Ot.prp. nr. 10 (2000-2001)

Om lov om iverksetjing av visse internasjonale tiltak i samband med vedtak av Den europeiske unionen innanfor Den felles utanriks- og tryggingspolitikken

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram eit forslag til lov om iverksetjing av visse internasjonale tiltak i samband med vedtak av Den europeiske unionen (EU) innan området for Den felles utanriks- og tryggingspolitikken.

EUs felles utanriks- og tryggingspolitikk blei innført ved Maastricht-traktaten (traktaten om Den europeiske unionen) som tok til å gjelde 1. november 1993. Føresegnene på dette feltet blei reviderte ved Amsterdam-traktaten, som blei underteikna 2. oktober 1997 og som tok til å gjelde 1. mai 1999. Artiklane som det blir vist til nedanfor, byggjer på omnummereringa som følgde av Amsterdam-traktaten. Artiklane 11 - 28 (del V) i traktaten om Den europeiske unionen (TEU) inneheld i dag dei særlege føresegnene om Den felles utanriks- og tryggingspolitikken, og regulerer også spørsmålet om ei gradvis utforming av ein felles forsvarspolitikk. Desse utgjer den såkalla søyle II i EU. Vedtak som er gjorde i medhald av TEU del V, er av folkerettsleg karakter og vil eventuelt måtte gjennomførast i medhald av den nasjonale lovgjevinga i den einskilde medlemsstaten. Dersom vedtaket derimot fell innanfor kompetansen til Fellesskapet, den såkalla søyle I i EU, vil det kunne ta form av fellesskapsregelverk som har direkte verknad i medlemsstatane i EU for personar og føretak. Det vil her ofte dreie seg om tiltak med sikte på å halde ved lag eller rette opp att internasjonal fred og tryggleik, eller til fremjing av demokrati, rettsstatsprinsippet og vern av grunnleggjande fridomar, eller som bryt eller reduserer dei økonomiske sambanda med tredjestatar. På norsk side vil tilsvarande tiltak kunne gjere det naudsynt med ein eigen lovheimel på dei områda dette gjeld.

Noreg samarbeider med EU på ei rekkje samfunnsområde. Store og viktige delar av dette samarbeidet er formalisert gjennom EØS-avtala og Schengen-samarbeidsavtala. Det dreier seg i desse tilfella om eit folkerettsleg pliktande samarbeid. På andre område har Noreg meir eller mindre formaliserte konsultasjonsordningar. Dette gjeld i samband med det generelle justissamarbeidet i EU og innan området for utanriks- og tryggingspolitikken. Som eit ledd i den politiske dialogen mellom EU og EFTA/EØS-statane, har Noreg jamleg blitt invitert til å slutte seg til EU-tiltaka innan området for Den felles utanriks- og tryggingspolitikken. Slik tilslutning vil mellom anna vere naturleg for Noreg i saker som det er brei internasjonal oppslutning om, til dømes i FN eller andre internasjonale organisasjonar. Dersom det er tenleg for Noreg å slutte seg til eit særskilt EU-vedtak innan området for Den felles utanriks- og tryggingspolitikken, kan det vise seg naudsynt samstundes å gjere interne iverksetjingstiltak for å sikre effektiviteten og truverdet til vedtaket. Siktemålet med lova er å gje det naudsynte internrettslege heimelsgrunnlaget for å kunne gjennomføre eigne tiltak i Noreg i samband med EUs vedtak, der dette er ønskeleg etter ei samla vurdering og etter konsultasjonar med organa i Stortinget. Eit heimelsgrunnlag vil kunne vere med på å styrkje den internasjonale handle- og reaksjonsevna til Noreg. I dei mest alvorlege tilfella vil tidsaspektet kunne ha mykje å seie. Tiltaka vil kunne vere av ein slik karakter at truverdet deira nettopp er avhengig av rask og internasjonalt samordna iverksetjing. Alternativet til ei generell heimelslov er å gjennomføre ein full lovgjevingsprosess i dei einskilde tilfella. Dette er vanlegvis tidkrevjande, og vil forseinke dei norske reaksjonsmoglegheitene samanlikna med EU-statane. Det blir derfor rekna for å vere i norske interesser å innføre ei generell heimelslov.