Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 17 (1996-97)

Om lov om endringar i lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift

Til innholdsfortegnelse

11 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 5:

Innhaldet i gjeldande første ledd nr 1 bokstav a blir vidareført, men det blir gjort framlegg om at definisjonen av kva for kunstverk som er omfatta av unntaket blir teke inn i forskrift fastsett med heimel i § 5 siste ledd, sjå kap 7.3.6 og kap 7.6.2.

Vidareforhandlarar som kjøper kunstverk av kunstnaren eller mellommann som nemnt i regelen, kan rekne avgift av avansen ved vidaresalet av kunstverket, sjå kap 7.6.3 og nytt kapittel XVIa.

Opphevinga av regelen i første ledd nr 6 inneber at omsetning av frimerke, setlar og myntar som samleobjekt ikkje lenger vil vere utanfor avgiftsområdet. Dette gjeld og postverket si omsetning av frimerke, setlar og myntar som samleobjekt. Skiljet mellom slike varer som blir omsett i pakker, sett ol, og anna omsetning av desse varene blir dermed oppheva. Frimerke til bruk som frankeringsmiddel og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel, vil etter framlegget framleis vere utanfor avgiftsområdet, jf meirverdiavgiftslova § 2 siste ledd.

Vidareforhandlarar kan rekne avgift av avansen ved vidaresal av frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, sjå nytt kapittel XVIa.

Til § 16:

Opphevinga av § 16 første ledd nr 4 andre punktum inneber at varer som har vore til bruk privat eller til andre formål som ikkje har gitt rett til frådrag for inngåande avgift kan seljast avgiftsfritt, og når seljaren driv omsetning av varer av same slag i si næringsverksemd. Ved sal av privat lausøyre mv vil slike seljarar etter lovframlegget ikkje lenger bli identifiserte med næringsverksemda si, slik tilfellet er no.

Til § 18:

Nytt sjette ledd gir informasjon om at det er teke inn særlege reglar om grunnlaget for utrekninga av avgifta ved omsetning av brukte varer mv i nytt kapittel XVIa.

Til § 62:

Ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar skal det etter andre leddreknast avgift av eit lågare grunnlag enn det som følgjer av hovudregelen i § 62 første ledd, jf kap 7.4.1.

Ved innførsel av andre brukte varer skal grunnlaget for utrekninga av avgifta fastsetjast etter reglane i § 62 første ledd.

I femte leddblir det teke inn heimel for departementet til å kunne fastsetje nærmare reglar om lågare utrekningsgrunnlag ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar.

Til § 63:

§ 5 første ledd nr 6 bokstav a og b er ikkje lenger med i opplistinga i første ledd av varer som er fritatt frå avgift ved innførsel. Endringa er ei følgje av framlegget om oppheving av avgiftsunntaket i § 5 første ledd nr 6 for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, og inneber at det skal betalast meirverdiavgift ved innførsel av frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, jf merknadene til § 5 første ledd nr 6 og § 62 nytt andre og femte ledd.

Innhaldet i gjeldande andre ledd blir vidareført, men definisjonen av kva for kunstverk som er omfatta av fritaket vil etter framlegget bli teke inn i forskrift, sjå kap 7.3.6 og kap 7.6.2.

Tredje ledd inneheld heimel for departementet til blant anna å gjere avgrensing av kva for kunstverk som skal vere omfatta av fritaket i § 63 andre ledd. Definisjonen vil vere identisk med definisjonen av kunstverk som blir gitt med heimel i § 5 siste ledd, jf merknader til § 5 første ledd nr 1 boktav a.

Til kapittel XVIa om brukte varer mv:

Dei generelle reglane om brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som er omtala i denne proposisjonen vil etter framlegget bli teke inn som eit nytt kapittel med overskrifta; «Kapittel XVIa om brukte varer mv.» Kapitlet inneheld særlege reglar for utrekning av avgift ved omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar.

Til § 66a:

I første ledd er det lagt fram reglar om kva for subjekt som kan nytte avansesystemet. Etter framlegget gjeld dette berre avgiftspliktige vidareforhandlarar.

Det følgjer av meirverdiavgiftslova § 10 første ledd at omsetning ved kommisjon og auksjon er avgiftspliktig omsetning. Det blir i framlegget til § 66a første ledd presisert at «vidaresal» også omfattar desse omsetningsformene. Uttrykket «innkjøper mv» skal inkludere det forhold at kommisjonær eller auksjonarius tek inn varer for vidaresal.

Første ledd gir vidare reglar om kva for varer som er omfatta av avansesystemet. Omgrepa «brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar» vil bli nærmare definerte i forskrift.

I andre ledd er det slått fast at avansesystemet er frivillig, jf ordet «kan». Avgiftspliktige vidareforhandlarar kan i kvart enkelt tilfelle velje å nytte dei alminnelege reglane for utrekning av avgift, det vil seie at avgifta blir rekna av heile salsvederlaget. Dette vil og seie at vidareforhandlarar i si verksemd kan nytte begge systema.

I tredje ledd er det teke inn reglar om kva for subjekt vidareforhandlaren kan skaffa varer frå, for å kunne nytte avansesystemet. Etter regelen kan vidareforhandlaren nytte avansesystemet når varene er skaffa frå seljarar som ikkje skal rekne avgift av salet eller føre avgift i salsdokument, og som ikkje har frådragsrett for inngåande avgift.

Avgiftspliktige vidareforhandlarar kan etter regelen i fjerde ledd nytte avansesystemet ved vidaresal av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar dei sjølv importerer. Det er i desse tilfella ein føresetnad at vidareforhandlarane ikkje frådragsfører avgifta pålagt ved innførselen. Framlegget er endra i forhold til høyringsnotatet på dette punktet.

Til § 66b:

Første ledd i lovframlegget inneheld nærmare reglar om grunnlaget for utrekninga av meirverdiavgifta for omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Utrekningsgrunnlaget for desse varene er avansen. Avansen kjem ein fram til ved å trekkje kjøpspris frå salspris. Sjølve avgifta skal ikkje reknast med i grunnlaget.

Andre ledd inneheld nærmare reglar om grunnlaget for utrekninga av meirverdiavgifta ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som vidareforhandlaren sjølv har innført til landet. Utrekningsgrunnlaget i desse tilfella er avansen. Avansen kjem ein fram til ved å trekkje innkjøpspris frå salspris. Sjølve avgifta skal ikkje reknast med i grunnlaget. Innkjøpsprisen vil vere utrekningsgrunnlaget fastsett etter § 62 første ledd, basert på tollverdien, med tillegg av avgift betalt ved innførselen. Innførselsmeirverdiavgifta blir rekna av eit lågare grunnlag, jf § 62 nytt andre ledd.

Tredje ledd slår fast at dersom kjøpsprisen overstig salsprisen, kan differansen ikkje trekkjast frå i utrekningsgrunnlaget for andre sal. Unntak gjeld i tilfelle der reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag blir nytta, jf sjette ledd.

Etter fjerde ledd må vidareforhandlarar ikkje føre avgiftsbeløp i salsdokumentet dersom avansen blir nytta som utrekningsgrunnlag.

I femte ledd blir det presisert at lova sine alminnelege reglar skal nyttast ved utførsel av brukte varer mv. Dette gjeld likevel ikkje i dei tilfella der vidareforhandlarane nyttar reglane om samla terminvis avanse, jf sjette ledd, og noko av omsetninga refererer seg til utførsel. Fordi det vil vere rekneskapsmessig umogleg å identifisere desse varene, skil ein i slike tilfelle ikkje mellom sal innanlands og sal til andre land.

Sjette ledd fastset reglar for dei tilfella der det ikkje er mogleg å rekne ut avgifta på grunnlag av kjøps- og salsprisen på den enkelte vara. Dette gjeld i tilfelle der vidareforhandlaren gjer eit samla innkjøp, til eksempel eit dødsbu, der det i salsdokumentet ikkje er ført opp pris på kvar enkelt vare. Same forhold vil kunne gjere seg gjeldande der ei enkelt vare inngår i eit vidaresal av fleire varer som blir selte under eitt, til eksempel sal av ei samling frimerke. Regelen slår fast at utrekningsgrunnlaget i desse tilfella kan fastsetjast samla og terminvis. Reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag kan nyttast og for andre brukte varer mv der kjøps- og salsprisen er kjent, dersom samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege del av vidareforhandlaren sine kjøp og sal i terminen. Dersom verdien av kjøp overstig verdien av sal i terminen, kan differansen overførast til neste termin og bli rekna med i verdien av samla kjøp for denne terminen.

Til § 66c:

Regelen gir blant anna departementet fullmakt til å definere omgrepa «brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar», sjå kap 7.3.6.

Til II overgangsreglane:

Regelen inneheld overgangsreglar for brukte varer mv som er skaffa før endringane tek til å gjelde.

Etter første ledd skal nytt kapittel XVIa gjelde for vidaresal av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som er levert vidareforhandlaren frå det tidspunkt endringane tek til å gjelde. Ved vidaresal av varer som er levert før dette tidspunkt vil dei ordinære reglane for utrekning av avgift gjelde. Dette gjeld sjølv om vidaresalet finn stad etter at endringane tek til å gjelde.

Etter andre ledd kan reglane i nytt kapittel XVIa likevel nyttast ved vidaresal av varer levert før tidspunktet då endringane tek til å gjelde, dersom vidareforhandlaren kan dokumentere innkjøpsprisen for den enkelte vara, og kan godtgjere at det ikkje blei betalt avgift då vara blei skaffa. Departementet kan i forskrift fastsetje nærmare krav til dokumentasjon for innkjøpsprisen på den enkelte vara, og fastsetje nærmare krav til godtgjering av at det ikkje er betalt avgift i samband med kjøpet av vara.

Til toppen
Til dokumentets forside