Ot.prp. nr. 102 (2004-2005)

Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

Til innhaldsliste

15 Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjeldande offentleglov har vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar for statleg og kommunal forvaltning. Forslaga i proposisjonen her vil ikkje endre på dette i særleg grad.

Forslaget inneber at verkeområdet til lova blir utvida, slik at ho vil gjelde for fleire sjølvstendige rettssubjekt (akseselskap, stiftelsar o.l.) med tilknyting til stat og kommune enn gjeldande lov. At lova blir gjord gjeldande for verksemder som ikkje har vore omfatta av den gjeldande offentleglova, får økonomiske og administrative konsekvensar fordi desse verksemdene får eit meirarbeid ved å føre journal og å behandle innsynskrav. Etter forslaget vil likevel ikkje lova gjelde for sjølvstendige rettssubjekt som driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. Eventuelle negative økonomiske og administrative konsekvensar vil dermed ikkje få konkurransevridande verknader. På den andre sida kan ein gå ut frå at innføring av offentlegprinsippet også vil ha ein del positive konsekvensar for sjølvstendige rettssubjekt. Innanfor statleg sektor har ein god oversikt over kva selskap som i utgangspunktet vil bli omfatta av lova etter forslaget. Kor mange selskap innanfor kommunal som i utgangspunktet vil vere omfatta av lova etter forslaget har ein derimot ikkje oversikt over fordi det ikkje finst opplysningar om dette i noko sentralt register e.l.

Forslaget som inneber at forvaltninga får plikt til å lage ei samanstilling av elektronisk lagra opplysningar dersom det er nødvendig for å etterkomme eit innsynskrav, utvidar området for kva det kan krevjast innsyn i. Dette forslaget vil likevel ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar, sidan det er avgrensa til å gjelde i tilfelle der samanstillinga kan gjennomførast med enkle framgangsmåtar.

Når det gjeld unntaksreglane i forslaget, er dei presiserte og snevra inn i høve til gjeldande lov, slik at dei ikkje skal rekke lenger enn dei verkelege unntaksbehova tilseier. At vilkåra for unntak er utforma meir presist, vil lette praktiseringa av lova.

Etter forslaget vil hovudregelen vere at det berre kan gjerast unntak for dei opplysningane i eit dokument som det kan ha skadelege verknader å gi innsyn i, i motsetnad til i dag der det som hovudregel kan gjerast unntak for heile dokument. Dette vil gjere at forvaltninga i mange tilfelle vil få ein del arbeid med å skilje ut dei opplysningane som det kan gjerast unntak for. Allereie etter gjeldande rett vil likevel forvaltninga etter meirinnsynsregelen ha plikt til å vurdere om det skal givast heilt eller delvis innsyn i et dokument som det kan gjerast unntak for. Etter forslaget vil forvaltninga heller ikkje ha plikt til å skilje ut desse opplysningane bl.a. dersom det vil vere urimeleg arbeidskrevjande. Dette forslaget vil dermed ikkje føre til ein nemneverdig auke i arbeidsbyrda ved å behandle innsynskrav i høve til situasjonen i dag.

Etter forslaget vil det ikkje lenger vere hovudregelen at kommunane og fylkeskommunane skal reknast som eitt organ i høve til unntaket for organinterne dokument. Ved vurderinga av dei økonomiske og administrative konsekvensane det vil ha for kommunane og fylkeskommunane, må det takast omsyn til at det heller ikkje i dag er nok å konstatere at eit dokument er organinternt, men at det som elles også i slike tilfelle må vurderast om det er grunn til å gjere unntak for slike dokument. Forslaget er vidare på dette punktet utforma slik at det vil vere enkelt å avgjere kva delar av kommunen og fylkeskommunen som skal reknast som eigne organ i høve til unntaket for organinterne dokument. Etter ein overgangsperiode er det derfor ikkje grunn til å tru at dette forslaget vil ha særlege økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane og fylkeskommunane.

Enkelte av saksbehandlingsreglane i forslaget, til dømes forslaget om ei utviding av grunngivingsplikta og forslaget om at også meirinnsynsvurderinga skal overprøvast ved klage til Kongen i statsråd, vil føre til noko meirarbeid. Dei økonomiske og administrative konsekvensane av dette vil likevel vere avgrensa.

Reglane som gjennomfører direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå den offentlege sektoren vil i seg sjølv ha små økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Forbodet mot einerettsavtalar vil likevel få økonomiske og administrative konsekvensar for verksemder som har einerettsavtalar med det offentlege i dag som ikkje kan stå ved lag. Reglane om kva pris som kan takast for informasjon som blir gitt ut, vil i hovudsak ikkje gripe inn i eksisterande prisingspraksis.

Slik forslaget er utforma, vil det på ein betre måte enn gjeldande lov gi uttrykk for verkeområdet til lova, kva dokument som er omfatta av hovudregelen om innsyn, og kva dokument eller opplysningar som det kan gjerast unntak for. Også saksbehandlinga av innsynskrav er meir utfyllande regulert enn i gjeldande lov. Forslaget tek vidare inn over seg dei moglegheitene som den teknologiske utviklinga gir, ved at det inneheld reglar og forskriftsheimlar om samanstillingar, elektronisk tilgjengeleggjering av dokument og journalar, og forslag om rett til å få innsyn ved elektronisk kopi. Forslaget medverkar såleis til å oppfylle målsetjinga om eit enklare regelverk og ei enklare og meir moderne forvaltning.

Før den nye lova tek til å gjelde, og i ein overgangsperiode, vil det vere behov for å bruke nokre ressursar på opplærings- og informasjonstiltak.

Departementet legg til grunn at dei økonomiske og administrative konsekvensane innanfor statleg og kommunal sektor samla sett ikkje vil vere større enn at dei kan handterast innanfor gjeldande budsjettrammer.

Forslaget gir private større rett til innsyn i dokument hos det offentlege og klargjer rammene for innsynsretten i høve til gjeldande lov. Dette vil ha positive økonomiske og administrative konsekvensar for brukarar av lova i privat sektor. Forslaget inneheld vidare fleire reglar som skal leggje til rette for vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor. Desse forslaga vil gjere det enklare å vidarebruke slik informasjon til kommersielle og ikkje-kommersielle formål, og dermed kunne medverke til auka verdiskaping i privat sektor. Forslaget om at avtalar om einerett til tilgang til informasjon frå offentleg sektor som hovudregel skal vere forbode, vil ha negative økonomiske og administrative konsekvensar for private verksemder som har slike avtalar med det offentlege i dag. Det er likevel svært få slike avtalar. Opphøyr av einerettsavtaler vil på den andre sida innebere at andre private aktørar også kan dra nytte av informasjonen, og det vil dermed ha positive økonomiske og administrative konsekvensar for desse.

Til forsida