Ot.prp. nr. 23 (2001-2002)

Om lov om notarius publicus

Til innhaldsliste

1

I Ot.prp. nr. 81 (2000-2001) la regjeringa fram eit forslag til lov om notarius publicus. Det følgjer av Dokument nr. 11 (2000-2001) at forslaget ikkje blei behandla av det førre Stortinget.

Etter Stortingets forretningsorden § 33 tredje leddet må kongelege proposisjonar til lover som Odelstinget og Lagtinget ikkje har ferdigbehandla i den valperioden då dei blei sette fram, setjast fram på ny i den nye valperioden.

Justis- og politidepartementet set med dette fram forslaget til lov om notarius publicus på ny, jf. Ot.prp. nr. 81 (2000-2001).

Lovforslaget blir denne gongen fremja på nynorsk.

Samanlikna med forslaget i Ot.prp. nr. 81 (2000-2001) er det gjort mindre endringar. Endringane er av lovteknisk karakter. I § 1 andre leddet er «På Svalbard» erstatta med «For Svalbard». I § 2 andre leddet er tilvisinga til utanrikstenestemenn endra i samsvar med formuleringa i utkastet til ny utanrikslov, jf. Ot.prp. nr. 13 (2001-2002). I § 4 er «for notarius publicus» teke inn. I § 6 andre leddet er det på ein annan måte vist til lovreglane som blir oppheva.

Endringane påverkar ikkje innhaldet i forslaget.

Til forsida