Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 24 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp

Til innhaldsliste

1 Om hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet legg her fram forslag om gjeninnføring av eigendel i lov om fri rettshjelp. Forslaget er tilnærma likt det forslaget som blei fremma i Ot. prp. nr. 37 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp, og som blei drøfta i St. meld. nr. 25 (1999-2000) Om fri rettshjelp, jf. Innst. S. nr. 181 (1999-2000).

Forslaget er omtalt i St. prp. nr. 1 (2004-2005) under kapittel 470 Fri rettshjelp.

Departementet foreslår at dei som får fri rettshjelp i behovsprøvde saker skal betale eigendel. I saker som ikkje går for domstolane (fritt rettsråd), foreslår departementet at eigendelen tilsvarar ein fast sum (grunndel). I saker som går for domstolane (fri sakførsel) ser departementet for seg at ein skal betale eigendel på 25 % av kostnadene i saka, men med eit tak, slik at den totale eigendel ikkje overstig fem gonger grunndelen. Grunndelen bør etter departementet sitt syn vere lik timesatsen som det offentlege betaler rettshjelpa med (salærsatsen), eksklusiv meirverdiavgift.

Departementet foreslår ei inntektsgrense for å betale eigendel på kr 100 000,-.

Forslaget inneber at den advokat som har ytt rettshjelpa skal stå for innkrevjing av eigendelen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet