Forsiden

Høringssvar fra Vaksdal kommune

Dato: 18.08.2021

Vaksdal kommune viser til forslag til endringar i pasientjournallova og IKT-standardforskrifta med frist for høyringssvar 18. august 2021.

Vaksdal kommune meiner det er svært uheldig at ein høyringsprosess med betydelege økonomiske og prinsippielle konsekvensar for kommunane vert gjennomført i sommarferien når det ikkje er politiske møte.

Vaksdal kommune meiner nasjonal og samfunnskritisk infrastruktur, inklusive dei nasjonale eHelseløysingane, må vera eit statleg ansvar som ikkje kan overførast til kommunane. Det vil også vera naturleg at viktige private aktørar, slik som t.d. avtalespesialistar og fastlegar sluttar seg til løysingane. Utan dette vil ein ikkje oppnå betre samhandling og pasientforløp, og ein når ikkje målsetninga.

Vaksdal kommune støttar KS sitt høyringssvar av 01.07.2021.