Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

NOU 2010: 10

Tilpassing til eit klima i endring— Samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til konsekvensar av klimaendringane

Til innhaldsliste

1 Definisjonar

Arter – heimehøyrande, framande og invaderande

Dei artene som finst naturleg i Noreg, er gjerne kalla heimehøyrande. Arter som har komme til landet ved hjelp av ein eller annan menneskeleg vektor, er kalla framande arter. Ein del slike framande arter er sterke konkurrentar og fortrengjer heimehøyrande arter. Desse er kalla invaderande arter.

Raudlista (Norsk Raudliste)

Liste over arter som er rekna for å vere truga i Noreg, gitt ut av Artsdatabanken.

Svartelista (Norsk svarteliste)

Liste over framande arter i Noreg som er vurderte i forhold til økologisk risiko og klassifisert til å ha høg, låg eller ukjend risiko, gitt ut av Artsdatabanken.

Avrenning

Den delen av nedbøren som renn mot bekkar eller elvar på overflata (overflateavrenning) eller i jorda og grunnen (interflow). Vanlege måleeiningar er mm eller ls-1km-2.

Biologisk mangfald

Variasjonen hos levande organismar, under dette mellom anna terrestriske, marine og andre akvatiske økosystem og dei økologiske kompleksa som dei er ein del av. Dette omfattar mangfald innanfor artene, på artsnivå og på økosystemnivå.

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling er ei utvikling der behova for mennesket i dag blir tilfredsstilte utan at det øydelegg moglegheita for at framtidige generasjonar får tilfredsstilt sine behov.

Eksempelframskrivingar

Utvalte klimaframskrivingar som er blitt etterbehandla ved at dei er blitt justerte i forhold til klimaobservasjonar og terreng.

Klimaframskrivingar

Blir ofte òg kalla klimaprojeksjonar eller klimascenario. Dette er framskrivingar av klimaet for gitte rammevilkår. Uttrykket er her knytt til menneskeskapte klimaendringar, og rammevilkåra er då gitt i form av utsleppsscenario for klimagassar og -partiklar. Utsleppsscenarioa gir grunnlag for å berekne menneskeskapte klimapådriv – og dermed menneskeskapte klimaendringar. Det er uvisse hefta til klimaframskrivingane fordi a) rammevilkåra er usikre, b) naturlege klimaendringar og -variasjonar vil komme i tillegg til dei menneskeskapte endringane og c) berekningsmetodane er i seg sjølve usikre.

L – låg klimaframskriving

Dei nedre 10 prosentane av ei gruppe (eit ensemble) av klimaframskrivingar. Det inneber ei klimaendring som ni av ti framskrivingar overgår.

M – middels klimaframskriving

Middelverdien av ei gruppe (eit ensemble) av klimaframskrivingar. Dette inneber det intervallet som åtte av ti framskrivingar vil liggje innanfor.

H – høg klimaframskriving

Dei øvre 10 prosentane av ei gruppe (eit ensemble) av klimaframskrivingar. Det inneber ei klimaendring som stemmer med ei av ti framskrivingar.

Hydrologi

Vitskapen som handlar om prosessane som fører til uttømming og oppfylling av vassressursane på jorda sine landområde, og som behandlar dei ulike delane av det hydrologiske kretsløpet.

Klimakonsekvensar

Konsekvensar av klimaendringar for samfunn og natur.

Klimanormalar

Sjå Normalverdiar.

Klimaprojeksjonar

Sjå Klimaframskrivingar.

Klimapådriv

Vedvarande forskjell mellom den energien jorda tek imot og den energien ho gir frå seg ved atmosfæren si yttergrense. Klimapådriv kan oppstå på grunn av naturlege årsaker, til dømes endringar i solstråling eller vulkanaktivitet, eller på grunn av menneskeleg aktivitet, til dømes endring av vegetasjon, avskoging eller utslepp av klimagassar og -partiklar som endrar samansetjinga av atmosfæren. Klimapådriv fører til at klimaet endrar seg inntil ein ny balanse mellom innstrålt og utstrålt energi er oppnådd. Pådrivet blir redusert etter kvart som klimaet innstiller seg til den nye energibalansen.

Klimasårbarheit

Klimasårbarheit beskriv samfunnet og naturen si følsemd overfor klimaendringar. Under dette samfunnet si evne til å meistre/handtere ugunstige klimaeffektar, inkludert klimavariabilitet og ekstremar. Sårbarheita kan sjåast som ein funksjon av styrken og variasjonen i dei endringane/hendingane eit system blir utsett for, systemet si følsemd og den klimatilpassingskapasiteten det har. Ressursar som gjer det mogleg å handtere sårbarheit, distribusjonen av desse ressursane i ulike system og dei institusjonane som legg til rette for ressursbruk og meistringsstrategiar, kan vere avgjerande for klimasårbarheita.

Klimatilpassing

Justeringar i biofysiske eller sosiale system som følgje av faktiske eller venta klimaeffektar for å redusere skade eller dra nytte av moglegheiter. IPCC (2007) beskriv tre typar klimatilpassing:

Proaktiv klimatilpassing er tilpassing som skjer før konsekvensane av klimaendringane inntreff (førehandstilpassing, «føre-var»-tilpassing).

Spontan klimatilpassing er tilpassing som ikkje utgjer ein bevisst respons til klimaendringar, men blir utløyst av økologiske endringar i naturmiljø eller av for eksempel marknadskrefter eller velferdsendringar i dei sosiale systema. Er òg omtalt som autonom tilpassing eller som reaktiv tilpassing dersom tilpassingane er utløyste av ei klimarelatert hending (til dømes ein flaum, eit skred, tørkeperiode).

Planlagd klimatilpassing er tilpassing som er eit resultat av bevisste politiske avgjerder, basert på forståing av at klimaet har endra seg eller kjem til å endre seg, og at handling er kravd for å returnere til, vedlikehalde eller oppnå ein ønskt tilstand.

Klimatilpassingskapasitet

Evna eit system har til å tilpasse seg klimaendringar, inkludert naturlege klimavariasjonar og ekstremar for å avgrense potensielle skadar, utnytte eventuelle fordelar og moglegheiter som oppstår, eller handtere konsekvensar.

Klimavariasjonar

Skil seg frå klimaendringar ved at dei ikkje går systematisk éin veg. Klimavariasjonar kan anten skuldast varierande ytre pådriv, til dømes vulkanutbrot eller variasjonar i solstrålinga, eller interne variasjonar i klimasystemet. Interne variasjonar skuldast gjerne endringar i havsirkulasjonen eller vekselverknader mellom hav og atmosfære og fortonar seg ofte som svingingar, til dømes «den nordatlantiske svinginga», NAO, eller «den sørlege svinginga», El Niño/La Niña. Variasjonane er oftast av regional art, men kan òg opptre på hemisfærisk eller, i nokre tilfelle, på global skala.

Klimavariablar

Målbare og modellerbare storleikar som beskriv klimaet, som for eksempel luft- og havtemperatur, nedbør, fukt, vindhastigheit, lufttrykk, havstraum, havnivå og bølgjehøgd.

Korttidsnedbør

Beskriv nedbørsmengder over periodar frå minutt til nokre timar. Dei nedbørsmengdene ein må rekne med å kunne få over slike korte periodar, er viktige for dimensjonering av infrastruktur, til dømes vass- og avløpsnett.

Likevektslinja

Ei tenkt høgdelinje på ein isbre der det er balanse mellom akkumulasjon (tilvekst) og ablasjon (avsmelting) av snø og is. Dersom likevektslinja blir løfta grunna klimaendring (til dømes grunna auka sommartemperatur), vil dei lågastliggjande delane av breen, ev. heile breen, forsvinne.

Markvatn

Uttrykk for mengda av vatn i jordlaget mellom grunnvassnivået og jordoverflata. Den maksimale vassmengda som kan haldast tilbake i dette jordlaget, er kalla feltkapasitet. Forskjellen mellom jorda sitt aktuelle vassinnhald og feltkapasitet er kalla markvassunderskot.

Naturlege klimaendringar

Sjå Klimavariasjonar.

Nordområda

Det er mange definisjonar av nordområda. I følgje NOU 2003:32, Mot nord!, omfattar nordområda heile det sirkumpolare Arktis inkludert barentsregionen og barentshavområdet. Det sirkumpolare Arktis er området nord for polarsirkelen på land og noko lenger sør i dei marine områda. For Noregs del vil denne definisjonen av nordområda omfatte Nordland, Troms og Finnmark.

Normalverdiar

Middelverdiar av meteorologiske og hydrologiske variablar for bestemte 30-årsperiodar. Etter ei internasjonal avtale er standardnormalperiodane tidsperiodane 1901–30, 1931–60, 1961–90, 1991–2020 osv. Dette er gjort for at ein over heile verda skal kunne nytte og samanlikne middelverdiar for same perioden.

Norsk Arktis

Den norske delen av Arktis er definert som Svalbard, Jan Mayen og fastlandet nord for polarsirkelen. Eit mindre område sør for polarsirkelen er òg definert inn av praktiske grunnar. Dette inkluderer Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og heile Rana kommune. For havområda er dei isfylte delane av Barentshavet, Norskehavet og Grønlandshavet rundt Jan Mayen definert som Norsk Arktis.

Etter internasjonal definisjon blir heile området av Nordiske hav (Islandshavet, Grønlandshavet og Norskehavet) og heile Barentshavet rekna med til Arktis.

Polare lågtrykk

Lågtrykk som oftast blir danna i overgangen mellom havis og ope hav på høge breiddegrader. Polare lågtrykk er som regel små i utstrekning, har kort levetid, er vanskelege å varsle og kan vere svært intense og farlege. Opptrer nord i Norskehavet og i Barentshavet, gjerne i området mellom Svalbard og Fastlands-Noreg.

Ekstremnedbør

Nedbørverdiar som ein gjennom eit langt tidsrom kan rekne med vil inntreffe ein gong i løpet av ein n-års periode, til dømes ein gong i løpet av ein 100-årsperiode (*100-årsverdi*).

Returnivå

Sjå Returverdiar.

Returverdiar

Verdiar som i gjennomsnitt blir overskridne med ei oppgitt hyppigheit. Ein 5 års returverdi for nedbør er den nedbørverdien som i gjennomsnitt blir overskriden éin gong i løpet av ein femårsperiode. Tilsvarande betyr 100 års returverdi for stormflod at ei stormflod av oppgitt størrelse i gjennomsnitt vil inntreffe éin gong i løpet av 100 år. Merk at returverdiar ikkje representerer det verst tenkelege scenarioet for til dømes nedbør eller stormflod i den angitte perioden, da det er fullt mogleg at høgare nivå kan inntreffe.

Risiko

Risiko er forstått som ein kombinasjon av sannsynet for ei uønskt hending og moglege konsekvensar av hendinga.

Robustheit

Ein eigenskap i system som er knytt til fleksibilitet, robustheit og evne til å gjenreise sentrale funksjonar etter bråe (ikkje-lineære) klimaendringar eller terskelsprang.

Springflod

Forsterka flod ved fullmåne og nymåne. Årsaka er at månen og sola sin innverknad på havnivået går i same retning. Inntreff ca. kvar 14. dag. Sjå òg Stormflod.

Stormflod

Flod som blir forsterka på grunn av lågtrykksverksemd. Både lågt atmosfærisk trykk og tilstrøyming av vatn mot kyst grunna sterk vind kan medverke til stormflod. Sjå òg Springflod.

Sårbarheit

Sjå Klimasårbarheit.

Utsettheit

Karakteren, omfanget og graden av påverknad av klimaendringane på natur og samfunn.

Utsleppsscenario

Framskrivingar av menneskeskapte utslepp av klimagassar og -partiklar som påverkar klimaet. Dei byggjer på oppfatningar om demografisk, økonomisk og teknologisk utvikling. Det finst mange ulike utsleppsscenario. Dei viktigaste, brukte i tredje (2001) og fjerde (2007) hovudrapport frå FN sitt klimapanel, har følgjande hovudtrekk:

Scenario B1: Globale løysingar på økonomisk og sosial berekraft. Raske endringar i økonomiske strukturar og introduksjon av reine teknologiar. 7 milliardar menneske i 2100. CO2-innhaldet i atmosfæren er på 540 ppm i 2100, mot 390 ppm i dag (ppm er «parts per million«).

Scenario A1B: Rask økonomisk vekst. Rik verd, men ujamt fordelt. 7 milliardar menneske i 2100. Teknologiske endringar fører til balanse mellom fossil og ikkje-fossil energiteknologi. CO2-innhaldet i atmosfæren er på 703 ppm i 2100.

Scenario A2: Delt verd med høg befolkningsvekst og mindre bekymring for rask økonomisk utvikling. 15 milliardar menneske i 2100. CO2-innhaldet i atmosfæren er på 836 ppm i 2100.

Uvisse

Eit uttrykk for kor ukjend ein verdi er, til dømes eit framtidig klima. Uvissa kan skuldast manglande informasjon eller usemje om kva som er kjend eller ikkje mogleg å kjenne. Kjeldene til uvisse kan bl.a. skuldast kvantitative feil i data, uklare konsept og terminologiar, mangelfull kunnskap eller usikre projeksjonar av menneskeleg åtferd. Uvisse kan difor presenterast som kvantitative mål eller ved kvalitative forklaringar.

Vassføring

Vatnet som renn i ei elv eller ein bekk, definert som volumet av vatn som renn forbi eit tverrsnitt av ei elv pr. tidseining. Vanlege måleeiningar er m3 s-1 eller l s-1.

Tropedøgn

Døgn der maksimumstemperaturen er over 30 °C og minimumstemperaturen ikkje er under 20 °C.

Vekstsesong/vekstgraddagar

Mange definisjonar finst. Definisjonen som er brukt i denne rapporten, er talet på døgn pr. år med middeltemperatur over 5 °C. Vekstgraddagar er for eit døgn i vekstsesongen middeltemperaturen minus 5 °C.

Vippepunkt (tipping point)

Beskriv ei kraftig og/eller brå endring av ein/fleire klimavariablar eller biologiske variablar der ein etter vippepunktet gjerne går inn i ein tilstand som ein på førehand ikkje kan seie noko om kva blir.

Ytre klimapådriv

Sjå Klimapådriv.

Økosystembasert forvaltning

Ei integrert forvaltning av menneskelege aktivitetar basert på kunnskap om økosystema sin dynamikk for å oppnå berekraftig bruk av varer og tenester frå økosystema, og for å halde ved lag økosystema sin struktur, verkemåte og produktivitet.

Økosystem

Eit dynamisk kompleks av planter, dyr og mikroorganismar og det ikkje-levande miljøet rundt dei, som gjennom eit samspel utgjer ei funksjonell eining. (Samspelet mellom dei levande organismane og omgivnadene (miljøet)).

Til toppen
Til forsida av dokumentet