Ot.prp. nr. 13 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. (arbeidsmiljøloven) og lov 4. juni 1993 nr. 58 om allmenngjøring av tariffavtaler m.v. (allmenngjøringsloven)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Forslag til nytt kapittel XII B om utsende arbeidstakarar i lov 4. februar 1977 nr 4. om arbeidervern og arbeidsmiljø (arbeidsmiljølova), blir fremma for å implementere Rådsdirektiv 96/71/EF om utsending av arbeidstakarar i samband med tenesteyting i norsk rett. Direktivet blei innlemma i EØS-avtalen ved vedtak i EØS-komiteen 30. april 1998. Stortinget gav sitt samtykke til innlemminga 23. november 1998. Direktivet skal gjennomførast i norsk rett innan 16. desember 1999.

Direktivet seier at verksemder som sender ut arbeidstakarar til Noreg på mellombels oppdrag, skal sikre at arbeidstakarane blir omfatta av dei føresegnene Noreg har når det gjeld nærmare opplista arbeids- og tilsetjingsvilkår, dersom dei ikkje allereie på førehand er sikra gunstigare vilkår. Dei arbeids- og tilsetjingsvilkåra som er lista opp i direktivet, er reglar om arbeidstid og kviletid, om minste tal på feriedagar med lønn pr. år, om minstelønn, om vilkår for utleige av arbeidstakarar, særleg gjennom vikarbyrå, om vernetiltak med omsyn til arbeids- og tilsetjingsvilkår for gravide og kvinner som nettopp har fødd, og for barn og unge. Reglar om likebehandling av menn og kvinner og andre reglar om likebehandling skal også gjerast gjeldande for utsende arbeidstakarar.

Formålet med direktivet er både å lette utvekslinga av tenester mellom landa og å sikre rettane til arbeidstakarane, herunder å hindre «sosial dumping». For Noregs del vil det seie å sikre at norske arbeids- og tilsetjingsvilkår blir gjorde gjeldande for arbeidstakarar som er utsende til Noreg. Direktivet er eit minimumsdirektiv og er dermed ikkje til hinder for at det blir nytta arbeids- og tilsetjingsvilkår som er gunstigare for arbeidstakarane.

Direktivet er eit såkalla partielt harmoniserande direktiv. Det fastset ingen minimumsrettar for vern av arbeidstakarane, men gir EØS-landa pålegg om å bruke gjeldande rett også for arbeidstakarar som er utsende til deira territorium. Innhaldet i rettane er såleis avhengig av nasjonal rett. Direktivet pålegg dermed ikkje Noreg å innføre reglar på desse områda. Det inneheld berre eit krav om at dersom vi har slike reglar fastsette i lov, forskrift eller allmenngjord tariffavtale, skal reglane også gjelde for utsende arbeidstakarar. På fleire av dei områda som er opplista i direktivet, har Noreg reglar som gjeld for alle arbeidstakarar som utfører arbeid i Noreg. På andre område, t.d. når det gjeld ferie, kan lovvalsreglane føre til at dei norske reglane ikkje blir tekne i bruk. Noreg har ingen lovfeste føresegner om lønn. Slike føresegner er berre fastsette i tariffavtalar og individuelle arbeidsavtalar.

Direktivet stiller også krav om at det skal opprettast eit samarbeid mellom dei tilsynsstyresmaktene som har ansvar for å føre tilsyn og kontroll med dei aktuelle arbeids- og tilsetjingsvilkåra. Samarbeidet skal særleg omfatte informasjonsutveksling nasjonalt og internasjonalt.

I tillegg inneheld direktivet krav om at arbeidstakarar, for å kunne gjere rettane sine gjeldande, skal kunne innleie rettargang i vertslandet. Denne retten skal kome i tillegg til dei reglane om tilgang til domstolar ved tvistar om arbeidsforhold som allereie følgjer av internasjonale konvensjonar om domsmakt.

Landa skal setje i verk eigna tiltak i tilfelle direktivet ikkje blir følgt, og ein skal passe på at arbeidstakarar og/eller deira representantar har høvelege ordningar til rådvelde for å sikre rettane sine. Slike ordningar kan t.d. vere lett tilgang til informasjon om kva for arbeids- og tilsetjingsvilkår som gjeld i Noreg, og det kan vere tilgang til domstolane, slik det også er stilt krav om etter artikkel 6.

Stortinget vedtok i 1993 lov 4. juni 1993 nr. 58 om allmenngjøring av tariffavtaler m.v. (allmenngjeringslova). Bakgrunnen var at det etter at EØS-avtalen tok til å gjelde, ikkje lenger blir stilt noko krav om arbeidsløyve for arbeidstakarar frå EØS-området som ønskjer å arbeide i eit anna EØS-land. Formålet med allmenngjeringslova er å sikre utanlandske arbeidstakarar norske arbeids- og tilsetjingsvilkår og å hindre sosial dumping. Lova gir høve til å gjere vedtak om allmenngjering av tariffavtalar, dvs. at det kan gjerast vedtak om at ein landsomfattande tariffavtale skal gjerast gjeldande for alle arbeidstakarar som utfører arbeid av den art avtalen omfattar. Til no er det ikkje gjort nokon slike vedtak.

For arbeidstakarar utanfor EØS-området har Utlendingsdirektoratet høve til å setje som vilkår for at det blir gitt arbeidsløyve, at lønns- og arbeidsvilkåra ikkje er dårlegare enn etter gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som elles er vanleg for vedkomande stad og yrke, jf. utlendingsforskrifta 21. desember 1990 § 2. Dette er i tråd med ein avtale som blei inngått mellom LO og N.A.F. (no NHO) i 1975, med retningslinjer for framgangsmåten for behandling av lønns- og arbeidsvilkår o.a. ved søknader om å få bruke utanlandsk arbeidskraft på tidsavgrensa oppdrag.

Fleire fagforbund har eigne løysingar for å hindre sosial dumping. Ved hjelp av samarbeid med systerforbund i andre land har norske forbund, når dei har fått informasjon om at ei utanlandsk bedrift skal sende arbeidstakarar til Noreg, inngått avtale med arbeidsgivarane om å følgje norsk tariffavtale. Eit døme på etablerte ordningar finst innanfor oljesektoren, der det i 1994 blei inngått ein avtale mellom LO/NOPEF og NHO om ei tilsynsordning for å hindre sosial dumping, den såkalla «Oljeserviceavtalen». Ved hjelp av inspektørar avdekkjer ein uakseptable lønns- og arbeidsforhold for utanlandske arbeidstakarar. I dei aller fleste tilfella oppnår ein at det blir inngått tariffavtalar med dei utanlandske arbeidsgivarane, også under trugsmål om at det elles vil bli reist krav om allmenngjering av dei aktuelle tariffavtalane. Utsendingsdirektivet og forslaget til føresegner for utsende arbeidstakarar vil ikkje vere til hinder for at ordningar som alt eksisterer, held fram.

Til forsida