Ot.prp. nr. 17 (1996-97)

Om lov om endringar i lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunnen for framlegget

Meirverdiavgifta er ei forbruksavgift som skal betalast ved innanlandsk omsetning av varer og tenester i alle omsetningsledd og ved innførsel. Lov om merverdiavgift av 19. juni 1969 omfattar omsetning av alle varer, men berre nærmare bestemte tenester, jf meirverdiavgiftslova § 13. Meirverdiavgifta er ei avgift på forbruk i den forstand at den berre tek sikte på å belaste det endelege forbruket av avgiftspliktige varer og tenester. I praksis blir det rekna meirverdiavgift i alle omsetningsledd, men retten til å frådragsføre inngåande avgift gjer at avgifta ikkje blir belasta dei avgiftspliktige verksemdene i omsetningsrekkja. Så lenge kvart ledd er avgiftspliktig oppnår ein nøytralitet i systemet utan omsyn til kor mange omsetningsledd det er. Først når omsetninga skjer til eit ledd der mottakaren ikkje har frådragsrett for inngåande avgift, vil avgifta bli endeleg belasta. Dette vil gjelde alle privatpersonar, men og offentlege institusjonar og næringsverksemder som ikkje er avgiftspliktige etter meirverdiavgiftslova.

Gjeldande norske meirverdiavgiftsregelverk skil som hovudregel ikkje mellom nye og brukte varer. Avgiftsplikta er knytt til omsetning frå registreringspliktig verksemd. Blir varer selte frå slik verksemd skal utgåande meirverdiavgift reknast av heile salsvederlaget.

Ei hovudinnvending mot gjeldande regelverk er at det for omsetning av brukte varer i ei viss utstrekning fører til dobbel avgiftsbelastning eller kumulative effektar. Dette kan illustrerast med eit eksempel der ein forhandlar kjøper ei brukt vare av ein privatperson med tanke på vidare sal. I føregåande omsetningsledd; då privatpersonen kjøpte vara ny, vil det oppstå ei «endeleg» avgiftsbelastning fordi privatpersonen ikkje kan trekkje frå avgifta som inngåande meirverdiavgift. Ved salet frå privatpersonen til bruktforhandlaren vil denne avgifta liggje i salsprisen, og forhandlaren kan etter dei generelle reglane ikkje trekkje frå denne avgifta. Det blir sagt at avgifta ligg «skjult» i prisen. Når bruktforhandlaren sel vara vidare skal han etter gjeldande reglar rekne avgift av det fulle salsvederlaget på ny. Den «skjulte» avgifta vil dermed inngå i grunnlaget for utrekninga av avgifta av vidareforhandlaren sitt sal. Det vil såleis oppstå ei dobbel avgiftsbelastning eller kumulativ effekt.

Eksempel på utrekning av avgift etter gjeldande norske regelverk der ei endeleg avgiftsbelastning oppstår to gonger:

Ein privatperson kjøper ein ny båt for kr 50 000 inklusiv meirverdiavgift. Meirverdiavgifta utgjer (50 000 x 23 : 123) kr 9 350 som seljaren innbetaler til staten. Privatpersonen sel deretter båten til ein forhandlar for kr 20 000. Forhandlaren sel båten vidare for kr 30 000. Avgifta som skal betalast inn til staten ved dette siste salet blir (30 000 x 23 : 123) kr 5 610.Det systemtekniske riktige ville vere at avgifta i andre omgang berre skulle reknast av meirverdien i salsleddet, dvs avansen. I dette tilfellet kr 10 000. Dette ville redusert avgiftsbelastninga for vidareforhandlaren med to tredelar.

Til forsiden