Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 20 (2007-2008)

Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om ei ny lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova). Lova avløyser lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv.

Lovforslaget svarar i hovudsak til forslaget frå havressurslovutvalet, jf. NOU 2005: 10 Lov om forvaltning av viltlevende marine ressurser. Forslaget frå utvalet har i hovudtrekk fått brei og solid støtte frå høyringsinstansane.

Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Dette viser at lova både er ei næringslov og ei miljølov, og at dette heng tett saman.

Lova har fleire viktige nyvinningar. Det viktigaste er at lova skal gjelde for alle viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale. Havressurslova regulerer såleis ikkje berre næringsverksemd knytt til dei tradisjonelle ressursane. Lova skal også leggje til rette for å regulere og forvalte nye ressursar som ikkje har vore omfatta av saltvassfiskelova.

Lova femner om all hausting og anna utnytting av ressursane som er omfatta av lova. Saltvassfiskelova derimot legg hovudvekta på tradisjonelt fiske og tradisjonell fangst. Vidare femner havressurslova også om anna utnytting av viltlevande marine ressursar, til dømes ved bioprospektering. Lova gjev såleis heimel til å stille vilkår, til dømes om deling av fordelar, ved hausting eller utnytting av ressursar som vert omfatta av lova.

Lova viser dei folkerettslege pliktene våre til å forvalte ressursane på ein ansvarleg måte, og etablerer eit system for å implementere desse pliktene i nasjonal forvaltning.

Lova innfører forvaltningsprinsippet som ein grunnleggjande regel i forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane. Både havressurslovutvalet og biomangfaldlovutvalet har vore opptekne av kva for lovgjevingsmessig utgangspunkt som skal veljast i dei to lovene; om hausting skal vere forbode inntil styresmaktene har opna for hausting, eller om hausting er tillate inntil det vert innført regulering eller forbod. Det avgjerande er at lovgjevinga legg opp til gode avvegingar mellom ulike omsyn, og ikkje kva for lovmessig utgangspunkt som vert valt. Det viktige er såleis at dei vurderingane styresmaktene gjer og dei avgjerdene ein tek skal vere innanfor ei berekraftig ramme, byggje på ei heilskapleg tilnærming og vere basert på grundig fagleg kunnskap. Avgjerdene skal vege ei rekkje ulike interesser mot kvarandre, og ta omsyn til både ei langsiktig forvaltning av ressursane og ulike nærings- og distriktsomsyn. Det er dette som ligg i forvaltningsprinsippet.

Lova slår fast at retten til dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Dette etablerer ikkje nokon statleg eigedomsrett til ressursane i juridisk forstand, men er eit klart uttrykk for statens ansvar og rett til å forvalte ressursane til beste for fellesskapet.

Lova innfører ei generell ilandføringsplikt for all fisk. Dette er ei innskjerping samanlikna med gjeldande rett, der ilandføringsplikt er fastsett i forskrift og berre gjeld dei kommersielt viktigaste ressursane. Innføringa av ei generell ilandføringsplikt inneber også eit klarare regelverk for næringsaktørane, fordi all fisk no skal førast i land med mindre det er gjort unntak frå plikta i forskrift.

Lova fører vidare og oppdaterer reglane om regulering av ressursuttaket.

Lova styrkjer reglane om tilrettelegging for og gjennomføring av ressurskontroll, særleg ut frå behovet for reglar retta mot ulovlege, urapporterte og uregulerte fiskeaktivitetar (UUU-aktivitetar).

Lova innfører ein heimel til sporing av fangst for å få til ein betre ressurskontroll. Lova utvidar registreringsordninga for kjøparar og innfører ein heimel til å fastsetje forskrift om registreringsplikt for alle som tek i mot fangst i første hand. Kontrollkompetansen til Fiskeridirektoratet vert ført vidare og presisert på fleire punkt. Salslaga får heimel til å krevje tilgang til enkelte stader og opplysningar når dei gjennomfører ressurskontroll.

Det vert gjort framlegg om fleire endringar i reglane om hausting frå fartøy som ikkje er merkeregistrerte (fritidsfiske). Det vert mellom anna innført ei omsetningsgrense for slikt fiske.

Lova innfører heimel til å påleggje tvangsmulkt for å sikre at føresegner fastsette i eller i medhald av lova vert haldne.

Lova gjev vidare heimel til å påleggje lovbrotsgebyr ved aktlause eller forsettlege brot på føresegner fastsette i eller i medhald av lova. Med dette vidarefører vi i havressurslova ei tilsvarande føresegn i deltakarlova som gjev heimel til å påleggje lovbrotsgebyr ved brot på fiskerilovgjevinga generelt. Departementet tek sikte på å nytte lovbrotsgebyr for å få til ei delvis avkriminalisering av saker som i dag vert melde til politiet, men som har eit mindre omfang. Terskelen for å melde lovbrot til politiet vert dermed heva.

Til toppen
Til forsida av dokumentet