Høringssvar fra Bjørgvin biskop

Dato: 03.09.2022

HØYRINGSFRÅSEGN FRÅ BJØRGVIN BISKOP TIL LOVFORSLAGET OM KONVERVERTERINGSTERAPI

Bjørgvin biskop er samd i lovforslaget i den grad dette gjeld forsøk på å få nokon til å endre ei gitt seksuell orientering. Dette vil i så tilfelle vere eit overgrep mot eit menneskjes integritet og retten til å leve ut den seksuelle orienteringa ein har.

Derimot står saka ikkje tilsvarande når det kjem til «kjønnsidentiet» som i lovforslaget vert sidestilt med seksuell orientering. Intensjonen i denne formuleringa er god. Også eit menneskjes avklåra «kjønnsidentitet» har sjølvsagt krav på respekt og vern. Men når lova lar forbod mot konverteringsterapi gjelde både seksuell orientering og kjønnsidentitet på lik linje, kan det opne for ei svært uheldig tolking og praksis.

Ein kan sjå for seg ein situasjon der nokon kan komme til å bruke denne lova mot ein forelder eller helsearbeidar som vil stille spørsmål til ein tenåring som ønsker seg medikament eller medisinsk behandling med radikale og irreversible verknader som t.d. sterilitet. Ein tenåring er ofte sårbar, lett påvirkeleg og påverka av tendensar i kulturen eller andre meir overflatiske inntrykk. Det kan då seinare vise seg at ein ikkje har trong for kjønnkorrigerande behandling, men eventuelt heller anna fagleg hjelp.

I følgje nettsidene til nrk.no viser ny forsking frå Finland på 52 ungdomar under 18 år at det ikkje utan vidare er slik at dei aller fleste får det betre etter eit kjønnsskifte. (https://www.nrk.no/dokumentar/xl/en-feilslatt-drom-om-et-annet-kjonn-1.14606077)

Eg viser like eins til ein meta-studie i International Review of Psychiatry (Vol.28, No 1,13-20) som viser at opplevinga av kjønnsdysfori er sterkt knytt til ein lesbisk, homofil eller bifil legning. Så mange som 85% av barna og ungdomane med kjønnsdysforiske kjensler som undersøkinga omfatta, opplevde at desse kjenslene gjekk tilbake («remitted») omkring eller etter puberteten.

Det er i røynda ikkje slik at «kjønnsidentitet» alltid er ein gitt storleik. Men dette verkar ikkje å vere reflektert i høyringsnotatet.

På denne bakgrunnen vil det vere særs uheldig om nokon kan nytte formuleringa om «kjønnsidentiet» i lova til å kriminalisere at ein forelder samtalar med eit barn med sikte på å sjå an den psykiske og fysiske utviklinga til 18 års alder, eller at helsevesenet vil gjere ei utgreiing som pasienten i utgangspunktet ikkje ønsker seg før ein gjer medisinske inngrep med ugjenkallelege etterverknader. Her må ein òg ta med at sjølv berre ei medisinsk forseinking av puberteten kan føre til helseskade.

Det er difor etter mi overtyding ein grunnleggande veikskap at høyringsnotatet ikkje gjer ei klår nyansering mellom «seksuell orientering» og «kjønnsidentitet». Desse omgrepa er gjennomgåande sidestilt i høyringsnotatet og i lovframlegget. Eg trur dette er særs uheldig, og ber om at ein tek omsyn til dette i det vidare arbeidet med ei lov som eg i utgangspunktet altså støttar kva gjeld ei gitt seksuell orientering.

Halvor Nordhaug, Biskop i Bjørgvin