Forsiden

Høringssvar fra Bykle kommune

Dato: 17.08.2021

Bykle kommune viser til forslag til endringar i pasientjournallova og IKT-standardforskrifta - Tilgjengeliggjøring av og betaling for nasjonale e-helseløsninger, publisert 15. juni 2021, med frist for høyringssvar 18. august 2021.

Lovendringane gir staten vide fullmakter til å pålegge kommunane å ta i bruk nasjonale e-helseløysingar og plikt til å betale for desse, og dessutan heimel til å fastsetje storleik på betalinga – sjølv om kommunane ikkje nyttar seg av alle desse løysingane. Helse- og omsorgsdepartementet føreslår endringar i pasientjournallova §§ 8 og 21. Vidare føreslår departementet endringar i forskrift om IKT-standardar i helse og omsorgstenesta med nye §§ 9 til 19.

Bykle kommune er samd i at det er eit sterkt behov for samhandling på e-helseområdet, og at utvikling av nasjonale e-helseløysingar må styrkast og fremjast. Bykle kommune er likavel usamd i dei tiltaka og verkemiddel som vert føreslåtte. Bykle kommune støttar KS sitt høyringssvar (ref.19/02424-21) datert 01.07.2021 fullt og helt (vedlegg), oppsummert med følgjande punkt:

  1. Staten har eit samla finansieringsansvar for nasjonal infrastruktur, inklusiv nasjonal e- helse-infrastruktur som dei nasjonale e-helseløysingane er.
  2. Staten sitt forslag grip direkte inn i det kommunale sjølstyret ved at departementet vert gjeve høve til å prioritere bruk av kommunen sine frie inntekter på kommunestyrets vegner.
  3. Bykle kommune stiller seg kritisk til at staten gjennom forskrift kan pålegge kommunen å betale for kostnadsauken til drift og forvaltning av statlege e-helseløysingar.
  4. Lovforslaget legg til rette for vide fullmakter til departementet og staten utan at kommunen er sikra reell påverknad på utvikling, implementering av løysingar eller dekning av kostnader.
  5. Bykle kommune støttar KS sitt forslag om at Stortinget gjennom lov bør ramme inn ordninga ved å fastsetje prinsippa for evt. medfinansiering frå kommunen.
  6. Bykle kommune støttar KS sitt forslag om at det vert lagt opp til ein modell om at kommunen betaler for det dei faktisk bruk, og som har nytte og kan påverke utviklinga av.
  7. Bykle kommune støttar KS i at det er betenkeleg at det er lagt opp til at kommunen skal òg betale for tenester dei sjøl ikkje har moglegheit til å bruke eller er målgruppe for, og som ikkje er til nytte for kommunen. Det vil innebere ein direkte merkostnad for kommunen.
  8. Bykle kommune støttar KS i at innføring og bruk av nasjonale e-helsetenester må legge frivillighet til grunn og at staten ikkje kan pålegge kommunen dette. Kommunen er opptatt av god funksjonalitet som er tilpassa og som bidrar til auka kvalitet og effektivitet i tenesta.

Høyringsprosessen for lovendringa har særs kort tidsfrist, og at han òg kom i avvikling av sumarferie er aldeles uheldig. Høyringssvaret er difor ikkje behandla politisk.

Bykle, 17. august 2021

Heinz Diehl – tenesteleiar helse i Bykle og Valle kommune

Vedlegg