Ot.prp. nr. 13 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffeprosessloven mv. (tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om ei føresegn i straffeprosessloven som vil la tingretten på visse vilkår handsame føreleggssaker utan at meddommarar er med. Etter forslaget skal dette gjelde når tingretten pådømmer ei handling som etter lova ikkje kan bli straffa med anna enn bot, fengsel inntil eitt år eller bot saman med fengsel inntil eitt år, og berre der retten ikkje finn handsamingsmåten lite tilrådeleg.

Vidare drøftar proposisjonen om det er grunn til særskilt å forenkle sakshandsaminga i føreleggssaker i tingretten der saka er fremja etter straffeprosessloven § 281 når den skuldgjevne ikkje er til stades. Det er her spørsmål om det bør verte høve til å seie dom på grunnlag av saksdokumenta, om det bør vere mindre krav til domsgrunnar, og om det bør vere større høve til å lese opp vitneforklaringar som er gjevne tidlegare. Departementet er blitt ståande ved ikkje å ta opp framlegg om slike endringar.

Det forslaget til lovendring som departementet legg fram her i proposisjonen, var på høyring saman med ei lang rekkje andre forslag til lovendringar som kunne vere med på å gjere straffesakshandsaminga meir effektiv. Departementet vil kome attende til desse andre forslaga i ein seinare proposisjon. Departementet seier likevel ifrå i proposisjonen her at det ikkje vil ta opp det forslaget til endring av straffeprosessloven § 321 tredje ledd (om utvida ankesiling) som var med i høyringsnotatet.

I tillegg inneheld proposisjonen framlegg om å rette opp ein feil i straffeprosessloven § 355 tredje stykket, og det blir foreslått eit nytt unntak i offentleglova og i forvaltningsloven sine reglar om partsinnsyn for opplysningar om forskarars idear og forskingsprosjekt. Endringane i offentleglova og forvaltningsloven er ei oppfølging av eit forslag som vart fremja av offentleglovutvalet i NOU 2003: 30, men som ikkje vart følgt opp i Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd.

Til forsida