Ot.prp. nr. 108 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 5. august 1994 nr. 56 om medisinsk bruk av bioteknologi (forbod mot terapeutisk kloning m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nyare forsking har vist at humane stamceller kan ha eit stort potensial til bruk i medisinsk forsking og behandling. Ulike typar stamceller kan hentast frå forskjellige kjelder, mellom andre befrukta egg og embryo framstilt ved såkalla kjerneoverføring (ofte omtala som terapeutisk kloning). Dette har reist ein debatt om det bør gjerast endringar i dagens forbod mot forsking på befrukta egg, jf. lov 5. august 1994 nr. 56 om medisinsk bruk av bioteknologi § 3-1. Det har også vore stilt spørsmål om terapeutisk kloning bør tillatast for å framskaffe stamceller. Helsedepartementet fremmer i proposisjonen forslag om å presisere at dagens forbod mot forsking på befrukta egg også gjeld forsking på cellelinjer som er etablerte ut frå celler henta frå befrukta egg. Vidare foreslår departementet eit forbod mot terapeutisk kloning. Departementet vil prioritere forsking på stamceller frå fødde individ.

Til forsida