Forsiden

Høringssvar fra Seljord kommune

Dato: 16.08.2021

Høyringssvar frå Seljord kommune – endringar i pasientjournalloven mv.

Seljord kommune syner til forslag til endringar i pasientjournalloven og IKT-standardforskriften - Tilgjengeliggjøring av og betaling for nasjonale e-helseløsninger, publisert 15. juni 2021 med frist for høringssvar 18. august 2021.

Høyringssvaret sendast inn under føresetnad av politisk godkjenning. Saken skal behandlast av vårt Formannskap 19. august.

Seljord kommune meiner det er eit viktig statlig ansvar å legge til rette for samhandling mellom innbyggjarar og helseaktørar på ein sikker og god måte. Målet om ein «Digital offentlig sektor» gjer at IT-sektoren har eit særskilt behov for standardiserte og felles løysingar. Kommunen ser det difor som viktig at staten utviklar nasjonale e-helseprogram, og gjer desse tilgjengelege. Seljord kommune helser i så måte intensjonen bak lovforslaget velkommen.

Forslaget til lovendring har betydelige konsekvensar både prinsipielt og økonomisk. Seljord kommune merker seg med undring at denne høringsprosessen er lagt opp med særs korte fristar – midt i fellesferie og politisk sommarferie.

Lovforslaget grip direkte inni det kommunale økonomiske sjølvstyret.

Lovforslaget legg opp til ei løysing kor departementet gis rom til å fastsette plikt til å betale for statlege eide og styrte løysningar for e-helse. Kommunen gis ingen muligheit til å påverke kostnadsnivået, og det er heller ikkje lagt opp til kompensasjon for meirkostnadar. Kommunane får i tillegg ansvar for finansiering av løysingar kor dei ikkje er målgruppe. Dette betyr ein direkte reduksjon i kommunen sin råderett over eigne frie inntekter, og vil i praksis bety at kommunen må prioritere ned andre kommunale oppgåver.

Seljord kommune er svært kritisk til denne forma for direkte grep inn i det kommunale økonomiske sjølvstyret, og at det gjennom lovforslaget innførast nye prinsipp i finansieringssystemet for kommunane. Seljord kommune ønsker at staten sjølv tek det økonomiske ansvaret for nasjonal samfunnskritisk infrastruktur, også innan e-helse. Forslaget overlet til kommunane å betale for løysingar som dei ikkje nyttar, samt finansiere framtidig kostnadsvekst. Dette er heilt uakseptabelt.

Seljord kommune meiner at Staten er ansvarlig for kostnad ved drift og forvaltning av den nasjonale infrastrukturen for e-helse. Om Staten likevel opprettheld betalingsplikta, må kommunane belastast ut frå faktiske kostnadar – og kompenserast for meirkostnadar.

Kommunane sikrast ikkje til eigarskap endringar dei skal implementere

Lovforslaget som ligg føre legg opp til eit pålegg om innføring av nasjonale e-helseløysingar, og sikrar ikkje reell innflytelse på utvikling og implementering av løysningar for e-helse. Løysninga inneheld i tillegg modular som kommunen ikkje skal nytte. Dette er ikkje i samsvar med prinsippa for reell innflytelse, med tidlig involvering, likeverd og representativitet.

Erfaringar dei siste åra har vist at kommunane både har hatt evne og betalingsvilje ved innføring av nasjonale digitale løysingar, utan pålegg. Felles for desse løysingane er at ein har hatt eit tett samspel både i kommunal sektor og i samarbeid med relevante statlege aktørar. Ein har på denne måten sikra eit godt eigarskap til løysingane og kommunane sine behov har blitt tatt vare på. Det har i tillegg vore ei tydelig gevinstrealisering både for innbyggjarane og for verksemdene.

Seljord kommune ser det som særs viktig at kommunane sikrast eigarskap til dei endringane som skal etablerast – og eigenmotivasjon til den innsatsen som må påreknast. Det må leggjast opp til frivillig implementering av dei ulike plattformane – og kommunane må sjølv kunne ta stilling til innføringstidspunkt. For å sikre eigenmotivert innsats, må det i tillegg klargjørast ei tydelig gevinstrealisering for kommunane. Om nødvendig kan det innførast pålegg om implementering mot slutten av eit innføringsløp.

På den eine sida skal ein ta fullt ansvar for felles kommunal journal ettersom dette er sit kommunalt behov. Men like fullt blir det her argumentert med at kommunane skal sørge for Statens e-helseløysingar. Seljord kommune saknar konsekvent opptreden frå Staten.

Det synes forøvrig til merknader frå KS.

Konklusjon

Seljord kommune krev at forslaget til endringar i pasientjournalloven og IKT-standardforskriften blir lagt bort.