Høringssvar fra Språkrådet

Dato: 20.01.2023

Høyringssvar NOU 2022: 9 En åpen og opplyst offentlig samtale

Språkrådet viser til høyringsbrevet frå Kultur- og likestillingsdepartementet (datert 29.9.2022) om NOU 2022: 9 En åpen og opplyst offentlig samtale. Hovudpunkta i merknadene frå Språkrådet er:

  • Utgreiinga legg ikkje til grunn at språk er ein heilt vesentleg infrastruktur for ytringsfridom, og overser dermed den avgjerande samanhengen mellom tilgang til språk og tilgang til å ytre seg. Dette står heilt sentralt i den norske språkpolitikken. Språkrådet må derfor i denne høyringsfråsegna peike på ei rekke tilfelle der kommisjonen har oversett omsyn som gjeld dei grunnleggande føresetnadene for ytringsfridom.
  • Konsekvensane av digitalisering stod sentralt i mandatet til Ytringsfridomskommisjonen. Den endelege rapporten drøftar ikkje konsekvensane det har for ytringsfridommen at mindre brukte språk står svakt på digitale plattformer. Det er ei stor svakheit.
  • Språkrådet meiner at kommisjonen overser så sentrale føresetnader for ytringsfridom at tilrådinga i NOU 2022: 9 ikkje kan leggast til grunn for vidare arbeid med ytringsfridom utan at det blir gjort eit supplerande utgreiingsarbeid først.

Bakgrunn for merknadene

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følger opp språkpolitikken som er fastlagd i Prop. 108 L (2019–2022) Lov om språk (språklova).

Språklova blei vedtatt av Stortinget i 2021 og tok til å gjelde 1.1.2022. Lova skal sikre språklege rettar for befolkninga i Noreg, og er grunngitt i og ei konkretisering av § 100 sjette ledd i Grunnlova, det såkalla infrastrukturkravet: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.» Språk er slik ein føresetnad for at ein i det heile skal kunne ytre seg, og er å forstå som ein grunnleggande infrastruktur for ytringsfridom.

Språklova er til for å sikre tilgang til norsk og dei andre språka det offentlege har eit særleg ansvar for (§ 1). Norsk – med bokmål og nynorsk som likestilte skriftspråk – er og skal vere fellesspråket (§ 4). Samtidig skal dei andre språksamfunna ha tilgang til å bruke og møte språka sine (§ 1).

Merknader frå Språkrådet

I utgreiinga som heilskap manglar perspektivet om at språk er ein grunnleggande føresetnad for ytringsfridom. Kommisjonen ser dermed heilt vekk frå språkpolitikk, som har utgangspunkt i § 100 i Grunnlova. Språkrådet må minne om at språk som føresetnad for deltaking i samfunnsliv og demokrati har vore eit sentralt politisk tema i Noreg gjennom dei siste 150 åra, både når det gjeld tilhøvet mellom bokmål og nynorsk (tidlegare riksmål og landsmål), når det gjeld tilhøvet mellom dei norske urfolks- og minoritetsspråka og norsk, og særleg etter tusenårsskiftet òg når det gjeld tilhøvet mellom norsk og engelsk.

Hovudinnvendinga til Språkrådet mot NOU 2022: 9 er at utgreiinga derfor har alvorlege manglar. Språkrådet meiner mangelen på språkperspektiv er ei så vesentleg svakheit ved utgreiinga at vi ber om at eit supplerande utgreiingsarbeid blir gjort før denne NOU-en kan leggast til grunn for vidare arbeid med ytringsfridom.

Merknadene frå Språkrådet vil dermed vere prega av at den framlagde utgreiinga ikkje tar dei naudsynte språkpolitiske omsyna. Språkrådet ser seg også nøydde til heilt overordna å omtale relevansen språka våre og tilhøva deira har for ytringsfridommen.

Språkrådet omtalar i denne høyringsfråsegna berre dei språka vi har ansvar for etter dei språkpolitiske prinsippa i språklovsproposisjonen: norsk (bokmål og nynorsk), kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Når det gjeld detaljar om samiske språk, viser vi til Sametinget.

Språkrådet vil understreke at sjølv om vi legg vekt på kor viktig det er å styrke det tradisjonelle norske språkmangfaldet og tilgangen til desse språka, må ikkje dette tolkast som at ein bør gjere det på kostnad av det større språkmangfaldet i Noreg. Fleirspråklegheit må sjåast på som ein styrke både for den einskilde og for samfunnet.

Merknad om språk som føresetnad for å kunne ytre seg (kapittel 6)

Tilgang til språk og høve til å få bruke språket sitt er ein grunnleggande føresetnad for å kunne ytre seg. Språklova definerer kva språk det offentlege har ansvar for, og det offentlege har eit særleg ansvar for at brukarane av desse språka skal kunne ytre seg på dei språka.

Norsk språk som nasjonalt hovudspråk

Språklova § 4 slår fast at norsk – med dei likestilte skriftspråka bokmål og nynorsk – er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og språklovsproposisjonen slår fast at dette reint deskriptivt vil seie at norsk er språket alle «må meistre for å vere deltakarar i demokratiet» i landet. Føremålet med lova etter § 1 er også nettopp å styrke norsk slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne brukast overalt i samfunnet. Dette føremålet er ei presisering av infrastrukturkravet i § 100 i Grunnlova.

For at norsk skal fungere som infrastruktur for offentlegheita, er det naudsynt at flest mogeleg har tilgang til norsk språk, at norsk språk kan vere brukeleg til alt vi har behov for å kunne uttrykke, og at det finst norskspråklege arenaer for alle tema (som språkbrukarane kan gjere bruk av). Dette er stort sett ikkje diskutert i utgreiinga, sjølv om desse aspekta er tematiserte i meldingsdelen av språklovsproposisjonen. Det materialet burde kommisjonen gjort bruk av.

Språkrådet vil særleg peike på tilgang til norsk som eit lite diskutert tema. Reell tilgang til å lære og bruke fellesspråket norsk er ein føresetnad for å kunne gjere nytte av rettane ytringsfridommen gir. Innbyggargrupper som ikkje meistrar norsk, har i realiteten langt mindre høve til å bruke ytringsfridommen og andre demokratiske rettar enn kva andre har.

Kommisjonen tar opp språk i kapittel 6.4 og kapittel 6.5. I kapittel 6.4. skriv dei: «Språk er en grunnleggende forutsetning for å ha tilknytning til og å kunne delta i offentligheten. Dette krever språkopplæring og -kunnskap.» Deretter skriv dei at mange innvandrar som deltar i obligatorisk opplæring, ikkje har «de norskferdighetene som anses som et minimumskrav blant arbeidsgivere».

Dette er ei svært overflatisk framstilling. Når det gjeld norskopplæring til innvandrarar, vil Språkrådet peike på at det berre er nokre innvandrargrupper som har rett på norskopplæring, og at til dømes arbeidsinnvandrarar (både frå EØS-land og frå tredjeland) ikkje har rett på norskopplæring. Språkrådet viser elles til arbeidsinnvandrarutvalet, som i NOU 2022: 18 har konkludert med at meir norskopplæring er naudsynt for betre integrering av arbeidsinnvandrarar i arbeids- og samfunnslivet.

Innvandrarar får demokratiske rettar gjennom å vere busette i landet. Til dømes vil ein etter å ha vore folkeregistrert i tre år få røysterett i kommune- og fylkestingsval, og ein blir samtidig valbar til verv i slike val (vallova, høvesvis §§ 2-2 og 3-3). Manglande tilgang til norsk språk avgrensar høvet til i praksis å kunne utøve desse rettane og til å delta i den politiske offentlegheita. Det er grunnleggande sett eit demokratisk problem.

Kommisjonen fremmar forslag til utdanningstiltak i kapittel 6.8.2. Her vurderer dei ikkje i det heile tiltak for språkkompetanse, verken i norsk eller i andre språk. Språklovsproposisjonen trekker samtidig fram nettopp norskopplæring for EØS-borgarar som eit viktig tiltak. Det same gjer arbeidsinnvandrarutvalet i NOU 2022: 18.

Språkrådets syn er at det gir lite meining å snakke om «brei deltaking» utan ein grundig diskusjon av kven som har og ikkje har tilgang til språk som den grunnleggande føresetnaden for å delta i den nasjonale ytringsfellesskapen.

Nynorsk
Språklova § 1 gir det offentlege eit særleg ansvar for å fremme nynorsk, sidan det er det minst brukte norske skriftspråket. Sjølv om norsk generelt står sterkt, stiller nynorsk som mindretalsspråk svakare; å ytre seg på nynorsk kan gjere at ein møter hinder eller får negative reaksjonar på språkbruken sin. I merknaden til § 1 i språklova står det at likestilling mellom nynorsk og bokmål inneber at «nynorsk og bokmål skal tolast i bruk i alle delar av samfunnslivet, ikkje berre i det offentlege».

Nynorsk står sterkt på nokre område, som i litteraturen, men er svakare stilt på store område som populærkulturen og teknologifeltet. I Språkstatus 2021 har Språkrådet peikt på at det i praksis er vanskelegare å bruke nynorsk enn å bruke bokmål i det norske samfunnet, noko som gjer at fleire vel å byte skriftspråk bort frå nynorsk.

Kommisjonen vurderer ikkje på noko punkt situasjonen for nynorsk særskilt. Det skapar grunnleggande blindsoner i utgreiinga.

At nynorsk ikkje er tematisert nærare av kommisjonen, er overraskande av fleire grunnar. Overordna burde det vere vel kjent at politisk og frivillig arbeid med nynorsk dei siste 150 åra har skrive seg inn i ei demokrati-, deltakings- og ytringsfridomsramme heilt frå starten. Som døme kan det visast til at det over tid har vore peikt på som eit hinder for frie ytringar at mange norske mediehus heilt fram til i dag har hatt redaksjonelle føringar om ikkje å bruke nynorsk.

Ytringsfridom og mindretalsspråk

Å få ytre seg på eige språk er også ein sentral del av ytringsfridommen. Språklovsproposisjonen brukar omgrepet «språkleg fridom», som «inneber at enkeltmenneske får høve til å uttrykkje seg på førstespråket sitt og på fellesspråket norsk». Det offentlege ansvaret for infrastruktur for ytringsfridom etter § 100 i grunnlova er dermed eit fleirspråkleg ansvar.

Kommisjonen handsamar tema som gjeld mindretalsspråk, kort i diskusjonen kring samisk og samiskspråkleg innhald i media i kapittel 12.6.10. Språkrådet meiner likevel den samla handsaminga av samiske språk er mangelfull, men vi viser til Sametinget og går elles ikkje i detalj på samiske språk i høyringssvaret vårt. Vi vil minne om at samiske språk juridisk har status som urfolksspråk i Noreg, og ikkje som minoritetsspråk, som det står i rapporten frå kommisjonen.

Vi vil derimot kommentere nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk særskilt. Utgreiinga tar ikkje opp desse språka som språkleg og kulturelt likeverdige med norsk i det heile, og det utgjer eit stort hòl i arbeidet til kommisjonen. Språklova og språkpolitikken skal sikre at desse språka blir styrkte, og også at dei ikkje blir utsette for negative sanksjonar. Ei sentral språkpolitisk grunngiving for dette er å gi tilgang til deltaking og demokrati også for minoritetsspråkbrukarane. Når kommisjonen ikkje har omtalt nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, blir det vanskeleg å sjå kva utslag forslaga dei kjem med, gir for desse språka.

Nasjonale minoritetsspråk
§ 6 i språklova stadfestar at kvensk, romani og romanes er dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg, og at dei er likeverdige med norsk «som språklege og kulturelle uttrykk». Dei er også omfatta av rammekonvensjonen for nasjonale minoritetar. Artikkel 9 i konvensjonen forpliktar Noreg til å anerkjenne retten til ytringsfridom for minoritetane, inkludert «frihet til å ha meninger og å motta og meddele opplysninger og idéer på minoritetsspråket».

Språklovsproposisjonen er tydeleg på at kravet om å verne og fremme desse språka etter språklova § 1 bokstav c «utgjer eit ansvar for å setje i verk fleire positive tiltak for å auke bruken av kvensk, romani og romanes enn det som følgjer direkte av den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta».

Derfor er det ei stor forsømming at kommisjonen ikkje har diskutert tilhøva til dei norske nasjonale minoritetsspråka i det heile. Alle desse språka er sterkt truga og er i ein revitaliseringsfase, men med svært ulike utgangspunkt.

Overordna handlar det om heilt grunnleggande infrastruktur som manglar for desse språka. Infrastrukturen for opplæring i kvensk i skuleverket er mangelfull, og for romani og romanes er han heilt fråverande. Dette er vesentlege hinder for at språka skal kunne overleve, og for at dei nasjonale minoritetane skal kunne bruke språka sine i framtida. Språkrådet har fleire kommentarar om desse språka lenger ned i høyringssvaret.

Språkrådet vil også understreke at språkmiljøa alltid må takast med på råd i utviklinga av politikk som omfattar dei nasjonale minoritetsspråka. Det er derfor uheldig at kommisjonen ikkje har møtt representantar for dei ulike nasjonale minoritetane i innspelsrundane. Det er òg eit tankekors ut frå at mandatet til kommisjonen eksplisitt sette krav til at kommisjonen skulle hente inn innspel frå nasjonale minoritetar.

Norsk teiknspråk
Språklova § 7 slår fast at norsk teiknspråk er likeverdig med norsk som «språkleg og kulturelt uttrykk». Norsk teiknspråk er eit fullt utbygd språk på line med dei andre norske språka som språklova gir det offentlege eit særleg ansvar for.

Kommisjonen nemner teiknspråk to stader i utgreiinga, i boks 6.3 i underkapittel 6.3 om folk med nedsett funksjonsevne og i kapittel 3.5.4, i begge tilfella i samband med CRPD-konvensjonen. Det er positivt at kommisjonen trekker fram ytringsfridommen til personar med nedsett funksjonsevne, inkludert døve. Samtidig ser kommisjonen først og fremst ut til å forstå og handsame norsk teiknspråk som eit hjelpemiddel for personar med nedsett funksjonsevne, og ikkje som eit sjølvstendig og likeverdig språk. Dette er svært problematisk.

Språkrådet vil understreke at norsk teiknspråk blir brukt av langt fleire enn døve og høyrselshemma. Den eindimensjonale koplinga som set opp norsk teiknspråk som eit reint hjelpemiddel for personar med nedsett høyrsel, nedvurderer ikkje berre språket, men bidreg i praksis òg til å hindre at alle kan få tilgang til norsk teiknspråk.

Samtidig vil Språkrådet seie at det er eit stort problem at kommisjonen ikkje tematiserer norsk teiknspråk i det heile. For mange innbyggarar som har sterkt nedsett høyrsel eller er døve, er tilgang til norsk teiknspråk og teiknspråklege arenaer grunnleggande naudsynt for at dei i det heile skal lære språk og kunne kommunisere fritt. Konsekvensen av å ikkje få tilgang til norsk teiknspråk kan vere at ein ikkje tileignar seg eit funksjonelt språk (språkdeprivasjon), og det har svært negative konsekvensar for den einskilde, når det gjeld både utdanning, deltaking i arbeids- og samfunnsliv og høvet til å ytre seg. Det er òg eit stort problem for rettstryggleiken til denne innbyggargruppa.

Merknad om teknologi og språk (kapittel 7)

I kapittel 7 omtalar kommisjonen internett som «grunnleggende infrastruktur» for utøvinga av ytrings- og informasjonsfridom. Språk er ikkje tematisert i kapittelet.

Dersom internett skal vere ei «ryggrad for kommunikasjon mellom stat og borger og for bruk av ytringsfriheten i mellommenneskelige forhold», må eit regulatorisk minstekrav vere at borgarane kan bruke det nasjonale hovudspråket i denne «ryggrada». Om ein er tvinga til å nytte eit anna språk enn norsk (i praksis engelsk), betyr det reelt sett at denne ryggrada ikkje er allment tilgjengeleg. Rapporten nemner ikkje det særskilde ansvaret den norske staten har for dei norske urfolks- og minoritetsspråka. Slik internett fungerer, er det med på å styrke snarare enn å jamne ut det språklege hierarkiet som allereie finst i Noreg i dag.

I den digitale verda er norsk eit lite språk, og store teknologiselskap utviklar ofte ikkje teknologien sin på norsk med mindre det blir stilt krav og lagt til rette for dette frå det offentlege. Sjølv om brukargrensesnitt på dei store digitale plattformene ofte er tilgjengelege på norsk (i all hovudsak berre på bokmål), står det dårlegare til med andre delar av infrastrukturen, som korrekturverktøy, tekst-til-tale-verktøy, taleattkjenning, maskinomsetting og så vidare. Særleg for ulike grupper som treng hjelpemiddel, til dømes tekst-til-tale-verktøy for blinde og svaksynte eller taleattkjenning for automatisk teksting av video, er desse verktøya ein føresetnad for likeverdig tilgang til ytringsfridom og ytringar på internett.

Nynorsk
Når teknologiar blir omsette til norsk, betyr det som regel bokmål. I seg sjølv gjer dette nynorsk meir usynleg og meir marginalisert, men det gjer det òg vanskelegare for nynorskbrukarar å ytre seg på språket sitt. Korrekturverktøy på norsk kan som regel ikkje nynorsk (Google Docs skil ikkje mellom nynorsk og bokmål), det finst per i dag berre eitt diktatverktøy som skriv nynorsk, og maskinomsetting frå engelsk til norsk produserer berre bokmål. I tillegg fungerer dei fleste søkemotorane slik at om ein publiserer ei side på nynorsk, vil ho dukke opp langt nede i søkeresultatet, eller ikkje dukke opp i det heile dersom søket er gjort på bokmål. Å ytre seg på eige språk gjer dermed at ein som nynorskbrukar risikerer å bli gjord mindre synleg.

Samiske språk og nasjonale minoritetsspråk
Dei minste språka våre er også dei som er dårlegast stilte på internett. Plattformer og teknologiar har som regel inga støtte for urfolks- og minoritetsspråka våre. Til dømes manglar dei store plattformselskapa heilt grunnleggande ting som tastatur for samiske språk på mobiltelefonar.

Divvun og Giellatekno ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet arbeider med språkteknologi for samiske språk og andre urfolks- og minoritetsspråk, og har mellom anna laga tastatur og stavekontroll for ei rekke mindre brukte språk i Norden. Men det er framleis teknisk utfordrande å installere tastatur- og stavekontrollverktøya og å få dei til å verke saman med andre program og løysingar – til dømes skriveprogram frå Microsoft og Google. Dei grunnleggande tekniske hindera minoritetsspråk møter digitalt, gjer det å ytre seg på desse språka enda vanskelegare enn det har vore. I verste fall kan det bidra til at språk døyr ut.

Merknad om offentlegprinsippet og rett til informasjon (kapittel 11)

Kommisjonen understrekar at tilgang til informasjon er ein føresetnad for ein open og opplyst offentleg samtale. Språkrådet vil peike på at ein grunnleggande føresetnad for tilgang til informasjon i Noreg er tilgang til norsk språk – anten gjennom at ein kan språket sjølv, eller at det blir tilgjengeleg gjennom omsetting eller tolking.

Språkrådet vil også peike på kravet i § 9 i språklova om at det offentlege skal kommunisere med klart språk. For eit velfungerande demokrati, der alle skal få høve til å delta, er det viktig at det offentlege gjer informasjon tilgjengeleg i eit klart språk som innbyggarane kan forstå.

Uklart språk i det offentlege handlar etter kvart ikkje berre om gammaldags og framandgjerande kansellispråk. Språkrådet omtalte i 2018 Stavanger kommune si kartlegging av språket i kommunale politikkdokument. Undersøkinga viste at språket i desse dokumenttypane ofte er prega av så tåkete formuleringar at det blir vanskeleg å forstå meiningsinnhaldet.

Eit uklart språk i strategiar, planar og politiske saksframlegg gjer det i praksis vanskeleg for innbyggarane å delta i det politiske ordskiftet. Forskinga på klarspråksfeltet viser òg at uklart og lite tilgjengeleg språk kan vere eit trugsmål mot tilliten i samfunnet vårt.

Uklart språk gjer også at politikarar risikerer å ta avgjerder på feil grunnlag og utan å vere fullt informerte. Det gjer det også vanskeleg å følge opp dei politiske vedtaka administrativt, og det blir vanskeleg for media å stille kritiske spørsmål. Dette er òg eit problem for demokrati og ytringsfridom.

Språk og frie medium og ytringar (kapittel 12)

Som eit ledd i at norsk er hovudspråket i Noreg, er det også viktig at media og den offentlege redaktørstyrte ytringsfellesskapen i hovudsak kan vere på norsk. Det norske språket står sterkt i avisene, og grunnane til uro ligg heller i situasjonen for språket i nye medieformat, som dei store plattformene på nett. Der møter norskspråklege medium sterk konkurranse frå engelskspråklege aktørar.

Nynorsk
Språkrådet vil peike på at det er språklege utfordringar også for norsk på dette feltet, og det gjeld særleg nynorsk som mindretalsskriftspråket. Det er framleis slik at nynorsk er utestengd frå redaksjonell plass i fleire mediehus, og nynorsk har framleis lågare status enn majoritetsspråket bokmål.

Fleire mediehus har dei siste åra opna for meir nynorsk. Dette er ei positiv utvikling, men den faktiske bruken av nynorsk i mediehusa er framleis låg. Det er enda langt igjen før nynorsk har blitt likestilt og fått same status som bokmål i media.

Kommisjonen diskuterer kort at det er viktig med fleirspråklege medium. Språkrådet er samde i dette, men saknar ein grundigare diskusjon av utfordringar og løysningar på området i utgreiinga. Kommisjonen er innom samiske språk når dei diskuterer samisk innhald generelt. Språkrådet meiner det er positivt, men det manglar ei tydeleg vurdering av dei svært ulike situasjonane til dei ulike samiske språka. Vi viser elles til kommentarar frå Sametinget og andre samiske aktørar.

Nasjonale minoritetsspråk
Kommisjonen diskuterer ikkje utfordringane til dei nasjonale minoritetsspråka. Sjølv om både kvensk, romani og romanes er i ein revitaliseringsfase, har dei alle svært ulike utgangspunkt, og dei treng ulike typar støtte og tiltak for bli verna og styrkte.

Språkrådet viser til merknadene ovanfor om manglande konsultasjon med dei nasjonale minoritetane og at språklova og språkpolitikken stadfestar at det offentlege skal fremme desse språka.

Norsk teiknspråk
Det er uvisst kor mange som brukar norsk teiknspråk, men eit anslag er om kring 15 000. Det manglar grunnleggande språkstatistikk i Noreg, men det er grunn til å tru at norsk teiknspråk er blant dei større mindretalsspråka i Noreg.

Samtidig er det ein tydeleg mangel på mellom anna redaktørstyrte medium på teiknspråk. Teiknspråkredaksjonen til NRK og Døves Media tilbyr nyheits- og aktualitetsstoff på norsk teiknspråk, men innhaldet er i stor grad prega av omsett norskspråkleg journalistikk i staden for journalistikk laga på teiknspråk. Dei to nemnde redaksjonane publiserer heller ikkje nok innhald til at ein ut frå dette kan slå fast at brukarar av norsk teiknspråk har eit redaksjonelt likeverdig nyheits- og aktualitetstilbod. Språksamfunnet og ytringsfridommen til teiknspråkbrukarane blir skadelidande.

Språkrådet vil også vere klare på at tolking av norskspråkleg journalistikk ikkje er tilstrekkeleg for å dekke dette behovet. Tolking er svært viktig for at døve skal kunne ta del i den norskspråklege offentlegheita. Men norsk teiknspråk er eit eige språk, og språkbrukarane har rett til å tilhøyre ei medieoffentlegheit på eige språk òg. Slik tilhøyrsel kan ikkje tolking gi.

Merknad om ytringsfridom, språk og kunst (kapittel 14)

Språk er også ein del av den kunstnariske ytringsfridommen. At ein kan lage kunst på eige språk, er viktig både for den språklege fridommen til den einskilde og for at språket skal halde seg levande.

Kommisjonen er inne på dette når dei skriv om litteratur: «Norge trenger et mangfoldig litteraturtilbud, både på nynorsk, bokmål og de ulike mindretalls- og minoritetsspråkene i Norge.» Språkrådet saknar også her ei grundigare vurdering av kva utfordringar som finst på kunstfeltet for ytringsfridommen på dei ulike språka.

Dette er også eit felt der det ville vore særleg relevant å konsultere dei ulike språkmiljøa. Kva behov desse miljøa har, og kva kunstuttrykk dei vil prioritere, er av ulike grunnar svært ulikt, men det er ein tematikk som er fråverande i kapittelet.