Ot.prp. nr. 3 (1999-2000)

Om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m. (harmonisering av rettsmiddelfristar, effektivisering av bøtestraffa og endring av prosessreglane for Høgsterett m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endringar i rettergangslovgjevinga m m. Dei viktigaste endringane er foreslått i tvistemålslova, domstollova og tvangsfullføringslova. Endringane byggjer på fire ulike høyringar som Justisdepartementet har følgt opp gjennom framlegga i denne proposisjonen, og endringane er delt inn i sju hovudkapittel.

Det første hovudkapittelet er punkt 3 nedanfor, og gjeld endringar i sivilprosessen. Endringane omfattar ein del av framlegga i høyringsbrev 6 mars 1996. Det viktigaste framlegget i dette kapitlet er harmoniseringa av lengda på ulike rettsmiddelfristar. Departementet foreslår at det skal vere ein sams rettsmiddelfrist på ein månad for både anker og kjæremål. Mellom dei andre framlegga i dette kapitlet kan nemnast nye reglar om direktesending av prosesskrift, utvida høve til hovudforhandling i munnleg saksførebuande møte slik at dommaren einsidig kan avgjere at eit saksførebuande møte skal gå over til hovudforhandling, forenkla reglar for handsaming av anker under ankesummen og ny ankeordning etter tvistemålslova kapittel 33 slik at alle saker etter dette kapitlet skal ankast til lagmannsretten og ikkje til Høgsterett. Det vert òg gjort framlegg om å opne for at visse saker mot stat og kommune kan bringast inn for forliksrådet.

Kapittel 4 gjeld endringar i tvangsfullføringslova. Desse endringane byggjer dels på framlegg som departementet tok opp i høyringsbrev 6 mars 1996 og dels på utgreiing 20 februar 1995 frå ei arbeidsgruppe som hadde i oppgåve å vurdere domstolane sitt meirarbeid med tvangssal av fast eigedom etter tvangsfullføringslova 1992. Framlegga gjeld i hovudsak forenkla reglar for tvangsfullføring. Av framlegga kan til dømes nemnast styrking av kjøparen si stilling ved tvangssal, forenkla tvangssal av pantsett lausøyre og presisering av saksøkjaren sin rett til å krevje dekning av uteståande leige og kostnader.

Kapittel 5 gjeld ymse endringar i straffeprosesslova og fellesprosessen. Framlegga byggjer i hovudsak på høyringsbrev 6 mars 1996. Endringane er mellom anna ei følgje av to-instans reforma. Det vert gjort framlegg om oppheving av den geografiske grensa for vitneplikt, om varadommar i herads- og byretten i omfattande straffesaker, samt om endring av reglane om trekking av meddommarar og lagrettemedlemmer og føring av aktorat ved lagmannsrettane og herads- og byrettane.

Kapittel 6 gjeld effektivisering av bøtestraffa. Framlegga byggjer på høyringsbrev 11 desember 1996 og gjeld utvida heimel for inndriving av bøtestraff, lenging av forelding av bøtekrav til 10 år, lenging av perioden for utleggstrekk ved inndriving av bøtestraff til fem år og presisering av at påbegynt utleggstrekk ikkje fell vekk ved forelding av bøtestraffa.

Kapittel 7 gjeld framlegg om endringar i domstollova på grunnlag av høyringsbrev 5 oktober 1998. Endringane gjeld disiplinær- og tilsynsordninga for advokatar og knyter seg i hovudsak til samansetjinga av Advokatbevillingnemnda, presisering av kva for reaksjonar Disiplinærnemnda kan nytte og avklaring av den rettslege stillinga til tilsyns- og disiplinærorgana etter domstollova kapittel 11.

Kapittel 8 er framlegg om nokre endringar i rettergangsreglane for Høgsterett. Endringane byggjer på høyringsbreva 6 mars 1996 og 12 november 1998 og tek sikte på å effektivisere sakshandsaminga i Høgsterett. Av dei einskilde framlegga kan nemnast opning for fleire prøveadvokatar i same sak, fjerning av kravet om advokat med møterett for Høgsterett i sivile skriftlege ankesaker, avgrensa krav til å la partane uttale seg før ei sivil ankesak vert nekta fremma, forenkla handsaming av straffesaksanker i kjæremålsutvalet, krav om at ankeparten skal gje ei skriftleg utgreiing om dei faktiske tilhøve i saka og endra handsamingsreglar for krav om gjenopptaking av ankesaker som tidlegare er nekta fremma etter § 373 tredje leddet.

Kapittel 9 inneheld tre framlegg. Det vert gjort framlegg om at det kan gjevast pålegg om at det må stillast trygd for løysingssummen ved odelsløysing, overgangsføresegner ved endring av forseinkingsrenta og særlege reglar om fastsetjing av forseinkingsrente i dommar slik at det klart kjem fram at renta som er gjeven, er forseinkingsrente og ikkje anna avtalt rente.

Til forsida