Forsiden

Høringssvar fra Vinje kommune

Dato: 01.07.2021

Vinje kommune ønskjer at Staten sjølv tek det økonomiske ansvaret for nasjonal samfunnskritisk infrastruktur, også innan e-helse. Forslaget overlet til kommunane å betale for løysingar som dei ikkje nyttar, samt finansiere framtidig kostnadsvekst. Dette er heilt uakseptabelt.

På den eine sida skal ein ta fullt ansvar for felles kommunal journal, ettersom dette er eit kommunalt behov, men like fullt blir det her argumentert med at kommunane skal sørge for Statens e-helseløysingar. Vinje kommune saknar konsekvent opptreden frå Staten.

Rådmannen syner elles til merknader frå KS.

Vinje kommune krev at forslaget til endringar i pasientjournalloven og IKT-standardforskriften blir lagt bort.