Ot.prp. nr. 27 (2007-2008)

Om A)Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) B)Lov om endringar i minerallovgivinga

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Om lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd

Nærings- og handelsdepartementet fremjar med dette forslag til ny lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova).

Som eit ledd i den aktive næringspolitikken til regjeringa inneheld lova forslag til tiltak ved nedlegging av bedrifter. Departementet ønskjer på denne måten å etablere eit rammeverk som kan gjere det mogleg for levedyktige bedrifter å drive vidare, og føreslår tiltak som styresmaktene kan setje i verk for å bidra til dette.

Eit slikt tiltak er å innkalle til drøftingar mellom bedrift, det offentlege, tilsette og moglege investorer. Dette skal vere ein møteplass der det skal vurderast om det er mogleg med vidare drift, alternativ drift, ev. med nye eigarar, eller andre omstillingstiltak. Bedrifta, styresmaktene både lokalt og regionalt og dei tilsette skal få høve til å delta og engasjere seg for å finne alternative løysingar.

For å etablere eit formålstenleg grunnlag for slike drøftingar føreslår departementet ei lovfesta plikt for bedrifter med 30 tilsette eller fleire til å melde frå til fylkeskommunen om ei planlagd nedlegging. Forslaget inneber ingen endringar i den grunnleggjande og etablerte rollefordelinga, der det er bedriftseigars ansvar å gjere vedtak om forhold knytta til drift og nedlegging, og der styresmaktene si rolle er å vere tilretteleggjar for næringsverksemd i Noreg.

I situasjonar der det er planar om å leggje ned ei bedrift, kan det vere naturleg at eventuelle interessentar, særleg dei tilsette, får høve til å drøfte om det er mogleg å kjøpe bedrifta. For å opne for at dei tilsette kan få høve til å kjøpe bedrifta, føreslår departementet at ein lovfestar ei drøftingsplikt med dei tilsette, med sikte på at dei eventuelt kan overta bedrifta.

Kapittel 2 inneheld bakgrunn for forslaget. I kapittel 3 er det ei kort beskriving av mål og utfordringar. Forholdet til anna regelverk blir omtala i kapittel 4. Kapittel 5 handlar om sjølve meldeplikta, mens kapittel 6 gjeld drøftingsplikt om vidare drift og om dei tilsette kan overta når ei bedrift skal leggjast ned. I kapittel 7 er det gitt ei beskriving av dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovforslaget. Særmerknadene til lovforslaget er omtala i kapittel 14.

1.2 Om lov om endringar i mineralovgivinga

Nærings- og handelsdepartementet fremjar med dette forslag til endringar i:

  • lov 30. juni 1972 nr. 70 om bergverk ;

  • lov 3. juli 1914 nr. 5 om erverv av kalkstensforekomster ;

  • lov 17. juni 1949 nr. 3 om erverv av kvartsforekomster ; og

  • lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven) mv.

Departementet føreslår at ein fastset lovheimlar i bergverkslova, kalksteinslova, kvartslova og konsesjonslova om høve til å fastsetje i forskrift kvalifikasjonskrav for personell som står for drift av mineralførekomstar, og reglar om godkjenning av tilsvarande kompetanse for borgarar frå EØS-området. Formålet med forslaget er å bringe minerallovgivinga i samsvar med EØS-regelverket om gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar.

Til forsida