Ot.prp. nr. 24 (2001-2002)

Om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m. (namn på fyrsteinstansdomstolane m.m.)

Til innholdsfortegnelse

1 Innhald og bakgrunn for proposisjonen

Justisdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endringar i rettergangslovgjevinga og i ei lang rekkje andre lover. Framlegget omfattar endringar i embetsnamna på fyrsteinstansdomstolane. Framlegget inneber berre endringar av omgrep, og det blir ikkje gjort framlegg om materielle lovendringar. Proposisjonen er ei oppfølgjing av St.meld. nr. 23 (2000-2001) Førsteinstansdomstolene i fremtiden og Innst. S. nr. 242 (2000-2001).

Under handsaminga av St. meld. nr. 23 (2000-2001) Førsteinstansdomstolene i fremtiden, tok ein mellom anna opp spørsmålet om namn på fyrsteinstansdomstolane. Departementet gjekk inn for at fyrsteinstansdomstolane skal heite «tingrett», domstolleiaren skal heite «sorenskriver» og dei andre dommarane «tingrettsdommer». Stortinget slutta seg til departementets forslag, jf. Innst. S. nr. 242 (2000-2001) side 10. Innstillinga vart handsama av Stortinget 21. mai 2001.

Føremålet med endringa er å forenkle nemningane på fyrsteinstansdomstolane. Domstolane bør heite det same over heile landet. Departementet viser til St.meld. nr. 23 (2000-2001) kapittel 10.

Departementet tek sikte på å fremje ein eigen Ot.prp. om endringar i funksjonsnemningar (skifterett, verjemålsrett, namsrett og forhøyrsrett) på domstolane seinare.