Ot.prp. nr. 14 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (særskild tildeling av overskot frå Norsk Tipping)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag om endring i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. for å sikre ein klar lovheimel for ei særskild tildeling av overskot frå Norsk Tipping. Hovudregelen for slik tildeling går fram av lova § 10, og inneber at overskotet frå Norsk Tipping blir fordelt med 50 % til kulturformål og 50 % til idrettsformål. Forslaget medfører at eit særleg beløp av overskotet for 2007 blir fordelt i 2008 til visse samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, jf. St.meld. nr. 39 (2006-2007) punkt 25.7. Storleiken på beløpet vil vere avhengig av Norsk Tipping sitt overskot i 2007. Det skal vere ein føresetnad for den særskilde tildelinga at den ordinære tildelinga frå Norsk Tipping til kultur og idrett ikkje blir mindre enn i 2007.