Ot.prp. nr. 103 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap (ekteskapslova) m.m.

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne- og familiedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap (ekteskapslova) og i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova). I samband med arbeidet med ekteskapslova av 1991 peikte departementet på nokre problematiske sider ved i stadig aukande grad og tildele vigselkompetanse til trussamfunn av ulik religiøs, kulturell, etnisk og språkleg bakgrunn. Stortinget bad departementet om å følgje utviklinga av ulike trussamfunn nøye, med tanke på faren for at talet på ugyldige vigslar skal auke. Noreg er i dag eit fleirkulturelt samfunn, og departementet vil derfor foreslå nokre lovendringar som tek omsyn til dette på ein betre måte, og som samtidig er eit ledd i ein fornya innsats frå regjeringa mot tvangsekteskap.

Departementet foreslår å innføre obligatorisk borgarleg prøving av ekteskapsvilkåra, og at det er folkeregistra som skal stå for denne prøvinga. Det inneber at vigslarane kan konsentrere seg om dei seremonielle og religiøse sidene ved vigselen. Som ei følgje av at vigslaren ikkje lenger skal prøve ekteskapsvilkåra, blir det foreslått at ein vigsel utført i Noreg, ikkje er gyldig utan at det ligg føre ein gyldig prøvingsattest.

Departementet går også inn for at ekteskapslova får ei ny føresegn som gir fylkesmannen høve til å reise sak om eit ekteskap er gyldig eller ikkje. Departementet foreslår vidare at det blir teke inn ei ny føresegn i barnelova som gjer det tydeleg at foreldre eller andre ikkje kan gjere ein bindande avtale om ekteskap på vegner av barnet.

Departementet fremjar samtidig forslag om at reglane i ekteskapslova om kven som kan utføre ein vigsel, blir utvida til å gjelde også seremonileiarar eller tilsvarande i livssynssamfunn som får tilskot etter lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn, når Kongen har godkjent forma. Med ei slik utviding blir det lagt til rette for at Human-Etisk Forbund kan få vigselrett.

Forslaga byggjer på høyringsnotatet frå departementet om endringar i ekteskapslova av 26. juni 2002.

Til forsida