Høringssvar fra Mattilsynet

Framlegg om å endre rovviltforskrifta

Dato: 28.02.2018

Svartype: Med merknad

Klima- og miljødepartementet

Postboks 8013 Dep

0030 Oslo

 

Dykkar ref 17/343-72                     Vår ref 2017/24924                    Dato: 28.02.2018

 

Høyringssvar – framlegg om å endre rovviltforskrifta

 

Vi viser til framlegget om å endre rovviltforskrifta § 10 femte ledd bokstav e slik at lisensfellingsperioden på ulv utanfor ulvesona utvidas til 25. september – 30. april. Formålet er å avverge skader på husdyr og tamrein i prioriterte beiteområde utanfor ulvesona.

 

I høyringsbrevet blir det særleg peika på enkeltulvane som gjer skade på beitedyr utanfor ulvesona, og at det frå mange hald har vore ynskje om å kunne felle streifulvar i framkant av beitesesongen. «Videre er det erfaring fra de senere år at unge ulver (< 1 år) på vandring opptrer også utenfor ulvesonen allerede i mars og april, og en utvidet lisensfellingsfellingsperiode kan være et supplerende virkemiddel for å begrense skadepotensialet mht. husdyr og tamrein. Departementet mener på denne bakgrunn at det kan være hensiktsmessig å forlenge lisensfellingsperioden for ulv utenfor ulvesonen slik at nytt sluttidspunkt blir 30. april.»  Mattilsynet er samd i  denne vurderinga. Tal frå Rovbasen februar 2017 syner at i perioden 1987-2016 var tapet av sau til ulv 11% av det berekna totaltapet av sau til freda rovvilt. Sidan det nå  ikkje går sau på utmark innanfor ulvesona, skjer tapet til ulv i prioriterte beiteområde utanfor ulvesona. Tiltak som kan avverge desse tapa er avgjerande for god velferd for sau på utmarksbeite.

Samordning av jaktstarten 25.september for elgjakta og lisensfellinga av ulv synast klårt formålsteneleg.

Med hilsen

Torunn Knævelsrud

Seksjonssjef dyrevelferd

Mattilsynet

Til toppen