Ot.prp. nr. 10 (1999-2000)

Om lov om endring i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr

Til innhaldsliste

1

I proposisjonen vert det gjort framlegg om at grunngebyret i rettsgebyrlova § 1 (R) aukast frå kr 530 til kr 600, med verknad frå 1. januar 2000. Framlegget om auke er i samsvar med framlegget i St.prp. nr. 1 (1999-2000) for budsjetterminen 2000, Justis- og politidepartementet side 56.

Satsen vart sist endra frå kr 515 til kr 530 med verknad frå 1. januar 1999. Dei økonomiske verknadane av auken er innarbeidde i St.prp. nr. 1 (1999-2000).

Til forsida