Ot.prp. nr. 114 (2001-2002)

Om lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (ny organisering av arbeidet for samiske språk)

Til innhaldsliste

1 Innhald og bakgrunn for proposisjonen

1.1 Proposisjonens hovudinnhald

Kultur- og kyrkjedepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) § 3-12. Forslaget til lovendring inneber ei ny organisering av arbeidet for samiske språk. Lovforslaget endrar gjeldande rett ved at ein ikkje lenger er pålagt å ha eit eige språkorgan, men overlet til Sametinget å avgjere kva som er den beste måten å organisere arbeidet på. Formålet med endringa er å legge til rette for at arbeidet for samisk språk blir organisert av det organet som har best kunnskap om samiske forhold og kjenner behova best.

Som ein følgje av forslag til endring av samelova § 3-12, er det nødvendig å endre forskrift til samelovens språkregler av 30. januar 1992 nr. 79 på fleire punkt. Kultur- og kyrkjedepartementet har difor utarbeidd forslag til ny forskrift til samelovens språkreglar som har vore sendt på høyring saman med forslaget til lovendring.

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

Proposisjonen er dels ei oppfølging av Stortingsmelding nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken, og dels ei tilpassing til Sametinget sin nye organisasjonsstruktur som blei sett i verk 1. januar 2001.

Stortingsmelding nr. 55 (2000-2001) gjer greie for den prosessen som har vore sidan Sametinget blei oppretta i 1989, for å gje samane auka makt og innverknad ved å styrke Sametinget som det ansvarlege organet for utviklinga av det samiske samfunnet. Dette har m.a. medført at Sametinget i dag er tillagt forvaltingsansvar for visse administrative forhold, t.d. fordeling av økonomiske tilskot og oppnemning av representantar til ulike offentlege organ. I meldinga blir det sagt at ein vil «gi Sametinget større innflytelse og økt avgjørelsesmyndighet i saker som er av spesiell interesse for den samiske befolkningen,», jf St.meld. nr. 55 (2000-2001) s. 36. På denne måten vil ein oppnå målsettinga om at samisk og norsk kultur skal ha likeverdige vilkår og at samisk språk og kultur skal ha gode vilkår for å utvikle seg i Noreg. Vidare blir det i meldinga sagt at oppgåver som i hovudsak rettar seg mot det samiske folket, bør bli tekne hand om av Sametinget «slik at beslutningene blir tatt av det organet som har best kunnskap om samiske forhold og kjenner behovene best», jf. St.meld. nr. 55 (2000-2001) s. 37.

25. mai 2000 fatta Sametinget vedtak om at tinget sine underliggjande råd, blant dei Samisk språkråd, skulle omorganiserast og leggjast inn under Sametinget frå 1. januar 2001.

Til grunn for Sametinget sitt vedtak ligg utgreiinga «Ansvar og administrasjon» av 23. mars 2000. Omorganiseringa byggjer på utgreiinga sitt forslag om ein «integrert sektoransvarleg avdelingsstruktur.» Dette inneber at Samisk språkråd blei lagt ned og erstatta med eit Samisk språkstyre som behandlar og vedtek reint språkfaglege spørsmål, t.d. skriveformer og terminologiar. Språkstyret sin administrasjon er lagt til ei ny språkavdeling i Sametinget. Omorganiseringa inneber at dei reint språkfaglege oppgåvene blir lagde til eit særskilt språkstyre, medan dei adminstrasjonsprega oppgåvene ligg til administrasjonen ved direktøren og dei fagpolitiske oppgåvene til Sametinget.

Kultur- og kyrkjedepartementet har teke opp med Sametinget spørsmålet om kva for konsekvensar Sametinget sitt vedtak etter deira syn ville ha i høve til samelova § 3-12 med forskrifter. Etter brevveksling og møte med Sametinget uttalte departementet følgjande i brev til Sametinget av 20. juni 2001: «Kulturdepartementet har i si vurdering av saka kome til at Sametinget ikkje har kompetanse innanfor det nogjeldande regelverket til å fatte eit vedtak som inneber at eit lovfesta organ blir lagt ned og omorganisert slik det følgjer av vedtaket i sak 23/00 nr. 6, jf. nr. 4. Kulturdepartementet har i utgangspunktet ingen innvendingar til realiteten i vedtaket. Departementet er oppteke av at forholda blir lagde best mogleg til rette for arbeidet for samisk språk, og vil utarbeide forslag til endringar i samelova kapittel 3 med forskrifter.»

1.3 Arbeidet med proposisjonen

25. januar 2002 sendte Kultur- og kyrkjedepartementet eit notat med forslag om endring av samelova § 3-12 med forskrifter på høyring til følgjande instansar og institusjonar:

  • Sametinget

  • Samerådet

  • Norske Samers Riksforbund

  • Samenes landsforbund

  • Samenes folkeforbund

  • Norske reindriftssamers landsforbund

  • Østsamene i Neiden

  • Skoltene i Norge

  • Nordisk samisk språknemnd

  • Nordisk samisk institutt

  • Reindriftsadministrasjonen

  • Finnmark fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Nordland fylkeskommune

  • Nord-Trøndelag fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Fylkesmannen i Finnmark

  • Fylkesmannen i Troms

  • Fylkesmannen i Nordland

  • Fylkesmannen i Nord-Trøndelag

  • Fylkesmannen i Sør-Trøndelag

  • Alle departementa

  • Universitetet i Tromsø

  • Samisk høgskole

  • Norsk språkråd

  • Aja språksenter

  • Samisk språksenter, Porsanger

  • Samisk språksenter i Skånland/Evenes

  • Samisk språksenter Arran, Drag i Tysfjord

  • Isak Saba senteret, Nesseby

  • Tana kommune /Deanu gielda

  • Kautokeino kommune/Guovdageainnu suohkan

  • Karasjok kommune/Kárásjoga gielda

  • Porsanger kommune/Porsánggu gielda

  • Nesseby kommune/Unjárgga gielda

  • Kåfjord kommune/Gáivuona suohkan

  • Båtsfjord kommune

  • Kvalsund kommune

  • Alta kommune

  • Sør-Varanger kommune

  • Vadsø kommune

  • Vardø kommune

  • Berlevåg kommune

  • Gamvik kommune

  • Lebesby kommune

  • Måsøy kommune

  • Nordkapp kommune

  • Hammerfest kommune

  • Hasvik kommune

  • Loppa kommune

  • Lyngen kommune

  • Nordreisa kommune

  • Skjervøy kommune

  • Storfjord kommune

  • Balsfjord kommune

  • Bardu kommune

  • Berg kommune

  • Bjarkøy kommune

  • Karlsøy kommune

  • Lenvik kommune

  • Målselv kommune

  • Torsken kommune

  • Tranøy kommune

  • Kvænangen kommune

  • Tromsø kommune

  • Dyrøy kommune

  • Gratangen kommune

  • Harstad kommune

  • Ibestad kommune

  • Kvæfjord kommune

  • Lavangen kommune

  • Salangen kommune

  • Skånland kommune

  • Sørreisa kommune

  • Andøy kommune

  • Evenes kommune

  • Lødingen kommune

  • Sortland kommune

  • Narvik kommune

  • Tjeldsund kommune

  • Vestvågøy kommune

  • Vågan kommune

  • Øksnes kommune

  • Ballangen kommune

  • Beiarn kommune

  • Bodø kommune

  • Fauske kommune

  • Gildeskål kommune

  • Hamarøy kommune

  • Meløy kommune

  • Saltdal kommune

  • Skjerstad kommune

  • Sørfold kommune

  • Tysfjord kommune

  • Brønnøy kommune

  • Dønna kommune

  • Grane kommune

  • Hattfjelldal kommune

  • Hemnes kommune

  • Høylandet kommune

  • Leksvik kommune

  • Levanger kommune

  • Malvik kommune

  • Meråker kommune

  • Namdalseid kommune

  • Namsos kommune

  • Namsskogan kommune

  • Nærøy kommune

  • Rana kommune

  • Rennebu kommune

  • Rissa kommune

  • Snåsa kommune

  • Røros kommune

  • Røyrvik kommune

  • Selbu kommune

  • Steinkjer kommune

  • Stjørdal kommune

  • Trondheim kommune

  • Tydal kommune

  • Vefsn kommune

  • Verdal kommune

  • Verran kommune

  • Vikna kommune

  • Bindal kommune

  • Bø (Vesterålen) kommune

  • Flakstad kommune

  • Hadsel kommune

  • Herøy kommune

  • Leirfjord kommune

  • Lurøy kommune

  • Moskenes kommune

  • Nesna kommune

  • Rødøy kommune

  • Røst kommune

  • Steigen kommune

  • Sømna kommune

  • Træna kommune

  • Vega kommune

  • Flatanger kommune

  • Fosnes kommune

  • Frosta kommune

  • Grong kommune

  • Inderøy kommune

  • Leka kommune

  • Lierne kommune

  • Mosvik kommune

  • Overhalla kommune

  • Agdenes kommune

  • Bjugn kommune

  • Frøya kommune

  • Hemne kommune

  • Hitra kommune

  • Holtålen kommune

  • Klæbu kommune

  • Meldal kommune

  • Melhus kommune

  • Midtre Gauldal kommune

  • Oppdal kommune

  • Orkdal kommune

  • Osen kommune

  • Roan kommune

  • Skaun kommune

  • Snillfjord kommune

  • Ørland kommune

  • Åfjord kommune

Den alminneleg høyringsfristen var sett til 7. mars samme år. Sametinget fekk høve til å uttale seg om forslaget på bakgrunn av dei andre høyringsfråsegnene innan 18. april 2002. I tillegg til dei utpeika høyringsinstansane har alle som har bede om det, fått høyringsnotatet tilsendt for å kunne komme med ei evt. fråsegn.

Det kom inn i alt 27 høyringsfråsegner til notatet. Følgjande instansar har hatt realitetsmerknader til høyringsnotatet: Sametinget, Reindriftsforvaltninga, Kommunal- og regionaldepartementet, Fylkesmannen i Finnmark, Kautokeino kommune, Universitetet i Tromsø og Norske Reindriftsamers Landsforbund. Innhaldet i høyringsfråsegnene blir behandla seinare i proposisjonen i tilknyting til dei enkelte punkta i lovforslaget, men generelt kan ein seie at dei fleste høyringsinstansane sluttar seg til hovudinnhaldet i forslaga i høyringsnotatet.