Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 17 (1996-97)

Om lov om endringar i lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift

Til innholdsfortegnelse

3 Nærmare om gjeldande norske regelverk for omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar

Avgiftsplikta er knytt til omsetning frå registreringspliktig verksemd. Blir varer selte frå slik verksemd skal utgåande avgift reknast av heile salsvederlaget, jf meirverdiavgiftslova § 18. Dette gjeld og om den næringsdrivande kjøper inn ei vare frå ein privatperson der det alt har oppstått ei «endeleg» meirverdiavgiftsbelastning.

Sjølv om gjeldande norske regelverk som hovudregel ikkje skil mellom nye og brukte varer, har ein vore merksam på problemet med kumulativ avgiftseffekt og moglege vridingar i marknaden ved omsetning av brukte varer mv. Det er derfor og etter gjeldande regelverk innført særreglar på enkelte område.

3.1 Særreglar i gjeldande regelverk for enkelte brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar

3.1.1 Brukte kjøretøy - meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 10

Registreringspliktige næringsdrivande er etter meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 10 fritatt frå plikta til å svare utgåande avgift ved omsetning av kjøretøy som har vore registrerte i motorvognregisteret og som er omfatta av plikta til å betale omregistreringsavgift ved eigarskifte.

3.1.2 Unntak for omsetning og innførsel frå opphavsmannen av eigne originale kunstverk - meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 1 bokstav a og § 63 andre ledd

Omsetning frå opphavsmannen av eigne originale kunstverk er etter meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 1 bokstav a utanfor det avgiftspliktige området. Det same gjeld for omsetning ved mellommann i opphavsmannen sitt namn.

Kunstnarar kan vidare etter § 63 andre ledd innføre eigne kunstverk avgiftsfritt. Det same gjeld innførsel ved mellommann som nemnt i § 5 første ledd nr 1 bokstav a.

3.1.3 Unntak for omsetning og innførsel av frimerke, setlar og myntar som samleobjekt - meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 6 bokstav a og b, og § 63 første ledd

Etter gjeldande reglar skal det ikkje reknast meirverdiavgift ved omsetning og innførsel av frimerke, setlar og myntar som skal tene som samleobjekt. Dette gjeld likevel ikkje dersom desse blir selte som pakker, sett o l som er spesielt mynta på butikksal, jf meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 6. Sal av slike pakker, sett o l er såleis avgiftspliktig.

Etter meirverdiavgiftslova § 63 første ledd gjeld dette tilsvarande ved innførsel av dei ovanfor nemnte varene.

3.1.4 Fritak for avgiftsplikt ved omsetning av vare frå den som eig vara til bruk privat eller til andre formål som ikkje har gitt rett til frådrag for inngåande avgift - meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 4

Gjeldande fritak frå plikta til å rekne avgift i § 16 første ledd nr 4 gjeld varer frå ein næringsdrivande som driv avgiftspliktig verksemd, og som har eigd vara til bruk privat eller til andre formål som ikkje har gitt rett til frådrag for inngåande avgift. Regelen gjeld likevel ikkje dersom seljaren omset varer av same slag i si næringsverksemd.

Regelen gjeld og næringsdrivande sine sal av driftsmiddel og andre brukte varer, dersom frådragsretten for inngåande avgift ved kjøpet har vore avskoren. Slike varer kan såleis seljast utan at det skal reknast utgåande avgift.

3.1.5 Frådragsrett for fiktiv inngåande meirverdiavgift for samvirkeforetak og forhandlarar av handverks- og husflidsarbeid - meirverdiavgiftslova § 44a

Med heimel i meirverdiavgiftslova § 44a har Finansdepartementet fastsett forskrifter som i ei viss utstrekning inneber frådragsrett for fiktiv inngåande meirverdiavgift ved kjøp frå ikkje-registrerte seljarar. Etter forskrift fastsett av Finansdepartementet den 12. mars 1970 (nr 26) om avregning av inngående avgift for samvirkeforetak m.v., kan samvirkeforetak i visse tilfelle føre opp avgiftsbeløp i avrekningsdokument utan omsyn til om seljaren er registrert i avgiftsmanntallet. Denne fiktive avgifta kan trekkjast frå som inngåande avgift. Same prinsipp gjeld etter forskrift fastsett av Finansdepartementet den 17. oktober 1978 (nr 79) om avregning av inngående avgift overfor hjemmeprodusenter av håndverks- og husflidsarbeider.

Til toppen
Til dokumentets forside