Ot.prp. nr. 3 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen fremjar Justis- og politi­departementet forslag om tre endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova). Den eine endringa gjeld ei tilføying til § 39 i svalbardlova som svarar til kommunelova (lov 25. sept. 1992 nr. 107) § 23 nr. 2 andre punktum om administrasjonssjefens tilsynsansvar i høve til administrasjonen. Denne endringa er berre ei presisering av administrasjonssjefens noverande ansvar og inneber ikkje ei realitetsendring i høve til gjeldande rett.

Dei andre forslaga har to føremål: For det første å gjere det mogleg å velje lokalstyre ved fleirtalsval, og for det andre å innføre obligatorisk kontrollutval i Longyearbyen lokalstyre.