Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 14 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (særskild tildeling av overskot frå Norsk Tipping)

Til innhaldsliste

3 Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaget

Forslaget opnar for at ein auke i overskotet til utdeling frå Norsk Tipping frå inntektsåret 2006 til inntektsåret 2007 kan delast ut til utvalde samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, inkludert idrettsformål. Det er venta at ein slik auke i 2007 vil utgjere om lag 150 millionar kroner. Utdelinga vil skje i løpet av 2008. Før slik utdeling kan skje, skal det sikrast at den ordinære utdelinga frå Norsk Tipping til idrett og kultur ligg på same nivå i 2008 som i 2007. Gjennomføringa av den særskilde utdelinga i 2008 vil skje etter nærare føresegner fastsette av Kongen.

Grunna mellom anna avviklinga av automatmarknaden frå 1. juli 2007 (fjerning av om lag 12 000 automatar) er det venta ein auke i Norsk Tipping sitt overskot i 2007. Noko av omsetninga som har vore på automatane, kjem no inn på spela til Norsk Tipping.

Norsk Tipping sitt overskot i 2008 blir fordelt i 2009 etter nye reglar som gjer at den ordinære fordelinga skjer mellom kultur, idrett og utvalde samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Desse nye reglane i pengespellova § 10 vart vedtekne i lov 29. august 2003 nr. 90, men vil først gjelde frå 1. januar 2009.

Til toppen
Til forsida av dokumentet