Historisk arkiv

Offentleg høyring om helsetenester i EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Europakommisjonen lanserte 26. september 2006 ei open høyringsrunde om helsetenester i EU. Høyringa søkjer å kartlegge korleis ein kan sikre rettsleg tryggleik ved grenseoverskridande helsetenester, samtidig som ein ønskjer å finne føremålstenlege tiltak for å styrkje samarbeidet mellom helsesystema i medlemslanda. EF-domstolen har gjennom rettspraksis slått fast at bestemmingane i fellesskapsretten også gjeld for helsetenester. Høyringa varar til 31. januar 2007.

Offentleg høyring om helsetenester i EU

Europakommisjonen lanserte 26. september 2006 ei open høyringsrunde om helsetenester i EU. Høyringa søkjer å kartlegge korleis ein kan sikre rettsleg tryggleik ved grenseoverskridande helsetenester, samtidig som ein ønskjer å finne føremålstenlege tiltak for å styrkje samarbeidet mellom helsesystema i medlemslanda. EF-domstolen har gjennom rettspraksis slått fast at bestemmingane i fellesskapsretten også gjeld for helsetenester.

Høyringa frå Kommisjonen kjem på bakgrunn av at Europaparlamentet og Ministerrådet ønskjer at det vert sett i gang eit eige arbeid om helsetenester. Dette må ein sjå i samanheng med at helsetenester blei utelate frå virkeområdet til tenestedirektivet.

Høyringa omfattar alle typar grenseoverskridande helsetenester:

  1. grenseoverskridande ytingar av helsetenester der tenesteytaren flyttar seg,
  2. bruk av tenester i utlandet, det vil seie når ein pasient får behandling av ein tenestetilbydar i ein annen medlemsstat (pasientmobilitet),
  3. etablering av ein helsetilbydar i ein annen medlemsstat og
  4. tenester som rører seg utan at tenesteytar eller tenestemottakar rører seg, for eksempel e-helse. I tillegg kjem arbeidsmobilitet - fri rørsle av arbeidskraft.

I tillegg kjem arbeidsmobilitet – fri rørsle av arbeidskraft.

I følgje Kommisjonen vil ein best kunne ivareta rettslig tryggleik gjennom utviklinga av ei forordning eller eit direktiv. Dette kan ein kombinere med fortolking av gjeldande rettspraksis. Juridisk ikkje-bindande løysingar som den ’opne koordineringsmetoden’ (OMC) vert også nemnt av Kommisjonen som eit verktøy for å utvikle samarbeidet mellom medlemsstatane.

Lenke til høyringa på heimesida til Europakommisjonen

Lenke til kommunikasjonen frå Kommisjonen

VEDLEGG