Historisk arkiv

Opnar for EU-medlemskap for Bulgaria og Romania frå årsskiftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

EU-kommisjonen stadfesta 26. september 2006 at Bulgaria og Romania kan bli medlemmer av EU 1. januar 2007, gitt at landa følgjer opp ei mengde tiltak Kommisjonen ser på som naudsynte. Blant tiltaka er eit krav om betre mattryggleiksrutinar. Kommisjonen si innstilling vert handsama av Det europeiske råd i desember i år.

Opnar for EU-medlemskap for Bulgaria og Romania frå årsskiftet

EU-kommisjonen stadfesta 26. september 2006 at Bulgaria og Romania kan bli medlemmer av EU 1. januar 2007, gitt at landa følgjer opp ei mengde tiltak Kommisjonen ser på som naudsynte. Blant tiltaka er eit krav om betre mattryggleiksrutinar. Kommisjonen si innstilling vert handsama av Det europeiske råd i desember i år.

Kommisjonen vil dei tre første åra dei to landa er EU-medlemmer ha rett til å nekte eksport av næringsmiddel frå dei to landa som ikkje oppfyller EU sine veterinær-, sanitær- og mattryggleiksreglar.

Meir om tiltaka EU-kommisjonen meiner er naudsynte