Ot.prp. nr. 14 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 17. desember 1982 nr 86 om rettsgebyr

Til innhaldsliste

1

I proposisjonen vert det gjort framlegg om at grunngebyret i rettsgebyrlova § 1 (R) aukast frå kr 515,- til kr 530,-, med verknad frå 1. januar 1999. Framlegget om auke er i samsvar med framlegget i St prp nr 1 (1998-99) Justis- og politidepartementet side 42.

Auken svarer omlag til forventa prisauke frå 1998 til 1999. Satsen vart sist endra frå kr 505,- til kr 515,- med verknad frå 1. januar 1998. Dei økonomiske verknadane av auken er innarbeidde i St prp nr 1 (1998-99).

For å gjere lova klarare og sikre ein lik praksis, vert det også gjort framlegg om enkelte presiseringar i §§ 20 og 22. I § 20 om gebyr for utferding av proklama før det er avgjort om eit bu skal behandlast av skifteretten eller skiftast privat, vert det gjort framlegg om at paragrafen vert utvida med eit nytt andre punktum om at gebyret for proklama går til frådrag i gebyret for behandling av buet, dersom det seinare vert opna offentleg skifte. Endringa er i samsvar med den tolkinga som er lagt til grunn i rundskriv G-43/95 frå Justisdepartementet om dødsbuskifte side 9. I § 22 nr. 5 om gebyrfritak ved tinglysing o.a. av utleggs- og arrestforretningar, vert det gjort framlegg om at mellombels åtgjerd vert lagt til. Endringa er i samsvar med den tolkinga som er lagt til grunn i rundskriv G-29/98 frå Justisdepartementet om rettsgebyrlova og rettsgebyrforskrifta side 41 og 50.

Til forsida