NOU 2010: 10

Tilpassing til eit klima i endring— Samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til konsekvensar av klimaendringane

Til innhaldsliste

Del 2
Klimaet i endring

4 Klima i dag og i fortida

Boks 4.1 Om del II Klimaet i endring

Del II byggjer på rapporten «Klima i Noreg 2100» (Hanssen-Bauer mfl. 2009), som blei skriven på oppdrag frå NOU Klimatilpassing for å gi eit felles klimavitskapleg grunnlag for vurderingar av sårbarheit og behov for tilpassing.

Klima er forstått som systematiserte vêrobservasjonar for ein tidsperiode på 30 år. Det er dette som dannar utgangspunkt for å talfeste klima og klimavariasjonar for ein gitt stad eller eit område. Vêrobservasjonar gjennom ein kort periode som dagar, veker, månader eller eit fåtal år er ikkje tilstrekkeleg for å beskrive klimatiske forhold.

Klimaet i Noreg er svært variert, både geografisk og gjennom året, og samanlikna med andre område på same breiddegrad er klimaet i Noreg svært mildt. Dette skuldast i hovudsak varme ført med vestavindsbeltet i atmosfæren og Golfstraumen i havet. Variasjonar i desse strøymingsforholda gir svært store utslag i vårt lokale klima.

Dei globale og regionale endringane i klimaet gjennom dei siste 150 åra kan ikkje forklarast utan å ta omsyn til menneskeleg påverknad gjennom utslepp av drivhusgassar og partiklar i atmosfæren og endring i bruken av land. Endringane har vore særleg sterke dei siste 50 åra. Klimautviklinga i dette hundreåret er venta å bli påverka av omfanget av drivhusgassar og partiklar i atmosfæren, i kombinasjon med naturlege klimavariasjonar. Sistnemnde avheng både av vekselverknader mellom hav, land og atmosfæren, og hyppigheit og styrke av vulkanutbrot og variasjonar i solinnstrålinga.

Denne delen omfattar atmosfæreklima, havklima inkludert sjøis, hydrologiske forhold inkludert flaum, isbrear og permafrost, og skredforhold. Kapitla summerer kunnskap om forventa klimaendringar i Noreg. For å vurdere kva eventuelle framtidige klimaendringar kan bety, er det òg viktig å sjå slike endringar i forhold til klimaet i dag og i fortida. Ei generell beskriving av historisk klimautvikling og klimaet i dag i Noreg og nærområda våre er difor inkludert.

Beskrivinga av framtidsklima fokuserer på tre periodar. Dei næraste 10–20 åra, ein periode fram mot midten og ein periode fram mot slutten av det 21. hundreåret. Den første perioden er behandla for seg sjølv. I eit så kort tidsperspektiv vil endringane som skuldast menneskeskapt klimapåverknad, vere små eller av same storleik som naturlege klimavariasjonar. Følgjeleg er klimautviklinga for 10–20 år i all hovudsak styrt av naturlege klimavariasjonar.

Klimaframskrivingar mot midten og slutten av hundreåret er hovudsakeleg baserte på modellresultat frå rapportane frå FNs klimapanel (IPCC 2007), men dei er behandla vidare for å gi informasjon på regional skala. Det er fleire kjelder til uvisse knytt til modellberekningane, og det er følgjeleg stor spreiing i resultata. For temperatur, nedbør og havnivå er det difor skissert ei «låg», ei «middels» og ei «høg» framskriving. Det er ikkje knytt talfesta sannsyn til dei forskjellige klimaframskrivingane, mellom anna fordi FNs klimapanel ikkje har knytt sannsyn til dei forskjellige oppfatningane om framtidige utslepp av klimagassar. Sannsynsspørsmålet er likevel belyst ut frå det vi veit i dag. Tilrådingar om bruk av klimaframskrivingane er gitt ut frå dette.

4.1 Kva er og kva styrer klimaet?

4.1.1 Sirkulasjon i luft og hav styrer klimaet

Store delar av Noreg og havområda utanfor har ein gjennomsnittstemperatur i løpet av året som er 5 til 10 grader høgare enn for tilsvarande breiddegrad rundt jorda. Forskjellane i atmosfæren sin vintertemperatur er endå høgare, opptil 20 grader over middeltemperaturen for breiddegrada. Varme transportert frå sør både i atmosfæren og i havet medverkar til dette.

Varmetransporten i atmosfæren er i hovudsak knytt til at Noreg er sentralt plassert i det nordatlantiske vestavindsbeltet. Vind frå sørvest fører varm og fuktig luft mot Noregs kyst. Dette gjeld særleg for vinterhalvåret, då hovudregelen er mange og ofte sterke lågtrykk frå sørvest, som gir milde og nedbørrike vintrar, særleg vest for vassskilet. Likevel førekjem det vintrar med få og svake lågtrykk. Vintrane er da gjerne kalde og nedbørfattige, slik som til dømes fleire vintrar i 1960-åra, vintrane 1995–96 og 2009–10.

Førekomsten av stormfulle, milde vintrar og relativt tørre og kalde vintrar er knytt til systematiske variasjonar i den atmosfæriske sirkulasjon over Nord-Atlanteren. Desse variasjonane er gjerne kalla den nordatlantiske oscillasjonen (NAO). NAO er ei viktig årsak til at vi har stor og naturleg år til år-variasjon i både vind, temperatur og nedbør over heile Fastlands-Noreg. Nord-Noreg er i tillegg påverka av arktiske luftmassar, men effekten av NAO er merkbar der òg. Svalbard ligg på grensa mellom det kalde Arktis og meir tempererte område, og innverknaden av NAO er mindre systematisk her enn lengre sør.

Noregs topografi påverkar også klimavariasjonane regionalt, særleg når det gjeld nedbør. Ved vestavind vil området vest for vasskilet få mest nedbør, mens sørleg og austleg vindretning gir meir nedbør på Sør- og Austlandet.

Det er i dag ikkje mogleg å varsle NAO fram i tid. Heller ikkje periodar med auka hyppigheit av søraustleg vind kan varslast meir enn ei veke fram i tid. For tidsperiodar opptil 10–20 år er desse naturlege variasjonane større eller av same storleik som venta framtidig menneskeskapt klimaendring. Då klimamodellane i dag berre kan seie noko om langtidsendringa i klimaet, gir eit modellbasert klimavarsel for Noreg fram til 2030 lite meining.

Varme transportert i havet er knytt til forlenginga av Golfstraumen. Kvart sekund passerer mellom 8 og 9 millionar kubikkmeter varmt og salt atlanterhavsvatn forbi Færøyane, på veg inn i dei nordiske hava. Denne varmekjelda, og næringsstoffa den fører med seg, er særs viktig for dei marine økosystema i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Varme transportert med Golfstraumen gjer at heile norskekysten og ein stor del av Barentshavet er isfritt om vinteren, og den påverkar lufttemperaturen, særleg i kystnære strøk.

Atmosfæren sin NAO varierer frå år til år og frå tiår til tiår og den påverkar styrken på Golfstraumen. Vi har indikasjonar på at havtemperaturen i heile Nord-Atlanteren varierer i lengre tidsperiodar på 50–70 år. Desse lengre klimasvingingane, som er kalla Atlantisk Multidekadisk Oscillasjon (AMO), har òg ei langt større geografisk utbreiing enn NAO. Ein svak Golfstraum vil delvis motverke effekten av global oppvarming hos oss, mens ein sterk Golfstraum vil forsterke oppvarminga. Variasjonar i Golfstraumen er difor av betydning for klimautviklinga i Noreg og tilstøytande havområde. Variasjonar i havstraumane sin varmetransport er beskrivne i klimamodellane som er bruka i denne rapporten. På same måte vil AMO forsterke eller svekkje den menneskeskapte oppvarminga i Nord-Atlanteren og til ei viss grad i tilstøytande landområde.

På same måte som at klimamodellane ikkje kan varsle NAO-utviklinga for dei neste 10–20 åra, kan modellane heller ikkje seie noko om dei neste 10–20 åra vil ha auka eller redusert transport av varme i havet. Modellane kan difor førebels ikkje indikere i kva periodar vi vil få forsterka eller svekt oppvarming grunna variasjonar i havstraumane.

4.1.2 Korleis måle klimavariasjon og klimaendring?

Dei naturlege variasjonane i luft og havsirkulasjon gir opphav til betydelege klimavariasjonar i Noreg for periodar på opptil nokre tiår. For at definisjonen av klimaet skal vere robust i forhold til slike kortsiktige variasjonar, er det internasjonalt definert «standard normalperiodar» på 30 år. Gjeldande standard klimanormalar er utrekna på grunnlag av perioden 1961–1990, og det er klimaet i denne perioden som er beskriven i det følgjande.

Temperatur, vekstsesong og fyringssesong

Årsmiddeltemperaturen for Noreg er om lag 1 °C, men varierer frå 6 °C på kysten av Vestlandet til lågare enn –4 °C i høgfjellet. Vestlandet har opptil 225 dagar med temperaturbestemt vekstsesong (dagar med middeltemperatur over 5 °C), mens vekstsesongen i høgfjellet og på delar av Varanger-halvøya er på færre enn 70 dagar. Summen av fyringsgraddagar (som er eit mål for energibehovet til innandørs oppvarming) varierer frå over 6000 i indre strøk av Austlandet, høgfjellet og indre delar av Nord-Noreg, til under 3000 ytst på kysten av Vestlandet. Det er flest «varme døgn» (døgn med middeltemperatur over 20 °C) i lågareliggjande område nær Oslofjorden.

Nedbør og hydrologi

Gjennomsnittleg årsnedbør for Noreg er berekna til 1486 mm. Av dette er det anslått at 346 mm fordampar, mens 1140 mm går til avrenning. Øvre Gudbrandsdalen og indre Troms er tørrast (mindre enn 300 mm målt årsnedbør), mens midtre strøk av Vestlandet er våtast (over 5000 mm årsnedbør berekna enkelte stader). Den eittdøgns nedbørverdien som i gjennomsnitt er overskriden 3–4 gonger pr. år varierer frå under 15 mm i nedbørfattige område til ca. 150 mm i dei mest nedbørrike områda på Vestlandet. Det er størst årsavrenning ved Ålfotbreen (om lag 5400 mm) og minst i øvre Gudbrandsdalen (om lag 350 mm). Oslofjorden, Sørlandet og Fosenhalvøya har høgast årleg fordamping (estimert til over 500 mm). Breområda i høgfjellet har lågast (rundt 50 mm). Vassinnhaldet i maksimal årleg snømengd på bakken varierer frå nær null til meir enn 3000 mm. Kystnære nedbørfelt har i gjennomsnitt berre nokre få dagar i året med snødekke, høgfjellet har snødekke over 300 dagar i året, og i breområde er det nær permanent snø- og isdekke.

4.2 Klima i tidlegare tider

I Noreg har vi pålitelege instrumentelle meteorologiske målingar ca. 150 år tilbake i tid. Frå slutten av 1800-talet har vi òg tilstrekkeleg geografisk spreiing av observasjonane til å gi ei god beskriving av temperatur- og nedbørvariasjonane i forskjellige landsdelar. I dette avsnittet er klimaet dei siste 100 åra beskrive. I tillegg er det lagt til ei beskriving av klimaet i eit endå lengre historisk perspektiv. Her er studiar av klimaet i fortida lagt til grunn.

4.2.1 Klimavariasjonar i Noreg etter siste istid

Siste istid tok slutt for 11 700 år sidan. I eldre steinalder, for 9000–6000 år sidan, voks det furu på delar av Hardangervidda. Dei største isbreane i Noreg var bortsmelta i periodar for 7000 til 6000 år sidan. Årsaka var at sommartemperaturen var omlag 1,5–2 grader høgare enn i perioden 1961–90. Også i middelalderen var det generelt eit mildt klima i Skandinavia, med ein middeltemperatur som var 0,5–1 °C høgare enn i perioden 1961–90. Det milde klimaet gjorde det mogleg for nordbuarar å busetje seg på Grønland. Under den såkalla «vesle istida» på midten av 1700-talet nådde dei fleste norske isbreane si største utbreiing på fleire tusen år.

Endringane som er beskrivne over, skuldast naturlege klimavariasjonar. Den varme perioden i steinalderen kom av at jorda var nærare sola om sommaren, og at jorda sin hellingsvinkel var større enn i dag. Årsaka til det milde klimaet for rundt tusen år sidan, og den kjølige perioden for om lag 300 år sidan, var truleg knytt til variasjonar i solaktivitet og hyppigheit av store vulkanutbrot. I periodar med mange kraftige vulkanutbrot vil mindre solenergi nå ned til bakken på grunn av direkte og indirekte effektar av dei partiklane og gassane som blir sende opp i atmosfæren under utbrota. I periodar med få vulkanutbrot vil derimot mykje solenergi nå bakken. Variasjon i solaktiviteten fører til variasjon i sola si utstråling, og dette påverkar klimaet på jorda. Det finst hypotesar om at solaktiviteten indirekte påverkar danninga av skyer, og gjennom det har ein sekundær klimaeffekt, men det er ikkje semje om kor stor denne effekten kan vere.

Mykje av den naturlege klimavariasjonen er regional og ikkje global. Det er til dømes grunn til å tru at den varme perioden i steinalderen først og fremst førekom på høge nordlege breiddegrader, mens tropane ikkje var særleg varmare enn i dag.

4.2.2 Klimavariasjonar i Noreg dei siste 100 åra

Måleseriar av klimavariablar viser store variasjonar frå år til år og frå tiår til tiår. Desse kjem i stor grad av naturlege variasjonar i klimasystemet. Mange måleseriar viser likevel òg trendar over lengre periodar. Desse kan skuldast både naturlege og menneskeskapte klimapådriv.

Temperatur, vekstsesong og fyringssesong

Årsmiddeltemperaturen for Fastlands-Noreg har auka med om lag 0,8 °C dei siste hundre åra, og trenden i dei forskjellige regionane som er vist i figur II.1 varierer frå 0,05 °C til 0,10 °C pr. tiår (tabell II.1). Dette er på linje med auken i den globale middeltemperaturen for same periode. Men temperaturen i Noreg viser, som venta for eit lite geografisk område, langt større variasjon frå år til år enn den globale temperaturen. Det har følgjeleg vore periodar med både stigande og fallande temperatur. Det var relativt kjølig i starten av det 20. hundreåret, mens 1930-åra var relativt milde. Det var igjen kjølig i 1960- og 70-åra, men sidan 1965 har temperaturen auka med rundt 0,4 °C pr. tiår. Vekstsesongen er blitt lengre over heile landet, og summen av fyringsgraddagar har minka.

Nedbør

For Fastlands-Noreg har årsnedbøren auka med knappe 20 prosent sidan år 1900. Det er særleg etter 1980 at nedbøren har auka. Første rad i tabell II.2 oppgir langtidstrenden i dei forskjellige nedbørregionane som er vist i figur II.2. Årsnedbøren har auka mest i Østfold og på Vestlandet (+2 prosent pr. tiår), mens det for eksempel ikkje har vore nokon auke på Varanger-halvøya.

Vind

For førekomsten av stormar i hav- og kystområda våre er det ingen klar trend sidan 1880. Det ser ut til å ha vore ein auke i stormfrekvensen i fleire område mellom 1960- og 1990-åra. Dette er truleg knytt til ei gradvis forsterking av NAO for same periode. Etter midten av 1990-åra har stormførekomsten minka igjen.

Snø

Langtidsvariasjonar i snøforhold er analyserte ved målestasjonar med 100 år lange tidsseriar. Snøsesongen er gjennom det 20. hundreåret blitt kortare dei fleste stader. Mange stader viser òg maksimal årleg snødjupn ein negativ trend. Det må her nemnast at det er få målestasjonar i høgfjellet.

Permafrost

Temperaturmålingar utført sidan 1999 viser at permafrosten i høgfjellet i Noreg no blir varma opp i eit høgt tempo, rundt 0,3 °C pr. tiår på 25 meters djupn, og at oppvarminga er merkbar 60 meter ned i grunnen i Jotunheimen.

Vassføring og flaum

Vassføringa varierer mykje frå år til år og tiår til tiår. Den observerte temperaturauken har generelt ført til auka vassføring om vinteren og våren. Det har vore ein tendens til tidlegare snøsmelting og difor tidlegare vårflaum dei seinare åra. Det er òg tendensar til at Søraustlandet har fått lengre periodar med låg vassføring om sommaren. Samtidig har større regnflaumar, som var vanleg i dei varme 1930-åra, igjen blitt hyppigare etter 1987.

Hav og is

Hundreårs tidsseriar av sjøtemperatur frå atlanterhavsvatnet som strøymer langs norskekysten og vidare inn i Barentshavet, viser ei gradvis oppvarming, sjølv om det er store variasjonar på forskjellige tidsskalaer. Sjølv om havnivået utanfor norskekysten har stige med 14 cm dei siste 100 åra, er det ikkje målt nokon generell auke i havnivået langs norskekysten for same tidsperiode. Årsaka til dette er at Fastlands-Noreg framleis hevar seg etter siste istid. Inst i Oslo- og Trondheimsfjorden er landhevinga på knappe 50 cm pr. 100 år, med fallande målt havnivå som resultat. Ytst på sør- og vestlandskysten er landhevinga svak, med svakt stigande havnivå som resultat.

Utbreiinga av sommarsjøis i Arktis, gitt som middelutbreiinga for september, har minka med ca. 30 prosent dei siste 30 åra. Om vinteren har reduksjonen vore relativt liten slik at i årsmiddel har reduksjonen vore 10–12 prosent i perioden. I Barentshavet har reduksjonen i isdekket vore størst om vinteren og minst om sommaren. Det siste skuldast at det er generelt lite is i Barentshavet om sommaren.

4.3 Klimautviklinga i dag

Perioden 1961–1990 er ein internasjonalt vedteken referanseperiode for klima. Denne blir bruka som grunnlag for «klimanormalar» heilt til det ligg føre målte verdiar for ein ny referanseperiode 1991–2020. Det har vore betydelege endringar når ein samanliknar perioden 1961–1990 med den siste trettiårsperioden 1979–2008. Kart over klimaforhold i denne perioden er tilgjengelege på www.klimatilpasning.no.

I dette kapitlet er beskrivne dei endringane vi har sett i løpet av desse 18 åra for ein del klima- og hydrologirelaterte variablar. Dette er endringar ein bør vere merksam på ved planlegging på kort sikt, opp til 20–30 år.

Temperatur

Årstemperaturen for Fastlands-Noreg har auka med 0,5 til 0,6 °C, dvs. nesten 0,3 °C pr. tiår (andre rad, tabell II.1), og på Svalbard med over 1,3 °C. Størst auke har det vore om vinteren. For Fastlands-Noreg har middels vintertemperatur auka med ca. 1 °C. Minst auke (0,3–0,4 °C) har det vore sommar og haust.

Varme døgn

Området der det førekjem døgn med middeltemperatur høgare enn 20 °C, har auka betydeleg. Området med «varme døgn» er blitt større på Austlandet, og det omfattar no òg store delar av sørlandskysten, og mindre område i indre fjordstrøk i Rogaland og Hordaland og indre delar av Trondheimsfjorden. Flest varme døgn er framleis inst i Oslofjorden.

Vekstsesong

Den temperaturbestemte vekstsesongen (talet på døgn med middeltemperatur over 5 °C) har auka med 1–2 veker over størsteparten av landet. Vekstsesongen er lengst ytst langs kysten av Vestlandet, og dei høgaste verdiane for vekstsesong i dette området har auka frå 225 til 238 døgn. Ein vegetasjonsindeks basert på kartlegging frå satellitt viser òg at vekstsesongen har blitt lengre over store delar av landet.

Fyringsbehov

Ein temperaturbestemt «fyringsgraddagsum» indikerer at energibehovet for oppvarming av bustader er redusert over heile landet. Størst reduksjon i graddagssum (meir enn 300) er det over store delar av Austlandet, i indre strøk av Trøndelag og Nordland og i store delar av Finnmark. Minst reduksjon (100–150) er det i ytre kyststrøk på Vestlandet og Trøndelag.

Middels nedbør

Årsnedbøren har auka i alle regionar, og for Fastlands-Noreg er middels auke på 5 prosent (nesten 3 prosent pr. tiår; rad 2 tabell II.2). Over store delar av Vestlandet har årsnedbøren auka med 5–10 prosent, men den største prosentvise auken er i eit lite område i indre Troms og i sørvestlege delar av Finnmarksvidda. I Nord-Noreg er det òg enkelte mindre område som har mindre årsnedbør enn i perioden 1961–90. For heile landet er auken størst om vinteren, 17 prosent, og i dei nedbørrike regionane på Vestlandet er auken på ca. 25 prosent. Nedbøren om hausten har minka med 3 prosent. Nedbøren om våren har auka i alle regionar, og for heile landet er auken på ca. 10 prosent. For den samansette serien frå Longyearbyen/Svalbard lufthamn er det inga endring i målt årsnedbør mellom dei to periodane. Der har nedbøren minka vinter, vår og sommar, men auka om hausten.

Kraftig nedbør

For kraftig nedbør (eitt-døgns nedbørverdi som berre er overskriden i 1 prosent av tilfella) har det berre vore heller små endringar.

Avrenning

Årsavrenninga i Noreg er berekna til å ha auka med 2,5 prosent. Den mest konsistente auken har skjedd i brevassdraga, og i breelvane frå Jostedalsbreen har årsavrenninga auka med 10 prosent. Middels årsavrenning for Noreg har auka mest om vinteren (23 prosent), men med store regionale variasjonar. Størst auke er det på Austlandet (51 prosent) og minst i Finnmark (1 prosent). Sommar og haust har det vore ein reduksjon i avrenning på ca. 1 prosent. Spesielt Austlandet, Sørlandet, Fosen og Nordland har blitt tørrare om sommaren. For brevassdraga har avrenninga auka i alle sesongar. Massebalansen for isbrear, som er eit uttrykk for tilvekst og avsmelting, har minka betydeleg i Jotunheimen, mens den for dei vestlege, meir maritime breane har auka sidan 1988. Auken i breavrenninga frå 1993 for sommar og haust skuldast auka bresmelting kombinert med meir nedbør som regn i den brefrie delen av feltet.

4.4 Klimautvikling fram til 2030

Projeksjonar for klimautvikling fram til midten og slutten av dette hundreåret er beskrivne i neste avsnitt. I mange sektorar er det behov for å vite kva som er venta klimautvikling dei nærmaste tiåra. På så kort tid ventar vi at naturlege variasjonar vil kunne samanliknast med eller dominere over dei menneskeskapte endringane. Ferske analysar antyder likevel at menneskeskapt klimaendring òg kan ha gitt betydelege bidrag til endringane dei siste par tiåra.

Det blir difor tilrådd å bruke data for siste 30-årsperiode (1979–2008) for planleggingsformål i dei kommande 20 åra. Dersom det skal gjerast overslag over ekstremhendingar, er det tilrådeleg framleis å bruke ein så lang periode som mogleg, men i tillegg inkludere data for dei 30 siste åra. I tillegg bør ein vurdere signala som kjem til uttrykk gjennom klimaframskrivingar.

5 Framtidig klima

5.1 Modellgrunnlag

Som eit utgangspunkt for arbeidet med å kartleggje framtidige klimaendringar er det utvikla fleire ulike utsleppsscenario. Befolkningsvekst og økonomisk og teknologisk utvikling er viktige premissar for desse. Det er vanleg å bruke tre hovudscenario for klimagassutslepp for å anslå endring i framtidig klima, kjent som scenario B1, A1B og A2. B1 er eit scenario som tek utgangspunkt i at dei globale klimagassutsleppa blir kraftig reduserte. A1B er eit «mellom»-scenario, mens A2 er beskrive som eit «business-as-usual»-scenario. Klimaendringane vil følgjeleg bli størst ved eit A2-scenario og minst ved eit B1-scenario.

Globale klimamodellar er det mest bruka verktøyet i arbeidet med å talfeste klimaet i framtida. Klimamodellane er baserte på vel etablerte naturlover, uttrykte som matematiske likningar, og bereknar for eksempel luft- og havtemperatur, havstraum og vind, skydekke, nedbør og havis på jorda. Saman med naturlovene inkluderer klimamodellane forenkla beskrivingar av til dømes varmestråling, skydekke, havis, fukt i jordsmon og utbreiing av snø og is på land og til havs.

Figur 5.1 Temperaturauke, A2 utsleppsscenario.

Figur 5.1 Temperaturauke, A2 utsleppsscenario.

Klimamodellane genererer vêr i atmosfæren og i havet dag for dag, og følgjeleg klima over tid. Vêr og klima som modellane genererer, avheng av ytre pådrag som variasjonar i tilført energi frå sola og partiklar frå store vulkanutbrot, interne variasjonar som skuldast utveksling av varme og fukt mellom atmosfære, landjord og hav, og menneskeleg påverknad grunna utslepp av klimagassar og -partiklar. Menneskeleg påverknad er oftast gitt ved utsleppsscenario B1, A1B og A2.

Figur 5.2 Temperaturauke, A1B utsleppsscenario.

Figur 5.2 Temperaturauke, A1B utsleppsscenario.

Klimaframskrivingar

Resultata frå globale klimamodellar blir nytta til å utarbeide klimaframskrivingar. Dette er konkrete tal som anslår endringar i for eksempel nedbør og temperatur i nær og fjern framtid. Deretter blir dei globale framskrivingane skalerte ned til regionalt nivå. Skaleringa gir både auka detaljrikdom og praktisk verdi. Noreg er for eksempel inndelt i 13 nedbørregionar og 6 temperaturregionar, sjå kart nedanfor. Framskrivingar i den vidare teksten som viser nedbørendringar, er presenterte prosentvis, mens temperaturendringane er presenterte i grader celsius.

Tala for atmosfæreklima er utarbeidde av resultat frå ei rekkje kopla klimamodellar og ein kombinasjon av utsleppsscenarioa B1, A1B og A2. For temperatur er det gjort ei samanstilling av i alt 72 forskjellige nedskalerte klimaframskrivingar, mens nedbørstala er eit resultat av samanstilling av 22 framskrivingar. Ved å kople ulike klimamodellar og utsleppsscenario blir framskrivingane meir robuste.

I rapporten er klimaframskrivingane delte i tre grupper. Middelverdien av dei nedskalerte temperatur- og nedbørsframskrivingane er oppgitt som M (middelframskriving). I tillegg er det presentert ei høg framskriving (H), der berre ti prosent av framskrivingane har høgare verdi. Tilsvarande er det presentert ei låg framskriving (L), der berre ti prosent av framskrivingane har lågare verdi.

Nokre av framskrivingane er i tillegg etterbehandla slik at dei gir klimainformasjon for punkt med ein kilometers avstand, og desse dekkjer heile Noreg. Resultata er nytta til å rekne ut endringar i mellom anna vekstsesong og hydrologiske variablar (til dømes vassføring inkludert flaum og tørke, markvatn og grunnvatn), og kan framstillast i form av kart. Detaljrikdommen i slike kart gjer det lett å gløyme at dei er hefta med uvisse. For å sjå resultata for desse eksempelframskrivingane i perspektiv er det viktig å ta omsyn til kor dei er plasserte i forhold til «låg», «middels» og «høg» klimaframskriving.

Kjelder til uvisse

Det er fleire typar uvisse knytt til klimaframskrivingar, både på globalt og regionalt nivå. Nokre av kjeldene til uvissa kan talfestast, mens andre berre kan estimerast. Det som er uvisst, kan delast i fire kategoriar:

Naturleg klimavariasjon: Naturlege variasjonar i klimaet skjer både på mindre geografiske område og i langt større målestokk. Slike svingingar varer typisk frå nokre få år og opp til eitt til fleire tiår, og i enkelte tilfelle i meir enn 100 år.

Naturleg klimapådriv: Endringar i klimapådriv som menneskja ikkje kan kontrollere. Det kan for eksempel vere vulkanutbrot eller endringar i stråling frå sola.

Menneskeskapt klimapådriv: Effektar av menneskeleg aktivitet, i hovudsak utslepp av klimagassar og -partiklar frå forbrenning av kol, olje eller gass. Hogst av skog, endringar i bruk av land og sementproduksjon er andre faktorar som påverkar klimaet.

Mangelfull kunnskap: Klimasystemet er komplisert, og det lèt seg ikkje gjere å forstå fullt ut korleis det fungerer. Det vil alltid vere uvisse knytt til prosessar i atmosfæren, i kryosfæren, som er område med snø og alle former for is – sjøis, isbrear og iskapper og is på elver, vatn i havet og på landjorda, og til vekselverknader mellom desse.

Det er sjeldan mogleg å varsle naturlege klimavariasjonar. Det er òg slik at naturlege variasjonar for eitt til to tiår fram i tid kan vere sterkare eller kan samanliknast med effektane av menneskeskapt klimapådriv. Naturlege klimavariasjonar er generelt større og meir merkbare regionalt enn globalt. Noreg har for eksempel eit spesielt mildt klima, men er avhengig av at vestavindsbeltet transporterer mild og fuktig luft inn mot landet, slik det gjer i dag. Dersom Noreg får hyppigare innslag av austlege vindar for ein enkeltvinter eller for ein lengre periode, vil dette føre til betydeleg kaldare vintrar (som vinteren 2009/2010 var eit eksempel på).

For dei næraste to til tre tiåra er det mest formålstenleg å samanlikne endringar i observert klima frå den siste 30-årsperioden (1979–2008) med den såkalla normalperioden (1961–1990). Dette vil gi eit betre bilete av klimautviklinga på kort sikt enn framskrivingar frå globale klimamodellar som er meir relevante for eit lengre tidsperspektiv. For tidsperioden frå rundt 2030 og utover i dette hundreåret er det tilrådd å leggje «låg», «middels» og «høg» klimaframskriving til grunn for klimatilpassingstiltak. For denne tidsperioden er det venta at menneskeskapte klimagassutslepp vil påverke klimaet i betydeleg grad.

5.2 Framskrivingar av atmosfæreklima

Lufttemperatur

Alle klimaframskrivingane tilseier at det blir varmare i alle landsdelar og for alle årstider i løpet av inneverande hundreår. Låg, middels og høg framskriving viser ein auke i årsmiddeltemperaturen i Noreg på respektive 2,3 °C, 3,4 °C og 4,6 °C innan år 2100. Utrekningane viser at temperaturauken blir størst i vinterhalvåret og minst om sommaren. Årsmiddeltemperaturen er utrekna til å auke mest i Finnmark, der låg framskriving viser ein auke på 3 °C og høg framskriving ein auke på 5,4 °C. På Vestlandet er tilsvarande tal 1,9 °C og 4,2 °C.

Eksempelframskrivingar tilseier at døgn med middeltemperatur over 20 °C, som hittil stort sett har førekomme i området rundt Oslofjorden, langs Sørlandskysten og dalstrøk på Austlandet, er venta å førekomme langt hyppigare i desse områda, og vil dessutan i aukande grad kunne førekomme i indre fjordstrøk og lågareliggjande innlandsstrøk i heile landet.

Figur 5.3 Temperaturregionar i Noreg

Figur 5.3 Temperaturregionar i Noreg

Tabell 5.1 Observerte og utrekna trendar i årsmiddeltemperatur (gitt i °C pr. 10-år) for forskjellige temperaturregionar (sjå figur II.1) og for Noreg (N).

Lineær temperaturtrend (°C pr. tiår)*

Temperaturregion

1

2

3

4

5

6

Noreg

Obs 1900–2008

0,08

0,05

0,10

0,10

0,06

0,07

0,08

Obs1961–90 til 1979–2008

0,32

0,24

0,28

0,26

0,27

0,29

0,29

Middel-framskriving

0,31

0,28

0,29

0,31

0,38

0,38

0,31

Låg-framskriving

0,21

0,17

0,20

0,21

0,28

0,27

0,21

Høg-framskriving

0,44

0,38

0,40

0,42

0,47

0,49

0,44

* For å rekne ut total endring over ein gitt periode må ein multiplisere med talet på tiår.

Første rad gir observert lineær trend i perioden 1900 til 2008. Andre rad gir trend basert på observerte temperaturendringar frå perioden 1961–1990 til 1979–2008. Tredje til femte rad gir utrekna trendar frå 1961–1990 til 2071–2100 ifølgje respektive middels, låg og høg temperaturframskriving.

Figur 5.4 Kart over temperatur årsgjennomsnitt 2050/2100

Figur 5.4 Kart over temperatur årsgjennomsnitt 2050/2100

Kjelde: Klimatilpasning.no

Figur 5.5 Kart over årstidsvariasjon temperatur 2100

Figur 5.5 Kart over årstidsvariasjon temperatur 2100

Kjelde: Klimatilpasning.no

Døgn med nullgradspasseringar

Døgn med nullpunktspasseringar er som døgn med maksimumstemperatur over 0 °C og minimumstemperatur under 0 °C. Utrekningane som ligg til grunn for denne utgreiinga, har ikkje fanga endringar i nullpunktspasseringar, men tidlegare undersøkingar tyder på at talet på slike dagar i året kan reduserast med mellom 10 og 60 prosent i kystnære strøk mot slutten av dette hundreåret. I innlandsstrøk og fjellområde er det berekna mellom 10 prosent reduksjon og 10 prosent auke. Mange stader vil nok talet på døgn med nullpunktspasseringar minke vår og haust, mens det kan auke om vinteren.

Vekstsesong og fyringsbehov

Vekstsesongen i Noreg er definert som talet på dagar med middeltemperatur over 5 °C. Den er venta å bli betydeleg lengre i løpet av hundreåret. Utrekningar viser ein auke på 1–2 månader over store delar av landet, og 2–3 månader i nokre høgareliggjande område. Det er teke i bruk eksempelframskrivingar som ligg nær middels framskriving for sommartemperatur. Det er ikkje gjort utrekningar for høg og låg framskriving, men ved høg framskriving kan auken ventast å bli enda større.

Det framtidige behovet for oppvarming av bygningar er utrekna til å bli mindre i heile landet. Som eit mål på energibehov til oppvarming er nytta årssummen av fyringsgraddagar. Ein fyringsgraddag er definert som differansen mellom døgnmiddeltemperatur og ein terskelverdi på 17 °C og er sett lik null for døgn med middeltemperatur over 10 °C. Det inneber at ein dag med døgnmiddeltemperatur på –10 °C vil bidra med eit fyringsgraddagstal på 17–(–10) = 27. Fyringsgraddagsummen er summen av slike verdiar. I dag er årssummen av fyringsgraddagar lågast på Vestlandskysten, med ein verdi på rundt 3000. Årssummen av fyringsgraddagar er omtrent det dobbelte i indre strøk av Austlandet, i høgfjellet og i indre strøk av Nord-Noreg.

Ifølgje eksempelframskrivingar som ligg nær låg framskriving på vinterstid, er det berekna ein reduksjon på over 750 i befolkningstunge område nær kysten i Sør-Noreg, og over 1000 i innlandet og store delar av Nord-Noreg.

Nedbør

Både låg, middels og høg framskriving viser at den gjennomsnittlege årsnedbøren i Noreg er venta å auke i løpet av hundreåret med respektive 5, 18 og 31 prosent innan år 2100 for låg, middels og høg klimaframskriving. Landsgjennomsnittet for middelframskrivinga viser ein nedbørauke på rundt 20 prosent haust, vinter og vår, og 10 prosent om sommaren. Om hausten gir middelframskriving meir enn 25 prosent nedbørauke i vestlege strøk frå Vestlandet til Hålogaland, og om vinteren gir meir enn 25 prosent nedbørauke over store delar av Austlandet og indre strøk i Trøndelag. Om sommaren gir middelsframskrivinga ein nedbørreduksjon på 5 til 10 prosent på Aust- og Sørlandet, mens ho gir om lag 20 prosent nedbørauke i Nordland.

Nedbørframskrivingane viser store skilnader mellom låg og høg framskriving i alle dei 13 nedbørregionane. Middelframskrivinga viser ein trend som ligg nær observasjonane som er gjort gjennom det 20. hundreåret, mens høg framskriving i større grad harmonerer med den observerte utviklinga dei siste 20–30 åra.

Den låge framskrivinga gir redusert sommarnedbør i heile Sør-Noreg. På Sørlandet gir den ein reduksjon på nesten 30 prosent. Den høge framskrivinga gir i mange område meir enn 50 prosent auke i anten haust-, vinter- eller vårnedbør.

Middelframskriving gir fleire dagar med store nedbørmengder og høgare gjennomsnittleg nedbørmengd for desse dagane i heile Noreg og for alle årstider. Dette gjeld òg om sommaren i dei regionane der gjennomsnittsnedbøren er berekna å minke. Om vinteren og hausten gir middelframskrivning på landsbasis meir enn ei dobling av dagar med store nedbørsmengder.

Tabell 5.2 Observerte og utrekna nedbørtrendar (gitt i prosent av 1961–1990-verdi pr. tiår) for forskjellige nedbørregionar (sjå figur II.2) for Noreg.

Lineær nedbørtrend (prosent av 1961–1990-verdi pr. tiår)

Nedbørregion

1

2

3

4

5

6

7

8

9

10

11

12

13

Noreg

Obs.1900–2008

2,1

1,3

0,9

2,0

2,0

2,0

1,6

1,8

1,5

1,8

1,9

1,7

0,0

1,7

Obs.1961–90 til 1979–2008

2,4

2,2

2,5

4,5

3,7

3,3

2,7

3,2

2,5

2,4

2,6

3,9

2,2

2,9

Middels framskriving

1,1

1,1

0,8

1,7

1,7

2,0

1,7

2,0

2,1

2,0

1,7

1,5

1,4

1,7

Låg framskriving

0,2

0,5

-0,1

0,3

0,6

0,2

0,5

-0,1

0,2

0,1

0,4

0,6

0,1

0,5

Høg framskriving

2,0

1,7

1,5

3,0

3,0

3,3

2,4

3,9

3,6

4,7

3,9

2,5

2,7

2,8

* For å rekne ut total endring over ein gitt periode, må ein multiplisere med talet på tiår.

Framskrivingane anslår at talet på dagar der det fell mykje nedbør, vil auke utover i hundreåret. I tillegg er det venta at nedbørmengda vil auke desse dagane. Det gjeld for alle årstider og alle nedbørregionar. Samtidig er det verdt å merke seg at klimamodellane har for lita oppløysing til å gi direkte informasjon om byeverksemd. Det gjer at det er mykje uvisse knytt til desse framskrivingane.

Figur 5.6 Nedbørregionar i Noreg

Figur 5.6 Nedbørregionar i Noreg

Første rad gir observert lineær trend i perioden 1900 til 2008. Andre rad gir trend basert på observerte nedbørendringar frå perioden 1961–1990 til 1979–2008. Tredje til femte rad gir utrekna trendar frå 1961–1990 til 2071–2100 ifølgje respektive middels, låg og høg nedbørframskriving.

Figur 5.7 Kart over nedbør årsgjennomsnitt 2050 og 2100

Figur 5.7 Kart over nedbør årsgjennomsnitt 2050 og 2100

Kjelde: Klimatilpasning.no

Figur 5.8 Kart over nedbør årsvariasjon 2100

Figur 5.8 Kart over nedbør årsvariasjon 2100

Kjelde: Klimatilpasning.no

Byeverksemd og torevêr

Klimamodellane er ikkje detaljerte nok til å gi direkte informasjon om byeverksemd. Middelframskrivinga tilseier likevel at dagar med store nedbørsmengder er venta å auke i alle regionar og årstider. Dette indikerer auka frekvens av kraftige regnbyer, som igjen kan gi auka risiko for torevêr og lynnedslag.

Vind og ising

Klimamodellane viser lita eller inga endring i gjennomsnittlege vindforhold over Noreg fram mot år 2100. Nokre resultat indikerer likevel at høge vindstyrkar kan bli hyppigare. Utrekningar viser at stormbaner og polare lågtrykk kan forskyvast nordover med auka oppvarming. Det kan gi lokale endringar i både vindstyrke og vindretning, men svakheiter i klimamodellane gjer at det er for tidleg å konkludere om dette. Framtidige endringar i risiko for ising kan ikkje reknast ut direkte frå eksisterande klimamodellar.

5.3 Framskrivingar av hydrologi og skred

Avrenning

Avrenning heng nøye saman med nedbør og nedbørendringar, men vil òg bli påverka av auka temperatur. Temperaturen har stor verknad på fordampinga og avgjer storleiken på mengda nedbør som blir lagra som snø. Temperaturen påverkar difor fordelinga av avrenning mellom årstidene.

Det er rekna ut at årsavrenninga vil auke for Noreg sett under eitt, men det kan ventast regionale skilnader. Generelt kan ein vente auka avrenning på hausten og vinteren, mens ein vil oppleve minka avrenning om sommaren fleire stader. I område med isbrear er det venta auka avrenning også om sommaren.

Snø

Det er rekna ut at snøsesongen blir kortare i heile Noreg fram mot slutten av hundreåret. Endringa vil truleg bli størst i låglandet, der ei framskriving som ligg nær middels for både temperatur og årsnedbør anslår at snøsesongen kan bli 2–3 månader kortare innan år 2100. Det betyr at område som i dag har snø i ein tilsvarande tidsperiode, kan ventast å vere snøfritt mot slutten av hundreåret. I høgfjellet og indre Finnmark kan gjennomsnittleg maksimalt snødjup auke fram mot midten av hundreåret, for deretter å minke.

Isbrear

Isbrear varierer i storleik både som følgje av endringar i sommartemperatur og endringar i vinternedbør. Det gjer at det er knytt betydeleg uvisse til den framtidige utviklinga av isbreane. Brear som ligg i innlandet, som for eksempel i Jotunheimen, vil truleg halde fram med å minke i takt med venta auke i sommartemperatur. Dei kystnære breane er derimot i større grad styrte av endringar i vinternedbør. Dei vil difor auke så lenge aukinga av vinternedbør er større enn auka smelting om sommaren. Ved å ta i bruk middels klimaframskrivingar for perioden 2071–2100 kan likevektslinja på breane anslåast til å bli liggjande i gjennomsnitt 350±100 meter høgare enn i dag. Likevektslinja er høgdenivået på breen der det er ein balanse mellom tilført snø vinterstid og smelta snø og is om sommaren. Ved ei slik utvikling kan 90 prosent av alle isbreane i Noreg smelte vekk, og 30–40 prosent av det totale brearealet vere borte innan år 2100.

Flaum

Framskrivingar for flaum er usikre, og det er store lokale variasjonar. Generelt kan ein vente auka storleik på regnflaumar, mens sannsynet for store smeltevassflaumar vil bli redusert. Høgare temperatur fører til at vårflaumen kjem stadig tidlegare, mens det blir fleire flaumar seint på hausten og om vinteren. Meir intens lokal nedbør vil særleg skape problem i små, bratte elver og bekkar og i tettbygde strøk.

Tørke

Høgare temperatur og noko redusert nedbør om sommaren vil gi redusert vassføring og større markvassunderskot. Det fører til meir alvorlege sommartørkar. Det er berekna små endringar på kort sikt, men betydelege endringar mot slutten av hundreåret. Det gjeld særleg i Sør-Noreg. Ei slik utvikling kan få følgjer for mellom anna lokal drikkevassforsyning og jord- og skogbruk. Sommartørke vil auke vatningsbehovet og faren for skogbrann.

Skred

Skred førekjem stort sett i bratt terreng, med unntak for leirskred i låglandsområde under marin grense. Det er vanleg å skilje mellom snøskred, fjellskred/steinsprang og lausmasseskred, som omfattar kvikkleireskred og jordskred/flaumskred.

Klima er ein av dei viktigaste utløysingsfaktorane for skred, og ekstreme vêrforhold kan vere årsak til både snøskred og jordskred/flaumskred. Det er ein klar samanheng mellom nedbør, temperatur og vindforhold og ulike former for snøskred. Høgare temperatur vil redusere risikoen for snøskred i område lågare enn 500–1000 moh, men auke faren for våtsnøskred og sørpeskred.

Høgare frekvens av periodar med stor nedbørintensitet vil auke faren for jordskred/flaumskred. Kvikkleireskred førekjem oftast som følgje av byggje- og anleggsverksemd, men kan òg utløysast under langvarige nedbørperiodar og når det er stor vassføring. Endringar i nedbørmønster kan auke risikoen for flaumskred og sørpeskred i område som ikkje har vore utsette tidlegare.

Det er komplekse årsaksforhold bak fjellskred og steinsprang. Det gjer det vanskeleg å knyte bestemte klimavariablar til slike skred.

5.3.1 Framskrivingar for havet

Havsirkulasjon

Atlanterhavsstraumen fører med seg varme som er viktig for klimaet i Noreg. Det er spekulert i om denne straumen vil bli svekt i eit varmare klima. Dette vil i så fall redusere noko av havet sin medverknad til det milde klimaet i Noreg. Utrekningar ved hjelp av klimamodellar viser at Atlanterhavsstraumen kan bli noko redusert i dette hundreåret, men ingen av klimamodellane indikerer at den viktige og omfattande havsirkulasjonen i dette området vil kollapse. Det er heller ikkje registrert noko svekking av Atlanterhavsstraumen i instrumentelle observasjonar dei siste 50 åra. Klimamodellane indikerer at auken i lufttemperatur vil meir enn kompensere for redusert varmetransport i havet. Det er difor venta at havområda utanfor Noreg vil bli varmare.

Lokal sjøtemperatur

Dei globale klimamodellane har for grov oppløysing til å kunne beskrive havsirkulasjonen og dei topografiske detaljane i Nordsjøen, Barentshavet og langs den norske kysten på ein god måte. I tillegg manglar informasjon om viktige prosessar, som mellom anna tidvatn. Difor er det nødvendig å skalere ned dei globale klimamodellane til regionalt nivå. Nedskalering korrigerer ikkje alle feil og manglar i dei globale modellane, men det er dokumentert at det gir betydeleg tilleggsverdi.

Det er langt færre klimamodellar som er skalerte ned for havet enn for atmosfæren. Difor er det ikkje mogleg å definere låg, middels og høg framskriving for havklimaet, men det er utarbeidd eit fåtal eksempelframskrivingar. Utrekna endringar i overflatetemperatur i norske havområde i løpet av dette hundreåret er:

  • Årsmiddeltemperaturen for Nordsjøen er venta å auke med 1,5 °C til 2 °C, med ei svakare oppvarming på 0,5 °C til 1,5 °C om hausten. Tilsvarande temperaturauke gjeld det meste av sørlands- og vestlandskysten.

  • Temperaturauken er venta å bli 0,5 °C til 1,5 °C mindre for kyststrekninga nord for Stadt enn områda sør for Stadt.

  • Det er svært usikkert korleis temperaturen vil utvikle seg i Barentshavet, då dei globale klimamodellane generelt har problem med å beskrive utbreiinga av havis på ein realistisk måte. Enkelte resultat indikerer ei oppvarming på 0,5 °C til 1 °C, men det finst ikkje nok kunnskap til å konkludere om dette.

Havforsuring som følgje av at havet tek opp menneskeskapt CO2

Sidan starten på den industrielle revolusjonen har havet absorbert rundt 40 prosent av all CO2 som kjem fråfossilt brensel og sementproduksjon. Det har ført til at pH-verdien i havet fell og blir surare, og nordlege havområde er spesielt utsette. Årsaka til dette er at CO2 løyser seg betre i kaldt enn i varmt vatn. I opne havområde er havet basisk (> 7,0) med typisk pH-verdi mellom 7,9 og 8,3. Så langt har pH-nivået falle med 0,1 pH-einingar som svarar til 25 prosent auke av hydrogen-ion i havet.

Forsuringa er i hovudsak ei direkte følgje av at havet tek opp menneskeskapt CO2, og skjer såleis uavhengig av global oppvarming. Endringar i sirkulasjonsmønster og lagdeling i havet og produksjonen av planteplankton kan òg påverke pH-verdien i havet. Forsuringa er ofte omtala som «det andre CO2-problemet».

Dei kjemiske prosessane som fører til forsuring er godt kjende, og framtidig utvikling av pH-verdien i havet kan reknast ut ved hjelp av utsleppssenario. Det er betydeleg uvisse knytt til kor store dei framtidige CO2-utsleppa vil bli, men havforsuringa er venta å akselerere utover i dette hundreåret. Det er rekna ut at norske farvatn kan oppleve ein nedgang på minst 0,5 pH-einingar innan år 2100.

Det er mangelfull kunnskap om korleis havforsuringa vil påverke det marine økosystemet, men det er frykta at betydeleg forsuring kan gi alvorlege konsekvensar. Uroen er særleg retta mot organismar med skal av kalk, då eit surare hav vil gjere det vanskelegare å danne og oppretthalde kalkskal.

Bølgjer

Bølgjehøgd og retning er bestemt av atmosfæriske forhold som vind og lufttrykk. Det er venta at klimaendringar som påverkar vindforholda, vil gi endringar i bølgjeforholda òg.

Det er gjort eit fåtal utrekningar av framtidige bølgjeforhold basert på utvalde klimaframskrivingar. Dei viser relativt små endringar langs mesteparten av norskekysten. Nordsjøen/Skagerrak er eit unntak med berekna 6–8 prosent auke i signifikant bølgjehøgd for dei mest ekstreme bølgjene. Da fleire av dei globale klimamodellane har systematiske svakheiter for Barentshavet, er det ikkje mogleg å konkludere om korleis bølgjeforholda vil utvikle seg i dette området.

Sjøis

Både utbreiinga og tjukkleiken på sjøisen i Arktis har minka dei siste par tiåra. Frå 2005 har den gamle fleirårsisen som er ti år eller eldre i praksis forsvunne. Det er stort sprik mellom forskjellige klimaframskrivingar om kor raskt isdekket vil minke, men fleire studiar indikerer at Arktis kan bli isfritt om sommaren frå rundt midten av dette hundreåret.

Sjølv om trenden viser at isdekket blir redusert, er det venta store svingingar frå år til år. Det finst i dag ingen god metode for å varsle variasjonar i isdekket på kort sikt, som eitt til to tiår fram i tid.

5.4 Framtidig havnivåstigning i norske kystkommunar

Det globale havnivået stig no med vel tre millimeter pr. år. Det skuldast i hovudsak at vatn utvidar seg når havet blir varmare, såkalla termisk ekspansjon, og at landis (brear og iskapper) smeltar.

I løpet av det 21. hundreåret er havnivået venta å stige med rundt 70 centimeter langs sør- og vestlandskysten, rundt 60 centimeter i Nord-Noreg og rundt 40 centimeter inst i Oslofjorden og Trondheimsfjorden (Havnivåstigning – estimater av framtidig havnivåstigning i norske kystkommuner, 2009). Dei lokale variasjonane skuldast ulik grad av landheving langs norskekysten, med minst landheving ytst på sørlands- og vestlandskysten. Dei oppgitte verdiane har ei estimert uvisse på –20 til +35 cm.

Det er særleg knytt uvisse til kor raskt isen på Grønland og i Antarktis vil smelte. Forenkla modellar og kunnskap om tidlegare varmeperiodar indikerer at det er lite truleg med ei havnivåstigning på under 0,5 meter i løpet av det 21. hundreåret. Det er ikkje truleg, men heller ikkje umogleg, at den globale havnivåstigninga kan overstige éin meter innan 2100. Det er berre akselerert smelting av Grønland og isen i Antarktis som kan gi ei havnivåstigning på meir enn 0,5 meter i dette hundreåret.

Tabell 5.3 Nedre og øvre verdiar for venta havnivåstigning og stormflod (100 års returnivå) i år 2050 og 2100, inkludert effekten av landheving. Endringane er relativt til år 2000. NN1954 svarar til nullkoten på landkart.

2050

2100

Endring i havnivå (cm)

Stormflo (cm) relativt NN1954

Endring i havnivå (cm)

Stormflod (cm) relativt NN1954

Min.

Maks.

Min.

Maks.

Min.

Maks.

Min.

Maks.

Tromsø

10

32

229

251

43

98

267

322

Trondheim

–1

21

246

268

22

77

274

329

Bergen

15

37

178

200

53

108

221

276

Stavanger

17

39

143

165

58

113

189

244

Oslo

–1

21

189

211

21

76

216

271

Tabell 5.3 viser estimerte grenser for endring i havnivå, inkludert effekten av landheving, for nokre av Noregs største kystbyar. I tillegg er det vist kor høgt ei stormflod kan ventast å stå relativt til nullkoten på landkart. Det siste uttrykt som 100 års returverdi basert på observert stormflod for dei siste 50–100 åra. Tilsvarande verdiar for alle norske kystkommunar er gitt på www.klimatilpasning.no.

5.5 Bruk av dei ulike klimaframskrivingane

Som nemnt i innleiinga av kapitlet er det fleire grunnar til uvisse knytt til framtidig klimautvikling. Dette gir spreiing mellom forskjellige klimaframskrivingar, og det er ikkje mogleg å talfeste kor sannsynleg den enkelte klimaframskrivinga er. Difor må brukarar av klimaframskrivingane vurdere ulike problemstillingar i lys av risiko, sårbarheit eller eventuelle moglegheiter.

Inndelinga i låg, høg og middels framskriving for temperatur, nedbør og havnivå er meint som eit hjelpemiddel for brukarar av klimaframskrivingane. Resultata og utrekningane som er presenterte, er baserte på alle tilgjengelege klimaframskrivingar for Noreg. Alle framskrivingane for temperatur og havnivå anslår ein auke. Dette er òg tilfelle for nedbør på årsbasis i Noreg. For enkelte årstider, særleg om sommaren, anslår derimot låg framskriving, og enkelte stader middels framskriving, redusert nedbør.

Utvalet tilrår at ein vurderer moglege konsekvensar og tiltak med utgangspunkt i den eller dei framskrivingane som inneber størst utfordringar. Det vil normalt sett vere høg framskriving som inneber størst utfordringar, fordi den viser størst endringar samanlikna med klimaet i dag, men dette bør avvegast. Risiko for tørke og skogbrannfare bør for eksempel vurderast opp mot låg nedbørframskriving, mens det for flaumrisiko er tilrådd å vurdere konsekvensar og tiltak med utgangspunkt i høg nedbørframskriving.

Det kan vidare ikkje sjåast bort frå at faktisk klimautvikling kan liggje under «låg» eller over «høg». For vurderingar av problemstillingar der konsekvensane av klimaendringar kan bli spesielt alvorlege eller omfattande, bør ein difor vere klar over at klimaendringar kan hamne utanfor spennet mellom låg og høg klimaframskriving. Med klimautvikling i dag og eksisterande kunnskap er det vurdert som meir truleg at den framtidige temperaturutviklinga vil liggje nærare (eller over) høg enn rundt låg framskriving. Modellresultat tyder vidare på at avvika frå middels temperaturframskriving er størst på oversida. Enkelte av klimaframskrivingane indikerer at oppvarminga kan bli fleire grader høgare enn tala for høg framskriving. Det er derimot ingen utrekningar som viser særleg mindre oppvarming enn låg framskriving. Dette skuldast at det generelt er fleire forsterkande enn dempande tilbakekoplingar i klimamodellane. Ein måte å ta omsyn til risikoen for at klimaendringar plasserer seg utanfor spennet mellom høg og låg framskriving er å anslå terskelverdiar for når utfordringar vil inntreffe og eventuelle tiltak må setjast inn.

Heilskaplege vurderingar av konsekvensar for samfunnet bør ikkje byggje på framskrivingar som står i motsetning til kvarandre. Det er likevel viktig å påpeike at det ikkje er ein konsekvent samanheng mellom låg, middels og høg temperatur- og nedbørframskrivingar, eller mellom framskrivingane for dei forskjellige årstidene. Det er med andre ord fullt mogleg å kombinere høg temperaturframskriving med både låg og høg nedbørframskriving. Problemstillingane ein står overfor, er avgjerande for kva klimavariablar ein bør vurdere.

Eksisterande klimamodellar gir ikkje tydelege kvantitative endringssignal for alle klimaforhold. Det gjeld for eksempel vind- og isingsforhold, korttidsnedbør og lynnedslag. Men klimamodellane er under stadig utvikling, og utvalet tilrår at resultat frå nye modellberekningar blir gjennomgått kvart femte til tiande år, med sikte på å utbetre og detaljere klimaframskrivingane. Utvalet tilrår vidare at observasjonar av klimavariablar blir analyserte jamleg. Dette er ein føresetnad for å identifisere og tolke endringar. For enkelte klimavariablar, som for eksempel kortidsnedbør og vind, bør det vurderast om det eksisterande observasjonsnettverket er tilstrekkeleg.

Til forsida