Klage på avslag på søknad om tilskot til oppgradering av M/S Haugefisk, Florø kommune, Sogn og Fjordane

Kystmuseet i Sogn og Fjordane klaga på Riksantikvaren sitt vedtak om avslag på søknad om tilskot til oppgradering av autolinebåten M/S Haugefisk. Riksantikvaren fann ikkje grunn til å gjera om vedtaket sitt. Grunngjevinga var at M/S Haugefisk ikkje står i fare for å miste sertifikatet og at direktoratet saknar ein samla plan for restaurering av heile båten og ein finansieringsplan for dette. Klaga er difor sendt til Miljøverndepartementet for handsaming. Departementet finn ikkje grunn til å overprøve Riksantikvaren sine faglege vurderingar og kan elles ikkje sjå at det er feil i sakshandsaminga, eller ved lovbruken, som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket. Klaga blir ikkje teken til følgje.

Miljøverndepartementet syner til dykkar brev datert 23.03.12 med klage på Riksantikvaren sitt vedtak av 09.03.12 om ikkje å gje tilskot til oppgradering av M/S Haugefisk.

Miljøverndepartementet har vurdert alle sider av saka og  har etter ei samla vurdering ikkje funnet grunn til å gjera om Riksantikvaren sitt vedtak av 09.03.12. Klaga blir ikkje teken til følgje.

Bakgrunn

Den 16.12.11 søkte Kystmuseet i Sogn og Fjordane om 800 000 kr i tilskot frå Riksantikvaren til oppgradering av autolinebåten M/S Haugefisk. Riksantikvaren avslo søknaden i vedtak av 09.03.12. Vedtaket blei påklaga av Kystmuseet (klagar) i brev datert 23.03.12. Klagen er sendt innafor fristen, jf. forvaltningslova (fvl) § 29. Riksantikvaren har vurdert klaga og held fast på avslaget. Klaga er derfor sendt til Miljøverndepartementet for handsaming i brev datert 08.05.12.

Klagar sine merknader, jf. brev av 23.03.12

Klagar viser til at båten fell godt innafor fleir av dei kriteria som er nedfelt i den nasjonale verneplanen for fartøy, blant anna lokal forankring. Det blir understreka at båten har fått ei solid lokal forankring i form av ei venneforeining der medlemmer med høg kompetanse gjer ein formidabel dugnadsinnsats.

Klagar ser at båten ikkje fell innafor Riksantikvaren sine ytterligare prioriteringar av freda, større fartøy som står i fare for å miste sertifikat og fartøy som kan komme av slipp/dokk, men understrekar at Haugefisk er i ein særklasse når det gjeld verna fartøy i Noreg. Det er det yngste fartøyet, og einaste moderne havfiksefartøy i landet, som er verna. Etter klagar sin meining er båten eit sjølvklart fredingsobjekt.

Klagar legg vekt på at eit avslag frå Riksantikvaren skapar problem for det viktige restaureringsprosjektet som er sett i gang. Prosjektet er avhengig av tilskot frå Riksantikvaren i denne fasa, sjølv om det blir freista etter beste evne å skaffe midlar andre stader frå. Eit avslag verkar også demotiverande på venneforeininga og gjev mindre spelerom for dugnadsinnsats.

Riksantikvaren sine merknader, jf. saksframlegg 08.05.12.

Riksantikvaren ser at det har vore utført eit betydeleg frivillig arbeid på skipet og at det enno står att viktig arbeid med maskinanlegget. Direktoratet meiner det må utarbeidast ein samla plan for restaurering av heile skipet og setjast opp ein finansieringsplan for arbeidet. Denne planen må omfatte fleire tilskotsgjevarar enn Riksantikvaren. Riksantikvaren går ut i frå at M/S Haugefisk har naudsynt sertifikat, men har i år vært nøydt til å prioritere fartøy som står i fare for å miste sertifikatet.

Etter ei ny vurdering har Riksantikvaren ikkje funnet grunn til å gjera om vedtaket sitt av 09.03.12.

Miljøverndepartementet sine merknader

På grunn av den store søkarmassen i forhold til tilgjengelege tilskotsmidlar må Riksantikvaren  foreta ei streng prioritering mellom prosjekta det søkast om tilskot til. Til tross for at M/S Haugefisk oppfyller mange av kriteria for tildeling blir båten ikkje tildelt tilskot i år, då Riksantikvaren har vært nøydt til å prioritere større freda fartøy som står i fare for å miste sertifikatet. Departementet finn ikkje grunn til å overprøve denne faglege prioriteringa.

Departementet kan elles ikkje sjå at det er feil i sakshandsaminga eller ved rettsbruken som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. fvl § 41.

Konklusjon

Miljøverndepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei samla vurdering ikkje funnet grunn til å gjera om Riksantikvaren sitt vedtak av 09.03.12. Klaga blir ikkje teken til følgje.

 

Med helsing

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Bengta Ryste
rådgivar

Kopi: Riksantikvaren