Ot.prp. nr. 3 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. (avgiftsheimel)

Til innhaldsliste

3 Nærare om lovframlegget

Framlegget til ny § 46 i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. inneber ein heimel til gjennom forskrift å fastsetje ei avgift for oppgåver som offentlege styresmakter utfører innanfor verkeområdet til saltvassfiskelova.

Det kan vere ei generell avgift eller avgifter som i større grad har karakter av dekning av tenester når den einskilde spør etter den aktuelle tenesta. Dette må det takast stilling til i konkrete forskriftsframlegg.

Generelle avgifter kan til dømes dreie seg om ei kvote- eller ei kontrollavgift, som vert kravd inn som ein prosentsats av førstehandsverdien av fisk som vert landa og omsett etter reglane i råfisklova. Avgift for slike offentlege tenester kan vanskeleg krevjast inn i samband med einskildhendingar, men bør spreiast uavhengig av dette, fordi heile næringa har ei langsiktig interesse i - og fordel av - dei tiltaka som styresmaktene set i verk. Det same gjeld eventuelle avgifter for å dekke andre aktivitetar knytt til ressursforvaltinga.

Ei slik avgift må kunne differensierast for ulike fartøygrupper, jf. første ledd siste punktum i lovframlegget. Det heng blant anna saman med at samfunnet sine kontrollutgifter varierer for ulike fartøygrupper, avhengig av aktivitetsnivået til fartøya og kva kontrollproblemstillingar som oppstår i høve til den aktuelle gruppa med utgangspunkt i ulikt fiskemønster, reiskapsbruk og leveringsmønster. Vidare kan det visast til at gruppene også har ulike kvotepartar, og dermed i ulik grad nyt godt av det samla arbeidet i samband med bestandsovervaking og kvotefastsetting for ulike fiskeslag.

Ei slik avgift kan krevjast inn på ein oversiktleg og kostnadseffektiv måte av salslaga, på same måte som salslaga krev inn ein del andre avgifter ved avrekning av fangstoppgjer til fiskar. Av offentlege avgifter gjelder dette til dømes produktavgifta.

Denne metoden inneber at det ikkje vert kravd avgift for dei få fiskeslaga som ikkje er omfatta av salslagsmonopolet, men som likevel vert fiska kommersielt. Regjeringa legg til grunn at dette utgjer ein så liten del av den totale fiskeriaktiviteten og av totalomsetninga at det ikkje er grunnlag for å etablere eigne innkrevjingsordningar i slike tilfelle.

Motsett vil utanlandske fartøy som landar og sel fangst i Noreg, vere omfatta av salslagsmonopolet og dermed av ei slik avgift. Regjeringa ser ingen motførestillingar til dette, fordi slike utanlandske landingar som regel er eit resultat av fangst i norske område og i alle høve vil vere underlagd norsk kontroll i samband med landinga. Fangsten har såleis også i desse tilfella medført forvaltingsoppgåver.

I samsvar med lovframlegget vil departementet kunne gje nærare reglar om omfanget av avgifta, kven som pliktar å svare avgift, om korleis avgifta skal krevjast inn og om opplysingsplikter.

Framlegget har ikkje vore på allmenn høyring. Når det skal fastsetjast forskrifter med heimel i den nye lovregelen, vil dei verte handsama på vanleg måte innanfor forvaltningslova sine føresegner.

Til forsida