare lønnsevne enn dei rotlause næringane der vi kan gjera det best. (Lønnsevna til ei næring kan definerast som det ei ny bedrift maksimalt kan betala i lønnskostnader per timeverk dersom kapitalen skal få ei avkasting på internasjonalt nivå. Dei internasjonale næringane det vil lønna seg best for oss å driva med er dei som har høgast lønnsevne.)

Når det gjeld vasskraft, så har produksjonen problem med å halda følgje med det innanlandske forbruket av elektrisitet. Vi har ein del indirekte eksport gjennom kraftintensiv industri, men verdien av dei kraftmengdene som blir brukt der utgjer for tida ikkje meir enn ein prosent av BNP.

Turistnæringa (hotell og overnatting, transport) er til ein viss grad basert på naturressursar, men heller ikkje denne næringa ser ut til å ha ei lønnsevne som er spesielt høg.

Det er to viktige utviklingstendensar som vil påverka behovet for rotlause næringar i åra framover. For det første fører dei teknologiske endringane som ligg bak mykje av den økonomiske veksten, til systematiske forskyvingar i næringsstrukturen. I lang tid har dei gått i retning av å gi mindre plass til dei rotlause næringane. For det andre er det ein tendens til reduksjon i transportkostnader og nedbygging av handelshinder som drar i retning av at fleire og fleire verksemder som før var lokale etter kvart blir rotlause. Den siste tendensen diskuterte vi i avsnitt 4, den første er det på sin plass å ta opp her.

Ei grunnleggjande drivkraft bak den økonomiske veksten er at ein ved hjelp av ny teknikk og nye arbeidsmåtar har klart å effektivisera produksjonen av mange varer og tenester. I dette inngår også at ein har skapt nye produkt som har dekt folks behov eller ønske på ein meir effektiv måte. Men den tekniske framgangen har vore ujamn og det har ikkje vore like lett å auka produktiviteten på alle område. Prisane på dei produkta der den tekniske framgangen er størst, har da ein tendens til å gå ned i forhold til prisane på andre varer. Med uendra fordeling av forbruket på ulike vareslag, blir det relativt mindre bruk for arbeidskraft i dei næringane der produktivitetsveksten er størst. Desse næringane får da ein mindre del av sysselsettinga. Prisnedgangen (og innføring av nye produkt) vil motverka dette, men når vi ser på store varegrupper som dekkjer ulike behov hos forbrukarane, så vil ikkje forandringa i relativ pris ha særleg stor effekt på samansettinga av forbruket. Når vi ser på store næringsgrupper, må vi altså rekna med at dei næringane som har raskast produktivitetsvekst etter kvart utgjer ein mindre del av sysselsettinga og av verdien av produksjonen. Vi må rekna med at forbruket av varer frå desse næringane utgjer ein mindre del av totalt forbruk.

Historisk har produktivitetsveksten vore særleg stor i vareproduksjon og transporttenester, mindre i annan tenesteproduksjon. Dermed har det også vore ein tendens til at ein stadig større del av sysselsettinga og bruttoproduktet i økonomien har blitt konsentrert om tenesteproduksjon. Denne tendensen blir forsterka av at etterspørselen etter jordbruksvarer er forholdsvis lite følsam for inntektsvekst, noko som drar i retning av ytterlegare nedgang i jordbruket sin del av sysselsettinga og bruttoproduktet.

I den grad det er slik at tenesteproduksjon er lokal, mens vareproduksjon er internasjonal, så vil det vera ein tendens til at dei skjerma næringane veks i sysselsetting og produksjonsverdi i forhold til dei konkurranseutsette. Tabell 8.4, basert på inndelinga i skjerma og konkurranseutsette varer i den gamle nasjonalrekneskapen, gir inntrykk av at det har vore tilfellet i alle fall for sysselsettinga i Norge. Fordi oljeverksemda der kjem inn med full tyngde, er bildet litt meir uklart for bruttoproduktet. (Grunnen til at tala stoppar i tidleg på 1990 -talet er omlegginga av nasjonalrekneskapen).

Tabell 8.4 Fordeling av sysselsetting og produksjon etter konkurransetype

a. Fordeling av sysselsettinga etter konkurransetype. Prosent.
  19621970198019901993
Skjerma74.474.379.283.683.9
Utekonk. 4.1 4.4 3.5 2.6 2.4
Heimekonk.17.617.014.310.610.3
Olje, gass, sjøfart 3.9 4.3 3.0 3.2 3.4
b. Fordeling av BNP etter konkurransetype. Prosent.
19621970198019901993
Skjerma71.772.265.671.8
Utekonk. 4.6 4.4 4.2 3.1
Heimekonk.15.414.310.7 7.9
Olje, gass, sjøfart 8.3 8.619.517.2

Enkelte hevdar at den teknologiske utviklinga nå i større grad enn tidlegare gir ei effektivisering av tenesteproduksjonen. Dermed skulle vi kanskje sjå ein tendens i retning av at vareproduksjon (og internasjonale næringar) blir viktigare igjen. Eksempel på sterk produktivitetsvekst i teletenester og enkelte finansielle tenester kan byggja opp under dette synet. Når vi ser tenesteyting i forhold til vareproduksjon under eitt, er det likevel ikkje klart at det verkeleg har skjedd ei endring i retning av relativt sterkare produktivitetsvekst i tenesteyting. Dei måla vi har for produktiviteten i viktige tenesteytande næringar er for dårlege til at vi kan seia noko sikkert. I tenestesektoren er innslaget av personlege tenester (private og offentlege) stort. Både for desse og ein del andre tenester er det vanskeleg å sjå at produktiviteten kan aukast i same grad som i vareproduksjonen.

Tendensen til at dei tenesteytande næringane utgjer ein større del av nasjonalproduktet og samla sysselsetting kjem til uttrykk i dei framskrivingane som har blitt gjort i samband med Langtidsprogramma. I vedlegg 3 til Langtidsprogrammet 1998–2001 (side 75–76) blir det anslått at industri- og bergverksdrift går ned frå 12,8 prosent av BNP i 1995 til 7,7 prosent i 2050. Andelen av sysselsettinga går ned frå 15,8 prosent til 8,7 prosent. Hovuddelen av industrien må vi rekna med er rotlause bedrifter. I samsvar med det som blei sagt i avsnitt 4, må vi også rekna med å finna rotlause sektorar innanfor tenesteyting. Tala underbyggjer derfor at vi vil ha bruk for rotlause næringar også i framtida. Men den framskrivingsmetoden som er brukt er ikkje eigna til å seia noko om dei rotlause bedriftene i framtida skal finnast innan industrien eller andre næringar.

Framskrivingane i langtidsprogrammet er ingen fasit, men dei innvendingane som kan reisast drar i litt ulike retningar. På den eine sida kan programmet kritiserast for at det gir for lite rom for vekst i den typen tenesteyting som i dag i hovudsak er betalt av det offentlege (helse, omsorgstenester, utdanning). Utover i framskrivingsperioden ser det ut til å bli ein veksande ubalanse mellom tilgangen på slike tenester og anna individuelt konsum. På den andre sida ligg dei offentlege utgiftene i framskrivinga på eit nivå i forhold til nasjonalproduktet som ikkje kan oppretthaldast på lang sikt utan auke i skattane eller ved meir betaling frå brukarane av offentlege tenester. Dette kan kanskje tala for at det er mindre rom for konsum (privat eller offentleg) enn det framskrivinga legg opp til. Ei framskriving med ein strammare finanspolitikk (som er lettare å oppretthalda på verkeleg lang sikt) ville gi ein mindre lokal tenestesektor og ein større rotlaus sektor.

8.7 Konklusjon

Vi har i dette notatet prøvd å avklara innhaldet i omgrepa konkurranseutsette og skjerma næringar. Som vi har sett, er dei ytterpunkt på ein meir eller mindre kontinuerleg skala som har fleire dimensjonar. Dei reindyrka tilfella er lette å definera: I ei konkurranseutsett næring er det utanrikshandel med alle varer og prisane i Norge er lik prisane i utlandet. I ei skjerma næring er det ingen utanrikshandel og prisane er ikkje direkte kopla til prisane på same vare i utlandet. I praksis finst det ei lang rekke mellomtilfelle. Transportkostnader og andre handelshinder kan gi større og mindre spelerom for prisforskjellar, og kostnadsbildet kan avgjera om det skal vera utanrikshandel med ei vare. Næringar produserer ulike produkt med ulike koplingar til marknadene i andre land. Reisetrafikk fører til handel med produkt som elles er skjerma.

Sidan det er så mange mellomtilfelle, vil ei enkel katalogisering av næringar i to grupper dekka over viktige forskjellar. Blant anna derfor blir det ikkje foreslått å laga ei ny inndeling av næringar i konkurranseutsette og skjerma til erstatning for den ein hadde i nasjonalrekneskapen fram til 1995.

Omgrepa konkurranseutsette og skjerma næringar er likevel nyttige for å klarleggja korleis lønnstillegg har ulike verknader i ulike delar av økonomien. Da kan vi, slik vi gjorde i avsnitt 2, konsentrera oss om dei to yttertilfella for å få fram forskjellane så klart som råd.

Enda meir nyttig er kanskje omgrepet «rotlause næringar». Ei rotlaus bedrift produserer for ein internasjonal marknad og bruker ingen andre lokale produksjonsfaktorar enn arbeidskraft. Med andre ord så er det ei konkurranseutsett bedrift som ikkje utnyttar lokale naturressursar og der kapitalen ikkje er bunden til å bli investert i Norge. Rotlause næringar står i ei spesiell stilling i forhold til lønnsoppgjera fordi lønnskostnadene er heilt avgjerande for om slike næringar skal overleva i Norge eller ikkje. Blir lønnsnivået for høgt, blir det ikkje investert i nye, rotlause arbeidsplassar og dermed forsvinn dei rotlause næringane ut. Blir lønnsnivået for lågt, vil dei rotlause næringane ekspandera til dei sluker all tilgjengeleg arbeidskraft og pressar lønnsnivået opp. Desse prosessane kan ta lang tid, men dei går ubønnhørleg i den eine eller den andre retninga.

Lønnsnivået er sjølvsagt ikkje det einaste som har noko å seia for om rotlause næringar skal overleva. Produktivitet og skattlegging er like viktig. Bak produktiviteten ligg slike forhold som kvaliteten på utdanningssystemet, infrastrukturen, lovgivinga, organiseringa av arbeidslivet osv. Poenget er at det må vera samsvar mellom lønnsnivået i Norge og i utlandet når alle slike forhold er tatt med i reknestykket. Det er ikkje dei enkelte elementa i kostnadsbildet som er viktig, men summen av dei.

Avsnitt 5 argumenterte for at vi har bruk for å trekkja til oss rotlause bedrifter for å betala for forbruket vårt av internasjonale varer. Det er ikkje nok med næringar baserte på naturressursar. Sidan lønnsnivået i mange andre delar av verda er ein brøkdel av det i Norge, kan oppgåva sjå håplaus ut, men det er den slett ikkje. For det første er samfunnsforholda ulike og fører til store forskjellar i produktivitet. For det andre kan vi konsentrera oss om dei rotlause næringane der vi er best sett i forhold til andre land. For det tredje kan varer vera internasjonale på ulike nivå. Transportkostnader aukar med avstanden. Norge er lite nok til å klara seg godt med å produsera varer som er lokale for Europa, men internasjonale for Norge. I konkurranse med andre verdsdelar vil vi også ofte ha same føremoner som andre europeiske land. Ved lokaliseringsval er det dei landa som ligg nærast oss som også er våre sterkaste konkurrentar. Det er først og fremst med dei at vi må samanlikna kostnadene våre.

Å samanlikna lønnskostnader per time og å samanlikna skattenivå mellom land er forholdsvis lett. Å samanlikna produktivitet er vanskelegare. Dessutan er det ikkje den gjennomsnittlege forskjellen i produktivitet som er interessant, men forskjellen i dei rotlause næringane der vi er best relativt sett. Det er derfor ikkje lett å slå fast kor høgt lønnsnivå det er rom for. Ein fornuftig utgangshypotese er at lønnskostnad per arbeidd time ikkje bør avvika alt for sterkt frå lønnskostnaden i dei landa som liknar oss mest.

Den verkelege testen på om lønnsnivået er for høgt (eller for lågt) får vi ved å sjå på mengden av nyetablerte arbeidsplassar i rotlause bedrifter. Flytting av produksjon til andre land gir også informasjon, spesielt dersom det gjeld produksjon der vi har grunn til å tru at vi er relativt flinke. At produksjonen i næringar som har låg lønnsevne blir flytta utanlands gir derimot ingen grunn til uro.

For tida finn vi det største innslaget av rotlause bedrifter innanfor industrien (utanriks sjøfart har for lite tilknytting til Norge til å telja i denne samanhengen). I prinsippet kan dei rotlause bedriftene i framtida like gjerne vera innan tenesteyting. Av og til blir det sett fram spådommar om at den eine eller den andre næringa vil bli ei framtidig eksportnæring med stor vekst. Slike spådommar er det alltid grunn til å møta med stor skepsis. For å predikera kva for næringar som har ei slik framtid, må alle alternative næringar samanliknast. Vilkåra for å driva dei i Norge og i alle andre land må også samanliknast. Det seier seg sjølv at ingen kan ha den nødvendige oversikta til å komma med særleg sikre spådommar.

Så sant vi vil ha rotlause bedrifter, så er lønnsnivået i dei bunde opp til lønnsnivået i utlandet (målt i ein felles valuta). Dette bind opp lønnsnivået også i resten av økonomien. Det treng ikkje vera nøyaktig det same. Men dersom forskjellane blir for store i favør av dei rotlause næringane, blir det lett mangel på arbeidskraft elles i økonomien. Rotlause næringar leverer til verdsmarknaden, og kan slik sett skaffa arbeid til kor mange som helst når lønningane ikkje er for høge. Store lønnsforskjellar i favør av dei rotlause næringane er derfor vanskelege å oppretthalda fordi presset oppover på lønningane i skjerma næringar vil bli så stort. Noko lettare kan det vera å oppretthalda lønnsforskjellar den andre vegen, i favør av skjerma næringar. Etterspørselen etter arbeidskraft til dei skjerma næringane er avgrensa av den norske etterspørselen etter skjerma varer, slik at nokon kan bli nødt til å ta til takke med dårlegare betalte jobbar i dei rotlause næringane. Men det vil jo vera freistande for dei å starta nye skjerma bedrifter med eit lågare lønnsnivå enn dei eksisterande.

Vil ein at det skal vera same lønn for same arbeid uavhengig av næring, så er det dei rotlause næringane som på lang sikt må bestemma nivået. Det gjeld uavhengig av om det er mange eller få som skal arbeida der. Uavhengig av korleis arbeidsmarknaden er organisert, så finst det også sterke krefter som drar i retning av eit slik resultat. For høg lønn i dei rotlause bedriftene gir stor arbeidsløyse som pressar lønningane ned. For låg lønn i dei rotlause bedriftene gir overetablering og press oppover på lønningane. Liknande marknadsmekanismar vil også verka i retning av utjamning mellom næringane, sjølv om sterke sentrale organisasjonar der har noko større spelerom for å oppretthalda forskjellar. Endeleg skal vi ikkje sjå bort frå at valutakursen kan spela ei rolle i tilpassinga av lønnsnivået i Norge til lønnsnivået i utlandet.

Nettopp fordi det, uansett korleis lønnsfastsettinga er organisert, vil vera krefter som på lang sikt driv lønningane i retning det same nivået, så følgjer det ikkje av resonnementa her aleine nokon bestemt konklusjon om korleis lønnsfastsettinga bør organiserast. For samfunnet er det viktig at lønnsfastsettinga blir organisert slik at resultatet blir nådd utan for mykje arbeidsløyse eller konfliktar, men å gi råd om korleis det skal gjerast ligg utanfor ramma for dette notatet.

Referansar

Aukrust, O. 1987: «Konkurranseutsatte og skjermede næringer: historien om en ide» s. 225–239 i T.Moe, P.Schreiner og H.Skånland (red): Full sysselsetting og økonmisk vekst? Festskrift til Eivind Erichsen , Oslo: TANO.

Dornbusch, R. 1980: Open economy macroeconomics , New York: Basic Books.

Dornbusch, R., Fischer, S. og Samuelson, P. 1977: «Comparative advantage, trade and payments in a Ricardian model with a continuum of goods», American Economic Review, 67, 23–39

Feldstein, M. og Horioka, C. 1980: «Domestic savings and international capital flows», Economic Journal , 90 , 314–29.

Fløttum, E. 1980: Nasjonalregnskapet i Norge. System og beregningsmetoder, Samfunnsøkonomiske studier nr 45, Satistisk sentralbyrå.

Holden, S. 1999: «Wage setting under different monetary regimes», Norges Bank, Arbeidsnotat nr 14.

Obstfeld, M. 1995: «International capital mobility in the 1990s», side 201–261 i P.B.Kenen (red): Understanding interdependence , Princeton: Princeton University Press

Obstfeld, M. og Rogoff, K. 1996: Foundations of international macroeconomics , Cambridge, Mass.: MIT-Press.

Rogoff, K. 1996: «The purchasing power parity puzzle», Journal of Economic Literature , 34, 647–668.

Rødseth, A. 1997: «Monetary Policy Objectives in Norway», side 144–75 i A.B.Christensen og J.F.Qvigstad (red): Choosing a Monetary Policy Target , Oslo: Scandinavian University Press.

Rødseth, A. 2000: «Open Economy Macroeconomics», Cambridge: Cambridge University Press.

Røisland, Ø. og Torvik, R. 1999: «Exchange rate versus output targeting: A theory of output fluctuations in traded and non-traded sectors», Norges Bank, Arbeidsnotat nr 1.

Fotnoter

1.

Utredningsutvalget for inntektsoppgjørene 1966 var det som først introduserte omgrepa i debatten om inntektsoppgjera i Norge. Medlemmer av utvalet var Odd Aukrust (formann), Fritz C. Holthe og Gerhard Stoltz. Aukrust (1987) gjer greie for historia bak. Dei same omgrepa har blitt brukt i diskusjonen av lønnsoppgjer og økonomisk politikk også internasjonalt, sjå Dornbusch (1980).

2.

Rødseth (2000), kapittel 7, gjer nærmare greie for det teoretiske grunnlaget som resonnementa i det følgjande kviler på.

3.

Det er først dei siste par åra at forskninga om korleis inflasjonsmål har forskjellig effekt for skjerma og konkurranseutsett sektor har komme i gang. To tilskott til litteraturen er Røisland og Torvik (1999) og Holden (1999).

4.

Analysen byggjer i stor grad på Dornbusch, Fischer og Samuelson (1977).

5.

At det faktisk går føre seg omfattande prisdiskriminering er grundig dokumentert i litteraturen, sjå Rogoff (1996) for eit oversyn.

6.

Fløttum (1980), vedlegg III, gir eit oversyn over inndelinga. Han seier at som kriterium for inndelinga er blant anna brukt eksportandelar og importandelar for næringssektorane.

7.

Debatten har utgangspunkt i Feldstein og Horioka (1980) som meinte å finna teikn på at kapitalmarknadene i ulike land var overraskande lite integrerte. Obstfeld (1995) og Obstfeld og Rogoff (1996) oppsummerer mykje av debatten.

Til forsiden