Ot.prp. nr. 30 (2007-2008)

Om lov om endring i arbeidsmiljøloven— (rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar som har fylt 62 år)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Regjeringa har i St.meld. nr. 5 (2006–2007) om opptening og uttak av alderspensjon i folketrygda gjort framlegg om at alderspensjonen til folketrygda skal kunne takast ut heilt eller delvis etter fylte 62 år, og at det skal vere mogleg å kombinere arbeid og pensjon utan avkorting av pensjonen. På denne måten kan pensjonssystemet støtte opp om ei gradvis nedtrapping og medverke til at fleire står lenger i arbeid enn dei elles ville gjort. Det er då ein føresetnad at arbeidstakarar over 62 år verkeleg får høve til å arbeide redusert tid. På denne bakgrunnen gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om endring i arbeidsmiljølova som styrkjer retten til redusert arbeidstid for denne arbeidstakargruppa. Forslaget går ut på å lovfeste at arbeidstakar som har fylt 62 år, skal ha rett til redusert arbeidstid.

Departementet gjer framlegg om å ta utgangspunkt i arbeidsmiljølova § 10-2 fjerde ledd, om rett til redusert arbeidstid, for å lovfeste ein rett til redusert arbeidstid for arbeidstakar som har fylt 62 år. Den noverande føresegna om redusert arbeidstid gjeld i prinsippet alle arbeidstakarar, men krev at arbeidstakaren viser til «helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunner» som grunnlag for arbeidstidsreduksjonen. Departementet foreslår at denne avgrensinga ikkje skal gjelde for arbeidstakarar som har fylt 62 år. Seniorane skal såleis sleppe å vise til noko særskilt behov for å få rett til å arbeide redusert tid. Det vil vere tilstrekkeleg å vise til at ein har fylt 62 år. Forslaget inneber likevel ikkje at retten til redusert arbeidstid skal gjelde absolutt. I gjeldande føresegn om redusert arbeidstid er det eit tilleggsvilkår at arbeidstidsreduksjonen kan gjennomførast utan «vesentlig ulempe» for verksemda. Departementet forslår at denne avgrensinga også skal gjelde for arbeidstakarar som har fylt 62 år.

Etter forslaget skal ein tvist om rett til redusert arbeidstid for ein arbeidstakar som har fylt 62 år, på same måte som etter arbeidsmiljølova § 10-2 fjerde ledd i dag, kunne leggjast fram for ei partssamansett tvisteløysingsnemnd til avgjerd.