Høringssvar fra Sigerdriva - Nordisk nettverk for tverrfagleg forsking på kjønn

Dato: 09.10.2022

Høyringsfråsegn til forslag om lovforbod mot konverteringsterapi frå Sigerdriva, Nordisk nettverk for tverrfagleg forsking på kjønn

Sigerdriva takkar for høvet til å gje høyringssvar. Sigerdriva er eit nordisk nettverk for tverrfagleg, kritisk forsking på kjønn og kjønnspolitikk.

Samanfatta innspel

Sigerdriva ønsker velkomen eit lovforslag med intensjon om å hindra konverteringsterapi retta mot personar med homofil, lesbisk eller bifil legning (orientering). Ved å inkludera det uavklarte uttrykket «kjønnsidentitet» og blanda det saman med kjønn, vurderer me imidlertid Regjeringas lovforslag som å vera i direkte strid med denne intensjonen. Lovforslaget heng såleis ikkje i saman, men kan faktisk lesast som eit lovpåbod om slike konverteringspraksisar Regjeringa ønsker å forhindra, idet forslaget gjer det straffbart å motarbeida internalisert homofobi.

Bakgrunn, omgrepsdefinisjonar og grunngjeving

Sigerdriva vurderer at lovforslaget ber preg av ein grunnleggande mangel på konsise og fagleg forankra definisjonar. Sentrale omgrep som «kjønn» er til dømes ikkje definert, og «kjønnsidentitet» som ein storleik fråkopla den biologisk kjønna kroppen, manglar kunnskapsgrunnlag.

Høyringsnotatet viser til høvesvis «utenlandsk forsking» (gjennomgåande) og sjeldnare «internasjonal forsking» (s. 103), men den sparsamt tilviste forskinga definerer ikkje kva «kjønnsidentitet» er, anna enn gjennom sirkelargumentasjon og pseudovitskaplege termar som «cis». Der er inkje kunnskapsgrunnlag for å hevda at menneske si inndeling i to kjønn er følgt av bestemte, indre disposisjonar og identifikasjonar som gjeld for kjønn som gruppe på tvers av tid og rom (kjønnsessensialisme) og uavhengig av kulturelle/sosiale konstruksjonar. Kjønn er biologisk mekanisme for reproduksjon, binært og uavhengig av kjønnsstereotypar. Idear om indre kjønnsidentitetar fråkopla den biologisk kjønna kroppen, er derimot basert på at kjønnsstereotypar blir opphøgde til noko meir enn kulturelle konstruksjonar som varierer i tid og rom.

Kjønnsdysfori («kjønnsinkongruens») er eit reelt fenomen som har krav på forståing og behandling. I staden for behandling har norske lovgjevarar i fleire nyare lover gjort førestillingar om ein kjønnsidentitet fråkopla den kjønna kroppen til norm. Lov om endring av juridisk kjønn er eit døme på dette. Lova la daudt det lenge uttalte målet i norsk politikk at kvinner og menn, jenter og gutar, skal få utfalda seg uavhengig av kjønnsroller. Med ei forståing av kjønn som kjensle, som ser bort frå materielle og biologiske realitetar for kjønn, opphevar ein også det juridiske rettsgrunnlaget og rettsvernet for likekjønna kjærleik. Kjønn er framleis ein viktig variabel i mykje av norsk lovverk, der dei som forholder seg til det kjønnet dei faktisk er, også har krav på vern og fridom frå diskriminering, ikkje minst kvinner, som har særskilt diskrimineringsvern som kjønn. Juristane Halvorsen og Robberstad (2022) viser at Lov om juridisk kjønn gjorde forholdet mellom kvinners og transidentifiserande menns rettsvern uavklart.

Det aktuelle høyringsnotatet er altså ulogisk og i strid med seg sjølv fordi det blandar saman to inkompatible kjønnsforståingar – kjønn som biologi og kjønn som kjensle – i ein og same lovforslagstekst. Korleis samfunnet skal skapa trygge og ikkje-diskriminerande rammer for at menneske fritt skal kunna tru at dei er det andre kjønnet, eller «inkjekjønn» («ikkje-binær»), er eit stort spørsmål. Det er viktig for Sigerdriva å peika på at lover ikkje kan baserast på ideologi og pseudovitskap, men må ha ein solid kunnskapsbasis. Påstandar om indre, kjønna, essensielle «identitetar» som så blir likestilte med biologiske realitetar, som seksuell legning, er ikkje kunnskapsbasert, sjølv om ein har gjort same språklege og røyndsfornektande krumspring elles i verda (jmf gjennomgangen av andre lands lovverk).

Forsking på barn og unge med kjønnsdysfori/ kjønnsinkongruens

Forsking viser at dei fleste barn og unge som «identifiserer» seg som å vera «fødde i feil kropp», «trans» eller «ikkje-binære» – altså som opplever variantar av kjenslemessig kjønnsforvirring, kjønnsuro eller kjønnsdysfori – vil veksa dysforien av seg, dersom ikkje «stadfestande» behandling blir igangsett. Sosialt og juridisk «kjønnsbytte» hos barn fører oftast til behandling med pubertetshindrande medisinering. Nær alle barn som får pubertetsblokkarar blir så følgt opp med medisinering med hormon tilhøyrande det motsette kjønnet. Kunnskapen om effektane av denne behandlinga som misvisande blir kalla «kjønnsstadfestande», viser at ho ikkje gjev ønska helseeffekt, til dels at ho gjev alvorlege helseskadar. For informasjon om desse tilhøva, sjå kunnskapsoppsummeringar som Cass 2022 og Socialstyrelsen 2022, samt til dømes Singh et al 2021, Cantor 2021.

I dag er det særskilt unge jenter som opplever å vera «fødde i feil kropp» eller som finn ut at dei er «ikkje-binære». Dette blir ikkje problematisert i høyringsnotatet, noko som er påfallande, gjeve at denne gruppa har vist eksponentiell vekst (Littman 2018). Vidare oppgjev ein stor del at homofobi eller problem med å akseptera seg sjølve som lesbisk, homofil eller bifil var årsaka til «kjønnsbytte» (Littman 2021). At heller ikkje dette er drøfta i høyringsnotatet er desto meir påfallande, ettersom homofile nettopp er gruppa forslaget er meint å hjelpa.

Forståing av rett og galt og kva som er forsvarleg behandling på området kjønnsdysfori (inkongruens) er eit politisert område i stadig endring. Den leiande kjønnsklinikken Tavistock i England er til dømes nå bestemt nedlagt etter ein øydande fagleg og etisk gjennomgang (Cass 2022), og førebur seg på søksmål frå over 1000 familiar. Oppdaterte retningslinjer for behandling i Sverige og Finland skil seg sterkt frå norske retningslinjer, av di ein i desse landa har gjort grundige kunnskapsgjennomgangar der forskinga er evaluert og gradert (sjå tidlegare referansar). Pubertetsblokkarar, hormonbehandling og kirurgi er i desse landa nå noko som bare skal nyttast heilt unntaksvis. I Norge er det eit politisk mål frå pressgrupper og delar av behandlingsapparatet, at dei som søker hjelp i størst mogleg grad skal få det dei ber om, til dømes hormon.

Regjeringa vil med det føreliggande forslaget gjera det forbode for foreldre, nærskylde, lærarar og andre å snakka fritt med barn og unge om at det finst to kjønn, at det ikkje er mogleg å vera «fødd i feil kropp», og at behandlinga av kjønnsdysfori manglar fagleg konsensus: «Et forbud mot konverteringsterapi er i utgangspunktet ikke ment å ramme denne type samtaler og veiledning [frå foreldre, sjelesørgarar, andre]. Departementet vil likevel ikke utelukke at slike samtaler og veiledning kan regnes som en metode dersom de inngår i et systematisk forsøk på å intervenere i den andres seksuelle orientering eller kjønnsidentitet» (s. 98). Det å fortelja barn og unge at dei reelt sett kan vera fødde i feil kropp eller at kjønnsidentitet er ein mystisk essens som sit i hovudet, hjarta eller sjela, er allereie etablert i lovverk, læreplan for skolen og rammeplan for barnehagen. I høyringsnotatet blir andre tilnærmingar til alt overmål kriminaliserte.

Internasjonal og nasjonal lovgjeving er forankra i kunnskap om at barn ikkje er små vaksne, dei er nettopp ikkje kjønnsmodne individ, og at dei har særleg krav på vern og omsorg i tråd med sitt utviklingsnivå. Høyringsnotatet framstiller imidlertid barn som kjønnsmodne, små vaksne, i og med at «kjønnsidentitet» blir framhalde som noko som allereie er ferdig utvikla (og samstundes under utvikling, motseiingar florerer i notatet) og dermed noko barnet er modent og samtykkekompetent til å avgjera kva «er». Dette er uvitskapleg, uforsvarleg og uetisk overfor barn. Samfunnet opererer elles med ymse aldersgrenser. Grensa for sterilisering – eit vanleg resultat av «kjønnsskifte» som barn kan avgjera frå 6 års alder i Norge – har elles 25 års aldersgrense. Hjernen er ikkje moden før denne alderen, og puberteten er ein prosess som modnar hjernen. Opphevar ein skiljet mellom barn og vaksen som fundert i kjønnsmodning, opphevar ein faktisk skiljet mellom barn og vaksen, noko me sterkt vil åtvara mot.

Barn med eit ikkje stereotypt «kjønnsuttrykk» eller barn som opplever ubehag i eigen kropp knyta til kjønn, vil som nemnt innleiingsvis ofte ha ein annan legning enn heterofil. Dei har også stor grad av samsjukelegheit, det vil seia at dei i større grad enn gjennomsnittet har nevroutviklingsforstyrringar, depresjonar, angst, traumeerfaringar og anna. Når foreldre og andre nær barnet kan bli straffa med 6 års fengsel for å ikkje stadfesta barnet sine kjensler om å vera «fødd i feil kropp», legg norsk lov opp til brot med menneskerettane.

Oppsummering

Høyringsforslaget må ha eit forskingsbasert, ikkje ideologisk, grunnlag for kva ein definerer som kjønn og seksuell legning. Det vil seia at «kjønnsidentitet» må ut av forslaget. Kjønnsidentitet som noko som kan «høyra til» det motsette kjønnet, eller noko som kan ha basis i ein «inkjekjønnstilstand» («ikkje-binær») må handterast som subjektive kjensler og trusoppfatningar, som må heimlast og vernast i andre delar av lovverket. Viss ikkje ender ein opp med, slik dette lovforslaget gjer, å pålegga «kjønnsskifte» for barn og unge dersom dei av ulike grunnar oppfattar at dei har ein annan «kjønnsidentitet» enn det kjønnet dei er. Når me veit at dei som veks opp til å bli homofile, lesbiske og bifile er overrepresenterte i nettopp denne gruppa, ender forslaget opp med å påby konverteringsterapi.

For Sigerdriva,

Kamilla Aslaksen
Anne Kalvig

Litteratur:

Cantor, James M. (2019): Transgender and Gender Diverse Children and Adolescents: Fact-Checking of AAP Policy, Journal of Sex & Marital Therapy, DOI: 10.1080/0092623X.2019.1698481.

Cass, Hilary (2022): The Cass Review. Independent review of gender identity services for children and young people: Interim report https://cass.independent-review.uk/publications/interim-report/.

Singh, Devita et al (2021): A Follow-Up Study of Boys With Gender Identity Disorder, Front. Psychiatry, 29 March 2021, https://doi.org/10.3389/fpsyt.2021.632784.

Littman, Lisa (2018): Rapid-onset gender dysphoria in adolescents and young adults: A study of parental reports. PloS One, 13(8), e0202330-. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0202330.

Littman, Lisa (2021): Individuals Treated for Gender Dysphoria with Medical and/or Surgical Transition Who Subsequently Detransitioned: A Survey of 100 Detransitioners. Archives of Sexual Behavior, 50(8), 3353–3369. https://doi.org/10.1007/s10508-021-02163-w.

Robberstad, Anne & Halvorsen, Marit (2022). Menn i damegarderoben? Lov og Rett, 61(3), 170–192. https://doi.org/10.18261/lor.61.3.4.
Socialstyrelsen (2022): Stöd, utredning och hormonbehandling vid könsinkongruens hos barn och ungdomar. www.socialstyrelsen.se, februari 2022.